fredag 12. juli 2013

Samandrag avsnitt 1-19

Romanen "Til minne om Linda" fram til no:

19: Drap 2

             (Samandrag)
             Det var blitt torsdag, den 11. dagen i månaden. Om morgonenen publiserte Passasjer 81 dette:  

Morgonblogg: Grunnspørsmålet.

Av Passasjer 81:

Forskjellen mellom Alvarez og meg sit i hjarta, for å bruke eit arkaisk bilete. Medisinarane har jo for lenge sidan slutta å tru på dei gamle førestellingane om at kjærleik sit i hjarta, mot i brystet, vett i panna og stål i bein og armar. Men i språket heng det att.
Eg ser han frå han stig opp den vesle trappa framme med sjåføren. Han stikk kortet sitt i lesaren og så går han akterover til setet sitt utan å sjå seg verken til høgre eller venstre. Likevel seier han med det same han set seg: Den strenge dama er borte .Ikkje heim i går. Ikkje her no. Det er Mama Harjet han meiner. Alle dei andre som brukar å vere her er på plass – berre ikkje ho.
Han snakkar aldri med Mama Harjet. Men ho høyrer til, han vil ha henne på plassen sin – han uroar seg om det er noko gale. Nett som han gjorde med Lolita – og som eg trur han vil gjere med kven som helst. Alle rundt han har ein plass i kjenslelivet hans – i hjartet hans – utan nokon annan grunn enn at dei finst. Han registrerer alle  medan han ser i golvet og konsentrerer seg om balansen, han helsar ikkje på nokon, han ser ikkje på nokon, men likevel sjekkar han ut om alt er normalt, og er det ikkje det, så tek han til å undre seg, spørje seg føre, uroe seg, handle.
Eg veit ikkje kor lenge eg har reist med han, for eg såg han aldri før eg tok til å skrive på denne straumen. Då eg fekk auge på han tenkte eg fyrst at han måtte bere mykje alvor med seg.  Seinare tenkte eg at han heller var  humørlaus, fantasilaus, med låg sosial intelligens, og då  Lady Raud tok setet hans tenkte eg at han mangla handlekraft og. Det meste av dette var feil. Det er varme han er full av. Han fjasar ikkje, men han strør om seg med gode ord og han kan vere djupt morosam. Han er skarp, kreativ – og offensiv.
Eg har ikkje funne ut kva han gjer. Eg har ikkje fylgd etter han og eg har ikkje kome på å spørje  han. Noko seier meg at det ikkje er jobben ein må ta tak i om ein skal skjøne seg på Alvarez. Om han pussar sko eller handlar aksjar, sit i fangeleir eller vert tiljubla av folkemassane, så trur eg han ville vere på same måten. Han har nok ein slags plan med livet sitt og landet han bur i, men slike kombinasjonar av langsiktig strategisk planlegging og kortsiktige taktiske utspel som høyrer politikken til var han ferdig med då han klatra over ambassadegjerdet på ettervinteren i  1974. Og i praksis har han sidan den gong levd frå hand til munn, både når det gjeld levebrød og samfunnsengasjement. Alvarez i eit nøtteskal var mannen som såg den ulukkelege Lolita og som spontant klappa på setet ved sida av seg - Vesle jente, du kan sitje her – som gjekk til mor hennar då den tragiske meldinga kom, som gjekk for å snakke med dei som kunne ha sett drapet, som gjekk til politiet og bad om å bli avhøyrd – og som snakka så høgt mot utomsnakket i skulestyresalen at han blei klubba av ordstyraren.
Eg spurde han – i går kveld – korleis han var blitt slik? Ka då blitt? Sa han, og då eg freista forklare såg han rart på meg og sa at han hadde vore barn, han hadde hatt vener og uvener, familie og naboar, han hadde sett rettferd og urettferd så lenge han hadde levd og hadde aldri tenkt annleis enn at dei som hadde bruk for hjelp måtte få det. Kvar og ein fekk gjere opp med seg sjølv om korleis – og han for sin del ville nå kunne sjå seg sjølv i spegelen utan å bli flau. Han vart halvvaksen og gjekk inn i Sosialistpartiet for å få bort all urettferd i landet sitt. Der vart han vaksen, og sidan hadde han vore  jaga som ein tjuv og ein kjeltring. Han vart driven frå heimlandet sitt då militærkuppet kom, og sidan 1976 hadde spegelen hans stått her.
Eg spurde om det var viktig for han å skjøne seg på folk? Han såg endå meir undrande på meg og sa at han skjønar seg godt på nokon, mindre godt på andre – og ikkje i det heile teke på fascistar.  Eg sa denne frasa om at folk er som blomar og spurde om han dyrka dei og i tilfelle for kva? Han såg lenge på meg  og så kom han med motspørsmålet:
Kva er det eigentleg du spør om?
Det sit eg her og grubla på enno. Kva er det eigentleg eg spør om?
Eg veit jo kvifor Mama Harjet ikkje er her. Eg veit ikkje om ho har nokon heime hos seg som uroar seg slik Alvarez gjer, men eg anar at dei fleste rundt henne ser på henne på same måten som han: Streng dame. Ikkje snill, ikkje vakker, ikkje svak. Altså ingen spesiell grunn til å bry seg.
Dette prosjektet mitt som gjekk ut på å studere folk flest har utvikla seg i retning av ein  djupstudie av ei lita gruppe personar. Det er vel skrivinga si skuld – det er enklare å skrive to daglege korttekstar på bussen om folk eg ser rundt meg enn å knekke kodane for kva som gjeld for folk flest. Men det kan vere at eg framleis har kontakt med den opphavlege idéen. Eg kjem jo djupare ned i tida vår på denne måten – eg må berre vakte meg for ikkje å trenge så djupt at det blir irrelevant. At det blir psykologi i staden for tidsånd,  moral i staden for røynd, føleri i staden for kunst.
Min kunst strevar med aning. Det var difor eg bestemte meg for å bli ein slik som går og ser,  ein som freistar å skjøne seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det, ein som dyrkar folk og får dei til å bløme slik at eg kan sjå  på dei. Det er ikkje opphøgd. Men det må vere fritt. Eg kunne godt ha tenkt meg å likne litt meir på Alvarez. Men då måtte du ha funne noko anna å lese på bussen.
Du sjølv då? Kor står eigentleg du? Eg ser deg berre sitje å lese. Sjølv om eg legg inn oppmodingar om å løfte blikket over kanten på lesebrettet så gjer du det aldri. Du kastar eit drøymande auge ut gjennom dropemønsteret på ruta av og til,  det hender eg ser  eit lite smil, eit nikk,  risting på hovudet eller ei rynke i panna. Men du ser deg aldri rundt.
Er du her?
 

Mark S. Mekhar


Motoffensiven starta før dei hadde fått svevnen ut av auga. Då Linda Dahlin Loe kom fram til Reingjeringsbyrået neste morgon, stod der fleire politibilar der med blålysa surrande. Ein politimann heldt på å strekke ut sperreteip. Det var han same som sist.
Her kjem ingen inn! Sa han. Han såg ikkje ut til å kjenne henne att.
Men eg arbeider her, sa ho.
Øh, sa han, og slapp henne forbi.
Etter kvart var parkeringsplassen full av tilsette som ikkje fekk ut bilnøklar og utstyr. Fyrst fekk dei ikkje vete noko, så kom ei politikvinne og bad om namn og telefonnummer til alle tilsette som var der.  Dei skulle få meir informasjon etter kvart, sa ho, men det varte og rakk. Journalistane kom – fyrst frå radioen, så frå avisa og til sist frå fjernsynskanalen. Dei gjekk rett forbi dei tilsette. På veg ut att fortalde dei at det hadde vore eit drap. Ei kvinne var funnen død på kontoret. Var det så at det kunne vere sjefen? Hadde nokon ein tanke om kva som kunne ha hendt? Var ho svært upopulær?
Alle journalistane kom bort til Linda. Ho var den einaste lokale der, alle dei andre var utlendingar, dei fleste med mørke hudfargar. Normalt ville ho ha rømt frå ein slik situasjon – det var jo nærast garantert at ho ville ende med namn, bilete og .arbeidsplass i avis eg etermedia, Men etter avgjerda kvelden før om å vere offensiv, vart  ho ståande.
Ja – det er sjokkerande! Sa ho. Men ikkje skremmande. Eg har sjølv vore utsett for mordforsøk ein gong før, og sonen min vart drepen i same hendinga. Eg var redd lenge – men no har eg slutta med det. Eg ser kor ynkelege slike mordarar er. Nei – eg er ikkje redd. Og når me berre har fått snakka saman litt, vonar eg at ingen andre her heller er redde.
Kan det vere ei handling i desperasjon? Spurte TVreporteren. Mange av dei tilsette her er jo i vanskelege livssituasjonar? 
Nei – bestemt ikkje! Sa  Linda. Her er det ikkje synd på nokon. Me tener dårleg her, og mange her har usikre opphaldsløyve. Men alle her har det betre enn der dei kom frå.
Takk sa reporteren, og såg litt skuffa ut.
Ein ny politimann kom ut. Han bad journalistane trekke utanfor sperringane. Han sa kort til dei tilsette at Vaktsentralen hadde fått melding klokka 06.23 om at det låg ein død person på kontoret. Meldinga kom frå han som var fyrste mann på jobb, han peika på Gabir, ein libanesar som alltid var fyrst på jobb og som hadde oppdraget med å gjere klar bilane for dei andre. Den døde  var ei kvinne, ho var så langt ikkje identifisert. Det var mistanke om at noko kriminelt hadde hendt,  og det ville vere naudsynt å sperre av heile verksemda i nokre timar medan dei taktiske etterforskarane gjekk gjennom for å sjå etter spor. Spørsmål?
Korleis kan me få utstyret? Sa ein. Og bilnøklane, sa ei anna. Det går ikkje, sa han. Ikkje i føremiddag. Eg veit ikkje når det kan opnast att.
Den vesle hæren av reingjeringsarbeidarar stod med måpande andlet. Me må jo arbeide? Sa dei. Folk ventar jo på oss?
Det går ikkje, sa han. Om det så ikkje var meir så vil eg berre seie takk for frammøtet.  Han snudde seg for å gå inn att. Men folk flokka seg rundt han. Ville dei få løn likevel? Kven ville melde frå til kundane? Kor skulle folk ringe om dei ville klage?
Kutt ut! Sa politimannen irritert. Dette er verkeleg ikkje mitt problem. Er her ikkje ein leiar her? Alle såg mot kontordøra. Her må vel vere ein nestleiar? Alle såg seg rundt. Ingen av dei kjende stort andre enn dei som dei jobba saman med. Den einaste som dei fleste kjende var reserven – Mehmet Habini. Alle såg på han. Politimannen fylgde blikkretninga.
Okey, du der! Du får ordne opp her! Og så gjekk han inn att.
Alle flokka seg rundt Mehmet. Han såg ganske forvirra ut, og i sin tur såg han på Linda. Kom igjen, sa ho: Du tek saka – eg skal hjelpe deg.
Dei organiserte  kø. Stort sett hadde alle same spørsmål. Linda meinte bestemt at dei hadde krav på løn sjølv om dei ikkje kunne arbeide. Dei noterte og alle namn, telefonnummer og fødselsdato slik at dei hadde dokumentasjon på at dei var møtt fram. Dei skreiv og ned kor  kvar einskild skulle vore på arbeid, og lova å ringe til alle og forklare kva som hadde hendt. Kan me gå heim? Sa folk. De kan gå – men kom attende klokka tolv, sa Mehmet. Då vert det ny informasjon – og i beste høve kan me få ta ut bilane og utstyret.
Du må ringe kundane, sa Mehmet. Eg snakkar ikkje godt nok.
Ja vel, general – frå min eigen mobiltelefon?
Det får me aldri tilbakebetalt.
Dei såg seg rådville rundt. Naboverksemdene låg med ryggane til og lest som at dei ikkje hadde merka at det var noko uvanleg. Det var ikkje eit nysgjerrig andlet å sjå – og langt mindre nokon som spurde om dei kunne hjelpe med noko. Politifolka hadde nok med sitt.
Sentrumsforeininga! Sa Linda.
Kva er det for noko?
Det er sjølve fiendereiret: Der eg arbeidde før – og der Kent Karlsen er sjefen no. Skal det tenkjast offensivt så skal det tenkjast offensivt! la oss teste Faadumo sin teori.
Ho hadde Karina  sitt nummer lagra på telefonen. Har du høyrt om det nye mordet? Okey – så det har vore på radioen alt? Veit du kva: Det var der eg tok til å arbeide i går! No er det kaos her – politiet har sperra av kontoret. Nestleiaren i bedrifta har bede meg ringe rundt til alle kundane – sjølv har han litt språkproblem – men me treng å låne ein kontorplass eit par timar. ........ Stopp litt – du må gjerne snakke med Kent Karlsen, men ikkje spør han. Du kan seie at me kjem  - og vil han ikkje låne oss eit kontor så går me rett vidare til radioen og avisa. Me er der om ti minutt. Ha det.
Mehmet såg på henne. Ho slapp pusten ut, såg mot himmelen, såg mot han.
Javel, general! Sa han.
Ho såg nedover seg sjølv. Eg er tørr som ei høyløe! Sa ho, og smilte.
Eg er ikkje vand med at kvinner snakkar slik – så direkte, sa Mehmet. Eg veit ikkje kva eg skal sei eller gjere.
Linda lo. Slapp av! Eg har jo ikkje bede deg kjenne etter! Kom – me skal i slag. Avanti!
Kent Karlsen var ikkje der. Karina  forklarte at han måtte gå i eit møte. Ho sa dei kunne bruke Linda sin gamle pult med telefon og PC . Då ho sa at ho ville gå for å gje dei arbeidsro, sa Linda: Ein – null! 
Minst, sa Mehmet. Han hadde fullt oversyn over alle kundane, og han fann fram telefonnummera medan Linda ringte. Dei fleste hadde alt høyrt om mordet og hadde forstått kvifor ingen kom, men dei var positivt overraska over å få meldinga. 
Dei var ferdige litt før elleve. Karina  baud dei på kaffi før dei gjekk attende. Dei stod med kvar sin kopp då radioen kom med siste nytt. Faadumo var der og.
Det nye mordet var toppsaka i rikssendinga. Dei to drapa vart sett i samanheng. Båe hadde hendt på arbeidsplassar med høg prosent av stigmatiserte menneske – det fyrste med psykisk utviklingshemma, det andre med  innvandrarar. Kunne det vere eit forvarsel om at marginaliseringa av svake grupper hadde gått for langt i denne byen? Me låser oss ikkje til nokon bestemt teori, sa kriminalsjefen.
Dei meiner visst at det må vere nokon av våre som har gjort det, sa Linda. Ein av dei som arbeider der – nett som at det må ha vore ein av dei psykisk utviklingshemma som drap Malin Meyer.
Men det kan det ikkje ha vore, sa Mehmet .
Kvifor?
Han som fann henne -  Gabir – han er den einaste som har nøkkel. Han melde frå med ein gong han fann henne i dag tidleg. Antakeleg må det ha hendt i går – før alle kom inn frå arbeidet.  Døra var jo låst og sjefen var borte. Eg var jo der og såg at alle kom tilbake frå jobbane sine, slapp bilnøklane i brevsprekka og gjekk heim. Alt var normalt. Og i dag har me snakka med alle kundane for å fortelje kvifor ingen kom i dag  – hadde nokon vore borte i går og, så dei heilt sikkert sagt frå.
Dei gjekk attende til parkeringsplassen. Politiet var der framleis. Dei banka på  og bad om informasjon – alle dei tilsette var bede om å møte att klokka tolv, og dei måtte få vite om det var noko nytt å fortelje – i det minste om dei no kunne få vete kva tid dei kunne komme til utstyret og ta til med arbeidet att.
Er du Linda Dahlin Loe? Sa politimannen. Kan du bli med meg?
Ho forstod ingenting. Mehmet vart oversett. Ho vart bukka inn i ein av dei uniformerte bilane  og køyrt av garde. Det lynte i blitzar då dei køyrde gjennom sperringa. Dei hadde berre nokre rutinespørsmål, sa dei, dei ville berre stille dei på Politihuset, der var ikkje så gode arbeidstilhøve på åstaden.
Ho hadde vore gjennom seigpininga før – den med namn, fødestad, personnummer, fast bustad og kommunenummer og to fingrar på tastaturet. Ho  visste at ho måtte smørje seg med tålmod. Han som leia avhøyret presenterte seg som noko som høyrdest ut som Max Mekker. Han såg litt slik ut og, men ho sa jo ikkje noko om det. Det var ikkje før ho fekk kop av utskrifta at ho sag at han heitte Mark. S. Mekhar.  Langt om lenge kom han til poenget:
Kvifor tok du brått til å arbeide på reingjeringsbyrået?
Meiner du – trur du----
Svar på spørsmålet, er du grei?
Eg måtte kome meg vekk frå der eg var.
Kvifor det?
Eg er – eller eg var – pisseredd for Kent Karlsen.
Kvifor det?
Han drap sonen min, han freista drepe meg – og eg trur at han kjem  til å freiste ein gong til.
Du må tenkje over kva du seier. Dette er rett nok ikkje eit offentleg rom, men du må kunne stå inne for det du seier i eit avhøyr og. Eg må opplyse deg om at falske forklaringar kan vere straffbare – særleg om dei inneheld påstandar om andre som ikkje kan bevisast.
Linda sa ingenting.
Held du fast ved det du nett sa?
Ja.
Kan du gjenta?
Ho gjentok. Ho la til at ho hadde fått medhald i at faren var  reell,  at ho hadde fått ny identitet og at ho hadde levd på flukt frå Kent Karlsen i tre år, men at ho så hadde bestemt seg for at ho ville hevde retten til å vere seg sjølv – enn om det skulle koste henne livet.
Men du har enno ikkje svart på spørsmålet? Kvifor tok du arbeid i reingjeringsbyrået?
Eg gjekk og spurte – og så fekk eg jobben.
Kvifor gjekk du dit og spurte?
Eg hadde høyrt at der var lett å få jobb.
Men med di utdanning og dine ressursar kunne du fått mange andre jobbar? Kvifor gjekk du fyrst dit?
Ei venninne tipsa meg.
Kvifor svarar du ikkje på det eg spør om?
Eg svarar jo!
Javel. Takk for svar. Eit anna spørsmål: Kvifor gjekk du til AS Cosy Lamps  den morgonen Malin Meyer vart skoten der?
Eg tykte det var så frykteleg. Og det fekk minna om det som hende med min eigen son til å velte opp i meg.
Kva gjorde du der?
Eg berre var hos dei. Politiet heldt jo på alle dei tilsette. Eg og ein kollega var med jentene og dei psykisk utviklingshemma til dei tilsette kom attende.
Og neste dag gjekk du attende?
Eg tykte me skulle vise at me ikkje gløymde dei. Slik alle andre såg ut til å gjere.
Korleis meiner du at dei vart gløymde av alle andre?
Alle media og alle folk snakka berre om radioreporteren som hadde hatt slik ei traumatisk oppleving på jobb. Det såg ikkje ut til at politiet ville etterforske andre teoriar enn ulukketeorien.
Men det ville du?
Nei – eg ville ikkje etterforske. Men eg fekk ikkje fred. Eg måtte vite.
Kva måtte du vite?
For eksempel om nokon kunne ha kome inn usett, gjort illgjerninga og gått att like usett.
Kunne nokon det?
Ja.
Kvifor var du så interessert i om politiet hadde kome til same konklusjon?
Var eg det? I så fall var det vel av di eg var spent på om de fylgde andre spor enn dei som peika mot ei ulukke.
Var det nokon særskilt du hadde lyst å snakke med der?
Ja – dei eg hadde snakka med sist.
Kven?
Jentene. Og de utviklingshemma. Gutane snakka eg mest ikkje med.
Har du namnet på nokon av dei?
Namn? Nei – eg kjende dei jo ikkje.....
Så spør eg ein gong til: Kvifor ville du til å arbeide i reingjeringsbyrået?
Linda såg lenge på han utan å seie noko. Så gjekk det brått opp eit lys for henne. Å! Du tenkjer på Arnt Helge! Ja – eg ville bli betre kjend med Arnt Helge. Eg trur han såg kven som drap Malin Meyer.
Kan du forklare korleis du kan ha ein slik teori medan alle andre som har tala med han og dei andre utviklingshemma fortel at det ikkje er mogleg å få noko meiningsfullt ut av dei?
Om ikkje dine folk kan få noko meiningsfullt ut av Arnt Helge, så kan dei verken spørje eller lytte! Sa Linda hardt.
Kva gjorde du i går?
Eg var på arbeid. Då vi kom inn med bil og utstyr var det låst og sjefen var ikkje der. Så gjekk eg heim og der var eg til eg gjekk på arbeid att i dag.
Kva gjorde du den morgonen Malin Meyer vart skoten?
Veit du kva? Dette er  ganske absurd! Eg sykla til jobb, jobba, høyrde om mordet på radioen,  vart sjuk, kom til hektene att – og så gjekk dit bort saman med kollegaen.
Korleis sjuk?
Skal du ha detaljar?
Ja takk.
Eg pissa på meg. Eg vart så redd. Alle minna frå den gongen  då Kent Karlsen ville drepe meg medan vesle Sander låg og blødde i hel og såg på velta opp i meg. Eg måtte gå og kjøpe ny truse. Eg var redd det skulle hende om att så eg kjøpte bind og. Var det detaljert nok?
Ja takk. Har du vore behandla for psykiske helseproblem?
Linda såg lenge på han att utan å seie noko. Ho tok til å sjå eit mønster i dette. Dei  kunne svært vel ha fått eit tips –  av ein truverdig mann som fortalte om ei rekke samanfall som ikkje virka tilfeldige: Ei mentalt ustabil kvinne - som for fem år sidan hadde køyrt i hel sitt eige barn og etterpå skulda redningsmannen sin for drapsforsøk – ho hadde no dukka opp på åstaden til to drap kort etter kvarandre – OG heime hos den einaste som kan ha vore vitne til det fyrste drapet. Var det eit slikt tips politiet arbeidde etter, så kunne det ikkje vere tvil om kven tipsaren var.
Nei – eg har aldri hatt andre psykiske helseproblem enn lammande redsle. Og den har ikkje vore innbilt. Eg trur nok det kan vere klokt om de sjekkar tipsaren litt her. Det kan hende han har andre motiv enn usjølvisk  støtte til granskinga.
Kvifor har ikkje du teke kontakt med politiet – om det er usjølvisk gransking du driv?
Har eg ikkje det? Då bør du sjekke litt grundigare kva som ligg på bordet ditt – eller kvar det ligg. Og så bør du tenkje grundig gjennom kva slag praksis de har – kva slags tips de legg vekt på og kva de legg bort!
Kan du vere meir konkret?
Nei. Eg trur ikkje det. Det høyrest ut til at eg kan få bruk for det seinare. Var det meir?
Du høyrer frå oss om me treng meir, sa han.  Me kan køyre deg attende.
Klokka var to då ho var attende på parkeringsplassen. Berre Mehmet og politimannen med tapen var der.
Her kjem ingen inn! Sa han.
Takk for sist, sa ho.
Då ho hadde fortalt Mehmet om avhøyret og det mønsteret ho såg, smilte han lurt og sa: Ein – ein. Han hadde omsider fått informasjon om at etterforskarane ville bruke heile dagen og at ingen kunne få ut utstyr eller bilar før neste dag. Alle arbeidarane hadde fått melding om det og var gått heim. Han hadde blitt beden om å vere i nærleiken for å  overta ansvaret for området når dei var ferdige.
Kva skal eg gjere? Sa han. Eg er jo ikkje tilsett ein gong? Eg er jo berre lausarbeidar?

Kanskje dette er din sjanse? Sa Linda. la oss finne ut kven som eigentleg eig denne verksemda – der må jo vere eit styre eller noko?