onsdag 25. september 2013

51: Dag 12 kl 18:15 - Indifferent likevekt

(Samandrag)    
Den underlege kjensla sleppte ikkje taket i Eva Trotto Moe. Ho slo frå seg tanken på å rekkje den vanlege bussen og tok i staden til å rydde i skranken medan tankane fór rundt i hovudet hennar. Det var tankar om Passasjer 81, om dei to drapa, Mehmet Habini, denne metaforen om ein kjedereaksjon – og det uttrykkslause andletet til Mekhar. Og det varme blaffet frå kroppen hans.
Ho skrudde volumet opp på radioen. Sendinga til Rudolf heldt framleis på. Han var uvanleg skarp i tonelaget. Han hadde ofte snakka med skepsis om det han kalla «ukritisk dyrking av den kritiske journalistikken». Han meinte at somme av kollegaene hans drog fram alt dei hadde av kanonar kvar gong dei fekk ferten av ein sporv slik at det ikkje vart proporsjonar i det biletet dei teikna av samtida. Men no var han anten virvla inn i det same syndromet sjølv, eller så meinte han at han hadde ei storsak som fortente kanonar denne gongen.
Men godaste herr politimeister, sa han. Kan De verkeleg meine at det ikkje er politiet sin sak at eit barn vert bortført med makt?
Samværssaker høyrer inn under Fylkesnemnda for sosiale saker, sa ei tørr og defensiv røyst.
Men det er jo ikkje nokon av foreldra som er kidnapparar her – det er jo to muslimske fundamentalistar?
Det stemmer ikkje med vår informasjon.
Stemmer det heller ikkje at den eine av dei er muslimen som politiet måtte leggje i bakken då de leitte etter våpen ved moskeen i dag?
Det vart ikkje påvist noko ulovleg i eller ved moskeen.
Okey – så der er ikkje noko ulovleg, og politiet har ikkje noko med det. Korleis kan det då forklarast at det kjem ein politibil og hentar ut dei to kidnapparane og den bortførte jenta når handlekraftige bønder har fanga dei?
Det var uheldig og det kan få eit disiplinært etterspel.
Var det alvorleg?
Nei.
Var det ikkje alvorleg? Kan ein polititenestemann – i full uniform og med uniformert bil – ta del i ei de facto kidnapping saman med muslimske kidnapparar – og så er det ikkje alvorleg?
Eg kan ikkje godta premissa i spørsmålet.
Så? Premissa i spørsmålet er ikkje gode nok? Kva slags «premiss» er det du må ha då for å kunne gje eit klart svar?
Eva Trotto Moe vart ståande med bøkene til Reinhardt Skjetne i hendene. Det gjekk sakte opp for henne at det måtte vere Mehmet Habini dei snakka om – «mannen som måtte leggast i bakken». Grillinga av politimeisteren høyrdest heilt absurd ut. Ut frå det vesle ho kjende til Mehmet Habini så kunne det godt tenkjast at han var muslim, men nokon fundamentalist var han definitivt ikkje. At han skulle ha vorte kidnappar var utruleg – og at han skulle vere del av ei hemmeleg samansverjing med politiet om barnerov var så tullete at ein ikkje ville finne noko liknande i den mest glorete hylla med detektivbøker i barneavdelinga ein gong.
Ho hadde verken fått med seg det som faktisk hadde hendt utover dagen, eller nokon av dei ulike tolkingane som verserte i sosiale medium og etter kvart på radioen. Ho var ikkje konstant oppkopla på Facebook, og om ho hadde vore, hadde ho sannsynlegvis ikkje fylgt dei opphissa trådane som sikkert òg hadde knytt seg opp til hennar profil. Ikkje hadde ho høyrt om den valdelege mannen som hadde truga ei kvinne på livet og så bortført dottera hennar, ikkje hadde ho høyrt om dei muslimske fundamentalistane som hadde kidnappa eit barn på besøk hos bestemora, og ikkje hadde ho høyrt om dei kyniske kreftene som hadde slått seg saman for å knekke dei som stod i spissen for byen her. Ho høyrde berre Rudolf sitt hardkjør mot politimeisteren og tenkte at no køyrde han i grøfta. No kom han til å verte deprimert eit par veker, når det slo attende mot han dette som han no heldt på med.
Ho hadde ikkje noko med det, anna enn at ho hadde denne relasjonen til Rudolf Steiner. Ho måtte hugse å kjøpe inn meir indisk te, det var det ho hadde med det. Kva som gjekk føre seg i radiostudioet hans, var hans sak, ho brukte berre ha radioen på for å høyre korleis han brukte sitata ho hadde gitt han. Det var ein morosam leik. Det var perler for svin: Ho gav han lausrivne setningar frå store litterære verk, han dryssa dei ut i taleflaumen sin som eit slag krydder. Somme tider trefte han godt, så det var ei glede å høyre på. Andre gonger vart det så platt og pinleg at ho tenkte ho måtte slutte med dette, at ho måtte konfrontere han med kor tåpeleg prosjektet hans var. At han ikkje kunne pynte seg med blinkande steinar frå litterære univers han ikkje kjende, utan å drite seg ut. At alle som var innom biblioteket, kunne sjå og høyre kor han fekk gullkorna sine frå, og at slik kunne han gjere henne òg til lått.
Men ho lét han kome att. Ho gav nokre underfundige kommentarar med eit smil når han hadde vore plump, og alvorstemt ros når han hadde vore elegant. Han vart eit medium for henne, eit verktøy til å bringe litteraturen i interaksjon med kontekst.
Litteraturen var enorm. Eva Trotto Moe bestemte over fleire tusen hyllemeter i alt, i offentleg boksamling og låst magasin. Det var likevel berre toppen av isberget: Ho var ein framskoten representant for ein nasjonal og ein internasjonal bibliotekstruktur som kunne framskaffe alt det menneske har skrive vakkert nok eller klokt nok til at det har vore verdt å ta vare på – frå dei fyrste afrikanske eller asiatiske tekstar til i dag. Og kvar einaste ein av alle desse setningane eller ordbileta er dører inn til eigne univers. Kor lenge ho enn skulle få leve, og kor mykje ho enn ville få tid til å lese, så ville ho aldri nå lenger enn til eit knøttlite utval av alle desse tekstane.
Rudolf Steiner si verd var minimal i samanlikning. Den var ein endelaus straum av trivialitetar, pjatt om regn og sol og fjære og flo, terping på smil på gode dagar og seriesutring når noko trist var fremst i nyhendebiletet. Han fylte timar kvar dag med repetisjonar av ingenting. Ingenting viktig, ingenting som skapte noko, ingenting som dreiv utviklinga i den eine eller andre retninga. Ingenting som fekk henne til å kjenne seg involvert.
«Litteratur i interaksjon med kontekst» var eit illusorisk ideal. Litteraturen var for veldig, og konteksten – dei samtidige offentlege rom – var for tronge, for smale, for små. Derfor var idealet hennar para med indifferens. Likesælt auste ho perler over han. Uinteressert høyrde ho på at han trakka dei ned i troa.
Då ho sorterte ut dei bøkene som skulle ned att i magasin, datt det ut eit ark mellom to av dei. Ho tok det opp og såg på det. Det kunne jo vere eit attgløymt notat, det kunne vere eit heilt dagsverk på eit slikt ark.
Det var berre skrive nokre få stikkord på fire linjer på arket. Ved enden av kvar linje var det tal, som i eit rekneskap eller eit budsjett. Tal hadde vorte skrive, kryssa over og bytte med andre. Det stod:
Skodespelaren – brystreg – 3 skot – 2 skot –.
Professoren – brystreg – 3 skot – 2 skot –.
Test –1 skot – 2 skot –.
Reserve – 2 skot – 3 skot –.
Det såg ikkje ut som notat, verken frå fag eller fiksjon. Men ho kasta ikkje lappen. Ho vart ståande å stire på den, som om ho vona at den skulle endre seg, at ho skulle få auge på at det var noko anna som stod der. Men det endra seg ikkje.
Ho gjekk inn i lesesalen, der Reinhardt Skjetne hadde sete. Reingjeringsfolka hadde ikkje vore der enno. Det låg fleire lappar i papirkorga. Ei avis låg der òg, ho tok henne opp og såg straks at ho var bretta slik at artikkelen om skodespelaren som hadde sett saman tekstar frå Tora, Bibel og Koran, vende ut. På biletet av skodespelaren var det teikna eit punkt om lag midt i panna hans.
Ho kom på at Reinhardt Skjetne hadde sett så irritert ut då han reiste seg, og gjekk ut like etter at ho hadde kome frå politistasjonen. Ho hadde trudd at han vart irritert av di ho snakka så høgt. Sidan hadde ho stått og sett på han gjennom vindauget, han hadde stått nede ved fontena og sett seg rundt. Ho hadde tenkt at han framleis såg irritert ut, og at ho kanskje skulle be om orsaking. Det siste ho hadde sett, var at han gjekk att og fram der nede, som om han ikkje kunne bestemme seg for kva han skulle. Så hadde ho gløymt heile saka. Ho hadde ikkje lagt merke til kva tid han kom opp att – ho hugsa berre at han hadde levert alle bøkene og sagt takk for seg.
No tenkte ho: Kunne Reinhardt Skjetne vere Passasjer 81?
Hadde han sete i hennar eigen lesesal og laga spådomar om fyrst den unge jenta, så den gamle kvinna – og no om at Skodespelaren og professoren skulle verte myrda?
Ei endå underlegare kjensle steig opp i sjefsbibliotekar Eva Trotto Moe: Ei kjensle av at ho likevel hadde noko méd dette, at dette hadde noko med henne å gjere. Det var jo ikkje sant. Ho kunne berre blåse av det, slå av radioen, tenkje på andre menn, tenkje på andre kjelder for informasjon om arabisk og jødisk litteratur, tenkje på born ho hadde noko med, tantungane sine, borna til nestleiaren, borna i torsdagsklubben på barnebiblioteket. Men det var heller ikkje heilt sant. For ho hadde noko med Rudolf Steiner å gjere, ho hadde noko med Mehmet Habini – professoren – å gjere. Og dette blaffet frå den uttrykkslause indaren med dei intrikate spørsmåla hadde ho faktisk òg noko med.
Skodespelaren hadde ho ikkje noko med, i den tyding at ho kjende han eller var særskilt tilhengar av han eller hadde blodsband til han. Men han var ein del av den litterære klassen i byen her. Han var ein av dei faktorane som gjorde byen verd å leve i. Han var ikkje ein slik som vekte jubel og vætte trusene til folk. Ikkje var han ein slik som laga køar framfor billettlukene heller. Men folk kom jamt og trutt, og hadde utbytte av det. Han på si side stilte opp når det skulle vere føredrag eller paneldebattar eller utstilling eller samtale etter ein konsert. Han høyrde på det folk hadde å seie, og han brukte orda sine – når han var seg sjølv – til å fortelje folk at dei òg var viktige for byen dei var ein del av.
Skodespelaren var ein viktig bit av Kulturen i byen her, og slik hadde Eva Trotto Moe noko med han å gjere og.
Rudolf Steiner si stemme skar gjennom til henne att. Han låg ein ters høgare enn han brukte. Det kjem inn tips, sa han – nokon meiner at dei muslimske kidnapparane har teke fleire kvite jenter, og at det er eit raid på gang i byen her, tipsaren seier at han har høyrt om kvit slavehandel. Han undrar på om dette er noko politiet kan tenkje seg å ta alvorleg – men politimeisteren har gått …
Eva Trotto Moe slo ned radioen att og ringde politiet sitt sentralbordnummer. Ho kom til ein automatisk telefonsvarar som fortalde venleg at kontortida tok til att på måndag, men at akutte saker kunne meldast til 112.
Ho beit seg i leppa. Hadde ho noko med å ringje eitt akuttnummer?
Det nærma seg tida då bussane ville ta til å gå sjeldnare. Ho la lappen med notatane til Reinhardt Skjetne på kontorpulten sin, sløkte dei siste lysa, trekte på seg den grøne kåpa og gjekk mot døra. Ho vog framleis for og mot om ho skulle ringje. Ho ville ikkje verte teken for eit hysterisk kvinnemenneske heller.
Ho gjekk sakte forbi Teateret. Hadde ho noko med å gå inn og seie frå om lappen og avisbiletet ho hadde funne?
Heller ikkje det fekk ho bestemt seg for. Ho gjekk ikkje fort framom – men ho gjekk framom. Ho gjekk til bussen, tenkte å ringje 112 medan ho venta. Men så stod der andre der tett ved. Det er uhøfleg å snakke i telefon medan andre står og ikkje kan gjere anna enn å lye, tenkte ho, og gjekk på bussen. Radioen stod på full styrke der, Rudolf låg framleis ein ters for høgt.
Og då er me på veg til eit nytt spontant folkemøte på Torget! sa han. Det finst samanhengar mellom lokal kriminalitet, internasjonal terror og samansverjinga mot byen her. I kveld er dei i ferd med å kome for ein dag!
Eva køyrde berre eitt stopp, så steig ho av og tok til å gå attende mot Kulturtorget. Det kunne jo vere at Mekhar ville vere der.






Bestill boka hos bjorn@enes.no

472 sider - kr. 300,-