mandag 30. september 2013

53: Dag 12 kl 19:00 - Gateslaget

Då Sheila Hasina kom til Busstasjonen, hadde Margareta Ostarcevic og eit tital ungdomsskulejenter alt vore på plass. Fram til då hadde Margareta og Sheila berre hatt kontakt på nett. No helste dei hjarteleg på kvarandre og utnemnde kvarandre til leiar og nestleiar av ekspedisjonen. Kort etter hadde ein mann òg kome til. Han presenterte seg som Ruge, Rikard. Og så hadde det sige på fleire, frå alle kantar. Det hadde vorte ei brokete samling av folk, mest kvinner. Liana hadde kome. Ho hadde fiolinkassen med. Ho var alvorsam og såg redd ut, men hadde kvikna til då Sheila omfamna henne og snakka høgt til alle dei som var komne.
Eg er leiaren! sa ho. Margareta her er den næraste venen til ho som er borte, Ingrid Loe. Me skal finne henne og hente henne ut! Me veit kor ho er. Det kjem straks ein buss – me vert så mange at ingen treng vera redde. Dei verste forbrytarar må gje seg for ei slik mengd med folk!
Det hadde teke tid. Køyreleiaren i Transportselskapet hadde vorte betenkt då han såg den underlege forsamlinga og den kolsvarte aksjonsleiaren med det gebrokne språket. Det fyrste spontane ja-et til å låne ut bussen hadde kjølna. Rikard Ruge måtte hjelpe til, og då han tok på seg å stå som ansvarleg, fekk dei omsider bussen. Men det tok enno noko tid før den var klar.
Liana hadde spela fiolin i ventetida. Ei tunn, melankolsk melodiline hadde trekt den fargerike kvinnetroppen tettare saman, bunde dei til kvarandre. Hasina hadde ringt og ringt til Faadumo utan å kome i kontakt. Margareta hadde fylgt utviklinga på sida «Finn Ingrid!» på telefonen sin, men der hadde trafikken minka sterkt. Dei tenkte at det ikkje var så rart sidan dei mest aktive var gått for å verte med i bussen. Dei fekk ikkje informasjonen om at Ingrid var funnen, det tok tid før dei oppdaga den konkurrerande sida «Nei til bortføring av born» – og dei fekk ikkje med seg dei tolkingane av hendingane som vart presenterte der, på Torgmøtet og på ”Rein By”.
Til sist kom bussen. Fru Meyer køyrde. Ho tok til å gråte då ho såg alle som hadde møtt fram. Men så lo ho og sa at ho hadde plass til førtiåtte. Liana sette ei avsluttande sløyfe på melodilina, Sheila Hasina klappa i hendene og ropte:
Takk for at de kom, alle saman! Me veit kor Ingrid er! Det er om lag ein time å køyre dit.
Sohaila, far hennar og to andre kurdarar var alt i bussen. Elles var det overtal av kvinner, med skaut, strikkehuver og skinnhattar. Om lag ein tredel var opprømte ungdomsskulejenter. Mennene var litt brydde over alle kvinnene.
Dei snakkar om bortføringa på radioen! sa ein av ungdomane. Ho hadde ein liten radio om halsen. Då fru Meyer starta opp og Sheila Hasina sette seg framme med kartet ho hadde fått frå Faadumo, slo dei på radioen så alle i bussen kunne høyre ei fast mannsrøyst seie:
«I byen her skal INGEN kunne bortføre born! To kvinner frå heilt ulike leirar her laga eit nettforum: Nei til bortføring av born! Og resultata lét ikkje vente på seg: Naboane der bortføringa hende, rykka ut og fekk stoppa kidnapparane.»
Det vart jubel i bussen. Folk klappa og lo og fortalde kvarandre kva som hadde hendt. Somme hysja på dei andre for å høyre meir, dei unge kasta seg over mobilane sine. Dei kjende alle ei sterk glede over å vere del av ein stor einskap – så stor at det endåtil vart sagt på radio – og at Ingrid var fri. Her skal ingen kunne bortføre born!
Skal me snu då? spurde fru Meyer. Er problemet løyst?
Å nei! sa Margareta Ostarcevic. Lat oss dra og hente henne! Lat oss alle gratulere henne med fridomen – kan hende vil ho køyre med oss attende til byen?
Slik vart det. Dei var framleis på veg då Margareta sa:
Det har visst hendt noko meir der oppe! Kidnapparane må ha fått tak i henne att …
No hadde ho funne nettsida «Nei til bortføring av born!». Det var høg aktivitet der. Telefonen hennar oppdaterte ikkje så fort, men det gjekk tydeleg fram at hendingane hadde endra seg dramatisk. Fyrst hadde nokre naboar fått Ingrid fri. Men så hadde to utlendingar klart å få tak i henne att. Ein hadde høyrt at kidnapparane hadde lurt naboane, ein annan skreiv at kidnapparane hadde fått hjelp av ei gruppe terroristar, ein skreiv til og med at han hadde høyrt at alle naboane var massakrerte, og at dei utlendingane hadde teke ei eller to politikvinner til gislar og truga seg fram til fritt leide frå politiet slik at dei no var på veg inn att mot byen i ein uniformert politibil – utan at politiet sjølve ville gjere anna enn å vente på ei nemnd som skulle ha møte i neste veke.
Det vart uro i bussen. Dei same meldingane kom fram til andre òg, somme trudde på den eine, somme på den andre. Sheila heldt fram med å ringje til Faadumo utan å få svar, Margareta ringde til Ingrid med like dårleg resultat. Dei heldt fram innover langs elva medan dei diskuterte kva dei skulle gjere. Rikard Ruge tok òg del, han for sin del ville helst gjere noko, uansett om det var risikabelt, sa han.
Me har ikkje råd til at det skal hende noko med fleire barn! sa han.
Sjå – nokon har eit forslag! sa Margareta brått. Det var ein som kalla seg Teuton som oppmoda alle om å verte med å stanse kidnapparbilen.
Når politiet ikkje vil verne borgarane, får me gjere det sjølve! skreiv han. Han skreiv at han visste kva veg dei køyrde inn mot byen, og han sa at vegstykket framom ein idrettsplass nokre få kilometer utanfor bygrensa var ein vel eigna stad å stanse dei.
Det er rett over elva her, sa fru Meyer. Me kan ta brua like her oppe – så kan vi vere der om få minutt.
Og slik vart det.
Ivor Iveland og dei to venene hans hadde òg vore på veg til fotballplassen då dei sende ut meldinga. Dei var klink edrue alle tre, dei hadde berre drukke vatn og kaffi, for dei hadde viktigare ting å tenkje på enn festing. Europa stod i fare, det var samansverjingar over alt, og samtida forstod ikkje kor gale det var. Nokon måtte ofre seg. Dei var føregangsmenn, stormtroppar, elite. Det var hardt no, men dei kom nok til å få fylgje av mange ein vakker dag. Dei hadde kome på at vegstykket ved fotballplassen høvde godt. Det låg ein parkeringsplass langs hovudvegen, der var plass til mange, og stykket var langt nok til at dei kunne sperre vegen både fram og attende om det berre kom folk nok. Bilen med dei tre var den fyrste som kom fram.
Kommandobilen er postert! sa Napoleon i verktøyburet med høgtidsstemt røyst.
Javvelll! sa dei to kameratane hans.
Den neste som kom, var bussen til fru Meyer og Sheila Hasina.
Ivor Iveland og dei to andre trudde det var ein rutebil som skulle framom, og stussa fælt då den stogga og tok til å manøvrere seg på tvers av vegen. Og endå mindre forstod dei då Sheila Hasina kom ut og spurde om det var her bortførarane skulle stoggast?
Men – kven er du? spurde Ivor Iveland.
Eg kjem med ei heil busslast av folk! sa Sheila. Bak henne velta damene ut av bussen.
Kameraten til Ivor Iveland måpte. For faen – det er jo muslimar! sa han.
Kva i helvete er det de skal? sa Ivor Iveland.
Me skal hente Ingrid Dahlin Loe! sa Sheila.
To bilar til skrensa inn i lampelyset. Den eine var minibussen til Tempelriddarane, ei politisk og livsynsmessig nøytral foreining som samla folk med interesse for kulturelle særtrekk og friluftsliv i byen her. Den andre var ein amerikansk van full av folk med blanke skallar og svarte jakker. Dei vart sitjande å glane på alle damene frå bussen. Tempelriddarane rulla ned det eine vindauga då Ivor Iveland kom bort til dei.
Er det dei? spurde han som køyrde. Er de dei der som har bortført jenta?
Nei – men dei skal hente henne, seier dei! Og sjå: Dei har alt fått tak i ein heil gjeng med andre småjenter!
Er det kvit slavehandel dei driv med?
Å i helvete! ropte Tempelriddarane, sprang ut av bilen og tok til å slå på dei næraste kvinnene. Litt nølande kom svartjakkene og ut og slutta seg til.
Kvinnene skreik og trekte seg unna. Berre ikkje Sheila Hasina. Ho vart sinna. Ho hadde vore i gateslagsmål før. Alle svarte damer frå Baltimore som har sjølvtilliten i behald, har skaffa seg det dei treng av kunnskap og ferdigheiter for å kome levande frå gateslag. Ho hadde sjølvforsvarskurs og karatebelte i alle regnbogens fargar og attåt hadde ho dødsforakt. Ho gjekk rett i strupen på den mest aggressive angriparen, og utan at nokon forstod korleis ho gjorde det, så låg han i bakken og skreik rett etterpå. To andre kasta seg mot Sheila.
Det vart for mykje for henne. Men då gjekk det på æra laus for dei som berre var med, og som enno ikkje hadde brydd seg med å kome ut av bussen. Det var faren til Souhaila og tre andre desertørar frå ein av dei kurdiske opprørsrørslene. Dei hadde år med hardtrening og skarpe trefningar frå fjellområda i Irak, Iran og Tyrkia attom seg. Dei hadde vel aldri tenkt at dei skulle få bruk for krigarkunstane sine her, men då dei sat i bussen og såg desse kvitkledde tennisfolka og svartkledde glattskallane gå laus på kvinner og småjenter, då vart det for mykje for dei. Dei sprang ut av bussen og gøyv på, og det tok dei ikkje lang tid å få hand om slagvåpna som ganske snart kom fram frå bilen til dei svartkledde.
Det hadde vorte full og ærerik siger for Sheila Hasina og bussen hennar, om det ikkje hadde kome fleire og fleire bilar til med folk som gjekk inn på tempelriddarane og glattskallane si side. Det vart ei mølje. Sheila sa seinare at ho aldri hadde sett noko liknande – ikkje ein gong i Baltimore.
Då Irene Guri Andersen Halvorsen kom til bakketoppen og såg kva som gjekk føre seg, stogga ho intuitivt.
Einogfemti til Sentralen, sa ho. Der er eit veldig møljeslagsmål ved fotballplassen like utanfor bygrensa. Eg ser ein buss og eit titall bilar og sikkert femti folk i vilt slagsmål.
Mottatt. Kva faen er det? sa vaktsjefen.
Eg har ikkje peiling, sa Irene Guri. Eg ser det an.
Trur du dei venta på oss? sa Linda.
Eg fattar ingenting. Det kan ikkje vere mogleg? sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Er det farleg? sa Ingrid.
Det kan vere noko Kent har sett i gang, sa Linda. Finst der ein annan veg til byen?
Me kan snu og ta brua over på den  andre sida av elva, sa Irene Guri. Ho kalla opp sentralen og sa kva ho tenkte å gjere.
Eg trur de får verte med til Politihuset slik at me kan skaffe oss eit oversyn over kva som står på, sa ho
Kan me ikkje dra heim til oss? sa Ingrid.
Eg trur me skal undersøke der fyrst, sa Irene Guri.
Me kan dra til jobben, sa Linda. Me kan vente der til du har funne ut kva som står på!
Ja, sa Irene Guri Andersen Halvorsen. Ta ein kaffikopp, bestill ein pizza. Så skal eg finne ut kva tid de kan reise heim.

Den setninga kjem ho til å angre på resten av sitt liv.




Neste avsnitt: Onsdag 2. oktober 
Nye avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag.
Snarveg til start: http;//start.bloggforteljing.no  




Boka kan no tingast hos bjorn@enes.no