mandag 4. november 2013

68: Karlsen og Steiner

(Samandrag)
Eg trur at den uttrykkslause utsjånaden til Mark S. Mekhar er ei slags kappe han trekkjer på seg for å verte usynleg, for inni er han verken kald eller upåverka. Han kvilte ikkje dei fyrste dagane, han sette seg ikkje ned for å skrive ut notat frå avhøyr eller observasjonar, han fór vidare frå den eine undersøkinga til den neste. Fengselet låg i toppetasjen i Politihuset. Etter avhøyret med Reinhardt Skjetne tok han heisen forbi kontoretasjane og heilt ned.
Det var ganske fint vêr utanfor, kaldt og tørt, men med ein slags dis som la eit mystisk lys over byen. Han stod stille ei stund og såg på himmelen. Eg trur ikkje han stod og tenkte, eg trur at han stod og venta på at tankar skulle kome.
Det byggjer eg på noko han fortalde to dagar seinare. Me åt middag saman, på ein indisk restaurant på venstre breidd. Eg spurde han ikkje ut om han sjølv, intuisjonen sa meg at det hadde vore til fånyttes. Men eg spurde han ut om India. Me snakka om mangfaldet, alle språka, folkegruppene, religionane.
Europa har 700 millionar menneske og om lag førti språk. India har 1200 millionar innbyggjarar og 1650 språk, sa han.
Sjølv hadde han aldri budd i India, han var «born and bred» i Storbritannia. Han hadde budd og arbeidd der, på Balkan, i Tyskland og i Nederland og no var han rotfesta i byen her. Så han var europear. Men han var indar òg. Barndomen sin hadde han hatt i eit lite, omplanta stykke India i ein by på kanalkysten, Brighton & Hove. Det var ikkje vanskeleg å vere indar der, dei levde i fred med dei innfødde, der var raust. Men immigrantane vart aldri britar.
Menneske trekkjer til seg impulsar frå alt dei har rundt seg, sa han. Meir enn dei veit om.
Tyder ordet sanning det same i India som i Europa? spurde eg.
Det tok tid før han svara, så lang tid at eg tenkte han hadde overhøyrt spørsmålet. Men så la han frå seg bestikket og såg i taket og sa:
Europa og India er politiske einingar. Men sanning har ikkje noko med politikk å gjere. Sanning er eit filosofisk omgrep, eller eit kulturelt om du vil. Det gir ei slags meining å tenkje på Europa og India som ulike filosofiske og kulturelle dimensjonar.
Han tok bestikket opp att og åt litt til. Eg heldt inne. Eg var spent på kor han ville gå vidare, eg følte at han var ved kjernen av noko.
Europearane tenkjer så rørande enkelt, sa han. Dei har berre to slag sanningar. Det eine er sanningar som dei alt har funne, og som det derfor ikkje er nokon grunn til å bry seg med. Det andre er sanningar som dei ikkje har klart å finne enno. Der er dei grenselaust utolmodige.
Kor mange slag sanningar fins det i den indiske dimensjonen då? spurde eg. Og eg undrar meg enno over det kontante svaret hans:
Seksten.
Kan hende stod han berre der og såg på det spesielle lyset på himmelen og venta på at ein eller fleire av desse seksten sortane sanning skulle søkke ned i han då Rudolf Steiner kom forbi.
Orsak …, sa Steiner. De var på pressekonferansen?
Mekhar såg uttrykkslaust på han. Han hadde ikkje tenkt å la seg intervjue, han hadde ikkje tenkt å verte ei av desse politikjeldene som fekk skulderklapp og gratis halvlitrar og positiv omtale av borna sine i retur for detaljar frå etterforskingsarbeidet.
Eg – eg klandrar meg sjølv, sa Rudolf Steiner. Eg lét meg bruke av Kent Karlsen på fredag. Eg tykkjer det er frykteleg å tenkje på at eg kan ha ei slags skuld.
Mekhar nikka.
Har eg det? sa Steiner.
Eg høyrde ikkje sendinga, sa Mekhar.
Eg har ein kopi. Eg tenkte de ville ha det – ver så god.
Det var uvanleg, sa Mekhar og tok imot ein konvolutt med ein CD inni.
Dette har ikkje noko med kjeldevern å gjere.
Mekhar nikka.
Han skal ha truga med å drepe mora til ho jenta. Mora fekk teke opp trugsmålet, og jenta la det ut på Facebook. Eg var ikkje klar over det før i går. Eg har lagt inn trugsmålet og på cd-en.
Mekhar nikka.
Han sa at han skulle drepe henne og at ho sjølv skulle få skulda. Og no er ho død. Og alle redaksjonane i heile landet kappast om å avsløre at ho hadde skulda sjølv av di ho hadde slått seg saman med islamske fundamentalistar.
Rudolf Steiner såg ned, han sparka i restane av brøytekanten. Kan eg hjelpe med noko? sa han.
Den morgonen ved Cosy Lamps – la du merke til ein søppelbil? sa Mekhar.
Rudolf Steiner stoppa sparkinga og såg mot himmelen, han tenkte, som om han freista kalle fram biletet av den fyrste fryktelege morgonen. Han rista på hovudet.
Eg hadde jo all merksemda retta mot dei eg snakka med. Ein postmann og ein røyrleggjar, ei dame. Jo – no kjem eg på at det var ein søppelbil der òg. Der stod ein mann på eit stigbrett. Han såg på meg – eg trur han venta at eg skulle intervjue han òg.
Såg du sjåføren?
Nei – eg såg jo berre baksida av søppelbilen …
Kjenner du til Passasjer 81?
Er ikkje det ein bloggar?
Jau. Ein som har vore merkeleg i forkant av hendingane dei siste vekene.
Eg har ikkje lese han – berre sitat frå han. Bibliotekaren les han – det var ho som gav meg sitata.
Om du les han og kjem på noko – kan du ringje meg då?
Ja, sa Rudolf Steiner, og tok imot kortet med namn og telefonnummer.
Mekhar nikka og gjekk. Han tvilte på om han kom til å få bruk for opptaket av radiosendinga, og han tvilte endå meir på om han kom til å få bruk for å snakke med Rudolf Steiner. Han gjekk til fots inn til Kulturtorget og fann fram til Sentrumsforeininga sitt kontor.
Ei dame sat der. Det var Karina Burane. Han spurde etter Karlsen utan å seie kven han var, og då ho spurde om det, sa han berre namnet sitt. Mekhar høyrde svaret hans: «Viss det er endå ein journalist så har eg ikkje tid.»
Eg er ikkje journalist, sa han. Ho peikte på ei glasdør, han kunne sjå Kent Karlsen på innsida.
Ka er det du vil? Eg er litt oppteken, sa Karlsen med det same Mekhar kom inn.
Kjenner du Randulf Leirfall?
Karlsen såg ikkje ut til å reagere spesielt over spørsmålet. Han kneip att munnen, såg fråverande på Mekhar, såg ut til å skanne minnet.
Er han medlem i Sentrumsforeininga? spurde han. Kva skal du med han?
Men Reinhardt Skjetne kjenner du?
Kva faen – du sa du ikkje var journalist?
Eg er ikkje det. Kor kjenner du han frå?
Kven er du?
Då tok endeleg Mekhar fram legitimasjonen sin og sa at han var politimann, og at han ville vete kor lenge han hadde hatt kontakt med Reinhardt Skjetne.
Eg har aldri verken sett han eller høyrt om han før eg såg han i avisa i dag!
Korleis leigde du han då?
Kva er det du insinuerer?
Du sa du skulle drepe Linda Dahlin Loe, og no er ho drepen. Korleis gjorde du det?
Du må vere ein amatør.
Ja. Og du må vere ein proff. Kan du svare på spørsmålet?
Eg har ikkje noko med dei hendingane å gjere.
Skulle du gjere det på ein annan måte?
Klagar du meg for mord?
Ikkje formelt. Ikkje enno. Så du har ikkje rett på advokat, om det er det du tenkjet på. Har advokaten din fått svar frå Fylkesnemnda forresten?
Saka er utsett. På grunn av det som hende.
Korleis hadde du tenkt å drepe henne, sa du?
Eg hadde ikkje tenkt å gjere noko – det var berre ein talemåte.
Du skulle bare skræme?
Ja.
Det skulle Randulf Leirfall òg. Snodig samantreff.
Kven er det?
Han som drap Malin Meyer.
Ho forfylgde meg. Freista øydeleggje alt for meg.
Aha. Synd på deg.
Fyrste dag eg gjorde forsøk på å kome heim att til byen her, etter at ho hadde gjort det umogleg for meg å leve her – fyrste dagen! Så var ho på meg att. Spreidde gamle skuldingar som eg beviseleg var frikjend for i retten!
Difor måtte du drepe henne?
Eg ville aldri gjere henne noko vondt. Eg vedgår at eg ville skræme henne, få henne til å reise vekk att, få henne til å la meg vere i fred. Men aldri ville eg gjere henne noko vondt.
Aldri?
Aldri!
Så du skulle slutte med det då? Eg har no sett ei bunke med legeerklæringar på kva du har gjort før?
Det er løgn!
Seier du at eg lyg?
Legane laug! Og Linda laug. Det var ikkje meg. Eg slo aldri. Eg slår ikkje kvinnfolk. Ho var sjølvskadar, ho gjekk på dører, hø køyrde villmann. Eg måtte passe på henne. Til takk fekk ho meg eit heilt år i fengsel!
Pussig at ho slutta å gå på dører så snart du var bura inne?
Det tvilar eg på. Ho måtte berre slutte å skulde på meg så lenge.
Kva gjorde du med Faadumo Awale Samakab?
Kven er det?
Ikkje spel teater!
Å – ho negerdama som kokte kaffi her? Me kunne ikkje ha henne. Det er betre at slike folk går på trygd om dei absolutt skal vere i landet her. Arbeide kunne ho ikkje.
Men overliste deg kunne ho? Det var ho som fann ut kor du hadde gøymt dottera til Linda Dahlin Loe?
Pøh – ho kunne ikkje ein gong halde styr på telefonen sin. Eg hadde ikkje gøymt jentungen – eg hadde berre køyrt henne til bestemora.
Bestemora?
Ja. Ho kalla mor mi for bestemor då me budde saman.
Og jenta vart så glad for å få besøke bestemora at du måtte låse henne inne i kjellaren?
Du kjem ingen veg med dette!
Kva tid var siste gong du såg Faadumo Awale Samakab i live?
Ho fantegjekk frå jobben her på fredag ettermiddag.
Kven slo henne helselaus og brekte beinet hennar?
Var ikkje det han der Skjetne?
Leigemordaren din?
Høyr her – eg har ingenting med det å gjere, seier eg!
Kven køyrde henne bort til Reint & Rimeleg?
Det kan vel ikkje eg vete? Ho gjekk vel?
Med brekt bein? I ørska etter mange og harde slag mot hovudet?
Han banka henne vel der borte!
Takk for praten så langt.
Skal du ikkje spørje om muslimane?
Kva for muslimar?
Dei som gjekk til åtak på mor mi. Dei som Linda hadde alliert seg med.
Nei.
Å nei – det er jo sant: Du er vel òg på lag med dei. Du er vel sjølv muslim?
Farvel.

Fy faen. Kjem det ein journalist til, så skal eg snakke med han likevel! 



Til avsnitt 69

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok