onsdag 21. august 2013

36: Dag 12 kl 14:00 Eva avhøyrt

(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var blitt 14:00
Eva Trotto Moe vart og undersøkt med detektor. Ho fekk reise seg, legitimere seg og forklare seg. Men så vart ho beden om å setje seg i ein politibil og  teken med til meir avhøyr. Dei sa det var av di ho hadde hindra politiet i arbeidet deira.
Eg ville berre seie frå at eg kjente han! Sa ho.
Du får seie det til dei som skal avhøyre deg, sa politimannen som køyrde henne til Politihuset.
Høyrde du kva dei ropte! Sa ho.
Du får fortelje det når du kjem fram, sa han.
Eg er så sjokkert, sa ho. Tenkt – dei la meg i bakken, som ein annan – eg veit ikkje kva….
Ordren var å trekke vekk, sa han.
Men det var jo feil – det var mobben som påsto at han var terrorist. Dei kunne påstått det om kven som helst!
Men ordren var å trekke vekk, sa han.
Politihuset låg og på venstre breidd, men på den andre sida av sentrum. Det var eit tungt, grått betongbygg utan utsmykking av noko slag på utsida. Svære køyreportar omkransa av skilt som sa at det var forbode å stanse var det fyrste ein la merke til om ein kom forbi. Overvakingskamera var det neste.
Ho vart køyrt inn i kjellaren, men straks han som køyrde melde seg, fekk han beskjed om å bringe henne opp i eit avhøyrsrom i Kriminalavdelinga. Der møtte ho for fyrste gong Mark. S. Mekhar.
Eg ville berre seie i frå at det var ei misforståing! Sa ho.
Korleis kjenner du Mehmet Habini?
Han er ein kjend brukar av biblioteket. Han gir meg råd om arabisk og jødisk litteratur. Han er professor i filosofi - han held kurs for Friundervisninga hos oss. Det var heilt feil å mistenkje han for å vere terrorist. Eg ville berre…
Kjenner du Linda Dahlin Loe?
Kven er det?
Mark S. Mekhar la eit bilete framfor henne.
Å – ho. Nei, henne kjenner eg ikkje.
Men du veit kven ho er?
Ja. Ho brukar toalettet vårt.
Er det uvanleg?
Ho brukar det til gjennomgang. Frå sosialsenteret. Men ho arbeider ikkje der. Ho har ein bror som vart arbeidslaus på Tekstilen. Ho låner aldri bøker. Men ho vil gjerne kopiere ting ho finn i avisene.
Kva slag ting?
Jobbannonsar, trur eg. Til broren.
Er dei mykje saman?
Korleis kan eg vite det? Eg har berre irritert meg over henne av di ho brukar toalettet så mykje, og ein gong såg eg dei saman – det var dagen etter konkursen. Ho kopierte annonser. Det er alt eg veit – og eg skjønar ikkje korleis dette har noko med det som hende utanfor moskeen å gjere!
Så du kjenner ikkje til noko samband mellom Habini og Linda Dahlin Loe?
Eg skjønar ikkje kva du spør om.
Kjenner du Kent Karlsen?
Nei. Men eg veit kven han er.
Korleis?
Han har lånt ei bok. Ei dum lokalpatriotisk bok som han brukte for å stele nokre poeng til ein tale han heldt på eit seminar. Men det gjorde lukke, og no er han ein av  dei mest synlege her i byen. Han er leiar for eit informasjonskontor eller noko slikt.
Kva veit du om han og Linda Dahlin Loe?
Ho som brukar toalettet? Har dei noko med kvarandre å gjere?
Der var ei rettssak for om lag fire år sidan.
Var der det? Eg bryr meg ikkje om rettssaker. Berre dei som handlar om litteratur.
Kjende du Malin Meyer?
Kven er det?
Ho som vart skoten på Cosy Lamps.
Å! Ho som vart funnen av Rudolf Steiner?
Ja?
Nei.
Du kjende henne ikkje?
Nei.
Skjønar du kvifor eg spør?
Nei.
Kven er Lolita?
Det er ein litterær sjablong etter kvart.
Har du vore borti namnet i seinare tid?
Ja – faktisk. Eg les ein blogg som brukar det som namn på ein av karakterane han fortel om.
Han?
Ja. Eller ho. Bloggaren er anonym. Eg veit ikkje.
Kven er det?
Bloggaren? Eg veit ikkje, sa eg jo.
Er det deg?
Meg??? Eg seier jo at eg les han – eg skriv han ikkje!
Kva handlar bloggen om?
Det er ein mann – eg trur det må vere ein mann – som sit på ein buss og reflekterer over samtida. Ganske intelligent, må eg seie. Interessant.
Kvifor les du han då?
Eg les interessante bloggar. Det er ein del av samtidslitteraturen.
Kven er Lolita?
Det er ei ungjente med en særskilt appell til menn som kjem inn på bussen ein dag.
Som vert skoten, på ein verna verkstad?
Sjå det! Så Politiet les og bloggar?
Liknar ikkje denne Lolita påfallande på Malin Meyer?
Gjer ho det? Det var interessant.
Det har aldri slått deg at bloggen handlar om verkelege hendingar?
Nei….. Eva Trotto Moe drog på det. Så sa ho: Det er sjølvsagt interessant å studere kor nær samanheng det er mellom det ein forfattar skriv og dei verkelege hendingane som har inspirert han – eller henne. Men normalt brukar eg ikkje tenkje på det. Det er eit forskingsspørsmål, det er ikkje noko ein lagar lettvinte spekulasjonar rundt. Det er fyrst når litteraturen har synt seg viktig at det vert løyvt ressursar til å forske på slike ting.
Kva skal til for at litteraturen syner seg viktig då?
Når den har sett spor etter seg – som at den har inspirert andre kunstnarar eller blitt lesen av mange.
Og Mama Harjet – kven er det?
Det er ein litt komisk karakter – ei streng, middelaldrande dame som eig et reingjeringsselskap.
Som og vart skoten?
Ja. I ettermiddagsbloggen i går.
Nett som Angelique Fuglesang, leiaren av  AS Reint & Rimeleg  ?
Liknar det og?
Det er vanskeleg å feste lit til at du ikkje har tenkt på dette sjølv?
Ja vel. Men det vert no ditt problem. Det er ikkje ulovleg å velje bort  trivialitetane og unne seg et liv med kvalitet.
Både Lolita og Mama Harjet vart presenterte i bloggen lenge før dei verkelege personane som dei liknar på vart drepne.
Sei meg: Kva har denne litteraturdiskusjonen å gjere med at eg er arrestert for å hindre politiet sitt arbeidet med å  vanære filosofiprofessorar?
Det kan eg fortelje deg: Det har seg slik at uroa ved moskeen vart utløyst av at det var funne ein pistol utanfor.  Det synte seg å vere den tredje pistolen i serien etter dei to drapsvåpna. Fram til i formiddag var det berre funne to ting som bant dei to drapa saman. Det eine var pistolane – det andre var bloggen til Passasjer 81.  Så kjem denne hendinga – der den nye leiaren av Fuglesang si verksemd og den mest iaugefallande personen i bloggane tildreg seg så mykje merksemd at det grensar til oppvigleri og urostifting. Det er underlege samanfall – er det ikkje?
Korleis kan eg vere iaugefallande i bloggane?
Kven er denne ”du” som han skriv til om ikkje det er deg?
Dette er håplaust! Eg trudde ein gong at det gjekk an å diskutere litteratur med menneske i uniform. Men no er det i alle høve bevist at så ikkje er tilfelle! Denne ”du” er jo samtida det er ikkje nokon konkret person!
Eg brukar ikkje uniform.
Ikkje utanpå, kan hende.
Kven trur du har skrive bloggane?
Eg veit ikkje.
Er det ein nybegynnar? Ein industriarbeidar som ein dag bestemmer seg for å slutte i jobben  for heller å bli kunstnar, slik ho skriv?
Nei. Det trur eg ikkje. Det er ikkje mogleg. Det er og berre eit litterært grep.
Så det må vere ein kjend forfattar då?
Det kan vere eit kunstprosjekt der bloggaren interagerer med lesarane gjennom sosiale media og skapar verket sitt ut av eller – tvert om – uavhengig av kontekst.
Altså – ein kjend forfattar?
Eller performancekunstnar.
Eller ein kunstvitar som ikkje lenger berre vil formidle eller kommentere – som vil skape?
Ja. Kan hende.
Som ein bibliotekar, til dømes?
Kan hende. Men altså ikkje meg.
Ein kulturmarxist.
Korleis kan du bruke eit slikt ord? Eig du ikkje vørdnad?

Eg kjem til å tilrå påtalefråfall for hendinga ved moskeen. Men eg kan få bruk for å tale meir med deg seinare. Takk så langt.