onsdag 9. oktober 2013

57: Den frie og modige

(Samandrag dag 12)      (Samandrag heile Del 1)
Du er arrestert, sikta for drapet på Malin Meyer, sa Mark S. Mekhar. Detaljane får me ta etter kvart. No vil eg berre vete ein ting: Kor fekk du pistolen?
Det var ikkje meininga, sa stefaren.
Sjølvsagt ikkje. Du skulle berre forsvare deg. Men kor kom pistolen frå?
Eg veit ikkje.
Du veit vel kor du fekk tak i han?
Han låg på søppeldunken. Eg skulle berre vise henne …
Kva for ein søppeldunk?
Heime – vår eigen dunk. Ved døra. Ho sa stygge ting.
Okei. Så tok du han og tenkte at du berre skulle vise at du var viktig.
Ho elska meg!
In your dreams! sa Mark S. Mekhar. To andre politifolk kom fram, ein frå siderommet og ein frå eit skap. Båe hadde kamera og mikrofonar. Ta han med, eg vil ha oppklart det siste drapet òg før kvelden, sa Mekhar.
Farleg mann – fengsel! ropte Arnt Helge.
Mekhar ringde til bustyreleiaren på AS Reint & Rimeleg. Det hadde ikkje gått opp for han at den nye leiinga i byrået også var skotne. Han kjende berre til ein einaste av dei tilsette, og det var libanesaren Gabir, han som brukte å låse opp om morgonen, han som hadde funne Angelique Fuglesang. Mekhar henta òg inn teknikaren som hadde hatt ansvar for åstadsgranskinga og han assistenten som var endå meir uttrykkslaus enn han sjølv. På rein intuisjon ringde han òg til Eva Trotto Moe.
Korleis har du det? spurde han.
Rastlaust. Det er som eg skulle ha koffeinsjokk. Eg får ikkje sove, eg får ikkje ro. Eg trur det er bra at eg er aleine her, eg hadde gnåla hol i hovudet på den eller dei som måtte ha vore her!
Kan du hjelpe oss med ein rekonstruksjon?
Ja, sa Eva Trotto Moe.
Seinare sa ho til meg at det gjekk opp for henne i den same augneblinken  at ho hadde endra seg. Eit døger tidlegare hadde ho aldri sagt det. No gjekk ho rett til yttergangen og tok på seg og køyrde attende til AS Reint & Rimeleg.
Men det var ikkje hendingane kvelden før Mark S. Mekhar ville rekonstruere. Det var kva som hende med Angelique Fuglesang.
I dette forsøket er du fru Fuglesang, sa Mekhar. Du er 55 år, du lever aleine, du har ei bitter grunnhaldning til livet. Du stolar ikkje på nokon rundt deg, du ser ned på dei, du trur at alle som nærmar seg, har fiendtlege planar.
Du snakkar som ein regissør!
Blink. Eg skal setje opp eit manus med svært uklare sceneinstruksjonar. Dei har nok vore klare for manusforfattaren – men han har gjeve stor fridom for utøvarane. Okei! Scene 1: Fuglesang sit ved bord, fiende med pistol kjem inn.
Orsak, sa Gabir. Ho brukte alltid å låse når ho sat ved skrivebordet
Opptak to. Mann med pistol bankar på låst dør, sa Mekhar.
Orsak, kamera står ikkje på, sa Gabir. Ho brukte å sjå på monitoren før ho opna døra med fjernstyrt lås.
Hadde ho tv-overvaking? sa Mekhar overraska. Han snudde seg til han som hadde leia åstadsgranskinga og spurde: Såg de noko på filmane?
Dette var eg ikkje klar over, sa han usikkert.
Sa du det ikkje til dei? sa Mekhar til Gabir.
Dei sa at eg ikkje måtte forstyrre, sa Gabir.
Det må eg seie! Her har du verkeleg skåra poeng, sa Mekhar til åstadsgranskaren som var vorten sprutraud i andletet.
Gabir sette på monitor og videospelar. Utstyret hadde vore avslått sidan den dagen fru Fuglesang vart skoten, han meinte nokon måtte ha trekt ut kontakten for å få straum til noko anna. Han spola bakover, dei såg politiet som kom, dei såg Gabir kom, dei såg ei natt, dei såg tilsette som kom ein etter ein og slapp bilnøklar inn gjennom brevsprekka i døra, dei såg ingenting, dei såg fru Fuglesang hente og sortere post og røykje, fru Fuglesang hente noko i bil og røykje, fru Fuglesang berre stå i døra og røykje og fru Fuglesang gå ut på plassen, snu seg og sjå opp på taket og røykje (måkereir, forklarte Gabir), dei såg tilsette gå ut i bilane og køyre, dei såg tilsette kome inn for å hente utstyr, dei såg Gabir låse opp, dei såg natt.
Nok, sa Mekhar. Det kom ikkje nokon mann med pistol.
Men – korleis kan det ha hendt då? sa åstadsgranskaren.
Posten, sa Mekhar. Såg du ikkje pakka ho bar på? Det er berre tre dagar sidan – pakka er kanskje her enno?
Det stod ein papirdunk i utstyrshallen, rett utanfor døra til kontoret. Under eit lag med mislukka utskrifter låg ei lita pappeske med treull inni.
Mekhar opna veska si utan eit ord, pakka ut pistolen som var funnen saman med liket, la han ned i pappeska, pakka treull rundt og lukka loket. Åstadsgranskaren var tydeleg ulukkeleg.
Opptak tre, sa Mekhar, fru Fuglesang hentar post. Han gjekk ut og la pakka med pistolen og nokre andre papir i postkassa som stod i eit stativ ved innkjøringa til parkeringsplassen og ropte:
Fru Moe? Ver så god!
Eva smilte og freiste tenkje seg korleis «Mama Harjet» ville ha gått. Ho tok opp innhaldet i postkassa og gjekk attende medan ho sorterte slik ho hadde sett Fuglesang gjere på videoen. Det var naturleg å opne pakka til sist. Ho gjekk inn døra, la posten på bordet.
Låg det post på bordet? spurde Mekhar.
Bordet var ganske ryddig. Ingen tomme konvoluttar.
Altså må ho ha opna posten og pakka ut pistolen, teke eska og dei andre konvoluttane og gått til søppeldunken med dei. Ver så god, Eva.
Eva spelte vidare, opna pakka, såg forundra på pistolen, la han på bordet, samla det som skulle i dunken, gjekk og kasta det der. Snudde attende til kontoret.
Orsak – ho brukte å låse døra, sa Gabir ein gong til. Eva låste, gjekk attende til bordet, tok opp pistolen, tok til å undersøke han. Snudde og vende på han, forsøkte å opne magasinet, fomla med sikringa, sikta mot vindauget.
Han er vel ikkje ladd? sa ho.
Tenkte du på det fyrst no? sa Mekhar.
Eh – ja? sa ho.
Vurderte du dette? sa Mekhar til åstadsgranskaren. Denne beit seg i leppa og rista på hovudet.
Okei – opptak fire. Lat oss seie at medan du fomla med pistolen, så gjekk han av. Kor vart ho treft?
I magen.
Kva retning hadde skotet?
Oppover, sa åstadsgranskaren så lågt at han mest kviskra. Alle kunne sjå at Eva umedviten sat med pistolen i fanget og laupet peikande oppover mot sin eigen mage.
Ja vel. Eva: Du har fått eit skot i magen. Det har vore eit kraftig rykk i deg, men det har ikkje begynt å gjere vondt. Du skjønar at skotet har gått av, og at du blør kraftig. Ver så god!
Eva smilte, såg ned på magen sin, såg på pistolen, såg rundt seg, fekk auge på telefonen og greip til den. Takk! sa Mekhar. Kor skal du ringje?
113 – ambulansen, sa Eva.
Ja vel. Kunne det vore nokon annan stad?
112 – politiet.
Fint. Eller?
Var det meg, kunne eg ha ringt mor mi.
Ja. Fann de ut kor ho hadde ringt?
Me var jo sikre på at det var eit mord …, sa åstadgranskaren.
Mekhar spurde Gabir: Kor trur du ho ville ha ringt?
Ikkje politi, sa Gabir. Ho ville vel helst ha ringt taxi.
Han sa kva for eit selskap ho hadde avtale med. Mekhar ringde dit og spurde om dei hadde opptak av innkomande telefonar frå sist onsdag. Det tok dei fem minutt å finne det, dei lova å ta vare på det – og spelte det av for Mekhar på høgtalande telefon.
Dei høyrde ein ringjetone, og så stemma til telefonvakta på drosjesentralen.
Hallo – Bytaxi?
Eg må ha ein bil til AS Reint & Rimeleg med ein gong. Eg blør.
Kor skal du hen?
Eg skal til legevakta, din idiot!
Kva sa du?
Fru Fuglesang stønna, stemma vart spakare: Kan du få farten opp?
Kalla du meg ein idiot?
Ja! Orsak! Eg skulle sagt ein TREIG idiot!
Sa du at du blør?
Ja! Det hastar! Stemma vart endå svakare.
Er det ikkje betre å ringje ein ambulanse?
Er du heilt udugeleg? Send ein bil!
Eg er ikkje udugeleg frue. Og eg er ikkje idiot. Og me vil ikkje ha spy og drit og blod i bilane våre. Ring 113. Adjø! Klikk.
Det vart heilt stilt i rommet.
Mekhar reiste seg og strekte armane over hovudet.
Det er vel på tide å ta helg, sa han
Stakkar fru Fuglesang, sa revisoren. Det var fyrste gong han sa noko.
Me får kan hende freiste 113 òg? sa åstadsgranskaren spakt.
Ja – det får du gjere. Dei tek og opp alle samtalar. Du får venteleg høyre dødsrallinga hennar – og ein kjekkas som seier at ho heller får ringje når ho er vorten edru.
Det vart stilt igjen. Då det var tydeleg at Mekhar hadde tenkt å gå, reiste alle seg.
Eg beklagar språket, sa Mekhar.
Eg … – det er vel på sin plass, sa åstadsgranskaren.
Kva no? Har me jobb? sa Gabir.
Kan du ta over? sa revisoren.
Men kor kom våpenet frå? sa Eva Trotto Moe.
Ja, sa Mekhar tungt. Kven hadde lagt ein ladd pistol i postkassa hennar? Men endå større er spørsmålet om kva paragraf i straffeloven det var brot på?
Og kvifor? sa Eva Trotto Moe.

Det veit me, sa Mark S. Mekhar. Alt dette hende av di det sit ein jævel der ute som ser, som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det. 

SLUTT - Del 1










Samandrag - "Til minne om Linda", Del 1




Papirversjon av boka kan tingast i bokhandlar 
eller hos bjorn@enes.no


Avsnitt 1-8: 

          I ein ikkje namngitt by ved ein elveos lever menneska i eit kvardagsmylder. To forteljarrøyster teiknar byen: "Eg"-personen  sit om lag eit år etter hendingane og skriv om dei i fortid. Passasjer 81 er ein anonym bloggar som fortel i notid om kvardagsmenneske i byen slik han (eller ho?) ser dei på  ein buss kvar morgon og ettermiddag.
          Onsdag i den fyrste veka fell botnen ut av økonomien i byen då den største arbeidsplassen – Tekstilkombinatet – går konkurs (avsnitt 6). Uro brer seg mellom dei som er direkte råka, men elles ser folk ut til å halde fram med liva sine som om ingenting særskilt hadde  hendt.
          Fredagen (avsnitt 8) vert heile byen vitne til at den populære radioreporteren Rudolf Steiner finn 13 år gamle Malin Meyer blødande på golvet i den verna verksemda "Cosy Lamps". Ho døyr for open mikrofon. Dei siste orda hennar var ".... har ikkje gjort...."  Det ligg ein pistol på bordet ved sida av henne.
          Den om lag 30 år gamle Linda Dahlin Loe reagerer svært sterkt på det ho høyrer på radioen. Ho har sjølv mista eit barn i ei valdshending, og ho har vore på flukt fra mannen som har truga med at han vil drepe henne og dottera Ingrid.  Saman med kollegaen  Faduumo Awale Samakab går Linda til drapsstaden. På vegen dit kjem det fram at Faduumo og har fått reaktivert traumatiske valdsminner. Dei to kvinnene knyter seg etter kvart nært til kvarandre. Trongen til å vite driv dei inn i eit slags privat etterforskingsarbeid. 

Avsnitt 9-13:

          Fram til avsnitt 8 ser det ut til at dei to forteljarane fortel om ting som ikkje hadde  noko med kvarandre å gjere. Men då Malin døydde, synte det seg snart at ho likna sterkt på karakteren "Lolita" som bloggaren tok til å skrive om  alt i avsnitt 3. Den morgonen då ho vart skoten, skreiv bloggaren at ho var "dødsdømd" og at Bakken skal opne seg og sluke Lolita rett framfor auga våre.”
          Me får berre høyre om ein person som les bloggane, det er bibliotekaren Eva Trotto Moe. Ho ser ikkje noko merkeleg i samantreffet, for  det er litteraturen som er viktig for henne. Ho tykkjer det er interessant når Passasjer 81 skriv om seg sjølv at han vil vere "ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det."   Kva som elles hender av trivialitet eller kriminalitet har ho ikkje noko med. 
          I avsnitt 12 går Passasjer 81 djupare inn i sin kunstfilosofi, medan avsnitt 13 handlar om Linda, Faduumo og Ingrid sine erfaringar med vald og valdsmenn. Dei diskuterer seg fram til at styrken til menn som meiner dei er i sin rett til å drepe er kombinasjonen av blendande styrke og emne til å vekke omsorgstrong og medkjensle. Dei tre kvinnene bestemmer seg for at det er farlegare å være redd og passiv enn modig og handlande. 

Avsnitt 14-18

          I avsnitt 14 vert Reinhardt Skjetne introdusert. Han er travelt opptatt med å studere ein gamal teori om at "Israels tapte stammar" er stamfedrane til dei kvite europearane, og at det såleis fins belegg i Bibelen for at nordeuropearane er Guds utvalde folk som har rett til å styre over andre. Teksten avslører at han kjem til å bli mordar. 
          Linda rømer frå arbeidet i Sentrumsforeininga då Kent Karlsen dukkar opp der. Det kjem fram at det er han som har truga henne. I avsnitt 15. søker ho nytt arbeid i reingjeringsverksemda AS Reint & rimeleg. Utanfor treff ho Mehmet Habini - som også er introdusert tidlegare av bloggaren Passasjer 81. I avsnitt 16 vert det klart at Kent Karlsen no veit om at Linda og Ingrid er komne attende til byen. 
          I avsnitt 17 handlar morgonbloggen om "Mama Harjet" og Mehmet Habini, medan "eg" fortel om Linda sitt fyrste møte med den psykisk utviklingshemma Arnt Helge, der det tydeleg kjem fram at han hugsar drapet på Malin Meyer og at han er god til å kjenne att andlet på bilete. Det er "berre" å finne eit bilete av mordaren - så vil Arnt Helge kunne avsløre han. Linda inviterer Mehmet til å drøfte saka med henne og Faduumo.
         I avsnitt 18 vert det heilt tydeleg at Linda er på den same bussen som Passasjer 81 fortel om, Politikaren "Elvis" og kommunikasjonsrådgjevaren "Lady Raud" diskuterer med "Alvarez" om mordet på Malin Meyer. Dei er sterkt usamde. Om kvelden kjem Faduumo og Mehmet. Ingrid har funne ut at den biologiske faren til Malin ikkje visste om henne. Dei lovar kvarandre å arbeide saman for å finne ut meir om drapet på Malin - og å drive han som drap Linda sin son ut av byen att. 

Avsnitt 19-22

          Om torsdagen – den 11. dagen i månaden – vert Angelique Fuglesang, ho som Passasjer 81 har skrive om og kalla ”Mama Harjet” funnen død på arbeidsplassen sin. Linda vert kalla inn til avhøyr der ho vert spurd om kvifor ho gjekk til Cosy Lamps då Malin Meyer var drepen, og kvifor ho etter det gjekk til AS Reint & Rimeleg kort før det nye drapet.  I morgonbloggen den same dagen skriv Passasjer 81: ”Eg veit jo kvifor Mama Harjet ikkje er her”….
           Om ettermiddagen er politikaren (som  Passasjer 81 kallar ”Elvis”) opprørt av di Riksmedia har spurd han om dei to drapa syner at byen er ekstra farleg. Han og partiet som styrer ser på Riksmedia si innblanding som eit åtak på byen. Saman med Sentrumsforeininga og Kent Karlsen set dei i verk førebuingar av eit "spontant folkemøte" som skal svare på dette åtaket. Dei ber Mehmet Habini om å tale der for å syne at også innvandrarar står saman med fleirtalet i byen. Linda vil gjere opptak av Mehmet sin tale - men brått kjem Kent Karlsen inn på henne bakfrå og kviskrar i øyret hennar at han veit kor ho bur, at ho ikkje skal få øydelegge meir for han og at han vil drepe henne om ikkje ho reiser vekk frå byen att. Linda publiserer opptaket på Facebook, og ber alle vener melde frå om dei ser han nærme seg henne. Mehmet får greie på at pistolane som vart brukte i dei to drapa var av same merke med serienummer etter kvarandre. 

Avsnitt 23-54: Om dag 12.

         Dag 12 (fredag) hender svært mykje: 
         Kl 07:30 tek Linda på impuls eit bilete på morgonbussen av folk som snakkar om drapet på Malin Meyer. Ho kjem på at ho kan vise dei til eit mogleg augevitne, den psykisk utviklingshemma Arnt Helge. Han kjenner att folk på bileta ho har tatt - og brått reagerer han med redsle: "Pang - pang - farleg mann!" ropar han. Han kastar frå seg telefonen - og den landar i eit akvarium og vert øydelagt. 
         Klokka 08:30 får Kent Kent Karlsen tips om at opptaket av trugsmålet er publisert. Han tek kontakt med kjente i Facebookadministrasjonen og får dei til å fjerne det ved å vise til opphavsretten. Han syrgjer også for at Linda sin profil vert sletta. Men Linda si dottera Ingrid har og lagt ut trugsmålet - med eit anna filnamn. Venninna Faduumo Awale Samakab kopierer, gir opptaket endå eit nytt namn - og ber andre gjere det same. Slik vert opptaket spreidd via unge jenter og innvandrarkvinner.
         Klokka 10 vert Linda si dotter, Ingrid, send til Rektor for å tilstå kva ho har sagt om trugsmålet mot mora. Rektor har stor respekt for Karlsen, og då han framleis står oppført som "stefar" og Linda ikkje svarar på telefonen (som jo er øydelagt) ringer ho til Kent Karlsen og ber han hente Ingrid.
         Informasjonar og meiningar om det som har hendt så langt, sprer seg i ulike nett i byen.  I avsnitt 31 diskuterer etterforskarane Mekhar og Halvorsen ulike teoriar. I avsnitt 32 styrer radioreporter Steiner ein studiodebatt om det som har hendt. Under overflata veks to straumdrag, mellom anna i sosiale media. :I det eine vert opptaket av drapstrugsmålet spreidd  I det andre vert den same Kent Karlsen rekna som redningsmannen for byen.
         Kl. 12 startar gravferda til Malin Meyer. Der møter Linda for fyrste gong chilenaren Olave Mario - han som til forveksling liknar på karakteren "Alvarez" i Passasjer 81 sine bloggar. Både Linda og Olave har trong til å vite kva som hende med Malin. Begge går i minnestunda etter gravferda. 
         Kl. 12:45 - rett etter gravferda - får Faduumo tips om at Karlsen har klart å bortføre Ingrid. Reint intuitivt klarar ho å gøyme mobiltelefonen sin i Kent Karlsen sin bil - og etterpå kan ho spore telefonen og sjå kor Kent dreg med Ingrid. Ho får ikkje tak i Linda, og ber difor arbeidskameraten hennar, Mehmet Habini, om å dra til minnestunda og orientere Linda. På vegen vil han berre som snarast innom fredagsbøna i moskeen.
         Kl. 13:30 - medan Mehmet er der - vert moskeen omringa av væpna politi: Ein ny pistol i serien er funnen utanfor, og politiet vil kroppsvisitere alle før dei slepp ut. Mehmet vert lagt merke til av di han stressar og har så dårleg tid - tilskodarar trur han må vere terrorist og ropar slik at Politiet legg han i bakken. Bibliotekaren  Eva Trotto Moe  reagerar sterkt. I den oppheita situasjonen vert ho også lagt i bakken.
         Kl. 14 vert Eva teken med til avhøyr. Det vert snart tydeleg at etterforskaren, Mark S. Mekhar, mistenker henne for å være den anonyme bloggaren "Passasjer 81", som har skrive både om Malin Meyer, Angelique Fuglesang og pistolen ved moskeen før hendingane. 
         Ti minutt seinare - rett etter at minnestunda er ferdig - får Linda melding frå Ingrid sin mobil. Der melder Kent Karlsen at han har tatt Ingrid. Linda slår alarm.Politiet tar saka alvorleg, og etterlyser Kent Karlsen og Ingrid.
         Kl 14:30 kjem Mehmet endeleg til bydelshuset der minnestunda har vore. Han finn Olave Mario de la Polvora der, og utan spørsmål vert han med på forfylginga av Kent Karlsen, etter instruksjonane via telefon frå Faduumo. Endeleg hugsar Mehmet på å fortelje at Linda har fått nytt telefonnummer. Etter det tek det ikkje mange minutt før Linda, etterforskaren Irene Guri Andersen Halvorsen - og Mekhar står ved henne og ser prikken på kartet. Politifolka tek bortføringa svært alvorleg, og sender også ein bil etter Kent Kalrsen. 
         Kl. 15 samlar mange av tilskodarane frå hendinga ved moskeen seg på puben "Korridoren". Mellom dei er mange av dei oppsagde frå Tekstilen. Ivor Iveland - bloggaren "Teuton" - er ivrig etter å fortelje sin teori om at regjeringa og politiet har selt byen til muslimane, at det fins våpenlager i alle moskear og at det no er starta ein krig.
         I avsnitt 47 får me høyre om at Reinhardt Skjetne fann ein fjerde pistol på torget i 15-tida. Han tok det som eit teikn frå Gud om at tida no var inne til å starte krigen mot dei som vil utslette europearane.
         Kl. 15:15 set venninna Sheila Hasina også med å organisere ein ekspedisjon for å hente ut Ingrid. Faduumo har for sikkerheits skyld delt informasjonen om kor Karlsen har køyrt med henne. Sheila fortel ikkje nokon at ho visste kor Ingrid var, men tok til å samle folk gjennom Facebookgruppa "Finn Ingrid".
         Kl. 16:00 publiserer den anonyme bloggaren Passasjer 81 ein ny blogg der han skriv at det var han som hadde lagt ein pistolen ved moskeen. Han skreiv og at han ladde lagt ein pistol ved fontena på Kulturtorget.
         Kl. 16:30 gir politijuristen ordre om at politiet sine bilar på veg til Ingrid skal snu. Karlsen sin advokat har krevd at det såkalla status quo-prinsippet i barnefordelingssaker skal gjelde.Det betyr at politiet skal halde seg passive og ikkje gripe inn før ei sosial nemnd har teke ei avgjerd, Irene Guri Andersen Halvorsen trassar ordren, tek ein politibil og reiser etter Ingrid saman med Linda  På vegen får dei melding om at Mehmet og Olave har funne staden der ein mann og eit barn har gått ut av ein bil. Berre ein mann har kome ut att frå skogen.....
         Kl. 16:45 er Karlsen komen attende til Sentrumsforeininga. Saman med kommunikasjonsrådgjevaren og Karina Burane startar dei førebuingane av eit nytt, spontant folkemåte på Torget. Han avslører at Faduumo har kunna spora han, og slår henne truleg til ho svimar av.Dei to andre kvinnene let overser det
         Kl 17:15 kjem Mehmet og Olave fram til ein forfallen gard i skogen. Ei eldre kvinne skyt etter dei - det viser seg at det er mora til Kent Karlsen som har fått beskjed om å vakte Ingrid. Dei får Ingrid fri utan at nokon vert skadde - men då dei kjem ned til bilen, er lufta tappa av alle dekk. Og brått står dei i eit lyshav.
:        Kl 17:40 kokar det i sosiale media. I Facebookgruppa "Finn Ingrid" er Kent Karlsen utpeika som barnekidnappar, på sida "Rein By" er han ein helt som går i spissen for å forsvare byen. Då Kent får høyre at Ingrid har blitt henta ut av to utlendingar, startar Kommunikasjonsrådgjevaren startar ei tredje side - "Nei til bortføring av born" - og inviterer deltakarane frå begge dei to andre.
         Kl. 18:00 kjem Linda og Irene Guri Andersen Halvorsen fram til grenda der bøndene har omringa Ingrid, Mehmet og Olave. Irene klarar å løyse opp situasjonen, og snart etter er dei alle fem på veg heimover. Omtrent på same tid er Kent Karlsen gjest i det direkte radioprogrammet til Rudolf Steiner. Der fortel han at ei muslimsk terrorgruppe har bortført dottera hans og at politiet berre ser på - ein tenestemann hjelper dei til og med. "Teuton" er svært aktiv med å attfortelje dette provet på at politiet har blitt kjøpt av muslimane, og at folk no må ordne opp sjølve: Han vil organisere ei vegsperring for å stogge muslimane på vegen inn att til byen.
         Kl 18:15 finn Eva Trotto Moe notatar i papirkorga der Reinhardt Skjetne har vore på biblioteket. Han har rekna ut kor mange skot han kan setje i "skodespelaren" og "professoren". Ho kjem i sterk tvil på om ho har noko med dette å gjere. Fyrst reiser ho heimover - men så snur ho og dreg attende til byen for å leite etter Mark S. Mekhar for å søke råd hos han.
         Kl 18:30 vert alle som er på puben henta ut på torget utanfor for å fylle opp på endå eit "spontant torgmøte" Her blir historia om muslimane som har bortført dottera til Kent Karlsen teke opp att, og mange vert svært opprørte av det, mange vil vere med å stanse dei. Eva går til Teateret - der ser ho at Skjetne forsøker å få billett. Ho får varsla dei tilsette på Teateret, og det vert leita etter Skjente mellom publikum då dei går inn i salen.
         Kl. 19:00 barkar dei to gruppene som har reist for å redde Ingrid saman: Sheila Hasina og dei andre i bussen som har vore organisert gjennom Facebookgruppa "Finn Ingrid" trur at de andre er på same lag som dei, medan Teuton og dei andre trur at alle damene på bussen - mange av dei er muslimar - er bortførarar. Det vert eit digert møljeslagsmål som sperrar vegen då Linda, Irene Guri, Ingrid og dei andre kjem.  Dei snur og tek ein annan veg. Dei blir samde om at Irene Guri skal dra til politihuset og sjekke situasjonen, medan dei andre skal vente på AS Reint & Rimeleg.
         Kl 20:00 kjem Reinhardt Skjetne til reimgjeringsbyrået. Han finn den hardt skadde Faduumo utanfor, og tolkar det slik at Gud vil han skal øve seg ved å skyte. Eva høyrer skotet og kjem springande til. Ho ropar åtvarande til Mehmet då han og dei andre kjem. Slik identifiserer ho han for Skjetne. Han skyt Mehmet med fire skot. Linda går til åtak på Skjetne - han skyt henne og. Også Olave forsøker å stoppe Skjetne - også han vert skoten.
         Ingrid skrik.

Avsnitt 55-57: Oppklaring?

            Reinhardt Skjetne vert arrestert kort etter massakren. Det fyrste avhøyret tyder på at han ikkje hadde noko å gjere med dei to fyrste drapa. Etter tips frå Irene Guri Andersen Halvorsen i valdsavdelinga sjekkar Mekhar Maling Meyer sin stefar. Ein rekonstruksjon viser tydeleg at Arnt Helge kjenner han att som mordaren. Mekhar gjennomfører ein rekonstruksjon av det som hende med Angelique Fuglesang også - og får oppklart at ho døydde ved at pistolen gjekk av medan ho sat med han i fanget.
            Alt ser altså ut til å ha vore tilfeldig. Men kor kom pistolane frå? Det fins ein samanheng. Den er hovudtema i del to. 

Persongalleriet:

          Der er eit stort persongalleri. For å lette på oversynet har eg laga undersider med sitat frå introduseringa av dei ulike karakterane. I PC/Mac og IPad-versjonane finn du peikarar i margen til høgre. Den fell bort i mobilversjonen, difor tek eg dei opp att her (inaktive peikarar viser til karakterar som enno ikkje er introduserte):

Forteljaren - ein betraktar

Passasjer 81 - anonym bloggar

Eva Trotto Moe - bibliotekar

Kent Karlsen - forretningsmann

Rudolf Steiner - journalist

Linda Dahlin Loe - kontorassistent

Faadumo Awale Samakab - kontorass.

Espen Loe - bror til Linda

Ivor Iveland - verktøyforvaltar / bloggar

Irene Guri Andersen Halvorsen - litteraturvitar og politi

Malin Meyer - skuleelev

Ingrid Dahlin Loe - skuleelev

Reinhardt Skjetne - privatforskar / bloggar

Mehmet Habini - reingjeringsarbeidar

Angelique Fuglesang - forretningsdrivande


Margrethe Obstaclevic - skuleelev

Sheila Hasina - kontorassistent

Noreen - farmasøyt

Liana - musikar

Olave Mario de la Polvora - morsmålslærar

Carmen - reingjeringsarbeidar, kona til Olave


Nye avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag i perioden 31/5-20/12 2013.  





Tilbakemeldingar: