mandag 28. oktober 2013

65: Kampen om sanninga.

Mark S. Mekhar og Irene Guri Andersen Halvorsen hadde ein kort prat etter at dei hadde rømt ut av konferanserommet med pressefolka. Båe hadde sluppe unna utan å måtte seie noko.
Det er den store kampen om sanninga, sa han.
Det minner meg om ringane heime på øya, sa ho. Om sundagsføremiddagane samla folk seg på bakken utanfor kyrkja, anten dei skulle inn å høyre eller ei. For utanfor ville alle høyre. Dei grupperte seg i ringar etter kva dei trudde på, og kven dei heldt med, og så stod dei der og laug for kvarandre.
Men var ikkje alle kristne der?
Det hadde ingenting med himmelen å gjere – alt handla om jordiske saker. Og saker på havet. Alle sokna til ein eller annan båt – og dei var alltid i konkurranse med einannan. Det gode stenget som den eine hadde gjort, vart omtalt som reint tullflaks i den andre ringen med folk. Og i den tredje vart det gjerne kalla ein brølar og ein generaltabbe, for der meinte alle at stenget hadde vore dobbelt så stort om det var dei som hadde kome til det.
Kva er eit steng?
Orsak – det er fangsten eit båtlag ligg att med når nota er slått og snurpa.
Åja, sa Mark S. Mekhar, utan entusiasme.
Men dei kjende kvarandre, heldt ho fram. Alle der kjende kvarandre. Dei laug og dikta, men dei tok det ikkje på stort alvor. Du kunne gå frå den eine ringen til den andre, og dei gav plass til deg, og dei visste kva du stod for – kva båt du sokna til, til dømes, og dei justerte forteljingane sine litegrann for ikkje å fornærme deg meir enn naudsynt, og så laug dei vidare. Og alle visste korleis det var. Det skifta frå veke til veke kven som var sure på kven og på godfot med kven andre.
Men slik kan det berre vere i ein landsby – eller eit nabolag, sa han.
Det er det eg aldri har forstått, sa ho. At ikkje folk har vett til å innsjå at sanninga truleg er like samansett i ein by eller eit land i Asia som på ei lita øy i havet.
Eg fekk signert tilståing frå Randulf Leirfall.
Gratulerer! Det var kjapt.
Han har ikkje snakka med forsvarar enno.
Oi. Då er det vel litt tidleg å sprette champagnen. Eg høyrer at du vil ha Skjetne-saka òg?
Eg trur dei heng tettare saman enn det sjefane trur.
Då lyt du leite i ringane rundt dei, sa ho. Og leit for all del ikkje i Himmelen!
Eg som skriv alt dette, er fascinert av Irene Guri Andersen Halvorsen sine forteljingar om folk som stod i ringar på øya ho kom frå. Di meir eg tenkjer på det, di betre bilete tykkjer eg det er på korleis menneske ter seg i stort og i smått. Eg ser dei føre meg på grasbakken utanfor kyrkjegardsmuren, ringar av varierande storleik, nett så langt frå kvarandre at dei kan høyre når ein annan ring brest ut i lått – men ikkje så nær at dei kan høyre kva dei ler av. Dei står og ser inn i andleta på kvarandre, måler seg litt mot kvarandre, kappast litt med kvarandre om å få ringen til å nikke til det dei seier, dei tre, fire som snakkar mest, vil gjerne seie det alle er samde om på ein litt betre måte slik at ringen nikkar endå sterkare.
Det er triveleg, det kjennest godt, til og med når ringen står rundt ein dei har støytt ut, slik eg hadde høyrt at ungane stod i ringar rundt Kent Karlsen då han var liten. Dei stod der og kappa om å le av han, pirke i han, få han til å grine. Skraphandlarsonen. Fantungen. Heilt til bestefaren hadde lært han å kaste stein, og han sjølv hadde lært seg å setje angst og takksemd i folk – takksemd for kvar gong han ikkje kasta stein. Då hadde han òg snart knekt koden for korleis han skulle få ein annan inn i ringen i staden for seg sjølv, og korleis han sjølv kunne verte ein av dei tre, fire som snakka mest. Til sist hadde han lært seg korleis han kunne styre dei andre som snakka mest, slik at dei lét han setje fram kva alle skulle kappast om å vere samde om.
Folk lagar slike ringar på alle opne plassar i byen her når det hender noko som rører eller opprører dei. Det synleggjer at der likevel er samanhengar mellom liva deira. Dei lagar ringar alle moglege andre stader òg, når dei snur oss på bussen, når dei benkar seg rundt fjernsynsapparatet, eller når styret for Tekstilen set seg for å erklære konkurs.
Det er ikkje anna nytt med det som vert kalla sosiale medium, enn at grasbakken rundt kyrkja på øya til Irene Guri Andersen Halvorsen er bytt ut med ein bakke av webdesign – og at folk ikkje treng gå eller ro nokon stad for å finne ein ring å stille seg i. Dei kan berre klikke på ein tast eller stryke langs ein nettbrettskjerm, så er dei i ringen.
Biletet gjer det lettare å forstå byen her. I alle høve somme av menneska her. Eit døme er Reinhardt Skjetne, drapsmannen frå den blodige fredagen.
Eg trur han levde for dei virtuelle ringane på webdesignbakken utanfor kyrkjegardsmuren på øya si. Han stod der og nikka og lo og målte seg med Teuton og andre av dei som snakka eller skreiv mest – medan han budde seg på den dagen han skulle verte den som sette fram det dei hine skulle vere samde om. Han skreiv ikkje så mykje før drapa – men etterpå kom innlegga hans jamt som ein maskin, kvar fjortande dag på bloggen hans – oppdagaren.com.
No sat han i cella si og med forbod mot aviser og internett og telefonar og alt som var. Folk flest som hamnar i slik varetekt, har ei frykteleg tid. Klokka sniglar seg fram, og rastløysa er som ei mare og ei sjuke – mange har jo abstinensar òg, som riv og slit i kroppen. Men tida beit visst ikkje på Reinhardt Skjetne. Frå fyrste dag levde han som han hadde gjort det siste året. Han las og skreiv, frå åtte om morgonen til klokka var fire – han hadde jo ikkje forbod mot å bruke fengselsbiblioteket, sjølv om lånelistene hans vart sensurerte. Etter klokka fire gjekk han i ring og snakka høgt til seg sjølv eller til dei som kikka inn til han med ujamne mellomrom – eller til Gud eller kven det no var. Han var så travelt oppteken at han vart irritert kvar gong han vart henta til avhøyr.
Alea jacta est! sa han, og slo ut med høgrearmen.
Eg gjorde meg kjend med ein av dei som jobbar i fengselet, ein veteran med erfaring frå dei fleste galningane som har vore innesperra her i byen dei siste tretti åra. Han meinte at det går tolv på dusinet av slike som Skjetne. Dei fleste vert dømde utilreknelege fyrste gong dei er i retten, resten får stempelet etter kvart, sa han. Skjetne hadde jo gått rett på drepinga, så han hadde dei aldri rekna med å sjå att.
Men der tok altså veteranbetjenten feil. Skjetne sit der den dag i dag og ventar på folkemassane som skal kome å storme murane for å setje han fri som helt.
Fleire av dei tilsette i fengselet hadde visst eit slags misjonskall, forresten. Dei ville gjerne få Skjetne meir i tale om Jesus og litt mindre om Gud, men dei kom ingen veg. Betjenten fortalde at Skjetne korkje interesserte seg for mirakel eller frelse eller kjærleiksbod. Det var den kjempande Gud som var hans favoritt, ein brutal og straffande og evig ein, ein som eltar einskildpersonar inn i mørtlar nett som muraren gnurar småstein i troa før han kliner festningsverka sine saman.
Betjenten meinte at Skjetne sitt gudspreik uttrykte det same som dei andre galningane sitt: Mannen høyrdest ut som at han var heilt overtydd om at Gud var ein av aktørane i den lokale hurlumheien. Han vart nok provosert når Mark S. Mekhar karikerte synet hans, dette med at Gud handla pistolar av bosniske bandittar og la dei i blomsterbed slik at smugrøykjarar skulle finne dei der. Men Skjetne hadde aldri lansert noka mothistorie. Han brydde seg ikkje med slike detaljar, ganske enkelt. Det vart for smått for han, med det tre tusen år lange perspektivet som han såg føre seg. Og difor kunne han snakke vidare om at Gud var aktør, utan å behøve å konkretisere.
Teorien til betjenten var at Skjetne lånte seg makt og velde for å erstatte alt han ikkje hadde sjølv. Han var skrikande einsam og mislukka, og han visste det så hjarteskjerande godt at han måtte dikte opp ei verkeleg sterk historie for å få røynda til å bleikne. Utvald av Gud – førar for eit heilt folk som òg var utvald av Gud. Tre tusen år med kamp som endeleg stod framfor den siste sigeren, utløyst av Reinhardt Skjetne sin heltemodige massakre på parkeringsplassen utanfor AS Reint & Rimeleg. Det likna veldig på alle dei andre Napoleon-ane og Jesus-ane som hadde vore innom før galehuset tok seg av dei.
Men altså ikkje nok. Då retten til sist konkluderte, datt dei ned på motsett side av betjenten.
Viss det verkeleg var så at både Gud og dei tre tusen år gamle løgnene berre var middel som Skjetne brukte for å hevde seg i sirklar på den virtuelle grasbakken sin, så vert han både meir forståeleg og meir makaber, tykkjer eg. Det krydde ikkje akkurat av folk der. Men der var ein del, både i byen her og elles i verda. Det var lettast å få auge på dei som var langt borte, og religiøsiteten hadde høgast truverde når fanatikarane sokna til andre religionar. Men uansett var dei ikkje mange, og endå færre av dei hadde gjort noko i praksis som var i nærleiken av det Skjetne hadde gjort.
Eg trur Mark S. Mekhar såg på Skjetne om lag på same måten som betjenten, men eg er ikkje sikker. Både betjenten og eg er sterkt prega av dei monoteistiske tradisjonane og tenkjemåtane frå Midtausten. Me er vande med å setje alt me får auge på inn i pyramideforma tankemodellar, og til å tru at det alltid finst ein slutt (som regel toppen av pyramiden) der alle relasjonsrekkjer vert samla til noko som kan formulerast i ein altomfattande konklusjon. Mekhar kjem jo ikkje frå ein slik tradisjon. Det kan vere meir naturleg for han enn for oss å avfinne seg med at sanninga er meir komplekst samansett, at det ikkje finst nokon altomfattande konklusjon – men at ting likevel heng saman, og at det går an å avdekkje sanningar om dei samanhengane.
I alle høve sa han til Irene Guri Andersen Halvorsen si oppmoding om ikkje å leite i himmelen:
Kan hende finst det fleire usynlege makter enn dei patriarkane i Midtausten fekk auge på.
Ho rakk aldri å få han til å utdjupe, for han fekk melding om at Skjetne og forsvararen hadde hatt fyrste møte, og at forsvararen gjerne ville vere til stades under fyrste avhøyr, og at det kunne passe no. Mark S. bad om at Irene Guri og han snart måtte snakkast att, og fór til heisen. Ho gjekk for å finne Ingrid medan ho togg på dette uttrykket: usynlege makter som patriarkane i Midt-Austen ikkje hadde fått auge på.
Advokaten til Skjetne var ei kvinne. Ho heitte Silje Sjusete og var ikkje mykje over tretti år. Det var ei god stemning mellom dei to. Dei sat i eit samtalerom og venta, dei diskuterte morgontrafikken i byen her. Skjetne var sterk tilhengjar av å bruke buss. Han verka glad og tilstadeverande. Dei helste, sa namna sine, ingen sa noko om titlar. Dei sette seg – Skjetne heldt fram med forteljinga om bussen. Mekhar sette seg til å høyre etter. Sjusete såg litt usikkert frå Skjetne til Mekhar.
Det er berre ein som vaskar her! sa Skjetne.
Silje Sjusete såg endå meir forvirra ut. Eg trudde De skulle avhøyre? sa ho.
Du har nok ein klient som ikkje er klar over kor langt degenererte folkeslag har pressa seg fram, sa Mark S. Mekhar.
Skjetne vart stum.
Berre gjer ferdig forteljinga, sa Mekhar. Me har god tid.
Du sa at du vaska! sa Skjetne.
Nei, det gjorde eg ikkje. Det var du som sa det.
Men du sa meg ikkje imot!
Eg er ikkje her for å overtyde deg om noko som helst.
Har det alt vore eit avhøyr? sa Silje Sjusete.
Me hadde ein liten prat på fredagskvelden, sa Mekhar.
Eg visste ikkje at det var eit avhøyr! Eg bad om advokat! sa Skjetne.
Du har jo fått advokat, sa Mekhar. Det er ho som sit der. Ho er ikkje her for å vaske ho heller.
Viss min klient vart avhøyrd utan forsvarar, vil eg leggje ned protest, sa Sjusete.
Ja vel, sa Mekhar, og skreiv på blokka si: Protest. Så spurde han:
Kva hende på fredag?
Eg handla i sjølvforsvar! sa Skjetne.
S-j-ø-l-v-f-o-r-s-v-a-r, sa Mekhar medan han skreiv.
Min klient ville fri eit barn som var bortført av muslimske terroristar. Dei gjekk til åtak på han, og han måtte forsvare seg. Han vil motsetje seg varetektsfengsling, sa Sjusete.
M-o-t-s-e-t-j-e, sa Mekhar.
Han har dessutan eit overordna syn som gir han subjektive grunnar til å ta bortføringa særleg alvorleg. Han ser heile kulturen i byen her som truga av slik islamisering.
I-s-l-a-m-i-s-e-r-i-n-g, mumla Mekhar og rabla ned nokre teikn på blokka si.
Dei andre to venta. Så lente Mekhar seg attover på stolen og sa:
Så då var det likevel ikkje Gud?
Det har med hans generelle syn å gjere og er ikkje relevant for sjølve siktinga, sa advokaten.
Mekhar bøygde seg over mot advokaten og spurde lågt medan han såg på Skjetne:
Er han ikkje tilrekneleg til å snakke sjølv?
Kva meiner du? sa Skjetne.
Eg trur ho meiner at du er galen, sa Mekhar.
Dette er uhøyrt! sa Sjusete.
U-h-ø-y-r-t, mumla Mekhar.
Du påstod at eg var galen sist òg. Du tek ikkje dette alvorleg! Du er ei skam for politiet i byen her!
S-k-a-m, mumla Mekhar.
Dette er ein høgst uvanleg avhøyrsmetode – eg kan ikkje godta dette! sa Sjusete.
Nei vel, sa Mekhar, og la frå seg pennen. Då har eg berre fire spørsmål til. For det fyrste:
Skaut du eitt skot mot hovudet til Faadumo Awale Samakab slik at du drap henne?
Det var i sjølvforsvar, sa Skjetne.
Skaut du, eller skaut du ikkje?
Eg veit ikkje kva ho heitte!
Mekhar sa ingenting, såg frå Skjetne til advokaten og tok opp pennen att og sa: Då tolkar eg det slik at svaret er nei – du skaut henne ikkje av di du ikkje visste kva ho heitte?
Skjetne såg forvirra på han. Sjusete sa: Klienten vedgår at han losna skot, men presiserer at det var i sjølvforsvar.
Okei – då noterer eg to svar, eit frå sikta og eit anna frå forsvararen, sa Mekhar.
Du har fått eitt svar! sa Sjusete skarpt.
Eg forstår – for det han sjølv seier, kan ikkje takast på alvor?
Eg er hans forsvarar, og han talar gjennom meg!
No bøygde Mekhar seg fram og snakka lågt til Skjetne: Når Gud talar gjennom deg og du talar gjennom henne – er det då Guds Ord som kjem ut av henne?
Dette er grenselaust frekt! ropte advokaten. Skjetne såg berre forvirra ut.
Spørsmål to: Skaut du to skot mot Mehmet Habini slik at han kort etter døydde?
Det var òg i sjølvforsvar.
Skaut du – eller skaut du ikkje?
Jo – eg skaut.
Spørsmål tre: Skaut du eitt skot mot Linda Dahlin Loe slik at ho døydde momentant?
Eg visste ikkje kva ho heitte. Det var ei kvinne som gjekk til åtak på meg og ville drepe meg.
Drap du henne?
Eg skaut i sjølvforsvar.
Spørsmål fire: Skaut du to skot i Olave Mario de la Polvora slik at han kort etter døydde?
Ja – i sjølvforsvar.
Spørsmål fem: Kor fekk du pistolen frå?
Eg fann han ved fontena på Kulturtorget.
Kven hadde lagt han der?
Det veit eg ikkje.
Kvifor hadde vedkommande lagt han der?
For at eg skulle forstå at eg var utvald.
Utvald til kva?
Til å stoppe muslimane.
Ved å drepe to muslimar og to ikkje-muslimar?
Nei – nei! Det var sjølvforsvar.
Akkurat. Så korleis skulle du stoppe muslimane då?
Eg skulle eliminere professoren og skodespelaren.
Du skulle stoppe dei som hadde bortført jenta! sa Sjusete.
Det òg, sa Skjetne.
Du skulle drepe Mehmet Habini og skodespelaren som framførte tekstar frå dei tre semittiske trusretningane i Teateret?
Han sa «eliminere», sa Sjusete.
Okei – ved hjelp av pistolen skulle du eliminere Habini og skodespelaren på oppdrag frå einkvan som hadde valt deg ut. Så måtte du myrde tre til i sjølvforsvar på vegen. Men kven valde deg ut – og kvifor?
Skjetne såg på Sjusete. Ho sa at det hadde med hans overordna syn å gjere, at byen her og heile Europa var truga av islamisering.
Okei – så du vil ikkje seie kven som valde deg ut? sa Mekhar.
Eg vart utvald av Gud! sa Skjetne.
Me får høyre med han om han kan stadfeste det, sa Mekhar. Forstår du at påtalemakta vil krevje at du vert halden i varetekt medan me kontrollerer opplysningane dine?
Nei – det forstår han ikkje, sa Sjusete. Han held fast ved at han handla i sjølvforsvar, at han hadde ideelle motiv, og at det ikkje vil skade etterforskinga om han vert sett fri.
Og gjentakingsfaren då? Han meiner jo at Gud har valt han ut til å drepe ein til?
Det er ikkje relevant.
Å nei. Nei vel. Då trur eg ikkje me kjem lenger i dag – me har det Tingretten treng for å vurdere krav om varetektsfengsling. Eg skal skrive dette ut slik at du kan underteikne.
Eg vil ikkje underteikne.
Fint. Då haster det jo ikkje med skrivinga heller. Då kan jo Sjusete òg ta kvelden om ho vil.
Han reiste seg og gjekk mot døra. Men der stogga han og snudde seg.
Ho jenta som du seier du skulle fri. Du har oppfatta at det var mor hennar du drap medan ho måtte sjå på?
Skjetne sa ingenting – såg berre spørjande på han.
Ho er heilt aleine i verda no. Ho er veldig ulukkeleg og redd. Bror hennar vart drepen for fem år sidan, og på torsdag i førre veke truga same drapsmannen med å ta mor hennar òg. Det var same mannen som henta jenta på skulen og sperra henne inne i ein kjellar langt utanfor byen. Mora og dei andre du myrda, hadde nett klart å få jenta fri. Ho var så glad – ho trudde alt var over då dei møtte deg. Ho heiter Ingrid. Ho er tretten år.
Kva slags relevans har dette? sa Sjusete.

Ja – du kan sanneleg spørje! sa Mark S. Mekhar, og gjekk ut døra. 


Til avsnitt 66

Boka er no i sal