mandag 29. juli 2013

26: Dag 12 - kl 09:02 - Motmakt

            (Samandrag 1-25)
            Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 09:02.
Faadumo si rolle i Prosjekt Eit levande sentrum hadde endra seg radikalt med det same Kent Karlsen kom inn som leiar. Både han og Karina  var svært aktive, og sjølv om ikkje dei alltid fekk gjort så mykje – som denne føremiddagen der dei sat og snakka medan timane flaug - så var dei så travle at dei  vel helst gløymde Faadumo. Av og til kom dei på henne, opna glasdøra og spurde om ho kunne lage kaffi eller hente utklippsboka eller  posten. Dei tok henne ikkje med i diskusjonar og spurde henne ikkje til råds.
Denne morgonen tok ho til med å oppdatere utklippsboka. Det var mykje å samle. Alle lokalavisene hadde oppslag om torgmøtet. Sidan det var dei to morda som var bakgrunnen, tok ho med det avisene skreiv om dei og. Og sidan det såg ut til at ho hadde god tid las ho grundig artikkelen om våpna som var brukt: Same slag pistol – med serienummer like etter kvarandre.
Då alt det trykte var samla, gjekk ho på nett. Avisene hadde stort sett kortversjonar av sine eigne papirartiklar. På Facebooksidene til Sentrumsforeininga hadde ingen kommentert noko. Ho fann ikkje spor etter det store, folkelege engasjementet på byrådet sine sider heller. Så nytta ho høvet til å søke  opp Linda si side som snarast, for å sjå korleis tråden om opptaket utvikla seg.
Den var ikkje der. Ho søkte – men fekk berre opp ei lettkledd kvinne i Indonesia med eit liknande namn. Det gjekk kaldt ned etter ryggen på henne – ho søkte opp ei av dei som ho visste hadde delt lydopptaket. Det var vekk der og.
Faadumo var ikkje svært erfaren med Facebook, og gjekk ikkje i noko miljø som snakka mykje om personvern og opphavsrett og kontrollmetodar i sosiale media. Så korleis dette hadde hendt visste ho ikkje, ho viste berre at det var farleg. Trugsmålet som hadde vore meint å isolere Linda i ei boble av redsle som ingen andre skulle forstå eller tru på, det var ikkje lenger ufarleggjort gjennom å verte spreidd. Fjerninga av opptaket og slettinga av Linda sin profil var ein demonstrasjon av ei slags usynleg makt som gjorde trugsmålet endå verre.
Ho gjekk til Ingrid si side. Den var på plass – og der låg opptaket! Ingrid hadde kalla lydsporet «Mammablirtruga» - ho hadde tydelegvis gitt det eit namn ho kunne hugse då ho kopierte det over til sin maskin. Linda hadde berre brukt det meiningslause namnet som maskinen sjølv hadde gitt filen. Faadumo forstod intuitivt at det var alle kopiane som hadde hatt same namn som filen på Linda sin profil  som var sletta.  Ho lasta ned opptaket på Ingrid sin profil  og gav det namnet «Lindablirtruga» - og så  publiserte ho det på sin eigen profil saman med denne teksten:
Åtvaring: Linda Dahlin Loe har blitt truga på livet av ein mann som sa han visste kor ho budde. Ho fekk gjort opptak av trugsmålet og la det ut på Facebook. Ho bad om hjelp  om denne mannen skulle nærme seg huset hennar. MEN I DAG ER BÅDE LYDOPPTAKET OG HEILE LINDA SIN PROFIL BORTE.  Eg legg opptaket ut att her, og oppmodar ALLE om å gjere det same – MEN: Last det ned og gje det nytt namn fyrst, slik at ikkje alle kopiar kan fjernast så enkelt!
Ho hadde ikkje så mange vener, og mange av dei budde ikkje i byen,  hennar næraste var spreidde over heile verda. Men der var nokre lokale, og i beste høve ville dei fylgje oppmodinga.
Langt om lenge kom Karina  ut.
Den er tøffare enn eg hadde trudd, denne samansverjinga! Sa ho.
Linda sin profil har blitt sletta! Sa Faadumo lågt. Opptaket er borte på alle andre sider!
Det var fint.
Fint???
Ja. Det går jo ikkje an å gjere slikt.
No forstår eg ingenting – det er jo den einaste forsikringa ho har?
Det spørs om ikkje vår kjære Linda har latt seg bruke av folk som vil sverte dei som står opp for byen vår!
Meiner du – Faadumo peikte med hovudet mot Kent Karlsen. Han hadde fått ein telefon bak glasveggen sin, og sat og snakka høgt og leande.
Det er jo han som vert råka, sa Karina . Han seier opptaket er falskt – veldig profesjonelt gjort, men falskt. Han er overtydd om at Linda har lete seg bruke av folk som set inn store ressursar på eit intrigespel mot byen. Buskagitasjon kallar me slikt her. Fins det buskagitasjon i Somalia?
Faadumo såg lenge på Karina . Ho opna munnen for å seie henne imot og fortelje at ho hadde lagt opptaket ut att – men tok seg i det. Det ville jo endå vere mogleg i fjerne hennar versjon og. Om ho  heldt  munn ville det ta tid før det vart oppdaga slik at andre kunne rekke å kopiere og legge ut på nytt. Så ho sa berre:  Så det er han sjølv som har fått stoppa det då?

Ja. Han – og eg. 




Samandrag "Til minne om Linda" - avsnitt 1-25

Dag 12 - den dramatiske dagen 
             Det meste som hender i fyrste del av romanen går føre seg mellom morgon og sein kveld på fredagen den tolvte dagen i forteljinga. Linda Dahlin Loe har lagt ut på Facebook eit opptak av drapstrugsmålet som Kent Karlsen retta mot henne kvelden før. I avsnitt 25 får me høyre Kent sin versjon av historia mellom dei to. Han set i verk tiltak for å få Facebook til å fjerne lydopptaket. 
             Det er ellers ei god stemning i byen, etter eit vellukka Torgmøtet kvelden før der Kent Karslen og Byrådet slo attende mot Riksmedia sine påstandar om at det var spenningar under overflata i byen. På morgonbussen tok Linda eit bilete som ho vil vise til den psykisk utviklingshemma Arnt Helge. han var truleg vitne til det fyrste drapet. 
             I avsnitt 24 analyserer forteljaren dei ti trådane som vert spunne saman til hovudforteljinga: 
  • Kollapsen av Tekstilkombinatet med alt det som fylgde av den kan godt kallas den fyrste og mest grunnleggande forteljinga. 
  • Mordsaka er den andre. Eller mordsakene i fleirtal. På dette tidspunktet – om morgonen den tolvte dagen - så hadde det alt vore to uvanleg brutale og uforståelege drap i  byen her. Det skulle bli fleire og, før alt la seg til ro att.
  • Dette bloggprosjektet til han – eller ho – som kalla seg Passasjer 81 er ei tredje forteljing. Mange tolka bloggen frå måndag den åttande som ei erklæring om at dei var eit kunstprosjekt: ”Så får tida avgjere om eg skal ende i ein ukjend soldat si grav eller om heile verda skal synge mine songar.”
  • Den fjerde er eigentleg best fortalt nettopp i bloggane, i alle fall viss karakteren ”Alvarez” i bloggane er identisk med han som i røynda heiter Olave Mario de la Polvora.  Det er den mest naturleg menneskelege forteljinga og slik sett den viktigaste.
  • Den femte er forteljinga om Linda Dahlin Loe og dottera Ingrid og deira frigjering frå redsla som Kent Karlsen hadde planta i dei, 
  • Den sjette forteljinga  er den som analyserer valden frå folk som meiner dei er i sin rett til å drepe. 
  • Den sjuande er forteljinga om Eva Trotto Moe, litteraturen og livet.
  • Dei tre siste forteljingane er abstrakte eller metafysiske på det viset at dei handlar om tolkingar av røynda. 
    • Det er Kent Karlsen si forteljing om ”krefter” i hovudstaden og andre byar som hadde gått saman til eit slags åtak på  byen her 
    • Så er det knippet av endå meir dramatiske forteljingar om åtak frå jødane, den bosniske mafiaen, muslimske fundamentalistar og endå meir abstrakte ”degenererte folkeslag”. Ivor Iveland stod for ein variant av desse, Reinhardt Skjetne for ein annan. 
    • Forteljinga om det hemmelege samarbeidet mellom politiet og slike løynde krefter stod i kommentarfelta under media sin kappestrid om skarpe spørsmål og avsløringar av handlingslamming.

Dei 11 fyrste dagane har dette hendt: 

Avsnitt 1-8:
          I ein ikkje namngitt by ved ein elveos lever menneska i eit kvardagsmylder. To forteljarrøyster teiknar byen: "Eg"-personen  sit om lag eit år etter hendingane og skriv om dei i fortid. Passasjer 81 er ein anonym bloggar som fortel i notid om kvardagsmenneske i byen slik han (eller ho?) ser dei på  ein buss kvar morgon og ettermiddag.
          Onsdag i den fyrste veka fell botnen ut av økonomien i byen då den største arbeidsplassen – Tekstilkombinatet – går konkurs (avsnitt 6). Uro brer seg mellom dei som er direkte råka, men elles ser folk ut til å halde fram med liva sine som om ingenting særskilt hadde  hendt.
          Fredagen (avsnitt 8) vert heile byen vitne til at den populære radioreporteren Rudolf Steiner finn 13 år gamle Malin Meyer blødande på golvet i den verna verksemda "Cosy Lamps". Ho døyr for open mikrofon. Dei siste orda hennar var ".... har ikkje gjort...."  Det ligg ein pistol på bordet ved sida av henne.
          Den om lag 30 år gamle Linda Dahlin Loe reagerer svært sterkt på det ho høyrer på radioen. Ho har sjølv mista eit barn i ei valdshending, og ho har vore på flukt fra mannen som har truga med at han vil drepe henne og dottera Ingrid.  Saman med kollegaen  Faduumo Awale Samakab går Linda til drapsstaden. På vegen dit kjem det fram at Faduumo og har fått reaktivert traumatiske valdsminner. Dei to kvinnene knytter seg etter kvart nært til kvarandre. Trongen til å vite driv dei inn i eit slags privat etterforskingsarbeid. 

Avsnitt 9-13:
          Fram til avsnitt 8 ser det ut til at dei to forteljarane fortel om ting som ikkje hadde  noko med kvarandre å gjere. Men då Malin døydde, synte det seg snart at ho likna sterkt på karakteren "Lolita" som bloggaren tok til å skrive om  alt i avsnitt 3. Den morgonen då ho vart skoten, skreiv bloggaren at ho var "dødsdømd" og at Bakken skal opne seg og sluke Lolita rett framfor auga våre.”
          Me får berre høyre om ein person som les bloggane, det er bibliotekaren Eva Trotto Moe. Ho ser ikkje noko merkeleg i samantreffet, for  det er litteraturen som er viktig for henne. Ho tykkjer det er interessant når Passasjer 81 skriv om seg sjølv at han vil vere "ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det."   Kva som ellers hender av trivialitet eller kriminalitet har ho ikkje noko med. 
          I avsnitt 12 går Passasjer 81 djupare inn i sin kunstfilosofi, medan avsnitt 13 handlar om Linda, Faduumo og Ingrid sine erfaringar med vald og valdsmenn. Dei diskuterer seg fram til at styrken til menn som meiner dei er i sin rett til å drepe er kombinasjonen av blendande styrke og emne til å vekke omsorgstrong og medkjensle. Dei tre kvinnene bestemmer seg for at det er farlegare å være redd og passiv enn modig og handlande. 

Avsnitt 14-18
          I avsnitt 14 vert Reinhardt Skjetne introdusert. Han er travelt opptatt med å studere ein gamal teori om at "Israels tapte stammar" er stamfedrane til dei kvite europearane, og at det såleis fins belegg i Bibelen for at nordeuropearane er Guds utvalde folk som har rett til å styre over andre. Teksten avslører at han kjem til å bli mordar. 
          Linda rømer frå arbeidet i Sentrumsforeininga då Kent Karlsen dukkar opp der. Det kjem fram at det er han som har truga henne. I avsnitt 15. søker ho nytt arbeid i reingeringsverksemda AS Reint & rimeleg. Utanfor treff ho Mehmet Habini - som også er introdusert tidlegare av bloggaren Passasjer 81. I avsnitt 16 vert det klart at Kent Karlsen no veit om at Linda og Ingrid er komne attende til byen. 
          I avsnitt 17 handlar morgonbloggen om "Mama Harjet" og Mehmet Habini, medan "eg" fortel om Linda sitt fyrste møte med den psykisk utviklingshemma Arnt Helge, der det tydeleg kjem fram at han hugsar drapet på Malin Meyer og at han er god til å kjenne att andlet på bilete. Det er "berre" å finne eit bilete av mordaren - så vil Arnt Helge kunne avsløre han. Linda inviterer Mehmet til å drøfte saka med henne og Faduumo.
         I avsnitt 18 vert det heilt tydeleg at Linda er på den same bussen som Passasjer 81 fortel om, Politikaren "Elvis" og kommunikasjonsrådgjevaren "Lady Raud" diskuterer med "Alvarez" om mordet på Malin Meyer. Dei er sterkt usamde. Om kvelden kjem Faduumo og Mehmet. Ingrid har funne ut at den biologiske faren til Malin ikkje visste om henne. Dei lovar kvarandre å arbeide saman for å finne ut meir om drapet på Malin - og å drive han som drap Linda sin son ut av byen att. 

Avsnitt 19-22
          Om torsdagen – den 11. dagen i månaden – vert Angelique Fuglesang, ho som Passasjer 81 har skrive om og kalla ”Mama Harjet” funnen død på arbeidsplassen sin. Linda vert kalla inn til avhøyr der ho vert avkrevd forklaring på kvifor ho gjekk til Cosy Lamps då Malin Meyer var drepen, og kvifor ho etter det gjekk til AS Reint & Rimeleg kort før det nye drapet.  I morgonbloggen den same dagen skriv Passasjer 81: ”Eg veit jo kvifor Mama Harjet ikkje er her”….
           Om ettermiddagen er politikaren (som  Passasjer 81 kallar ”Elvis”) opprørt av di Riksmedia har spurd han om dei to drapa syner at byen er ekstra farleg. Han og partiet som styrer ser på Riksmedia si innblanding som eit åtak på byen. Saman med Sentrumsforeininga og Kent Karlsen set dei i verk førebuingar av eit "spontant folkemøte" som skal svare på dette åtaket. Dei ber Mehmet Habini om å tale der for å syne at også innvandrarar står saman med fleirtalet i byen. Linda vil gjere opptak av Mehmet sin tale - men brått kjem Kent Karlsen inn på henne bakfrå og kviskrar i øyret hennar at han veit kor ho bur, at ho ikkje skal få øydelegge meir for han og at han vil drepe henne om ikkje ho reiser vekk frå byen att. Linda publiserer opptaket på Facebook, og ber alle vener melde frå om dei ser han nærme seg henne. Mehmet får greie på at pistolane som vart brukte i dei to drapa var av same merke med serienummer etter kvarandre. 

Persongalleriet:
          Der er eit stort persongalleri. For å lette på oversynet har eg laga undersider med sitat frå introduseringa av dei ulike karakterane. I PC/Mac og IPad-versjonane finn du peikarar i margen til høgre. Den fell bort i mobilversjonen, difor tek eg dei opp att her (inaktive peikarar viser til karakterar som enno ikkje er introduserte):

Forteljaren - ein betraktar

Passasjer 81 - anonym bloggar

Eva Trotto Moe - bibliotekar

Kent Karlsen - forretningsmann

Rudolf Steiner - journalist

Linda Dahlin Loe - kontorassistent

Faadumo Awale Samakab - kontorass.

Espen Loe - bror til Linda

Ivor Iveland - verktøyforvaltar / bloggar

Irene Guri Andersen Halvorsen - litteraturvitar og politi

Malin Meyer - skuleelev

Ingrid Dahlin Loe - skuleelev

Reinhardt Skjetne - privatforskar / bloggar

Mehmet Habini - reingjeringsarbeidar

Angelique Fuglesang - forretningsdrivande


Margrethe Obstaclevic - skuleelev

Sheila Hasina - kontorassistent

Noreen - farmasøyt

Liana - musikar

Olave Mario de la Polvora - morsmålslærar

Carmen - reingjeringsarbeidar, kona til Olave


Nye avsnitt måndag,  onsdag og fredag.  





Tilbakemeldingar: