fredag 13. september 2013

46: Dag 12 kl 17:15 - Gissel

(Samandrag)    
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 17:15.
Olave Mario de la Polvora hadde problem med å fylgje Mehmet Habini gjennom snøslapset. Han var kledd for gravferd, i glatte, svarte sko. Irakaren var kledd for arbeid, rett nok på rette industrigolv og kontorkorridorar. Men han hadde grove arbeidssko og fekk betre tak. Dei var redde for kva dei ville finne, men   utålmodige etter å finne det.
Spora fylgde ein slags sti. Minst ein plass såg det ut til å ha vore eit basketak, dei hadde teke av frå stien eit stykke, trakka rundt og så gått attende og helde fram langs stien. Mehmet tenkte at Ingrid kanskje hadde freista å røme.
Stien gjekk opp ei bratt li. Det var ganske mørkt alt, det fanst ikkje ei einaste lyskjelde, himmelen gav heller ikkje hjelp, det var berre den kvite snøen og dei blaute, svarte spora som var dei til hjelp. Mehmet kjende at det tok til å snø att, og sette farten endå meir opp. Dei måtte ikkje risikere at spora snødde att.
Etter om lag ti minutt flata terrenget ut. Dei kunne kjenne røyklukt. Ingen av dei to var vande med luktene frå brenne i strøket her. Dei hadde vel reagert endå sterkare om dei hadde kjend lukt av sur røyk frå våte greiner blanda med søtleg eim av likbål. For det var det dei såg føre seg båe to då dei merka røyklukta. Sjølv om det var tørr husved dei lukta. Kort etter såg dei eit hus. Eit gamalt hus, tett på ein samanrasa låve og ein taklaus silo som stod som ei holtann og verka.
Dios los bendiga! Sa Olave Mario då han rakk fram. Der var ljos i huset. Ikkje mykje, men nok til å forstå at der var liv. Spora gjekk dit. Sporet kom derifrå. Ingrid måtte vere der inne.
Kva no? Mehmet var i tvil om han skulle gå inn med ein gong, eller om han skulle ringe fyrst og fortelje kva dei hadde funne. Olave Mario såg det og sa: Ring du – eg går inn.
Nei – sa Mehmet, ring du: Ingrid kjenner meg. Så dei gjekk båe to mot trappa.
Mehmet banka på. Ingen svarte.
Hallo? Ingrid? Det er Mehmet som kjem for å hente deg! Ropte han. Mamma er og på veg!
Det kom ingen lyd innanfrå.
Olave tok tak i døra. Den var låst. Han rista hardt. Lukk opp! Ropte han. Me veit at det er folk der inne! Me skal hente Ingrid til mor hennar!
Mehmet ringte. Me har funne eit hus. Det ryk frå pipa – der er lys. Spora går dit. Men ingen svarar.
Olave gjekk rundt huset, banka på vindauge i kjellar og fyrste etasje, freista sjå inn, ropte.
Brått høyrde dei eit skot. Det kom så uventa og var så kraftig i den kveldsstille skogen at dei båe for saman. Dei merka ikkje noko til nedslag – dei såg ei haglpipe ut av ein vindauge i andre etasje.
Ei tynn kvinnestemme ropte: Gå vekk!
Madam: Me kjem for å hente barnet heim til mor hennar! Ropte Mehmet.
Gå vekk! Gjentok kvinnestemma. Eg skyt!
Då sprenger me døra! Sa Olave.
Ver varsam! Sa Mehmet.
Nei så faen, sa Olave Mario de la Polvora og la heile kroppsvekta inn mot døra. Heile veggen skalv, men døra heldt.
Kvinna i glaset der oppe skaut ein gong til. No slo haglladningen ned i snøen rett attom dei.
Må me finne dekning? Sa Mehmet.
Pøh – det er berre ei hagle. Det er for andejakt! Sa Olave. Og den har berre to skot.
Han vart var eit smalt vindauge ved sida av døra, sette olbogen i det så glaset singla, stakk handa inn og fann nykelen på innsida. Han opna døra og begge trampa inn.
Ingrid? Ropte Mehmet. Kan du høyre oss?
Gå vekk! Ropte den høge kvinnestemma frå loftet.
Frue – ein mann har kome hit med eit barn. Me kjem for å hente barnet att! Ropte Olave.
Har Kent sendt dykk? Spurte kvinna.
Nei. Mor til barnet har sendt oss, sa Mehmet. Kor er ho?
Ingen skulle få hente henne. Ho skal vere med meg til Kent kjem attende! Sa ho.
Er ho i kjellaren? Sa Olave.
Gå vekk! Ropte kvinna.
Mehmet fann ei kjellardør, ropte ned, gjekk ned. Olave gjekk mot trappa.
Madam – roe deg ned. Me er ikkje farlege. Me skal berre hente barnet, sa han.
Gå vekk! Ropte kvinna. Ho skaut nedover trappa att.
Ho er her! Ropte Mehmet frå kjellaren. Få den dama til å slutte å skyte, så kjem me opp!
Olave Mario de la Polvora tok skjermen frå ei utend stålampe som stod ved botnen av trappa og kasta han opp trappa. Kvinna skaut igjen.
No vonar eg at eg har rett om dei to skota,  tenkte han då han sprang opp trappa.
Det stod ei lita, gamal kvinne der med eit andlet som stein. Ho såg ikkje redd ut i det heile, ho hadde brekt opp hagla for å bytt patronene, ho ville til å slå då ho såg at han kom. Men han var mykje sterkare enn henne, han tok imot slaget og vrei hagla ut av hendene hennar.
Madam – me skal ikkje gjere Dykk noko. Me skal berre hente barnet. Ta det med ro, sa han.
Ho sa ingenting, såg berre hatefullt på han.
Okey – eg har hagla – de kan kome opp! Ropte han.
Det gjekk i kjellartroppa. Olave Mario såg inn i det steinharde kvinneandletet og fekk ikkje til å seie noko. Ho stirde attende. Det var som ein kamp mellom dei to.
Er han sonen din? Spurde han.
Nigger! Sa ho.
Han høyrde røysta til Ingrid frå kjellartrappa. Mehmet – er det deg?
Ja Ingrid! Eg er her! Me kom for å hente deg!
Kor e mamma? Ho svarar ikkje på telefon!
Nei – ho har nytt nummer! Ho mista telefonen i eit akvarium. Har ho ikkje sendt deg melding?
Eg har ikkje min telefon heller – berre ein eg fann i bilen til – han.
Men no skal me gå. Mamma er og på veg. Eg tenkjer me treff henne når me kjem ned til bilen.
Kor er – han?
Han er ikkje her – han er reist til byen att. Veit du om her er fleire våpen?
Har du fleire våpen, bestemor? Spurde Ingrid.
Ikkje la dei lure deg, barn! Sa den gamle. Dei er utlendingar!
Olave Mario gjekk rundt i roma på loftet og såg etter fleire våpen. Det var fattigslege og  tydelegvis ubrukte rom der oppe, dei var kalde, det lukta mugg. Det var ikkje lys der, der var straumbrytarar, .men ingenting hende når han vrei dei om.
Du kan gå ned, sa han. Ho såg på han med det same blikket, la armane over kryss og gjekk sakte ned. Ho og Ingrid møtte blikka til kvarandre.
Det er ikkje di skuld, bestemor, sa Ingrid. Men han hadde ikkje lov til å ta meg.
Gå ikkje med dei! Sa den gamle.
Eg skal til mamma. Det er der eg høyrer til. Men eg er ikkje sint på deg. Eg er sint på han.
Olave gjekk ein runde i fyrste etasje og. Der var svakt opplyst av ein parafinlampe. Han såg ingen våpen eller våpen skap.
Gå til bilen de to. Eg ventar her til de er utanfor fare – om ho nå skulle ha fleire våpen her.
Mehmet bukka for den gamle og sa at han beklaga vindauget, Ingrid sa ha det. Den gamle sa ingenting. Så stod dei der i den ordlause striden att,  rømlingen frå fascistane sine soldatar, Olave Mario de la Polvora  og enkefru Laila Morgenstierne Karlsen, eigar av det som måtte vere att av Gunnar Karlsens Skraphandel. Ho levde endå då eg tok til å grave i desse hendingane, aleine på det nedlagde småbruket etter foreldra sine, men ho ville ikkje fortelje med eitt einaste ord om det som hadde hendt den kvelden.
Så barnet kallar deg bestemor? Sa Olave. Ho sa ingenting. Dei stod og såg etter dei to som strevde seg bortetter stien, Mehmet glei stadig.
Born skulle sleppe å oppleve slikt som dette, sa han.
Ho sa ingenting.
Har du mange born? Spurde han.
Ho såg på han og sa: Du burde dra deg attende der du kom frå, nigger! 
Olave Mario tetta holet etter det knuste glaset med ein gamalt vatteppe  han fann. Ho hjelpte ikkje til, ikkje ein gong med å finne noko han kunne tette med. Så gjekk han og. Han gjekk og kjende korleis det prikka i ryggen, han såg føre seg at ho opna sovesofaen eller eit skap han hadde oversett og drog ut eit jaktgevær eller ein Kalashnikov og stod og sikta på han.
Men så høyrde han ein mobiltelefon ringe der inne, og då tenkte han at no vart ho oppteken med anna, no ville han likevel ikkje få noko kule mellom skulderblada før han rakk fram til bakketoppen.
Han var berre ein tredel ned bakken då han tok att dei to. Endeleg kunne han helse på barnet. Ho var  glad – ho hadde fått snakka med mor si, visste at ho var på veg, at alt var over, at alt skulle bli godt. Ho lo og erta Mehmet, sa at ho skulle lære han å stå slalåm, synte teknikkane på glatta på stien.  Det gjekk fort nedover lia.

Men då dei kom til bilen, var der noko gale. Den stod så rart. Endå det var mørkt såg dei det på avstand. Der var ikkje luft i hjula. Nokon hadde tappa ut av alle fire. Dei stod og såg på kvarandre og studerte på kva som hadde hendt, kvifor nokon hadde gjort det, då dei brått var opplyste av ein kraftig lyskastar.