onsdag 13. november 2013

72: Medie Osen

Dei tre tilhøyrarane som ikkje var journalistar, var Ivor Iveland og to av hans vener. Han overtok scena straks Mark S. Mekhar hadde gått.
Kan ein vente anna når muslimar skal etterforske muslimar? sa han.
Men dette er jo ei heilt anna historie enn den som kom fram i går! sa ein av journalistane.
I går var det leiinga i politiet som orienterte. Dei er trass alt enno kvite, kultiverte menneske. Men no har de fått demonstrert ei av kjeldene til det underlege politiarbeidet i denne – og alle andre saker som har med innvandrarar og muslimar å gjere! sa Ivor Iveland.
Journalistane såg ganske skeptiske ut, men dei noterte ned det han sa. Eg tenkte at eg ville tale med Ivor Iveland, eg hadde lyst til å finne ut meir om korleis verda såg ut for han. Kan hende kunne eg finne ut litt om kvifor òg. Men det var ikkje rette tida og staden tenkte eg, så eg gjekk.
Mediefolk lever i ei eiga underleg verd. Det er ikkje lett å få innsyn i den, for dei har mange rutinar og mytologiar til vern mot innsyn. Så det tok tid før eg fekk bitane på plass i biletet av korleis dagen var for dei tre som var i Tingretten frå Media Osen. Men eg trur eg har klart å rekonstruere at dagen hadde utvikla seg om lag slik:
Dagen tok som vanleg til med at medarbeidarane i redaksjonen drakk kaffi og skumma avisene medan både radio og fjernsyn stod på å bakgrunnen. Dei som hadde fått artiklane sine flytta bakover i avisa eller fått mindre oppslag enn dei meinte dei fortente, klaga til kvarandre over desken og kveldsredaktøren sine prioriteringar. Dei  som hadde fått fyrstesida eller andre sidetoppar, sa ikkje noko. Alle snakka nedsetjande om konkurrentane – ikkje minst om hovudoppslaget til nummer to-avisa. Det var jo ikkje mora det var bilete av, det var ei politikvinne. Jenta kunne ikkje ha sagt «Selde du meg, mor?» til henne Ho måtte ha sagt: «Selde mor meg?» Men nummer to-avisa hadde aldri vore særleg truverdig. Spekulativt var det. Direkte spekulativt.
Men då morgonmøtet kom i gang, brukte Rudolf Steiner nøyaktig same ord mot eigne oppslag. Han var verre òg: Ukritisk, sa han. Mikrofonstativ. Og altså: Spekulativt.
Reportasjeleiaren vart forbanna. Her har du, Rudolf Steiner – for ein gongs skuld – gjort eit skikkeleg stykke journalistisk arbeid. Og så kjem du med desse surmaga oppstøytane når kollegaene dine fylgjer det opp? Kva er problemet? Vert det for lite fokus på deg?
Sinnet breidde seg på båe sider av bordet. Dei som hadde fått dei største oppslaga, kjende seg personleg såra av Rudolf Steiner sin kritikk.
Eg vart lurt på fredag! sa han. Eg har hatt eit helvete i helga – eg har spurt meg sjølv: Var det mi sending som trigga denne mordaren?
Du vart ikkje lurt – du gjorde eit framifrå arbeid. Og det er den kritiske journalistikken sitt evige dilemma: Er det bodberaren som skal ta skulda for dei ulukkene han må fortelje om? Nei! Vår plikt og vårt samfunnsoppdrag er å kle av makt og urett og syne dei nett slik dei er!
Men Kent Karlsen er ein løgnar! ropte Rudolf Steiner.
So what? ropte reportasjeleiaren. Han er eit null! Det viktige her er at politiet laug! Du avslørte det, Rudolf Steiner – og dei andre her har fylgt det opp heilt eksemplarisk – og i dag skal me halde fram med det!
Det var veldig ulikt Rudolf Steiner å verte så hissig. Han likte ikkje seg sjølv i ein slik situasjon. Og han kjende korleis depresjonen sneik seg innover i han, nedanfrå. Han heldt inne, såg langs rekkjene av kollegaer. Alle såg på han. Nesten alle såg på han – nokre få av dei såg i bordet og ein såg på klokka. Men dei fleste såg på han med auge som sa: Du set deg utanfor, Rudolf Steiner.
Han sa ikkje meir.
Reportasjeleiaren var vorten raud. Han trong tid til å ta seg inn. Han gjekk over til å fordele oppdrag til personaliaspalta i avisa og den daglege enqueten i lokalradioen. Då han endeleg hadde fått fargen att, vende han tilbake til mordsaka.
Så: Kva hender i dag? sa han.
Fengslingsmøta, sa ein av dei som eg seinare trefte i rettsbygningen.
Ja?
Trur du ikkje politiet kjem til å nytte det høvet til å slå attende?
God sak! sa reportasjeleiaren. Ta med deg både teiknar og kommentator. Veldig bra overskrift! «Politiet slo tilbake» – veldig god overskrift! Fleire?
Imamen, sa ein av dei andre.
Kjem ikkje han berre til å seie at det ikkje er i samsvar med Koranen og så bortetter?
Jau – men er ikkje det viktig, då?
Har me ikkje noko nytt? Ein fundamentalist? Ein som seier rett ut at det er ei plikt for muslimar å gjere slikt?
No var det han som såg langs rekkja av lukka eller spørjande andlet.
Dette er for dårleg! sa han. Me har altfor lite kunnskap og manglande kontaktnett innanfor muslimske miljø! Kven vil gjere noko med det?
Eg kan godt forsøke, sa Ronny Briseid. Eg meiner – viss ingen andre …
Kor vil du begynne?
Eg kjenner nokon som har godt oversyn over islamistane …
Lokalt?
Ja – eg trur det …
Flott. Sjå kva du kan få til. Steiner – kva gjer du?
Eg går vel ut, som vanleg, sa han.
Okey. Hugs no berre på at du er del av ein redaksjon! Det er ikkje du som er redaktøren her! Okey?
Rudolf Steiner opna munnen. Han kjende sinnet stige i seg att. Men han kjende depresjonen òg. Så det hadde ikkje kome ut så mykje som eit pip då han straks etter knepte munnen saman att.
Okey – møtet heva – lukke til! sa reportasjeleiaren, og slo saman notatboka si for å gå til neste morgonmøte, det med redaktøren.
Det var dette dei kom frå, dei tre som stod og snakka med Ivor Iveland då eg gjekk frå retten. Oppdraget deira var å lage ein artikkel med overskrifta «Politiet slår tilbake». For teiknaren var det greitt nok, han skulle fyrst og fremst få fram det fyrste biletet av Reinhardt Skjetne, namnet som byen skulle diskutere denne veka. Han måtte lage ei teikning som både kunne vise ein skurk og ein helt. Det var ikkje så lett, særleg av di Skjetne ikkje hadde noko iaugefallande særtrekk. Ingen semittisk nase, inga slavisk panne, inga keltisk hake, ikkje noko amerikansk kroppsspråk. Teiknaren var alt i si eiga verd.
Dei to andre må ha vore i villreie. Eg har ikkje snakka med dei. Eg prøvde meg, men dei ville ikkje diskutere interne vurderingar i redaksjonen med utanforståande, sa dei, eg fekk spørje redaktøren. Men det såg eg ikkje nokon grunn til – eg kunne jo lese meg til korleis han tenkte frå dag til dag. Det var dette med røynda eg var interessert i. Korleis det kunne forklarast at eit heilt arbeidslag med høgt utdanna, talentfulle og absolutt sjølvstendige intellektuelle brått oppførte seg som ein einsretta tropp av tinnsoldatar.
Det kan ha vore ein slags angst som reid dei, eller ei kjensle av å gape over for mykje, noko liknande det eg sjølv hadde kjent det då eg plumpa ut til Mekhar med teorien min om dei tre kreftene som styrer redaksjonelle val. Her stod to journalistar som var vande med familietragediar, til nød eit ran av og til, og skulle vinkle og kommentere ei sak med element av alt frå terror og internasjonale konspirasjonar til samværskonfliktar og kyniske drap. Dei hadde ikkje ein gong riksmedia å skjele til før dei skreiv ingressen. Og dei kunne ikkje la etterforskingsleiinga gjere det, det var jo dei som det skarpe søkjelyset skulle rettast mot.
Eg veit ikkje korleis dei tenkte eller korleis orda fall mellom dei og Ivor Iveland alias Teuton, men eg veit kva som hende etterpå og kva dei til sist skreiv og fekk på trykk nest øvst på fyrste side på onsdagen.
Dei kom attende til ein redaksjon i fullt opprør. Rudolf Steiner hadde vist seg som ein illojal medarbeidar. Han hadde falle sine eigne kollegaer i ryggen, han hadde hengt ut sin eigen arbeidsplass til spott og spe på direkten. Han hadde stilt redaktør og reportasjeleiar i ein umogleg situasjon – og han hadde ikkje bede om orsaking. Tvert om: Han hadde stadfesta at om andre media kom og spurde han, ville han ta opp att dei same påstandane og bruke dei same orda: Media Osen hadde late seg bruke som mikrofonstativ av Kent Karlsen og hadde spreidd grunnlause spekulasjonar om folk som hadde gitt livet for å berge eit barn.
Det som hadde hendt, var at han hadde gått ut med sendaren sin som vanleg. Han hadde gått rett til biblioteket. Det var jo for så vidt som vanleg, men denne gongen var der ikkje tid til førebuingar saman med Eva Trotto Moe. Morgonmøtet hadde teke for lang tid, han skulle straks på lufta. Men der var meir som var annleis òg, og det viktigaste var at Eva brått hadde lagt bort vegringa mot å vere med i sendinga.
Sendinga tok til straks etter at han hadde kome dit. Han tok til slik:
Endå ein slik morgon då me alle her har merksemda same vegen: Til avishyllene og nyhendemeldingane. Mange tek vegen til biblioteket sin lesesal, der ligg alle dei ferske avisene, lokale like så vel som nasjonale.
Han las fyrstesidene og snakka med den eine etter den andre av dei som hadde funne vegen inn til avislesesalen om morgonen. Dei fleste var glade for å verte intervjua, dei tok opp att det dei nett hadde lese i avisa, og sa at dei var forferda At noko slikt kunne hende i byen her, skulle det ingen ende ta? Var der ikkje trygt nokon plass? Og tenk, politiet som ikkje hadde vore i stand til å ordne opp. Så sa Steiner:
Men ein av dei som må ha dei sterkaste kjenslene her, er biblioteksjefen sjølv, Eva Trotto Moe. For du var sjølv til stades under tragedien på fredag?
Ja, det var eg, sa Eva med klar røyst. Eg er ho kvinna som varsla politiet og identifiserte gjerningsmannen. Eg kjende òg to av ofra.
Korleis kjennes det å få repetert det som hende frå alle media?
Dei skriv jo ikkje om det som hende!
Her lyt du forklare.
Dei oppfører seg som mikrofonstativ for mordaren – eller mordarane! Du òg, Rudolf Steiner. Det var du som var den fyrste!
Det er det vanskelegaste med direkte radio, ein kan kome til å seie og sleppe gjennom ting som i ettertid kan vise seg å vere heilt gale. Forstår eg deg slik at du meiner Media Osen – og eg sjølv som programleiar – gjorde ein slik tabbe på fredag?
Nettopp! Du sa – eller du lét ein person seie – at muslimske terroristar hadde bortført eit barn. Slik vart du mikrofonstativet til han som verkeleg hadde bortført barnet – og slik hissa du folk i byen her opp mot den fortvilte mora til barnet og dei som hjelpte henne.
Dette er harde skuldingar. Men som programleiar både på fredag og no i dag, så må eg seie at du treff veldig såre punkt. Veldig såre – både hos meg personleg og i Media Osen.
Det gir jo håp, sa Eva Trotto Moe. Men sjå på denne rekkja av fyrstesider: Sjå! Og i dag er det tysdag! Det er fjerde dagen etter desse drapa – og framleis tek alle – absolutt alle – opp at denne løgna! Gå attende til kollegaene dine – få dei til å ta til vet!
Det var dette som hadde skapt slik røre i redaksjonen. Det hadde fått reaksjonar mellom tilhøyrarane òg. Mange hadde ringt inn og spurt kva som hadde hendt med Rudolf Steiner, om han var sjuk, eller om han og hadde vorte islamist. Nokre få hadde ringt inn for å takke han, ei dame med sterk amerikansk aksent hadde kalla han ein helt og den einaste som snakka sant.
Då dei tre som hadde vore på fengslingsmøtet kom attende frå retten, var der oppvaskmøte i redaksjonen. Temaet var lojalitet, og redaktøren heldt ein toretale der han gjorde det klart at demokrati og fridom avhang av at alle verna om pressa sin fridom og sitt sjølvstende. Når ytringsfridomen kjem under press, må krava til lojalitet vere absolutte i redaksjonen!
Midt under denne talen stakk dei tre hovudet inn i møterommet.
Slo dei tilbake? spurde reportasjeleiaren.
Ja – veldig, sa reporteren.
Godt! Gå og skriv! sa reportasjeleiaren.
Rudolf Steiner –, heldt redaktøren fram. Mi tiltru til deg har fått ein alvorleg brest! Resten av veka vil eg ha eit musikkprogram om føremiddagen. Du kan gå i arkivet og førebu eit magasinprogram om ytringsfridom!

Dei tre lukka døra og småsprang til arbeidsplassane sine. 


Til avsnitt 73

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok