fredag 2. august 2013

28: Dag 12 - kl. 10:00 - Augevitnet

          (Samandrag)
          Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 10:00.
Ein av dei små varevognene var inne, Linda lånte den og køyrde ut til PU-bustaden.  Ho visste at Arnt Helge var heime der – han jobba ikkje om fredagane. Sjølv om Aziza  alt hadde gjort seg ferdig med vaskinga inne hos han, gjekk Linda inn og sette seg ned med han framfor akvariet. Klokka var ti om lag.
Blå fisk! Sa han.
Raud fisk! Sa Linda, og peikte. Han lo. Hoi – Gul fisk! Sa han og lo hjarteleg.
Dei heldt på som sist, heilt til dei hadde peikt ut alle fiskane. Då trakk Linda fram telefonen sin og spurde om ho skulle ta bilde av han. Det ville han gjerne – han sette seg til i morosame posisjonar og lo hjarteleg då han fekk sjå bileta. Så fann Linda fram eit bilete av Faadumo.
Oy! Syngedame! Sa han, og ville sjå meir. Ho fann fram eit bilete til av henne, det kjende han og att. Ho viste han eit bilete av Ingrid. Han såg uinteressert på det og sa: Jente.
Ho fann fram bileta frå bussen. Han såg interessert på medan ho zooma inn på italienaren.
Snakkemann! Sa han. Linda lo. Politikar! Sa ho. Snakke – snakke – snakke! Sa han.
Linda flytta bort til kjærasten, dama i den raude kåpa. Han tykte det var moro å sjå på når Linda flytta rundt i bildet. Film! Sa han – men han sa ingenting som tyda på at han kjente att dama.
Men sjå her, sa Linda og fann fram eit bilete der chilenaren sat omlag midt i. Arnt Helge lo og ville gjerne halde telefonen for å trygge på piltastane sjølv.
Snill mann! Sa han då han såg biletet av chilenaren. Kjenner du han? Spurde Linda. Snill mann! Sa Arnt Helge, og tok til å trykke på piltastane.
Linda opna veska si og fann fram eit samanbretta bilete ho hadde klipt ut av avisa. Det var frå intervjuet med Kent Karlsen.  Ho bretta ut og synte til han. Har du sett denne mannen? Spurde ho.
I det same skreik Arnt Helge til – han spratt opp og kasta frå seg telefonen. Den for i ein boge mot taket – og landa med eit plopp i akvariet. Linda reiste seg for å freiste å berge den, men då tok han tak i armen hennar. Han trakk henne med seg ned, sette seg på huk, glante i golvet og ulte, nett som han hadde gjort på skuleplassen den fyrste dagen ho hadde møtt han.
Nei! Nei! Nei! Ropte han. Farlig mann! Pang – pang - Farlig mann! 
Ho freista gjere seg fri. Det var ein dyr telefon – og det var livstråden til Ingrid, ho var livredd for å miste den. Han heldt fast. Han var sterk – og ganske ute av seg.
Nei nei! Farlig mann! Ropte han om att.
Linda ga seg ikkje. Ho freista avleie han med avisutklippet. Sjå – er det farleg mann? Ropte ho. Var det han som skaut Malin?  Arnt Helge ulte, nekta å sjå på biletet, nekta Linda å reise seg. Farleg mann! Tok han opp att. Farleg mann!
Døra gjekk opp – ein miljøarbeidar kom inn. Kva er det som går føre seg her? Sa han. Arnt Helge – kva er det?
Pang – pang – farleg mann! Sa Arnt Helge. Han heldt i Linda – rista henne.
Eg må be deg gå! Sa miljøarbeidaren. Det er meininga de skal vaske her – ikkje uroe bebuarane!
Han tok telefonen min – sa Linda hjelpelaust. Ho nikka mot akvariet. Den låg på botnen med raude, blå og gule fiskar rundt seg. Miljøarbeidaren stakk armen ned og fiska telefonen opp att – til høge protesthyl frå Arnt Helge. Så dytta han Linda ut døra.
Dette var svært uheldig! Sa han. Eg er aleine på vakt her. No kan han bli utagerande i heile dag! Kvifor kunne du ikkje la han vere i fred?
Telefonen var utan livsteikn. Linda snakka kort med Aziza  – synte henne telefonen og sa at ho måtte freiste å berge han. Ho køyrde inn att til sentrum, til næraste elektrobutikk, stod lenge i kø ved serviceskranken berre for å få høyre at dei ikkje hadde reparasjonar på det fabrikkmerket. Det var like lang kø i den neste butikken ho kom til.
Vatn? Sa ho som stod der, omsider. Då er det tvilsamt.
Men bileta? Går det an å redde dei?
Nja – kan hende – men det kan bli dyrt – me kan sende den til verkstaden og så kan dei ringe.
I dag?
Nei – neste veke kan hende....
Ho stelte seg i tredje telekø, hos operatørselskapet denne gongen. Ho måtte ha ein naudtelefon og eit nytt SIMkort – ho måtte vere tilgjengeleg for Ingrid uansett kva som hende. I den siste køen fekk ho endelig tid til å tenkje over det sensasjonelle som hadde hendt:
Arnt Helge hadde sett bilete av mordaren. Anten var han på bussen – eit andlet ho tilfeldig hadde fått med då ho sikta seg inn på dei tre ho ville ha i fokus, og som han like tilfeldig hadde trykka seg fram medan ho fann fram utklippet. Eller så var det biletet av Kent Karlsen han hadde reagert på. I alle høve var det ikkje tvil om at han kjende att noko eller nokon som han assosierte med den grufulle hendinga som han sannsynlegvis hadde vore vitne til.
Det tok uendeleg tid før ho stod med ein ny telefon i handa, ein billeg variant utan andre funksjonar enn ringing og tekstmeldingar.  Ho ringde til Ingrid utan å få svar. Det var ikkje så uroande - det var jo skuledag enno, dei fleste lærarane nekta elevane å ha på telefonen i timane. Ho sende ein  SMS om at ho var på nett att med nytt telefonnummer etter å ha mista telefonen i eit akvarium i PU-huset. Ho kunne ikkje halde seg – ho skreiv «Brennheitt spor!!» til slutt.

Ho ringde til Mehmet og fortalde det som hadde hendt. Han meinte ho burde fortelje det til Max Mekker med ein gong. Sjølv var ho mest innstilt på å fortelje det til Irene Guri Andersen Halvorsen, særleg om det skulle vise seg at det var Kent Karlsen som var involvert. Men uansett så var der ikkje tid før etter gravferda. Ho fekk bruke bilen til den og.