fredag 20. desember 2013

88: Fredag 18. dag: Morgonblogg - Til minne om Linda

        I meg står eit minne att etter Linda Dahlin Loe som aldri vil bleikne: Det var ein kveld med argskap i byen, ho sprang inn på ein stor, rasande, rusa mann som skulle til å sparke ein som låg på fortauet. Ho kviskra noko. Han stogga, vart forvirra, tok til vet. Så gjekk ho. Han såg etter henne og ropte: Kva faen bryr du deg for, dritkjerring? Men han sparka ikkje meir, han slo ikkje, det vart ikkje meir vald.

Linda trudde på ei kjerne av normalitet i alle menneske og i alle tilstandar, og at ho kunne vekkje denne kjena når ho gjekk tett inn på medmenneska – inn i intimsona deira. Denne visdomen hennar var skorper på eigne sår frå rå vald. Ho hadde vorte slått, men vart aldri knekt, aldri kua, aldri køyvd. Ho lærte seg å kjenne tidlege teikn på angst og valdsimpulsar, lærte seg kva tid ho kunne avspore, kva tid ho måtte ta imot, kva tid ho kunne rømme – og kva tid ho kunne stogge valden. Ho meistra rå vald så godt at ho kjende seg trygg med valdsmenn rundt seg.

Men ho meistra ikkje den usynlege, idealiserte, indifferente valden som har fått breie seg i byen her. Ho sto forsvarslaus når juristane la større vekt på bokstavar enn ånd i lovane, når forvaltarar prioriterte prosedyrar framfor ansvarskjensle og når media jakta historier heller enn sanning. Ho vart hjelpelaus når dei sterke sin rett til å lyge vart kalla ytringsfridom, medan dei svake sin rett til å hevde sanning vart kalla brot på opphavsrett og personvern. Og ho vart drepen av alle dei som ikkje brydde seg.

Ingen veit det betre enn meg, for eg var sjølv mellom dei, og mi skuld er ikkje til å bære. Eg er Passasjer 81. Eg heiter Halvor Rimfrost. Eg var instrumentmekanikar på Tekstilen, no er eg bloggar og mislukka konseptkunstnar. Eg trudde at eg kunne verte ein som går og ser, ein som freistar å skjøne seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det, ein som dyrkar folk og får dei til å bløme slik at eg kan sjå på dei. Eg innbilte meg at dette var noko særsynt, noko som gav meg rettar som andre ikkje hadde. Difor kjøpte eg fire pistolar og la dei ut på fire stader i byen, for å sjå.

Men det var eit sjølvbedrag. Nesten alle går rundt slik.

Mi grovaste skuld er at eg ville vere tilskodar, utan å ha eller ta ansvar. No er seks menneske døde på grunn av det, og minst to er blitt drapsmenn, og Vondskapen har fått eit sterkt fotfeste i Byen her.

Då Linda sprang inn på drapsmannen på fredag, var der ingen normalitet å vekkje der, ingen impulsar av intimitet og samkjensle. Mordaren stod som i ei omfamning og tok livet av henne rett framfor auga på dottera hennar. Kan det vere eit varsel om at den usynlege, idealiserte, indifferente valden i byen her har begynt å flyte saman med den råe og primitive?

Eg kan aldri gjere bot for mi medskuld. Men eg skal fortelje om Linda Dahlin Loe, hennar eksempel og hennar visdom så lenge eg lever.

Linda valde sanning framfor lygn, lukke framfor angst, ansvar framfor feigskap. Ho trekte til seg menneske med dei same kvalitetane, ho skapte ein knøttliten armé som kjempa den gode sak, for det normalt menneskelege. Den vart utsletta, denne vesle armeen, i konfrontasjonen med denne usynlege, idealiserte, indifferente valden som har fått breie seg i byen her. Men minnet om dei skal aldri få bleikne.

Linda fekk meg til å forstå at det er angsten som ligg under indifferensen og gjer han farleg. Den plumpe angsten for det ukjende, for løynde samansverjingar og framande folk, og den forfina angsten for ufullkomenskap, skam og einsemd.

Linda viste meg og at mot byggjer glede, venskap, sanning og venleik.

Eg skal halde høgt det eg trur hadde vorte kjernen i bodskapen om ho sjølv hadde rokke å skrive eit testamente til menneskeslekta:

Bry deg – og la ikkje angsten rå.


Fred over Lindas minne.


Til siste avsnitt 

Boka er no i sal 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok