onsdag 20. november 2013

75: Fundamentalisten

Då Ronny Briseid sa at han kjende nokon som hadde godt oversyn over islamistiske fundamentalistar, var det ei sanning som godt kunne ha vore modifisert. Han sa til meg seinare at han truleg ikkje hadde sagt det om andre i redaksjonen hadde hatt idé om korleis dei kunne finne og intervjue ein islamist som ville forsvare barnekidnapping.
Den Briseid tenkte på, var ingen annan enn Ivor Iveland. Dei var strengt teke heller ikkje kjende, men Briseid visste om Iveland og hadde telefonnummeret hans, og mange heldt jo Iveland for å vere ein slags ekspert på islamistane. I alle høve var han den som var mest aktiv med å sende ut informasjonar om dei på nettsida si – «Rein By».
Men Iveland vart ikkje spesielt entusiastisk då Briseid ringde. Han kunne godt uttale seg om saka og fortelje kva han visste, sa han. Men han såg det ikkje som si oppgåve å hjelpe ekstremistar til å få presse.
Men me treng eit andlet! sa Ronny Briseid. Ein case!
Iveland måtte tenkje litt på det og høyre med informantane sine. Men ein times tid seinare ringde han likevel opp att og sa at han hadde eit forslag. Det var ein kar som kalla seg Mohammad Mosa. Iveland kunne ordne ein avtale om det var interessant.
Dagen etter var denne Muhammad Mosa i så godt som alle aviser. Det var ein ganske ung gut frå byen her. Han hadde gått i klasse med veslebroren til Ivor Iveland. Det hadde ikkje vore noko spesielt med han før han kom opp i vidaregåande skule. Då hadde han vorte veldig religiøs og asketisk. Han ville ikkje lenger vere med på festar eller anna moro som gutane i klassen eller nabolaget dreiv med. Han tok til å gå med kufi på skulen og vart ein slags einsam motdebattant til dei andre i alle saker, særskilt alt som hadde med politikk og livssyn å gjere. Og det var jo tema i dei fleste diskusjonane.
Eg fann han òg nokre dagar seinare. Då eg spurde om han hadde sagt det som stod i avisene, kom han med ei lang lekse om at Vesten var dekadent og alkoholisert og berre heldt oppe økonomi og levestandard gjennom å plyndre ut andre delar av verda, fyrst og fremst muslimske land. Dette ville verte straffa av Gud, sa han. Eg spurde om att om han støtta kidnappingar av born, og då sa han at Vesten ikkje har respekt for kvinner, og at dei ikkje lærer døtrene sine å vere ærbare, og at fleire og fleire vender seg til moskeane for å få hjelp.
Men sa du at det var islamistar som hadde bortført jenta? spurde eg. Då tok han til framanfrå att.
Heile argumentasjonen hans gjekk i ring, og bortsett frå mange hatefulle utsegner om Vesten og USA og jødane, så kunne ikkje eg få ut av han noko konkret verken om den påståtte kidnappinga eller om gravferda til Faadumo. Men dette med krig var han heilt samd i: Vesten hadde alt sett i gang ein global krig mot islam, og det var dei truande sin rett og si plikt å slå tilbake.
Så eg fekk ikkje noko ut av han. Men både Media Osen og mange andre av avisene kunne referere mange konkrete utsegner. Under store bilete av han i aggressive posisjonar, stod det referert at han meinte det var gode muslimar som hadde bortført Ingrid, at Mehmet hadde vore ein sjeik og hemmeleg leiar for ein brorskap, og at Faadumo var ei «svart enkje» som sjølv hadde kjent Vesten sin terror på kroppen etter å ha mista mann, far og brør. Media Osen hadde overskrifta «Kidnapparane skal hemnast!». Det var òg eit sitat frå Mosa, stod det.
Men lenge før dette stod i avisene, stod det i endå klarare tekst på «Rein By». Ivor Iveland hadde fylgd Ronny Briseid til møtet med Mohammad Mosa. Dei hadde bede om å få låne eit møterom på biblioteket, og det hadde dei fått utan problem. Eva hadde kjent Muhammad Mosa sidan han var barn, han hadde likt seg betre i bøkene si verd enn ute i gatene, ho hadde alltid rekna med at det var av di han var liten og spinkel at han var litt engsteleg i guteleiken.
Intervjuet hadde ikkje teke så lang tid, og Eva meinte ho hadde høyrt Ivor Iveland si røyst det meste av tida. Ho hadde òg sett at det var han som instruerte under fotograferinga. Etterpå hadde Mohammad Mosa kome til Eva og sagt at han kunne få bruk for å låne rommet fleire gonger – han trudde fleire aviser ville ynskje å tale med han.
Det hadde han fått rett i. Han hadde teke mot dei etter tur, og late seg fotografere med løfta armar og oppspilte auge. I mellomtida skreiv Teuton blogginnlegget «Stopp offensiven!». Han publiserte den litt før han gjekk på komitémøtet klokka 13. Han skreiv mellom anna:
«I går fekk islamastane markere at dei har teke over Fi-marka og innført sharia. Med skrik og skrål fekk dei marsjere gjennom bydelen og hisse kvarandre opp til å fortsetje offensiven mot neste bydel. Hemn over dei vantru! ropte dei då dei gravla sjeik Mehmet Habini – ein hemmeleg islamistisk leiarfigur med fortid i militær jihad.
I dag er det fare for at støynivået blir endå høgare: I dag skal dei fylgje den svarte enkja Faadumo Awale Samakab til Paradisporten. Ho var ein fanatikar, besett av tanken på å hemne far sin, brørne sine og mannen sin, som alle var heilage krigarar. Ho var sjølve hjernen attom den utspekulerte bortføringsaksjonen på fredag. Det var òg ho som hadde tenkt ut planen som fekk unge kvite jenter til å melde seg friviljuge til omskjering, innhylling i slør og terrortrening,
Men: Byen her er i ferd med å vakne av sin naive svevn. Den islamistiske offensiven kan enno stoppast: Møt fram i Fi-marka klokka 18! »
Det var denne bloggposten som hadde gjort vaktsjefen uroleg. Han fekk fyrst tipset frå det politiske politiet. Det tok han ikkje så alvorleg, for han hadde for lenge sidan definert dei ut av si verd. Han meinte at PolPot stort sett levde i ei boble med tenkte storpolitiske drama og hemmelege agentar attom annakvart hjørne. Når dei ikkje gjorde det, toga dei inn på hans arena og ville overta hans folk og hans vurderingar. Meir enn ein gong hadde han sett dei så ettertrykkjeleg på plass at dei no hadde høg terskel for anna enn å tipse han.
Meir betenkt vart han då dei ringde frå Universitetet og melde om ein vanskeleg situasjon i kantina der. Det hadde utvikla seg ein svært høgrøysta diskusjon rundt eit bord, og kantinebestyraren var bekymra for ein eldre russar som såg ut til å vere i sentrum for usemja. Vaktsjefen hadde sendt ein patrulje for å roe ned situasjonen. Patruljen hadde vorte møtt med kraftig buing då dei kom. Ein av dei høgrøysta hadde ropt «Mullah-purk!», og det hadde på kort tid fått tilslutning frå store deler av forsamlinga. Tenestemennene hadde teke med seg russaren og trekt seg tilbake. Han hadde takka veldig og forklart at uroa starta då nokre studentar spurde om det var så at han skulle lese frå Koranen i gravferda seinare. Han hadde sagt at han såg på Faadumo Awale Samakab som ein slags helt. Då hadde dei vorte veldig hissige. Andre hadde blanda seg inn – og til slutt hadde heile kantina kokt. Sjølv hadde han vorte ganske engsteleg.
Det tredje tipset som fekk vaktsjefen til å kalle inn ekstra folk, kom frå ein butikk som selde arbeidsklede og militæreffektar. Butikken hadde overlevd heilt sidan den gong militære overskotslager vart selde på den sivile marknaden, og dei førte framleis kombinasjonen grove tekstilar, friluftsutstyr og militære forbruksvarer. Gjennom mange år hadde det synt seg nyttig å ha kontakt med den butikken, for dei kunne mest alltid registrere tidleg når nye gjengar var under oppbygging. I 15-tida ringde dei og fortalde at tre unge menn hadde vore innom og kjøpt alt dei hadde av såkalla Finlandshetter – huver som dekte heile hovudet med opningar berre for auge og munn.
Det er interessant å sjå i ettertid korleis hendingane utvikla seg langs ulike tidsaksar. Politiet hadde ganske godt oversyn må eg seie. Dei var i forkant av situasjonen. Då Sheila Hasina, Noreen, Liana og Aziza kom trillande med Faadumo si båre ut til den ventande likbilen, stod det fire politimotorsyklar og venta på respektfull avstand. Då kista var plassert i bilen og kortesjen gjorde seg klar til å starte, kom ein sivil tenestemann bort til Sheila Hasina og presenterte seg.
For sikkerheits skuld har me kalla inn ekstra mannskap for å sikre at gravferda får gå uforstyrra, sa han, og lova at dei skulle vere så diskré som råd.
Media hadde ikkje oversyn. Ingen hadde kome på tanken om å sende direkte frå gravferda, og ikkje før kortesjen var på veg frå sjukehuset til Fi-marka, kom Medie Osen på at det kunne kome til å hende ting der. Det var då dei kom på at det stod andre ting i Teuton sin blogg enn dei bakgrunnsinformasjonane dei hadde bruk for til morgondagen sin toppsak.
Blant alle dei som sat i kortesjen frå sjukehuset og som venta i Fi-marka for å fylgje til grava, var det så godt som ingen som ante kva som var i ferd med å byggje seg opp. Det var jo ingen eller svært få der som las «Rein By» eller var på listene over folk som skulle få SMS-meldingar.
Irene Guri Andersen Halvorsen visste det. Ho hadde freista å overtale Ingrid til at dei ikkje skulle gå, men det hadde vore nyttelaust, og ho hadde ikkje hatt hjarte til å setje hardt mot hardt. Ho hadde sansane i høgaste beredskap, og ho merka seg kollegaer i sivil mellom tilskodarane og ståket på den andre sida av Plassen der demonstrantane truleg samla seg.
Eg veit at den russiske imamen var engsteleg. Han hadde heilt uventa trødd uti eit vepsebol. I dei dagane som var gått sidan han sa ja til å lese, hadde det synt seg at det var sterk usemje mellom leiarane i moskeen om det var naudsynt å late kvinner bere. Somme meinte at det var direkte galt og imot Guds bod, andre meinte at det var uverdig og eit brot på prinsippet om at alle var like framfor Gud. Dette var dessutan ei kvinne som hadde falle i kampen for det gode, og ho fortente all ære, heilt til det siste. Dei kunne stille menn til å bære på minuttet.
Imamen forsvarte det løftet han hadde gitt Sheila Hasina og meinte dei måtte respektere det. Det hadde ikkje slutta diskusjonen. Tvert om – det verka som at usemja var veksande. Og så kom trykket frå denne skræmande hendinga på Universitetet, der han vart sitjande innelåst i ei forsamling som såg ut til å kunne gå laus på kvarandre kvar augneblink – som til og med såg ut til å kunne gå laus på ordensmakta.
Men han kom. Han dukka opp mot slutten av vaskinga, han var klar til å fylgje kortesjen – og han smilte letta då Sheila Hasina sa at politiet ville passe på dei.
Det mest interessante er likevel tilhøvet mellom Ivor Iveland og Mohammad Mosa. Der er det ikkje berre snakk om ulike tidsaksar – der er det snakk om ulike dimensjonar av røynda.
Eg trur ein må til psykologien for å forstå den relasjonen. Og der er det meir som får dei til å likne på kvarandre enn der er til å forklare motsetnadane. Det som liknar mest, er overskot av krefter som ingen spør etter.
«Napoleon i verktøyburet» var eit like passande namn på Ivor Iveland som «vesle korporal» var treffande på den franske oppkomlingskeisaren. Dei var i utgangspunktet like låste i kvart sitt rigide system  Takk vere revolusjonen, koalisjonskrigane og eit surrealistisk sjølvbilete svinga Bonaparte seg opp slik at han fekk falde ut alle sine talent. Skulle det gå som Ivor Iveland trur, kan det vel verte både statskupp og krigar som han òg kan svinge seg opp på.
I verktøyburet var det verken bruk for surrealistisk sjølvbilete eller talenta hans. Der var  «Teuton» berre komisk. Mohammad Mosa sitt talent og surrealistiske sjølvbilete hadde endå trongare kår, han fekk seg ikkje eit bur ein gong. Arbeidsgjevarar spurde ikkje etter eit einaste talent når dei fekk høyre at fornamnet hans var Mohammad. Men skulle det gå slik Ivor Iveland trur, kunne nok Mohammad Mosa òg ha god von om å svinge seg opp.
Dette er jo ikkje noko nytt fenomen. Opp gjennom historia er det ikkje få frustrerte menneske som har søkt seg inn i religionane på leit etter eit sosialt system der dei kan få demonstrert og brukt ferdigheitene sine. Somme av desse blir aldri heilt nøgde, dei kjenner den jordiske trongen til ære, makt og rikdom som ein verk i kjenslelivet. Det er gjerne desse som kjenner sterkast på tvillingverken òg – hatet mot alt som står i vegen for lukka.
Mohammad Mosa og Ivor Iveland vel forlikte om den mest grunnleggjande sanninga: Det går mot krig.
Dei var dessutan unge, dei hadde dårleg tid, dei ville gjerne kome i gang. Og endå ein ting hadde dei til sams: Dei sleit kvar på sin kant med førestillingar hos mange meiningsfellar om at verda hadde funne si form, at ulikskapar kunne trivast i hop, at livet sjølv hadde eige verde, og at tilværet var i indifferent likevekt. Difor er det ikkje så utenkjeleg å sjå føre seg at Ivor Iveland ringde til Mohammad Mosa på impuls like etter at han hadde gått frå Rettsbygget denne tysdagen.
Hei, kan Iveland ha sagt. Hugsar du meg? Eg er storebroren til Cato.
Hei. Ja. Koss går det?
Du er jo sånn jihad, er du ikkje?
Æh – jau, det kan du jo godt seie.
Har du lyst å kome i avisa?
Kva er det du pønskar på?
Nei – eg har berre ein journalistkjenning som vil intervjue ein jihadist.
Stille. Så kan Mohammad Mosa ha sagt: Du då? Er ikkje du sånn anti-islamist?
Jau, det kan du godt seie.
Kvifor spør du om eg vil i avisa, då?
For han journalistkjenningen spurde kven han kunne intervjue. Men ikkje stress – viss ikkje du vil, så er det greitt, det. Eg kan spørje andre.
Jau, eg kan godt det. Kva er det han vil spørje om då? Og kvifor spurde han deg?
Han vil berre vete kva du meiner. Og eg tykkjer det skal fram.
Du er jo ikkje samd.
Nei – det skal gudane vete! Men eg tykkjer det skal fram, det som du meiner. Og du meiner vel at det må kome tydeleg fram for folk det som eg meiner òg, gjer du ikkje det?
Du vil øydeleggje islam!
Og du vil ha ein islamsk stat med sharialover i byen her.
Ja.
Okey? Kan du ikkje berre seie det då?
Okey …
Om lag slik gjorde den islamske fundamentalismen sitt inntog i byen her. Mosa var ikkje så godt budd. Han las lite aviser og høyrde lite på nyhendesendingar, han brukte tida på religiøse tekstar og nettsidene til jihadistgrupper verda over i staden. Mentalt var han eigentleg ikkje i byen her, han var i Afghanistan og Syria og Irak. Eg trur til dømes at han berre hadde heilt overflatisk kjennskap til hendingane på fredagen. Men han ville gjerne stå fram som ein lærd og velorientert mann, han ville helst ikkje vedgå at han ikkje kjende til kva som hadde stått i avisene.
Han vart teken på senga då det viste seg at det var dei lokale hendingane på fredagen som journalistane ville spørje om, ikkje den store globale krigen mot islam. Eg vil tru han gjorde så godt han kunne for å kome seg ut av knipa gjennom å snakke i store liner – eller skoddepreik, for å kalle det med sitt rette namn. Men så sat altså journalist Ronny Briseid der og var veldig oppglødd over det store skupet han var i ferd med å gjere. Ingen andre i redaksjonen hadde hatt så mykje som ein idé om korleis dei kunne få ekte lokale islamistar i tale. No sat han her med ein. Han var endåtil kledd som ein afghansk mujahedin. Briseid strevde – som eg gjorde tre dagar seinare – med å få samanheng i det Mohammad Mosa sa. Eg kan så godt sjå for meg korleis tidsnauda har pressa samtalen meir og meir i retning ja/nei- og for/mot-spørsmål:
Var det – eller var det ikkje ein islamsk aksjon?
Er islamistar for eller mot kidnappingar?
Ynskjer de eller ynskjer de ikkje at kvite jenter skal konvertere?
Er hemn ein straffedom frå Gud? Ja eller nei?
Eg kan sjå føre meg korleis Mosa har forsøkt å parere med den monomane sirkelargumentasjonen sin - til større og større frustasjon hos Briseid. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at dei båe har vore sterkt freista av å ta mot hjelpa frå Ivor Iveland, Opplysningane om Mehmet og Faadumo sine hemmelege roller som jihadistar kan godt ha kome derifrå. Det er ganske utenkjeleg at denne unge fantasten Mohammad Mosa har kjent dei døde betre enn venene, slektningane, arbeidskameratane og sambuarane deira. Usannsynleg er det og  at ein ekte konspiratør skulle fortelje media, ålmenta og politiet om slike hemmelege roller. Slik eg opplevde Mohammad Mosa, så undrar det meg ikkje om han tok for gitt at Iveland snakka av kunnskap, at det berre var han sjølv som hadde fylgd litt dårleg med, Og slik kan han ha endt med å svare ja og nei akkurat som Briseid ynskte:
Var Mehmet Habini ein hemmeleg jihadistleiar?
Var Faduumo Awale Samakab hjernen bak?

Når det gjaldt det siste elementet, overskrifta i Media Osen der Mohammad Mosa på islamistane sine vegner lova å hemne Mehmet og Faadumo, så var det nok desken som ordna det i siste runde av framsidedesignet, då saka med fundamentalisten vart flytta ned til andre plass på grunn av dramatiske bilete frå Faadumo si gravferd. 


Til avsnitt 76

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok