mandag 14. oktober 2013

59: Sundag 14 - Dei næraste

Kampen om sanninga tok til alt før dei åtte skota fall, i ei form som likna sterkt på den menneskelege basiserfaringa om slikt: Dei stod som ungar rundt ein politimann og peikte på kvarandre og sa at det var dei andre som hadde begynt.
Ivor Iveland førte ordet i den eine gruppa. Han sa at han og venene hans hadde kome for å stanse ei muslimsk terrorgruppe. Så hadde ei busslast med jihadistar gått til åtak på dei.
 Sheila Hasina førte ordet i den andre gruppa. Ho sa at dei var frivillige som hadde vore på veg for å hjelpe ei jente mot ein valdeleg mann som hadde bortført henne. Men så hadde dei gått i ei felle og vorte angripne av venene til denne mannen.
Politifolka som kom til, fekk løyst opp situasjonen og sendt folk av garde før dei tok med seg dei to som førte ordet, inn til Politihuset. Men der hadde ingen tid til å snakke med dei. Meldingane om drapa ved AS Reint & Rimeleg hadde teke til å knitre i radioen medan dei var på veg til byen. Dei vart bedne om å vente, dei sat i kvart sitt rom i over ein time før dei fekk beskjed om å gå.
Sheila Hasina fekk ikkje høyre kva som hadde hendt, før ho kom heim. Der var Noreen komen frå jobb, ho hadde fylgt med på radio heile kvelden. Liana var der òg, ho hadde snappa opp litt frå radio og litt frå nett. Faadumo var der ikkje. Berre ein gong fekk dei svar på telefonen hennar – ei eldre kvinnerøyst svarte, men då Sheila Hasina spurde etter Faadumo, svarte kvinna berre at ho skulle dra seg attende der ho kom frå, og braut.
Laurdag morgon fekk dei beskjeden om at Faadumo var død. Dei hadde gått til Politihuset for å etterlyse henne. Dei vart tekne inn, spurde ut om personalia – og så fekk dei høyre om mordet.
Då dei hadde kome seg av sjokket, tenkte dei at dei måtte melde frå til familien. Dei hadde delt bustad med Faadumo, men dei hadde aldri møtt nokon frå slekta hennar. Sheila fekk namn og eit telefonnummer til faren på Folkeregisteret, men han ville ikkje snakke med henne i telefonen. Ho gjekk til Aziza Murish og fekk henne til å ringje og snakke somali.
Han sa at Faadumo ikkje var dotter hans, og at ho hadde vore ulydig, sa Aziza.
Shit! sa Sheila. Ho sa anna òg, ganske lange tiradar av vondord om mannfolk og korleis dei kunne oppføre seg i høve til døtrene sine, og medan ho gjorde det, fann ho adressa hans. Det må vere ei mor der òg – kom! sa ho til Aziza.
Det var det. Faren var heime han òg. Han var slett ikkje ein slik usympatisk dritsekk som Sheila hadde teke for gitt. Han var ein stillferdig mann som lét kona si forklare løyndomen. Ho var ikkje mor til Faadumo. Ho var systera. Dei hadde sagt at dei var foreldra for å hjelpe onkelen – og systera sjølvsagt. Far til Faadumo var død, drepen på landevegen fjerde gong dei freista røme frå uroa i Mogadishu.
Dei kunne ikkje gå inn i far og mor si rolle i gravferda. Dei kunne lyge for Immigration – men ikkje for Gud.
Men de kan vel seie sanninga? sa Sheila. Faadumo kan jo ikkje verte utvist no?
Jo – det trudde dei. Og dei våga heller ikkje for eigen del å fortelje at dei hadde fare med løgn i ei immigrasjonssak. Det var ikkje anna råd enn å halde på historia med ulydnaden: Faadumo hadde flytta heimanfrå utan lov og teke sekretærutdanning utan godkjenning, og difor rekna ikkje den næraste familien at dei hadde noko med henne å gjere meir. Men dei ville kome i gravferda, båe to.
Systera til Faadumo ringde til onkelen i Hargeisa og fortalde kva som hadde hendt. Han såg ingen sjanse til at nokon derifrå kunne kome – men ville gjerne sende pengar til gravferda.
So: We are her kinfolks! sa Sheila. Berre Noreen forstod. Ho tok opp att på språket her, og dei andre nikka. Dei fekk vere familien. Dei frie fuglane. Utan diskusjon tok dei Aziza opp i krinsen – i Faadumo sin stad – og så gjekk dei i samla flokk attende til Politihuset for å krevje kroppen utlevert.
Dei vart tekne høfleg imot denne gongen òg, vart viste inn i eit møterom der dei på ny fekk forklare seg og levere frå seg kontaktinformasjon. Det var ei kvinne ifrå vakta som tok opp forklaringa. Ho skulle bringe informasjonane vidare sa ho, leiinga ville nok klarere det med den registrerte familien, men godtok dei det, ville dei melde frå til Sheila så snart rettsmedisinarane var ferdige. Dei ville arbeide fort. Dei hadde forstått at ho var muslim, og at dei pårørande ville ha gravferda så raskt som råd.
Alle fire hadde imamar som dei kjende. Aziza kjende den mest lærde i byen her, men han var stokk konservativ og ville få problem med ei gravferd der alle dei næraste pårørande var kvinner. Noreen kjende ein som var ganske moderne i spørsmål om kvinner, men ho trudde han var skeptisk til afrikanarar. Det vart til at Liana skulle spørje ein russar. Han var veldig lærd frå det islamske universitetet i Kazan, han hadde god stemme og var framifrå i arabisk. Han budde ikkje fast i byen her, men han var gjesteførelesar på universitetet her heile vårsemesteret, og det hadde vorte ei oppbløming av aktiviteten til russiske og tyrkiske truande på grunn av han. Dei kunne rekne med at mange ville kome i gravferda om han var den som las. Dei gjekk i samla flokk til han òg.
Kva hende? sa han.
Eit mafiamord! sa Sheila. Liana omsette. Eit apparatsjikmord! sa ho.
Og så fortalde dei dette: Ein rik og mektig mann som var van med å sleppe unna straff, hadde truga ei dame – Linda Dahlin Loe – på livet. Tidlegare hadde han drepe sonen hennar. Han hadde freista å gjere det av med henne òg, men ho hadde overlevd. Så sa han rett ut til henne at han ville drepe henne, og at han ville gjere det slik at ho sjølv fekk skulda. Ho gjorde opptak av trugsmålet. Dei hadde høyrt opptaket alle fire – han kunne og få høyre det om han ville.
Så kidnappa han dottera til kvinna. Han gjekk til skulen og truga jenta til å verte med, og truga lærarane der til å la henne gå. Truleg var planen hans å presse Linda til eitt eller anna slik at han kunne ta livet av henne og få det til å sjå ut som ei ulukke eller eit sjølvmord. Men så hadde Faadumo Awale Samakab overlista han. Ho plasserte ein hemmeleg sendar i bilen til mafiamannen (apparatsjiken), og på det viset kunne ho sjå på datamaskinen sin kor han køyrde.
Faadumo varsla Linda om kor dottera var, og Linda sende to menn i førevegen for å fri barnet, og så kom ho sjølv etter i ein annan bil. Det vart visst ein hard kamp for å få dottera fri, sjølv om kidnapparen sjølv ikkje var der. Han var så trygg på at ingen kunne finne jenta, at han hadde reist attende til byen for å setje i gang med neste del av planen sin.
Men kort etter at han var komen attende til byen, fekk han melding frå folka sine om at jenta hadde klart å rømme saman med dei to som mora hadde sendt. Han må ha funne ut kva Faadumo hadde gjort. Ingen veit kva han gjorde med henne då, truleg drap han henne ikkje der med det same, men han kan ha teke henne til fange slik at han seinare kunne ta henne til den same staden der ein leigemordar skulle drepe alle dei andre.
Mafiamannen (apparatsjiken) hadde folk overalt. Dei hadde klart å omringe rømlingane på veg mot byen, men jenta og redningsmennene klarte å kome seg fri frå det òg. Då han forstod at dei hadde sluppe unna, gjekk han ut på radioen og sa at det var redningsmennene som var kidnapparar! Han sa at dei var terroristar – han sa til og med at dei var muslimske terroristar. Han fann ut at me hadde lasta ein heil buss med folk som skulle hjelpe til å berge jenta, og så klarte han å sende ein haug med bilar fulle av slåstkjemper som gjekk til åtak på oss. Og medan me måtte forsvare oss, fekk han ein leigemordar til å drepe Faadumo og alle dei andre – både mora og dei to redningsmennene. Den vesle jenta var den einaste han sparte!
Det er det verste eg har høyrt! sa imamen. Eg trudde dette var ein fredeleg by!
Dette er ein by der mafiaen har frie hender! sa Sheila Hasina frå Baltimore. Men Liana frå Kazan i det store Russland var ikkje heilt sikker på kva ein mafia var, så ho heldt fram med å bruke ordet apparatsjik. Dette er ein by der lovlause apparatsjikar har makta, sa ho.
Og dei styrer politiet? sa han.
Politiet har ikkje sett etter den valdelege mannen ein gong! sa Sheila Hasina. Dei har teke leigemordaren – men han spelar visst galen og dei skal vel snart sleppe laus han òg!
Så Faadumo Awale Samakab var ein helt? spurde imamen.
Ho var ein helt og ein engel – ho var eit symbol på alt det gode i verda – ho var motstykket til den vondskapen som har makta i byen her! sa Sheila Hasina. Noreen og Aziza nikka samtykkjande, og Liana omsette til russisk.
Eg vil gjerne lese, sa imamen frå Kazan, bestemt.
Men det er me fire som må bere henne til grava! sa Sheila Hasina.
Har ho ingen mann? sa imamen. Ingen bror?
Me er dei einaste. Dei næraste og dei einaste. Ho har ei ekte syster – men omstende gjer at ho ikkje kan vere med.
Omstende?
Ja.
Imamen såg på Sheila Hasina og på dei andre og forstod at han aldri ville få forklaring på kva slag omstende det var snakk om. Så han sa berre:
Ja ja. Lagnaden kan ingen gjere noko med.
Så då er det greitt at me ber?
Det er vel slik Gud har bestemt at det skal vere.
Så får me henne ikkje ut – dei skal sjå etter prov. Dei skal ringje til meg så snart rettsmedisinarane er ferdige. Då kan me vaske henne og bere henne til grava få timar etterpå.
Så er vel det òg ein lagnad – at me må vente, sa imamen.
Eg ringjer så snart me får beskjed, sa Sheila Hasina.
Dei måtte handle likklede, organisere ein stad å vaske henne, tinge gravplass og gjere avtale med gravaren og ordne ein stad for mottaking etterpå. Dei måte lære seg eller friske opp bønene, og dei måtte finne eit godt føremål for gravferdsgåver.
Det var triste handlingar. Men det gjorde godt å vere så mange om det. Dei fann ut at dei måtte vaske seg før dei kjøpte likklede. Dei gjekk i moskeen, dei gjorde det saman medan dei snakka lågt.
Noreen sa: Det var underleg å høyre på omsetjinga.
Kan du russisk? spurde Liana overraska.
Berre litt – berre nok til å oppfatte at Sheila sa mafia – men du sa apparatsjik.
Eg fann ikkje på noko betre.
Kva er skilnaden? sa Aziza.
Amerika og Russland, sa Noreen. Bandittar i Amerika er mektige private verksemder eller mafia. Men i Russland er mektige bandittar delar av staten.
Å – så eg omsette feil? Eg er lei for det, sa Liana.
Nei – du skal ikkje vere lei! Eg trur de var nærare sanninga saman enn de kunne vere kvar for dykk. For me er verken i Amerika eller Russland. Me er i Europa – og her er det midt mellom! Her fins både byråkrati som i Russland og hemmelege nettverk som i Amerika – både apparatsjiks og mafia!
Det var dette dei lo av. Aziza sa at ho var glad ho kom frå Somalia – der slapp dei i alle fall eitt slag bandittar. Så lenge dei ikkje hadde nokon stat, hadde dei heller ikkje apparatsjiks.
Dei kjøpte kvitt linstoff. Fem store stykke. Førebels delte dei kostnaden likt mellom seg, men dei rekna med at onkelen i Hargeisa ville stå ved lovnaden om å sende pengar. På gravferdsbyrået i Fi-marka fekk dei alle råda dei hadde bruk for, og byrået lova å gjere avtale med gravar og lund.
Er det de som skal ordne gravferda til irakaren òg? spurde agenten der.
Nei? sa dei. Kvifor spør du om det?
Han hadde visst heller ingen. Ingen her i alle høve. Då vert han vel kremert.
Dei gjekk heim og kokte te. Sheila trampa rundt og laga mykje støy, Liana syrgde stille og ventande, Noreen las om vaskinga dei skulle gjere. Aziza såg på dei få tinga som var att etter Faadumo: litt klede, nokre bøker om rekneskapslære og forretningsjuss, ei øskje med brev og videoband og ei biletbok om Mogadishu.
God! I gonna miss her! sa Sheila og stoppa framfor Aziza: Flyttar du inn?
Alle fire studerte kvarandre. Aziza med spørjande auge, Sheila med krevjande, Liana med undrande og Noreen med tenksame.
Me har jo brukt å dele leiga på fire, sa Noreen.
Me er frie, framande fuglar frå alle kontinent – frå Russland, India og Amerika – men no manglar me Afrika, sa Liana.
Eg er ikkje frå India! sa Noreen.
Eg tenkte på kontinentet – ikkje landet.
Men India er ikkje noko kontinent! Der er eit reservat for folk i Sør-Asia som ikkje trur på Gud!
Eg kunne godt flytte inn, sa Aziza.
Kva ville han tenkje om å verte kremert? sa Sheila.
Ingen svarte.
I don’t give a dam. Meg kan dei gjerne brenne opp når den tida kjem – eg er berre muslim av di far min ville ha ein stad å høyre til. Men han? Han var jo ein lærd. Og han var frå Irak. Dei har truleg vore muslimar sidan Profeten sine dagar …
Ingen sa noko no heller.
Utanom teen var dei som i faste heile dagen. Om kvelden kokte dei ei suppe som dei åt saman. Ingen av de brukte å be til vanleg, men i desse spesielle dagane bad dei både kveldsbøn og morgonbøn på sundagen. Dei snakka om den fjerde senga og vart samde om at Aziza kunne flytte inn om ho ville. Til middagsbøna gjekk dei i moskeen, og der møtte dei henne. Ho vart svært glad og ville gjerne ta imot. Ho stod og talte med den somaliske imamen. Han var glad for at dei ville stå for gravferda til Faadumo, og sa at han ville spørje seg føre om nokon stod Mehmet Habini så nær at dei kunne gjere noko tilsvarande for han.
Spurde han om me ville gjere det òg? sa Liana.
Eg trur det, sa Aziza.
So what? sa Sheila. Det kan me vel? Men me kan ikkje vaske han.
Imamen sa at han kunne skaffe nokon til å vaske og nokon til å bere, men at det ville vere vakkert om dei kunne ha gravferd saman – som dei hadde døydd saman.
Ville han helst vere den som les? sa Noreen.
Han tykte det var ein god idé at det skulle vere russaren. Det er med på så syne omverda at me er ei multikulruell menigheit.
Discussion concluded! sa Sheila Hasina. Ho såg underleg framand ut med sjal over det frodige håret. Det gleid ned heile tida, ho var så uroleg i kroppen. Heltane frå fredag skal båe få fylgje til paradisporten. Eg tek utfordringa! Eg skal organisere alt utanom vaskinga og beringa av Habini. Sei det til han. Sei at me ringjer så snart kroppane vert frigitte, og at han må samle alle muslimar i byen her etter bårene!
Det spreidde seg som eld utover plassen. Det var ikkje berre sorga over dei som var borte – det var ikkje ein gong fyrst og fremst sorga. Det var nok fyrst og fremst høvet til oppreising, til å vise med ettertrykk at det ikkje var muslimar som hadde planlagt terroren. Muslimane var offer for terroren – det var to heltar som skulle gravleggast, to som hadde gitt liva sine for å frigjere eit barn og bringe det attende til mor si.
Ut over sundagskvelden vaks historia så fort at den vart attfortald på nettstaden til den islamske lokalavisa, og etter det vaks ho endå fortare. Signaturen AlAk skreiv:
«Heidrar gode muslimar: Den muslimske forsamlinga i byen her kjem til å slutte mannsterkt opp om sorgprosesjonen når kroppane til dei to heltane frå fredag vert frigitte av rettsmedisinarane.
Faadumo Awale Samakab var den som avslørte kor barnekidnapparane hadde gøymt jenta som var teken frå mor si.
Mehmet Habini var leiaren for ekspedisjonen som drog ut for å fri henne. Med lysande intelligens og stort mot klarte dei å få jenta fri. Men då dei kom attende til byen og trudde dramaet var over, vart dei båe hjartelaust myrda.
Saman med dei to vart og barnet si mor, Linda Dahlin Loe, og den andre som var med å fri jenta – Olave Mario de la Polvora – myrda av den same mannen. Deira gravferder vil truleg verte mot slutten av veka.

Me vil oppmode alle gode muslimar til også å fylgje desse to og til å ta vel imot alle kristne og ateistar som vil fylgje våre til grava. Tid og stad vert annonsert så snart det er klart.»