mandag 19. august 2013

35: Dag 12 kl 13:30 - Moskeen

(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var blitt 13:30
Litt over klokka halv to ulte det av sirener, og etter  kort tid krydde det av væpna politi i sentrum. Dei slo ein ring rundt moskeen. Den var full av folk som hadde vore inne for å ta del i fredagsbøna. Ingen fekk forlate moskeen utan å bli kroppsvisitert og legitimere seg.
På utsida strøymde folk til frå alle kantar, det samla seg eit lite folkehav av nyssgjerrige utanfor ringen av væpna politi. Tilskodarane stod og strekte hals og spurde kvarandre kva som stod på. Dei spurde jo sjølvsagt politifolka og, men dei visste ikkje meir enn andre bortsett frå at ingen skulle sleppe ut frå moskeen med våpen gøymde på kropp eller i vesker.
Men nokon trudde og nokon hadde høyrt og nokon la to og to saman, og snart visste alle at det var avslørt eit våpenlager i moskeen, og at det var våpen av same  type som dei to drapa – muslimpistolar frå Bosnia. Folk vart opprørte av det: Forsvarslause utviklingshemma og sjølvoppofrande kvite som hadde gitt dei arbeid var brutalt og hjartelaust skotne ned – og no var det tydeleg at det berre var byrjinga.
Bur dei inne der! Ropte ei røyst i mengda. Ikkje la dei sleppe ut!
Mange klappa.
Mehmet pressa seg fortvilt framover i køen av utålmodige folk som alle skulle attende til arbeid og forretningar. Men då han endeleg  kom fram til politifolka som stod og kontrollerte, kom han på at sertifikatet låg i bilen. Ver venleg – eg har det frykteleg travelt! Papira mine ligg i bilen, sa han og peikte mot parkeringsplassen.
Tilskodarane i ringen rundt såg berre at ein mann der borte ikkje kunne legitimere seg. Han var mørk i huda og hadde kufi på hovudet, han såg veldig utanlandsk ut. Dei såg han snakka hektisk,  peikte og gestikulerte. Politimannen  framfor han såg ut til å vere i tvil om  kva han skulle gjere.
Ikkje slepp han! Ropte røysta.
Arrester han! Ropte ei anna røyst.
Det kom ei stor bylgje av folk og trengte seg fram i folkehavet. Det var møtelyden frå informasjonssamlinga til fagforeininga på Tekstilen. Desse folka var alt opprørte på grunn av den håplause situasjonen dei hadde fått beskrive der. Dei kom til akkurat då politimannen slapp mannen med kufien. Mehmet gjekk mot ringen av tilskodarar – dei næraste opna veg for han, men bak dei trengde andre seg fram, og ein av dei var Espen Loe. Han var ikkje heilt edru, og han var sint.
Kvar har du tenkt deg hen? Ropte Espen.
Eg skal berre hente sertifikatet mitt i bilen,  sa Mehmet.
Slapp dei deg for ein slik simpel bløff? Sa Espen.
Eg skal berre hente sertifikatet – dei ville sjå det.
Du slepp ikkje unna no! Sa Espen. Fleire av dei andre i fylgjet hans slo ring rundt mannen med kufien.
Eg må hente sertifikatet! Sa Mehmet.
Eg må hente sertifikatet, geipa Espen.
Ver snill og slepp meg fram, sa Mehmet.
Han skal vel hente revolveren sin! Ropte ei røyst lenger bak.
Sjekk om han har dynamittbelte! Ropte ei annan. Det fekk nokre av dei som stod der til å trekke seg kjapt utover, det igjen fekk andre til å legge på sprang. Ringen vart større. Mehmet stod og visste ikkje kva han skulle gjere – så tok han til å gå mot parkeringsplassen. Folk trakk seg unna.
Pass på – han kan vere farleg! Ropte ei av røystene.
Mehmet stogga, snudde og såg etter politimannen som hadde sendt han ut etter sertifikatet. Men menneskemuren var like tett på den sida, det var umogleg å få kontakt med politimannen. Han gjekk mot parkeringsplassen att, men saktare no, han var i tvil.
Hjelp! Ein sjølvmordsbombar! Ropte ei av røystene. Hei! Politi!
Politifolka vart i villreie. Dei stod og heldt ein ring rundt dei som undersøkte folk frå moskeen og berre nokre få av de tenestemennene som stod nærast hadde oppdaga den andre ringen som hadde opna seg rundt mannen med kufien. Men dei høyrde ropa. To av dei trengde seg gjennom mengda inn i den andre ringen.
Legg deg ned! Ropte dei til mannen med kufien. Armane ut frå kroppen!
Mehmet såg berre dumt på dei, folk kunne høyre at sikringane på våpna til politifolka vart lausna.
Ligg ned! Ropte dei. Armar ut!
Mehmet la seg ned og strekte armane ut til sidene.
Mengda klappa.
Trekk vekk! Ropte politifolka til dei som stod rundt. Nokre reagerte – men andre kom til. Kva hender? Sa dei. Ein sjølvmordsbombar, svara andre. Dynamittbelte. Han der. Sjå på han! Det vert ikkje nokre jomfruer på han i dag!
Trekk vekk! Tok politifolka opp att.
Eva Trotto Moe var ein av dei som stod i mengda. Ho hadde vore ute for å kjøpe papp-plakatar for å lage oppslag om neste litteraturkveld.  Ho kjende den mannen som låg på bakken med to karabinar peikande mot seg. Mehmet Habini var fast gjest i biblioteket, han var hennar beste rådgjevar om arabisk og jødisk  kultur, han heldt kurs i semittiske språk og klassisk filosofi i regi av Friundervisninga om kveldane.
Orsak, herr politimann – dette må vere ei misforståing! Ropte ho. Ingen høyrde henne. Ho trengte seg fram og ropte høgare: Herr politimann! Eg kjenner denne mannen!
Trekk vekk! Sa politimannen. Me treng ei sikringssone!
Folk tok endeleg til å reagere. Slik slapp Eva Trotto Moe inn i ringen. Ho gjekk mot politimannen med plakatrullen under den eine armen og den andre opprekt for å få merksemd.
Politimannen  reagerte spontant med å legge henne i bakken. Han bles i fløyta. Det høyrdest kommandorop og fløyter i alle retningar. Det var stor forvirring  – men fleire  politifolk kom over i ringen rundt mannen med kufien.
Eva Trotto Moe vart lagt i jarn. To mann heldt kontrollen med mannen som låg på bakken, dei andre tvang folk attover. Etter kvart som ringen opna seg, kunne alle sjå kvinna som og låg på bakken. Ho hadde endå til handjarn på.
Jødehore! Ropte ei røyst. Fleire hengde seg på. Eit heilt kor tok opp att: Jødehore! Jødehore! Jødehore!
Då dei var nøgde med storleiken på ringen rundt dei to på bakken, henta politifolka ein av metalldetektorane frå undersøkinga ved moskeen. Mannen med kufi vart grundig undersøkt, fyrst med detektor, så for hand. Han fekk reise seg, børste av seg, han vart fylgd bort til bilen, fekk hente ut sertifikatet sitt og vart fylgd attende til undersøkinga ved moskeen. Det tok tid, det kom mange rå tilrop i mellomtida, og då han til sist fekk gå vart han og fylgd bort til bilen. To politifolk syrgja for at han slapp gjennom den urolege folkemengda.
Han er ikkje mistenkt for noko! Freista ein av dei å forklare. Men mengda høyrde ikkje. Dei høyrde ei røyst lenger bak som ropte: Feigingar! Kvifor slapp de han?
Det hadde teke over ein time alt dette. Minnestunda var heilt sikkert slutt – og Kent Karlsen var heilt sikkert langt av garde. Mehmet køyrde likevel til Bydelshuset for å sjå.
Der var stengt. Han såg at Linda hadde ringt han – men ho svarte ikkje då han ringte tilbake.  Han ringte Faadumo. Ho hadde heller ikkje fått tak i Linda. Endå ein gong gløymde Mehmet å fortelje henne at Linda hadde bytta telefon.
Veit du kor Kent Karlsen har køyrt? Sa han.
Han har køyrt sytti kilometer innover i landet – det ser ut til at han køyrer i terrenget nett no, for her er ingen veg på det kartet eg har. Men eg ser han enno.
Faadumo forklarte – Mehmet sette merker i kartet medan tankane raste i hovudet hans. Skulle han fylgje etter aleine?
Det banka på vindaugsruta i bilen. Ein storvekst mann stod utanfor.
Du leite etter fru Linda?
Korleis kan du vete det?
Din bil er heilt same som hennar. Jobba saman?
Ja. Dotter hennar er bortført.
Kva?
Kidnappa! Hi-jacked!
Kor?
Eg har telefonkontakt med ei dame som veit kor ho kanskje er. Eg skal fylgje etter dei no. Kan du bli med?
Ja, sa mannen, utan spørsmål. Han sette seg inn.

Det var Olave Mario de la Polvora . I timen som fylgde fekk dei to fortalt kvarandre kven dei var, korleis dei på kvar sitt vis var blitt kjende med Linda  og kva dei på kvar sin kant hadde funne ut om drapet på Malin Meyer. Samstundes heldt dei kontakten med Faadumo og kor Kent Karlsen hadde køyrt. Dei køyrde ein hovudveg innover i landet, bøygde av på smalare og smalare vegar lenger og lenger ut i villmarka. 



Til avsnitt 36