onsdag 7. august 2013

30: Dag 12 kl 10:30 - Straumdrag

          (Samandrag "Til minne om Linda" - avsn. 1-29)
          Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 10:30.

             Klokka nærma seg den timen på døgnet der folk såg opp frå arbeidet og søkte kvarandre. Slik hadde det vore alltid.  Gjennom alle dei hundreåra då arbeid var kroppsleg og tungt, begynte folk å sjå slutten på fyrste økt då klokka passerte elleve. Ein halvtime til, så ville fløyta blåse for kvile, mat og prat. Heilt frå kaupangen si tid hadde folk lagt frå seg  spadar, skreddarsakser, skurebrett, smieslegger, skinnskraper, sementsikter eller kva det måtte vere og sett seg i sola om ho var der, eller rundt ei lampe eller eitkvart som brann. Dette må ha gått i genane  til folk her, for suget etter mat og prat vaks fram i alle på den tida. Dei gjekk til kjøleskapet, dei som var heime, studerte fråverande det som låg der medan dei tasta på telefonane sine. På arbeidsplassane småkrangla folk om kven sin tur det var å starte kaffitraktaren medan dei alle gjekk på nett.
I alt hadde Faadumo 132 Facebookvener. Dei alle fleste var somaliske kvinner, andre innvandrarkvinner som ho hadde møtt på språkkurs og andre integreringstiltak. Nokre få var innfødde kvinner ho hadde arbeidd saman med eller møtt i skulesamanhenger. Ein handfull var menn – ein kjend vestafrikansk fotballspelar, ein skodespelar frå Somalia, ein mullah – og ein journalist i lokalavisa i byen her. Utanom Linda, Ingrid og ei av venninnene til Ingrid, Margrethe Obstaklevic
Nokre av dei kvinnene som visste kva trugsmål er, vende seg fort bort då dei såg meldinga hennar. Sume av dei gjekk til motåtak og. Dei skreiv ikkje noko, men dei sa til andre som var rundt dei: Kven er det denne negerdama trur ho er?  Kan ho ikkje forstå at det ikkje passar for alle og einkvar  å kopiere lydfiler midt i formiddagsøkta?
Andre av desse kvinnene kjende redsla velte opp i seg, men kneip likevel i hop  og gjorde som dei vart bedne om med skjelvande fingrar, for redsla skulle ikkje få styre dei meir. To eller tre kopierte og spreidde,  ti eller tjue las og høyrde. Dei gjekk til lunsj og dei fortalde, kviskrande frå kvinne til kvinne på den eine plassen, i hissig diskusjon på den andre. Det vart utveksla informasjonar om kven den trugande mannen var, og folk lova  kvarandre å sende opptaket vidare. Folk ringde til kvarandre og øste seg opp.
Samstundes, i det same elektroniske nettverket, men stort sett utan at dei vart vár einannan, utvikla eit anna straumdrag som og diskuterte Kent Karlsen seg og ut over føremiddagen. Der var det ingen som var tilbakehaldne med å bruke namnet hans. Sume slo fast at det var han som var hjernen attom det kontante svaret som byen hadde gitt på skuldingane i Riksmedia. Andre minna om kva slag kar det var,  skraphandlarsonen som fyrst og fremst var flink til å kaste stein. Det hissa opp dei som var for han: Kva var galt med å vere skraphandlar? Hadde ikkje faren berre vore ein føregangsmann innafor miljø og resirkulasjon?  Var det ikkje alltid slik med dei som gjekk fyrst? Var det ikkje slik no og – dei som berre ville legge seg flate for sentralmakta og alle slags utspekulerte krefter, dei var meir opptekne av å bakvaske ein mann som såg faresignala!
Det er ein del av danninga i  byen her at ein ikkje sparkar nedover. Ein kan gjerne bruke harde ord, men det må vere oppover. Desse som trakk opp det gamle skraphandlarkortet forstod ikkje at det berre var i heilt spesielle og lukka krinsar det fritt kunne talast nedsetjande om lurvete, upålitelege, fattigslige, uskolerte og uskjøne skraphandlarar eller søppeltømmarar eller rett og slett arbeidsfolk i det heile.  I det offentlege rom gjekk det ikkje an – ikkje ein gong med skraphandlarar eller sønene deira. Så dei tapte den runden så det song. Dei som hadde dumma seg ut måtte skunde seg å presisere at dei og støtta Kent Karlsen, slik at dei ikkje skulle bli rekna inn mellom dei andre ”kreftene” som hadde slått seg saman for å utarme byen, slå Tekstilen konkurs og  fôre Riksmedia med tips til vanærande oppslag.
Eg trur det må vere denne føremiddagsdiskusjonen som la grunnlaget for at så mange reagerte spontant med å støtte Kent Karlsen då dei etter kvart vart kjende med lydopptaket. Det var som venta: Det ville kome åtak mot han og mot  byen her, og sjølv om det såg ut som at det kom nedanfrå så kunne det ikkje forklarast på anna vis enn at det måtte vere ”Kreftene” som stod bak. Dei hadde berre fått uerfarne ungdomskulejenter og dumme negerdamer til å stille opp framfor seg, slik at det skulle bli vanskelegare å sjå kven det verkeleg var som stod bak.

Så det å sparke Kent Karlsen vart udanna, medan det å sparke småjenter og innvandrardamer vart heilt i sin orden.