mandag 26. august 2013

38: Dag 12 kl 14:40 - Forfylging

Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 14:40.
Frakken til Olave Mario de la Polvora vart hengande ut gjennom døra på Mehmet Habini sin bil då dei for, og før dei vart vár trekken frå døropninga var frakkeskøyten våt og svart av asfaltstøv.
Oj. Det er min dyraste frakk, sa Olave, langsamt.
Eg beklagar. Det var frykteleg synd, sa Mehmet.
Ja, ja. Sa Olave Mario. Fortel meg no heller kven er du?
Eg arbeider saman med Linda Dahlin Loe. Eg trur eg kan kalle meg hennar ven. Mehmet måtte konsentrere seg litt om kart og vegskilt, og då han var på rett veg att, tok Olave over presentasjonsrunden.
Eg møtte henne fyrste gong i dag, i denne gravferda. Ei jente – Malin Meyer – vart drepen. Men ingen – mest ingen – kom for å syrgje. Det var berre ni menneske i minnestunda. Fru Linda var ein av dei som kom.
Mehmet nikka. Drapet på Cosy Lamps gjekk hardt inn på henne, sa han. Ho har sjølv mista eit barn. Og no har han som hadde skulda for det teke det andre barnet hennar.
Korleis hende det?
Eg veit ikkje. Eg forstår det slik at han har henta henne på skulen.
Kva er det med skulane? Er dei ikkje til for borna?
Eg er glad for at du kunne bli med.
Kven er han?
Han var kjærasten hennar. Men han slo henne. Og då ho ville røme frå han, pressa han bilen  hennar av vegen, og så slo han henne medan sonen blødde i hel.
Fekk han ikkje straff?
Berre litt, berre for å ha slått henne. Han og advokatane hans klarte å reise tvil om korleis utforkøyringa hadde hendt og om tidspunktet  for når guten døydde.
Kvifor er det berre dei sterke som dreg fordel av tvil?
Hos oss hadde han vorte hengt, sa Mehmet.
Hos oss vart dødsstraffa avskaffa då fascistane skulle svare for alle dei hadde drepe, sa Mario, mørkt.
Chile?
Ja. Og du? Irak?
Ja. Eg måtte fly frå Saddam. Eg ville ikkje skrive ein filosofisk utreiing som konkluderte med at han var redninga for landet.
Så. Så der var du filosof? Og her – i fridomen? Kva er du her?
Her er eg lausarbeidar på eit reingjeringsbyrå.
Gratulerar! Eg er morsmålslærar for born som ikkje trur at kulturen deira er noko verd. Eg tener akkurat nok til å betale bussane frå skule til skule. Og så kostar eg sand i eit parkeringshus.
Kjente du ho som vart skoten?
Ja. Litt. Ho passa barnebarnet mitt. Ho var ei god og snill jente. Men skulen ville ikkje ha henne. Ho ville ikkje vere på arbeidstrening, ho ville vere på skulen. Mor hennar hadde lova å snakke med skulen den dagen ho vart…………  Korleis kan nokon drepe barn?
Mehmet sa ikkje noko. Dei køyrde etter forklaringane Faadumo hadde gitt, det tok alt til å skyme.
Korleis veit me kor han er? Spurde Olave Mario.
Ein annan ven av Linda har lagt ein telefon i bilen til Kent Karlsen. Det er ein slik telefon som kan sporast. Ho sit ved en skjerm og ser kor dei køyrer og skriv det ned – og eg har teikna ruta han har køyrt inn på kartet her.
Ho er som Gud? Ho kan sjå kor han køyrer?
Ja. Men til henne kan me ringe om me er i tvil.
Dei lo litt. Ingen prest imellom, sa Olave Mario. Ingen mullah, sa Mehmet.
Faadumo ringte. Han har stogga, sa ho. Signalet har stått stille i snart ti minutt.
Kan du sjå kor det er?
På mitt kart her ser det ut som at det er midt ute i skogen. Han har sikkert køyrt ein liten veg som ikkje er på kartet.  Det vert vanskeleg for deg å finne rette avkøyringa. Kan hende du kan sjå spor.
Det mørknar snart.  Har du fått tak i Linda?
Nei – telefonen er slått av. Eg skjønar ikkje kvifor - kan det ha hendt noko med henne og?
Nei – fy faen – eg har jo gløymt å fortelje deg at ho har nytt nummer! Sa Mehmet. Telefonen vart øydelagt, den er til reparasjon, ho måtte kjøpe ein ny, den har eit anna nummer. Ring henne straks!
Kva skal me gjere når me kjem fram? Sa Olave Mario.
Eg veit ikkje. Gå fram og seie at me skal hente jenta.
Kjenner ho deg?
Eg har møtt henne ein gong, det var på onsdag. Det var den dagen då Kent Karlsen hadde funne ut at dei var komne attende. Dei har vore flyktningar i tre år, Linda trudde det var nok.
Tre år? Trudde ho fascistar endrar seg på tre år?
Eg veit ikkje om han er fascist.
Den som slår kvinner og drep born er fascist.
Mehmet lo litt. Eg har lært mykje dei siste dagane som ingen fortalte meg på filosofskulen, sa han.
Var det den same mannen som drap vesle Malin?
Eg kan ikkje tru det. Så frekk er det umogleg å vere. Det var han som organiserte torgmøtet  etter det andre drapet, det som samla folk i protest mot Riksmedia.
Der Politikaren talte? Han som sit i skulestyret?
Ja. Eg var den andre talaren.
Olave Mario  de Polvora sa ingenting, vart sitjande tagal og såg framfor seg.
Mehmet sin telefon ringte. Det var ei kvinne, ho presenterte seg som Irene Guri Andersen Halvorsen frå politiet. Ho sa at Kent Karlsen var ettersøkt, at dei hadde mistanke om at han hadde bortført Ingrid Dahlin Loe, og at dei visste at Mehmet hadde køyrt etter han. Er du aleine? Spurde ho.
Nei – me er to mann her.
Me veit ikkje om Karlsen kan vere farleg, sa ho.
Om så er, så veit eg ikkje om me bryr oss om det,  sa Mehmet.
Me sender ein bil no. Om de finn han – så vent på vår bil. Ikkje ta kontakt med han sjølv.
Fyrst får vi finne han, sa Mehmet.
Dei tok til å nærme seg det området der Kent Karlsen hadde teke av og slått inn på ein veg som ikkje stod på Faadumo sitt kart. Der såg ikkje ut til å vere nokon veg på Mehmet sitt kart heller. Han køyrde langsamt, dei stirde ut mot høgre vegkant. Der var våt snø og restar av brøytekantar, det skulle ikkje vere så vanskeleg å finne kor nokon hadde køyrt av.
Forstår du dette landet? Sa Olave Mario de la Polvora.
Det er fullt av einsame menneske, sa Mehmet.
Dei har alt dei kan ynskje seg – men dei har ikkje kvarandre, sa Mario.
Dei var visst fattige før. Då dei slutta å vere fattige må dei ha gløymt kva dei lengta etter.
Så? Trur du det? Kva lengta dei etter då?
Eg trur dei må ha vore som folk flest. Som folk i Irak. Dei lengta vel mest etter tryggleik for borna si framtid.
Men då er dei framleis fattige, sa Olave Mario de la Polvora.. 

Fersonar i forteljinga

Forteljaren - ein betraktar

Passasjer 81 anonym bloggar

Eva Trotto Moe - bibliotekar

Kent Karlsen - forretningsmann

Rudolf Steiner - journalist

Linda Dahlin Loe - kontorassistent

Faadumo Awale Samakab - kontorass.

Espen Loe - bror til Linda

Ivor Iveland - verktøyforvaltar / bloggar


Malin Meyer - ("Lolita") skuleelev

Ingrid Dahlin Loe - skuleelev

Reinhardt Skjetne - privatforskar / bloggar

Mehmet Habini - reingjeringsarbeidar

Angelique Fuglesang - ("Mama Harjet") forretningsdrivande


Margrethe Obstaclevic - skuleelev

Sheila Hasina, Noreen og Liana - deler bustad med Faadumo.

Olave Mario de la Polvora - morsmålslærar