onsdag 16. oktober 2013

60: Sundag 14 - Dei andre

Ivor Iveland høyrde om at det hadde vore ei blodig hending alt før han gjekk frå politistasjonen om fredagskvelden. Men han fekk heller ikkje detaljar, og ryktet om kven som var drepne nådde ikkje fram til han før langt ut på laurdagsføremiddagen. Då hadde han alt publisert innlegget «Spesialtrena kvinnelege jihadistar» på bloggen sin. Der fortalde han  i dramatiske ordelag om korleis fredagskvelden hadde enda med at han og andre fredelege borgarar av byen her hadde vorte angripne og mishandla av kvinnelege elitesoldatar med spesialtrening i nærkamp. Dei hadde òg sett korleis pur unge jenter med røter blant vanlege folk i byen her hadde slutta seg til islamistane. Kampinstruktørar frå kurdisk gerilja – truleg med band til Al Qaida – hadde òg blanda seg inn i basketaket og gjort det umogleg for dei som hadde kome for å stogge barnekidnapparane og overtale dei til å la den bortførte jenta gå fri.
Dette vart ikkje fanga opp av massemedia – eller rettare: Det vart ikkje fortalt vidare – før i tolvtida på laurdag føremiddag, då ein journalist i Medie Osen kunne rapportere at dei involverte i massedrapa var av utanlandsk opphav. Kort etter meldte Medie Osen at dei hadde det frå to uavhengige kjelder – ei politikjelde og ei sjukehuskjelde. Då vart det ei sanning for alle, og både etermedia og sundagsaviser hadde store forteljingar om styrketilhøva mellom gjengar av ulike slag innan organisert kriminalitet: bosnisk, russisk, pakistansk og vietnamesisk mafia, albansk blodhemn, kurdiske æresdrap – endåtil kinesisk triade vart lansert som ein teori frå nummer to-avisa i byen her. Men etter å ha resonnert fram og attende konkluderte alle med at hendingane måtte vere prov på at byen var under angrep frå muslimske terroristar. Etter det vart det sitert flittig frå Ivor Iveland sin blogg om dei kvinnelege spesialsoldatane.
Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Tidleg sundag føremiddag pressa to somaliske jenter seg gjennom døra til ein sentrumskafé som ennå ikkje var opna. Dei sa dei var redde, dei spurde om dei kunne får vere der til nokre gutar utanfor hadde gått sin veg.
Nei, sa kaféeigaren – eg har ikkje opna enno, kven som helst kan ikkje kome her og be om hjelp for ting dei har rota seg opp i, det var ikkje hans ansvar. Så han jaga dei ut at og låste døra. Ein halvtime seinare banka eit eldre par på, dei var på sundagstur og hadde funne to skamferte jenter utanfor – om dei kunne få låne telefon for å ringje etter ambulanse.
Ja, sjølvsagt! Her i byen stiller me opp for kvarandre! sa kaféeigaren og sleppte dei inn. Medan dei venta på sjukebilen, fortalde han om dei fryktelege gjengoppgjera som gjekk føre seg i strøket der.
Men utover sundagsettermiddagen kom det fleire og fleire meldingar om at mordaren var frå byen her, ein innfødd, ein kvit europear, endåtil ein kristen. Det sette ein brå stoppar for alle etersendingar med ekspertar på utanlandske terrororganisasjonar og kriminelle nett. I staden vart det henta inn psykologar som kunne fortelje om presset som mange lever under, og som frå tid til annan gir seg utslag i groteske handlingar som er vanskeleg for det psykiske helsevernet å føresjå. Det kunne vere arbeidsløyse mellom folk med lågare utdanning som igjen og igjen vart utkonkurrerte av innvandrarar, eller unge menn som hadde fått heile sin maskuline identitet undergraven av kvinnedominans i barnehagar, skulesektor og offentleg administrasjon. Svært mange av desse kvinnene gjekk med sjal.
Medie Osen prioriterte nyhende som folk flest hadde venta på, og brukte mykje plass til hendingar som stadfesta at ting folk hadde høyrt om frå andre stader, også kunne hende her. Bandekrigar, terroråtak og vald frå psykisk ustabile personar var slikt som folk flest både hadde høyrt om og venta på, og difor var det desse alternativa som ekspertane uttalte seg om. Terror frå innfødde vart ikkje vurdert eller diskutert. Det hadde jo ingen høyrt om og ingen venta seg, det var med andre ord ikkje relevant kommentarstoff.
Dette endra seg lite då namna på dei drepne og den arresterte gjerningsmannen vart offentleggjorde. Kommentatorane var fyrst skeptiske. Det kunne ha hendt ei forveksling – om drapsmann og offer hadde vortne bytte om, ville det sjølvsagt vere utilgjeveleg og det måtte i så fall få fylgjer for den som hadde gjort feilen. Seinare på kvelden vart det diskutert om hendingane likevel reflekterte spenningar som hadde ulma lenge, og som no brått var komne til overflata. Mykje kunne jo tyde på at ein her hadde å gjere med ei meir kompleks bakgrunnshistorie enn fyrst anteken. Religiøst og etnisk hat var ikkje til å spøkje med, og byen her måtte jo og rekne med å merke den store sivilisasjonskonflikten som låg attom krigen mot terror.
Alt tidleg på sundagen fekk Ivor Iveland høyre ryktet om at det var Reinhardt Skjetne som var arrestert. Det kom som eit sjokk på han, fortalde han meg nokre månader seinare. Han kjende jo Skjetne litt, men han hadde aldri trudd at det ville kome noko ut av grublinga hans. Skjetne skreiv ganske kunnskapsrikt på «Rein By» og i kommentarfelta etter Teuton sine eigne blogginnlegg. Han brukte å kalle seg seg «Oppdagaren», og skreiv mest om historiske og aktuelle migrasjonsproblem. Sjølv om det skein endå tydelegare gjennom hos han enn hos Teuton at han meinte den store krigen om Europa si framtid alt var i gang, så hadde Iveland aldri trudd at han ville verte den som tok til vald i praksis. .
Me var jo samde i det vesentlege, sa Iveland då eg snakka med han om dette. Men «Oppdagaren» skauv folk meir ifrå seg enn han trekte dei til seg, med det maniske snakket sitt om mange tusen år gamal historie.
Han såg godt at det kunne verte eit problem for han òg når den store mediejakta etter forteljinga om Reinhardt Skjetne ville ta til. Eg har vondt for å tru anna enn at dette var ganske avgjerande for den taktikken han la opp då han skreiv bloggposten «Rydd opp!» på sundagskvelden. Han skreiv mellom anna dette:
Rydd opp!
Politiet rører seg i eit farleg landskap når naiviteten tek overhand.
Denne dramatiske fredagskvelden såg me med eigne auge korleis muslimane hadde teke til å samle saman småjenter. Fleire av dei var alt dekte til med hijab og niqab og ein kan berre tenkje seg kva islamistane hadde for vidare planar!
Men folket reagerte heroisk: Fyrst stoppa væpna bønder kidnapparane. Det kunne ha løyst seg der, og det tragiske utfallet av kvelden kunne vore unngått. Men kva hende? Politiet kommanderte bøndene til å la kidnapparane gå!
Ein gong til samla folk seg for å stanse dei muslimske kidnapparane. Denne gongen var det ved hovudvegen inn mot byen. Me hadde trudd at det skulle verte ein fredeleg og høfleg aksjon. Me skulle stanse bilen med den bortførte jenta, be om å få henne utlevert og ikkje krumme eit hår på muslimane sine hovud. Men kva hende? Ei heil busslast med fanatikarar kasta seg over oss med rå vald. Etter lang tid kom politiet til. Dei tok ikkje angriparane – dei tok oss! Og endå ein gong fekk kidnapparbilen halde fram på sin veg mot katastrofen.
Det kan ikkje forsvarast, det som seinare hende inne i byen. Men det går an å forstå. Avsluttinga på dramaet var ein overreaksjon frå den fortvilte mannen som ville berge jenta. Det er Politi og statsapparat som har ansvar for tryggleiken til folket. Men når dei sviktar, går dei beste av oss til aksjon på eiga hand.
Ansvaret for den tragiske slutten på denne kvelden må berast av dei som svikta – ikkje av dei som freista å handle!

Det er på tide med ei opprydding – både i politiet og i byen!

Til avsnitt 61


Papirversjon: ISBN 978-82-92712-94-8

Kan tingast i bokhandlar, nettbutikkar eller frå bjorn@enes.no