onsdag 31. juli 2013

27: Dag 12 kl. 09:15 - Avhøyr

          (Samandrag 1-26)
          Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 09:15
Før dei hadde fått tid til å diskutere mord eller drapstrugsmål svinga ein bil inn på plassen framfor AS Reint & Rimeleg og Max Mekker kom ut, saman med ein mykje tunnare og yngre mann. No gjekk det opp for Linda kor melankolsk han virka. Det var knapt spor av smil i andletet hans då han helste god morgon, heller ikkje då han takka ja til ein kopp kaffi. Han såg seg rundt, som om han ville undersøke om dei hadde endra noko vesentleg der, så sette han auga i Linda.
Du har eigarløyve for pistol? Sa han. 
Ja – det har eg, sa ho. Det har eg hatt lenge.
Kva slag pistol har du?
Ingen. Eg slutta å skyte pistol  for fleire år sidan. Eg selde pistolen. Salet er innrapportert.
Då kjenner du mange pistolskyttarar? 
Tja. Eg kjende.
Det finst mange uregistrerte våpen.
Ja vel.
Var det nytt for deg?
Nei.
Kvifor er du så ordknapp?
Om det er noko du vil ha svar på, så må du stelle meg spørsmål!
Har du uregistrerte våpen?
Nei.
Kvifor ikkje?
Kvifor ikkje? Kva skal eg med det? Og om eg hadde bruk for – kvifor skulle eg fortelje deg at eg gjorde noko ulovleg?
Du meiner jo at du eg truga.
Linda sa ingenting.
Han tok ei pakke opp av veska si, la den på bordet og pakka opp innhaldet. Han såg på Mehmet og spurde om han visste kva det var.
Ja, det er ein Zastave M57, sa Mehmet.
Korleis veit du det?
Det står på han at det er ein M57. Og etter det som står i avisa i dag veit alle her i byen kva det er for noko.
Står det i avisa? Sa Max Mekker.
Avhøyret døydde med det. Det synte seg at dei to politimennene ikkje hadde lese avisa enno – dei fekk ikkje avisene opp til seg før internbodet på Politihuset kom klokka ni om morgonen. Det var ein pensjonert inspektør som kjende alle dei som hadde vore på huset ei tid, så det tok lang tid før han kom til krimmen, og då var dei alt reist ut.
Med så langsamt internbod så kan eg vel ikkje be deg ta med noko til Irene Guri Halvorsen Andersen? Sa Linda.
Kven er det?
Ho er på valdsavdelinga. Det er ho som har saka mi. Eg skulle ha sendt ho ein minnepenn med opptak av eit drapstrugsmål.
Drapstrugsmål? Mot kven?
Mot meg.
Frå kven?
Eg vil tru at det er same mann som tipsar deg om at eg har psykiske helseproblem og pistol – Kent Karlsen.
Kan eg høyre?
Linda sette minnepennen i datamaskinen til Angelique Fuglesang. Snart kom stemma til Kent Karlsen, låg og trugande:
Eg veit kor du bur!
Tru ikkje at du skal få øydelegge meir for meg!
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk!  Og du får skulda!
(Steg – lyd lenger borte) Hei Beauty! Er det greitt at eg legg nokre flygeblad her så folk kan ta? Ja – til deg og, sjølvsagt – det er meg ei ære, ver så god! (lått)
Kven er dette? Kva tid og kor var dette? Max Mekker vart svært interessert. Linda fortalde om kafeen, forsøket på å ta opp talen til Mehmet – og trugsmålet som ho brått fekk inn i øyra. Han ville gjerne ha ein kopi, sa han. Ho sa at han kunne lage seg ein kopi, berre han fekk minnepennen sendt over til Irene Guri Andersen Halvorsen.
Har du lese notatet hennar forresten? Spurde Linda. Då han berre såg uforståande på henne, sa ho: Sist spurde du kvifor eg ikkje hadde fortalt politiet om det eg hadde funne ut. I det notatet står kva eg har fortalt politiet. Men det ser jo ikkje  ut til å vere nokon vits i – de les jo ikkje dei tipsa de får inn. Om ikkje tipsaren har ein fin tittel eller er kjend frå avisa. 
Max Mekker var like uttrykkslaus. Assistenten var nok i lære. Han kunne ikkje lesast han heller – han sa elles ikkje eit einaste ord. Dei sette frå seg koppane, helste og gjekk.
Det er heilt utruleg! Sa Linda. Kent Karlsen freistar å få dei til å mistenkje meg for mordet!
Mehmet såg undrande på henne. Eg er ikkje vand med slike kvinner, sa han. Du har vore pistolskyttar? Kan du skyte med gevær og?
Ja. Eg vart lei av å stå  mellom oppblåste ølmagar i ein kjellar og skyte på blink. Det var mykje meir spanande med jakt. Så eg selde pistolen og kjøpte gevær.
Andejakt? Sa han.
Storviltjakt, sa ho. Elg, hjort. Reinsdyr. 




Samandrag "Til minne om Linda"

Dag 12 - den dramatiske dagen 
             To mord har hendt - 13 år gamle Malin Meyer er funnen  på ein verna verkstad, og Angelique Fugløesang er funnen på kontoret i reingjeringsverksemda ho eig. Pistolar med same merke og serienummer etter kvarandre er funne ved sida av dei døde. Riksmedia slår drapssakene stort opp og spør om dei er symptom på sterke sosiale spenningar i byen. Byrådet og Sentrumsforeininga oppfattar dette som eit åtak på byen, og innkallar til Torgmøte for å demonstrere samhald. Under møtet trugar Kent Karlsen med å drepe Linda Dahlin Loe medan ho freistar å gjere opptak av ein tale. Slik får ho opptak av trugsmålet, og torsdag kveld legg ho det ut på Facebook. 
             Fredag morgon - den 12 dagen i forteljinga - får Kent Kent Karlsen tips om at opptaket er lagt ut. Han tek kontakt med kjente i Facebookadministrasjonen og krever at det vert fjerna og at Linda sin profil vert sletta. Han får medhald  Men Linda si dottera Ingrid har og lagt ut trugsmålet - med eit anna filnamn. Faadumo Awale Samakab kopierer, gir opptaket endå eit nytt namn - og ber andre gjere det same. Slik vert opptaket spreidd via unge jenter og innvandrarkvinner.
             Linda tek nokre bilete på bussen av folk som snakkar om Malin Meyer. Ho viser bileta til den psykisk utviklingshemma Arnt Helge som kan ha vore vitne til mordet. Han reagerer svært sterkt på eit av bileta - og kastar telefonen i eit akvarium slik at den vert øydelagt. 
             På skulen må Ingrid gå til rektor og fortelje kva ho har sagt om den repsekterte Kent Karlsen. Rektor ser at han framleis står i listene som pårørande til Ingrid. Sidan Linda ikkje svarar på telefonen, finger ho til Karlsen og ber han hente Ingrid..... 
             Informasjonar og meiningar om det som har hendt så langt, sprer seg i ulike nett i byen. Lydopptaket av trugsmålet vert delt mellom ungjenter og innvandrarkvinner. Samstundes flokkar andre seg rundt Kent Karslen og ser han som ein slags leiar mot kreftene som vil byen vondt. I avsnitt 31 diskuterer etterforskarane Mekhar og Halvorsen ulike teoriar. I avsnitt 32 styrer radioreportar Steiner ein studiodebatt om det som har hendt, medan to straumdrag veks fram i sosiale media: Det eine har utgangsunkt i eit nett av unge jenter og innvandrarkvinner. Der vert opptaket av drapstrugsmålet spreidd, og folk lovar kvarandre å passe på. Det andre har utgangspunkt i nettforumet "Rein By". Der vert den same Kent Karlsen rekna som redningsmannen for byen. 
            I gravferda til Malin Meyer, møter Linda for fyrste gong chilenaren Olave Mario - han som til forveksling liknar på karakteren "Alvarez" i Passasjer 81 sine bloggar. Begge har same trong til å vite kva som hende med Malin. Etter gravferda kjem melding om terroralarm i byen etter funn av ein tredje pistol utanfor moskeen  Ingrid svarar ikkje på Linda sine telefonar....

Ti trådar        

             I avsnitt 24 analyserer forteljaren dei ti trådane som vert spunne saman til hovudforteljinga:
  • Kollapsen av Tekstilkombinatet med alt det som fylgde av den kan godt kallas den fyrste og mest grunnleggande forteljinga. 
  • Mordsaka er den andre. Eller mordsakene i fleirtal. På dette tidspunktet – om morgonen den tolvte dagen - så hadde det alt vore to uvanleg brutale og uforståelege drap i  byen her. Det skulle bli fleire og, før alt la seg til ro att.
  • Dette bloggprosjektet til han – eller ho – som kalla seg Passasjer 81 er ei tredje forteljing. Mange tolka bloggen frå måndag den åttande som ei erklæring om at dei var eit kunstprosjekt: ”Så får tida avgjere om eg skal ende i ein ukjend soldat si grav eller om heile verda skal synge mine songar.”
  • Den fjerde er eigentleg best fortalt nettopp i bloggane, i alle fall viss karakteren ”Alvarez” i bloggane er identisk med han som i røynda heiter Olave Mario de la Polvora.  Det er den mest naturleg menneskelege forteljinga og slik sett den viktigaste.
  • Den femte er forteljinga om Linda Dahlin Loe og dottera Ingrid og deira frigjering frå redsla som Kent Karlsen hadde planta i dei, 
  • Den sjette forteljinga  er den som analyserer valden frå folk som meiner dei er i sin rett til å drepe. 
  • Den sjuande er forteljinga om Eva Trotto Moe, litteraturen og livet.
  • Dei tre siste forteljingane er abstrakte eller metafysiske på det viset at dei handlar om tolkingar av røynda. 
    • Det er Kent Karlsen si forteljing om ”krefter” i hovudstaden og andre byar som hadde gått saman til eit slags åtak på  byen her 
    • Så er det knippet av endå meir dramatiske forteljingar om åtak frå jødane, den bosniske mafiaen, muslimske fundamentalistar og endå meir abstrakte ”degenererte folkeslag”. Ivor Iveland stod for ein variant av desse, Reinhardt Skjetne for ein annan. 
    • Forteljinga om det hemmelege samarbeidet mellom politiet og slike løynde krefter stod i kommentarfelta under media sin kappestrid om skarpe spørsmål og avsløringar av handlingslamming.


Dei 11 fyrste dagane har dette hendt: 

Avsnitt 1-8:
          I ein ikkje namngitt by ved ein elveos lever menneska i eit kvardagsmylder. To forteljarrøyster teiknar byen: "Eg"-personen  sit om lag eit år etter hendingane og skriv om dei i fortid. Passasjer 81 er ein anonym bloggar som fortel i notid om kvardagsmenneske i byen slik han (eller ho?) ser dei på  ein buss kvar morgon og ettermiddag.
          Onsdag i den fyrste veka fell botnen ut av økonomien i byen då den største arbeidsplassen – Tekstilkombinatet – går konkurs (avsnitt 6). Uro brer seg mellom dei som er direkte råka, men elles ser folk ut til å halde fram med liva sine som om ingenting særskilt hadde  hendt.
          Fredagen (avsnitt 8) vert heile byen vitne til at den populære radioreporteren Rudolf Steiner finn 13 år gamle Malin Meyer blødande på golvet i den verna verksemda "Cosy Lamps". Ho døyr for open mikrofon. Dei siste orda hennar var ".... har ikkje gjort...."  Det ligg ein pistol på bordet ved sida av henne.
          Den om lag 30 år gamle Linda Dahlin Loe reagerer svært sterkt på det ho høyrer på radioen. Ho har sjølv mista eit barn i ei valdshending, og ho har vore på flukt fra mannen som har truga med at han vil drepe henne og dottera Ingrid.  Saman med kollegaen  Faduumo Awale Samakab går Linda til drapsstaden. På vegen dit kjem det fram at Faduumo og har fått reaktivert traumatiske valdsminner. Dei to kvinnene knytter seg etter kvart nært til kvarandre. Trongen til å vite driv dei inn i eit slags privat etterforskingsarbeid. 

Avsnitt 9-13:
          Fram til avsnitt 8 ser det ut til at dei to forteljarane fortel om ting som ikkje hadde  noko med kvarandre å gjere. Men då Malin døydde, synte det seg snart at ho likna sterkt på karakteren "Lolita" som bloggaren tok til å skrive om  alt i avsnitt 3. Den morgonen då ho vart skoten, skreiv bloggaren at ho var "dødsdømd" og at Bakken skal opne seg og sluke Lolita rett framfor auga våre.”
          Me får berre høyre om ein person som les bloggane, det er bibliotekaren Eva Trotto Moe. Ho ser ikkje noko merkeleg i samantreffet, for  det er litteraturen som er viktig for henne. Ho tykkjer det er interessant når Passasjer 81 skriv om seg sjølv at han vil vere "ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det."   Kva som ellers hender av trivialitet eller kriminalitet har ho ikkje noko med. 
          I avsnitt 12 går Passasjer 81 djupare inn i sin kunstfilosofi, medan avsnitt 13 handlar om Linda, Faduumo og Ingrid sine erfaringar med vald og valdsmenn. Dei diskuterer seg fram til at styrken til menn som meiner dei er i sin rett til å drepe er kombinasjonen av blendande styrke og emne til å vekke omsorgstrong og medkjensle. Dei tre kvinnene bestemmer seg for at det er farlegare å være redd og passiv enn modig og handlande. 

Avsnitt 14-18
          I avsnitt 14 vert Reinhardt Skjetne introdusert. Han er travelt opptatt med å studere ein gamal teori om at "Israels tapte stammar" er stamfedrane til dei kvite europearane, og at det såleis fins belegg i Bibelen for at nordeuropearane er Guds utvalde folk som har rett til å styre over andre. Teksten avslører at han kjem til å bli mordar. 
          Linda rømer frå arbeidet i Sentrumsforeininga då Kent Karlsen dukkar opp der. Det kjem fram at det er han som har truga henne. I avsnitt 15. søker ho nytt arbeid i reingeringsverksemda AS Reint & rimeleg. Utanfor treff ho Mehmet Habini - som også er introdusert tidlegare av bloggaren Passasjer 81. I avsnitt 16 vert det klart at Kent Karlsen no veit om at Linda og Ingrid er komne attende til byen. 
          I avsnitt 17 handlar morgonbloggen om "Mama Harjet" og Mehmet Habini, medan "eg" fortel om Linda sitt fyrste møte med den psykisk utviklingshemma Arnt Helge, der det tydeleg kjem fram at han hugsar drapet på Malin Meyer og at han er god til å kjenne att andlet på bilete. Det er "berre" å finne eit bilete av mordaren - så vil Arnt Helge kunne avsløre han. Linda inviterer Mehmet til å drøfte saka med henne og Faduumo.
         I avsnitt 18 vert det heilt tydeleg at Linda er på den same bussen som Passasjer 81 fortel om, Politikaren "Elvis" og kommunikasjonsrådgjevaren "Lady Raud" diskuterer med "Alvarez" om mordet på Malin Meyer. Dei er sterkt usamde. Om kvelden kjem Faduumo og Mehmet. Ingrid har funne ut at den biologiske faren til Malin ikkje visste om henne. Dei lovar kvarandre å arbeide saman for å finne ut meir om drapet på Malin - og å drive han som drap Linda sin son ut av byen att. 

Avsnitt 19-22
          Om torsdagen – den 11. dagen i månaden – vert Angelique Fuglesang, ho som Passasjer 81 har skrive om og kalla ”Mama Harjet” funnen død på arbeidsplassen sin. Linda vert kalla inn til avhøyr der ho vert avkrevd forklaring på kvifor ho gjekk til Cosy Lamps då Malin Meyer var drepen, og kvifor ho etter det gjekk til AS Reint & Rimeleg kort før det nye drapet.  I morgonbloggen den same dagen skriv Passasjer 81: ”Eg veit jo kvifor Mama Harjet ikkje er her”….
           Om ettermiddagen er politikaren (som  Passasjer 81 kallar ”Elvis”) opprørt av di Riksmedia har spurd han om dei to drapa syner at byen er ekstra farleg. Han og partiet som styrer ser på Riksmedia si innblanding som eit åtak på byen. Saman med Sentrumsforeininga og Kent Karlsen set dei i verk førebuingar av eit "spontant folkemøte" som skal svare på dette åtaket. Dei ber Mehmet Habini om å tale der for å syne at også innvandrarar står saman med fleirtalet i byen. Linda vil gjere opptak av Mehmet sin tale - men brått kjem Kent Karlsen inn på henne bakfrå og kviskrar i øyret hennar at han veit kor ho bur, at ho ikkje skal få øydelegge meir for han og at han vil drepe henne om ikkje ho reiser vekk frå byen att. Linda publiserer opptaket på Facebook, og ber alle vener melde frå om dei ser han nærme seg henne. Mehmet får greie på at pistolane som vart brukte i dei to drapa var av same merke med serienummer etter kvarandre. 

Persongalleriet:
          Der er eit stort persongalleri. For å lette på oversynet har eg laga undersider med sitat frå introduseringa av dei ulike karakterane. I PC/Mac og IPad-versjonane finn du peikarar i margen til høgre. Den fell bort i mobilversjonen, difor tek eg dei opp att her (inaktive peikarar viser til karakterar som enno ikkje er introduserte):

Forteljaren - ein betraktar

Passasjer 81 - anonym bloggar

Eva Trotto Moe - bibliotekar

Kent Karlsen - forretningsmann

Rudolf Steiner - journalist

Linda Dahlin Loe - kontorassistent

Faadumo Awale Samakab - kontorass.

Espen Loe - bror til Linda

Ivor Iveland - verktøyforvaltar / bloggar

Irene Guri Andersen Halvorsen - litteraturvitar og politi

Malin Meyer - skuleelev

Ingrid Dahlin Loe - skuleelev

Reinhardt Skjetne - privatforskar / bloggar

Mehmet Habini - reingjeringsarbeidar

Angelique Fuglesang - forretningsdrivande


Margrethe Obstaclevic - skuleelev

Sheila Hasina - kontorassistent

Noreen - farmasøyt

Liana - musikar

Olave Mario de la Polvora - morsmålslærar

Carmen - reingjeringsarbeidar, kona til Olave


Nye avsnitt måndag,  onsdag og fredag.  





Tilbakemeldingar: