fredag 9. august 2013

31: Dag 12 kl. 11:00 - Vinklar

(Samandrag "Til minne om Linda" fram til no)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 11:00
Då den melankolske Mark S. Mekhar kom rett før lunsj og presenterte seg utan eit einaste leseleg uttrykk i andlet eller kropp, tenkte Irene Guri Andersen Halvorsen fyrst på Jostein, ein av arbeidskarane på slippen heime. Han stod kvar ledige stund i livet og såg same veg som mor hennar brukte å sjå. Kvar gong Irene Guri spurde – og det gjorde ho fleire gonger, både som uskuldig barn, som frekk jentunge og som flott bydame -  så hadde ho alltid fått det same svaret: Eg skal snart reise.
Du kjenner til Linda Dahlin Loe, sa Mark S.
Så? Du har endeleg lese det eg skreiv til deg? Sa ho.
Ho gav meg dette. Ho bad meg gje det vidare til deg.
Takk – eg skal sjå på det.
Det er eit trugsmål. Ho seier det er Kent Karlsen. Det høyres slik ut og.
Oj, sa Irene Guri Andersen Halvorsen og sette minnepinnen i maskinen sin. Det kom opp ein skog av åtvaringar på skjermen, og maskinen nekta å opne noko som helst før det var skanna etter virus.
Ho meiner han trugar henne på livet.
Det har ho gode grunnar til.
Han meiner at det er omvendt – at det er ho som trugar han.
Det er heller ikkje noko nytt. Det gjorde han då han mishandla henne i husbråk og – han slo henne helselaus og sa at det var i sjølvforsvar. Då ho til sist ville rømme frå han og han pressa henne ut av vegen ved ei stup meinte han og at det var i sjølvforsvar at han klatra ned til vraket og banka henne medan sonen hennar blødde i hel.
Vart han dømd for dette?
Nei – forsvararane klarte å reise tvil som kom han til gode. Han vart berre dømd for å slå. Ikkje for ulukka, ikkje for å unnlate å hjelpe det døyande barnet. Ikkje for drapsforsøk på henne.
Likevel fekk ho Kode 6-vedtak?
Ja – heldigvis får ikkje paragrafryttarar innverknad på slike vurderingar.
Kven vurderte?
Det var avdelinga her. Eg foreslo – avdelingssjefen var samd.
Kjenner du henne privat?
No tykkjer eg du skal vere forsiktig! Har du mistanke om noko korrupt her, så får du da det opp med sjefen min.
Så du kjenner henne privat?
Nei – det gjer eg ikkje. Eg kjenner henne berre gjennom jobben. Men eg har sett korleis han har mishandla henne, og eg har sett kor djupt redsla for han sit i henne og eg er ikkje i tvil om at det var rett å gje henne og dottera ny identitet  og skjerming. Eg likte det ikkje då dei kom attende. Men eg forstår jo det og. Dei har krav på vern.
Kan ho ha vrangførestillingar?
Ikkje om dette trur eg.
Har ho impulskontroll?
Der var virusskanninga ferdig. Irene Guri Andersen Halvorsen sette maskinen i gang med å spele lydopptaket. Kent Karlsen si låge, trugande stemme slo som piskeslag ut av høgtalarane – til han brått slo om for å flørte med serveringsdama i kafeen.
Irene Guri Andersen Halvorsen kneip leppene saman til ein tynn strek. Kva meiner du med impulskontroll? Sa ho.
Kan ho gjere irrasjonelle handlingar når ho er pressa eller kjenner seg pressa?
Irene Guri snudde seg mot han, sette seg liksom til rette for eit langt foredrag og sa:
Eg veit ikkje kva du er for ein kar, eg har aldri møtt deg før. Men av erfaring veit eg at der er ein viktig skilnad mellom kvardagane på Krimmen og kvardagane her. De arbeider med dei som slår. Me arbeider med ofra. De brukar mykje krefter på å forstå den skuldige for å avdekke handlingsmønsteret og forhistoria hans. Her i Valdsavdelinga ser me kvar einaste dag at den som ligg att på bakken òg har eit handlingsmønster og ei forhistorie. Skjønar du kva eg seier?
Han sa ingenting, venta berre på poenget.
Linda Dahlin Loe er ei av desse kvinnene som dreg til seg valdsmenn – og som vert dregen til dei. Eg veit ikkje kvifor det er slik. Før trudde eg at det hadde med oppveksten å gjere. Ho vart slått av far sin og bror sin frå ho var knøttliten. Ho lærte seg teknikkar for å meistre impulsane deira. Ho forstod tidleg slike ting som kor og kva tid det var fare, korleis ho kunne avleie valden eller styre retninga på han – altså kven som skulle få juling og kven som ikkje skulle få. Dette meistra ho så godt seinare i livet at det virka som at ho berre måtte få brukt det. Ho var ikkje redd for vald slik som andre – det var heller slik at ho var redd for å miste kontrollen på valden. Altså – at ho trudde alle folk var valdelige, og at om dei aldri slo så  vart ho utrygg. Då visste ho jo ikkje kor valden var, kor han kunne kome frå. Då ho tok til å interessere seg for gutar fylgde dette trekket med inn i den delen av livet og. Ho kunne aldri bli forelska i gutar eller menn som ikkje kunne tenkjast å banke henne opp etter eit knull. Eg trudde lenge at det var oppveksten som gjorde det – men eg er ikkje sikker på det lenger. Det kan ha vore motsett og, om du skjønar.
Mark S Mekhar sa framleis ingen ting, han berre såg interessert på henne, og ho heldt fram.
Det var då ho fekk born at dette tok til å endre seg. Det vaks fram i henne ein trong til å verne dei, både mot at dei sjølve skulle bli slått og mot  dei skulle sjå henne bli slått. Då ho møtte Kent Karlsen var ho på veg bort frå den ulukkelege vonde sirkelen sin. Ho trudde vel kan hende og at han var av eit anna slag. Han var ikkje rusavhengig, for eksempel. I førstninga slo han ikkje heller. Han var av eit anna slag – meir sofistikert eller utspekulert om du vil. Han ville ha makt over folk, fullt og heilt. Derfor vart han meir og meir provosert av hennar evner til å styre han. Eg trur det er det som ligg attom når han seier at  det er ho som er angriparen. Eg trur ikkje han slo jenta nokon gong, heller ikkje guten som dei fekk saman  – men Linda var ganske sikker på at han ville gjere det før eller seinare. Og han vart meir og meir valdelig mot henne då han forstod at ho var på veg bort frå han. Heilt til det altså toppa seg med denne såkalla bilulukka.
Så – du trur ikkje ho kan gjere irrasjonelle eller impulsive handlingar når ho er pressa eller kjenner seg pressa?
Irene Guri smilte. Før ho svarte sa ho at ho tykte Mekhar var litt monoman av seg. Så sa ho:
Forsøket på å rømme frå han var uventa. Eg kan aldri hugse at ho hadde gjort noko liknande.  Det var jo ikkje irrasjonelt. Men det kan ha vore ein impuls. Eg veit ikkje – det var noko nytt. Det var eit framsteg for henne på eit vis. Sjølv om det fekk slike tragiske konsekvensar. I åra etterpå har ho vore reddare enn før – men levd mindre farleg. Ho er veldig oppteken av å verne dottera si. Og så vidt eg veit har ho ikkje nærma seg nokon mann etter Kent Karlsen. Ho framstår no som ei god mor i eit strukturert liv. Men noko hende med henne då denne jenta vart skoten på Cosy Lamps.
Kan det ha vore ho som skaut henne?
Linda Dahlin Loe? Irene Guri Andersen Halvorsen såg måpande på Mark S. Mekhar.
Ho kan ha vore ei tikkande bombe. Det kan ha blitt ei kortslutning i henne då Kent Karlsen kom attende til byen. Ho kan ha teke seg sjølv attende til ein posisjon tettare på vald – slik du nett forklarte: Det kan ha vore ein abnorm måte å søke tryggleik på. Det kan ha virka så godt at ho gjorde det ein gong til ei veke etterpå. Ho er førebels det einaste bindeleddet mellom dei to drapa. Ho – og pistolane.
Haka hadde dotte ned på Irene Guri. Det såg visst tåpeleg ut, men det var vel forståeleg, kan hende. For henne må tankerekka fyrst ha virka heilt absurd – men i neste runde må ho ha innsett at den måtte tenkjast gjennom.
Som Vika-Jens, sa ho tankefullt.
Kva seier du?
Nei – det er berre ein tanke. Det var ein kar heime – eg kjem frå ei øy i havet. Han hadde så utsett plass for båten. Når det bygde opp til storm og alle andre trakk innanfor moloen, stakk han alltid til havs. Han var redd at båten elles skulle bli knust mot berget. Han var tryggare midt i stormen.
Mark S. Mekhar reiste seg, men gjekk ikkje ut. Han stod og såg tankefull ut av vindauga.
Du får tenkje etter om du kjem på fleire indisia, sa han.
Eg må fyrst og fremst venne meg til tanken. Den er svært radikal eller kva ein skal kalle det, sa ho.        
Der kan tenkjast ein motsett teori og, sa han.
Ho såg på han. Ho såg heilt annleis på han. Ho hadde nok sett ned på han då han kom, ho hadde tala til han som ein nybegynnar. Så hadde han sett henne ettertrykkeleg på plass med ein einaste setning. Han var ingen dum mann. Denne gongen venta ho utan fordomar på kva slag motsett teori han hadde.
Kent Karlsen er ein påfallande ivrig tipsar. Han finn uvanleg mange spor som peikar i retning av Dahlin Loe.  Kan han ha gjort noko slikt for at me skal tru det er ho som er den skuldige?
Nei – det trur eg vert for spekulativt. Han er nok kalkulerande og kynisk – men i botnen er han like primitiv som andre kvinnemishandlarar. Vald er noko han brukar mot folk som står nær han, folk som trugar med å rive seg laus frå han.
Men kva om Malin Meyer var ein av dei han hadde lagt under seg?
Ho såg på han med same måpande uttrykket att.
Kva om det fins tilknytingar i mørket ein stad mellom dei tre – Malin Meyer, Linda Dahlin Loe og Kent Karlsen? Kva om det einaste synlege så langt -  det at Dahlin Loe gjekk til Cosy Lamps av spontan medynk – er toppen av eit isfjell? Kan Dahlin Loe ha visst om at Meyer var elskarinna til Karlsen?
Nei, sa Irene Guri. Det ville ho har fortalt meg. Eg kan ikkje tenkje meg anna.
Kan Karlsen ha visst om at Meyer var elskarinna til Dahlin Loe? Ville ho i så fall ha fortalt deg det?
Ho såg tankefullt på han. Ho hadde ikkje sett føre seg at ho ville få noko å gjere med desse drapssakene. Det hadde høvd henne godt, for ho hadde meir enn nok av ugjort og uoppklart på hugselista si. Men no kom Mark S. Mekhar og endra alt. 




Til avsnitt 32