onsdag 18. desember 2013

87: Samkjensle

           Mark S. Mekhar gjekk rett frå denne samtalen til Kent Karlsen for å konfrontere han med det nye opplysningane om kor pistolen kom frå – og kor han vart funnen att. Kent vedgjekk med ein gong at det var ein bløff det at han hadde kasta pistolen på sjøen.
Eg visste kor han kom frå – og sende han attende, sa han.
Kor kom han frå då?
Angelique Fuglesang.
Korleis visste du det?
Det var ein av butikkane ho dreiv med. Ho hadde bydd dei fram til meg òg.
«Dei»?
Ja – ho hadde fire, i serie.
Kvifor melde du ikkje frå om dette?
Det hadde jo ikkje noko å seie kor pistolane kom frå – det var dei som brukte dei, som var problemet. Dessutan ville eg ikkje verte blanda inn. Eg hadde viktigare ting å ta meg av.
Kva gjorde du då?
Eg ringde til Angelique og skjelte henne ut for å ha selt ein pistol til eks-en min. Det kunne jo ikkje vere tvil om kven Linda hadde tenkt å bruke han på!
Kven hadde ho tenkt å bruke han på då?
Meg, så klart! No forstår du vel kvifor orda vart litt i hardaste laget då eg såg henne på den kaféen på torsdagen.
Og etter at du hadde skjelt henne ut?
Så sende eg pistolen attende til henne – i same øskja. Synd det skulle gå så galt då ho pakka opp.
Sende du han ladd?
Nei.
Utan sikring?
Nei.
Eg trur du sende han ladd og utan sikring og at du håpa på at han skulle gå av då ho pakka han ut.
Det må du berre tru, men slik var det ikkje. Og om det hadde vore slik, så ville du aldri kunne finne prov på det!
Der fekk Kent rett. Mekhar arbeidde lenge med denne saka, han fekk mellom anna fram loggen på både Fuglesang og Karlsen sine telefonar, og det fanst ikkje spor av nokon telefonsamtale mellom dei. Mekhar var viss på at Karlsen trudde Fuglesang hadde selt pistolen til Linda, og at han hadde hemna seg ved å sende henne ei dødsfelle i retur. Han hadde truleg lagt pistolen i postkassa hennar sjølv for ikkje å risikere ulukker i posten. Mekhar trudde òg dette var meint som ei åtvaring til Linda. Men han klarte ganske riktig ikkje å finne prov for noko av dette. Og Karlsen heldt på kjerna i si forklaring.
For min del gjekk eg cannossagangen vidare frå samtalen med Mekhar til Ingrid og Irene Guri Andersen Halvorsen. Eg såg ikkje noko poeng i å be om å få snakke med Irene Guri aleine fyrst. Dei sat framfor meg ved kjøkenbordet og lydde.
Eg har hatt ein løyndom som eg skammar meg djupt over. Eg kjem rett frå Mekhar der eg har fortalt alt, og no vil eg fortelje det til dykk, sa eg. Så heldt eg fram om lag slik:
Eg ville hjelpe Linda til å forsvare seg mot Kent Karlsen. Så eg kjøpte ein pistol til henne. Men eg sende han til henne i posten, til jobben hennar. Den kom ikkje fram før Linda hadde rømt derifrå. I staden for at Linda fekk han, vart han pakka opp av Kent Karlsen.
Å – då kunne han ha skote meg …, sa Ingrid.
Men han forstod kven som hadde selt pistolen, og sende han attende dit. Han kan ha laga ei felle – i alle fall gjekk pistolen av då ho som hadde selt han til meg, pakka han opp.
Fuglesang? sa Irene Guri.
Ja, sa eg.
Mamma ville ikkje ha pistol, sa Ingrid.
Hadde de òg diskutert det?
Eg sa at ho skulle kjøpe. Ho hadde jo før. Ho var flink å skyte. Ho hadde pokal.
Det sa eg òg. Ho sa kanskje. Så kjøpte eg til henne.
Irene Guri rista på hovudet. Og så sende du han – til Kent Karlsen?
Det er verre, sa eg og såg i bordet. Fuglesang hadde fire pistolar – og ho ville berre selje dei under eitt. Den same kvelden som eg sende pistolen til Linda, gav eg ein av dei andre til ei anna dame eg kjende som hadde det endå verre enn Linda. Den kom òg feil av stad – sambuaren hennar fann han, og det var den som vart brukt i mordet på Malin Meyer.
Fy faen! kviskra Irene Guri.
Så fælt! sa Ingrid.
Og dei to siste – dei la du berre ut i byen? sa Irene Guri.
Ja, sa eg, spakt.
Ingrid kopla ikkje dette siste med det same. Men det ville berre vere eit spørsmål om tid. Eg sat og såg i bordet og venta.
Er du Passasjer 81? sa Guri.
Ja. Orsak – det skulle eg kanskje sagt fyrst.
Kva er Passasjer 81? sa Ingrid.
Eg skreiv nokre forteljingar om det som hende i ein blogg og underteikna med «Passasjer 81» i staden for det verkelege namnet mitt.
Om oss?
Nei – men om Malin Meyer og Olave Mario og Mehmet og Angelique Fuglesang.
Kvifor skreiv du ikkje om mamma?
Eg ville verne henne og deg. Eg ville freiste å forstå byen her – korleis ting heng saman – korleis det kunne gå til slik at de vart forviste og måtte leve utan ekte namn medan han som truga kunne gå fritt og respektert omring. Og eg tenkte at om eg skreiv det slik at det kunne verte forstått, så ville byen her endre seg.
No kan du skrive om mamma.
Eg vart stum. Eg såg lenge på henne, så sa eg lågt:
Ingrid – eg veit ikkje om du forstår … Det var eg som la den eine pistolen i buskane ved fontena på Torget, den … som….
Jau. Det forstod eg. Du var kjempedum. Men det var ikkje du som skaut for det. Eg har òg tenkt at det var mi skuld. Men det er berre han som skaut, som har skulda.
Det kom ei tåre i auget hennar, det var ikkje fritt for at det pressa i mine òg. Ho tørka seg og heldt fram:
Du var kjempedum. Du må skrive det òg. Så må du skrive om korleis mamma hadde det. Og eg. Slik at til og med rektor kan forstå. Skriv korleis denne byen er, at det ikkje er sant at der er samhald. Legg ut ein pistol, så vert nokon drepen – og mordaren vert helt og den drepne vert skuldig. Slik er det i byen her.
Eg måtte bite meg i leppa.
Irene Guri hadde sete taus og sett på oss. No rista ho på hovudet att og sa:
Eg kunne ha tynt deg! Det er ikkje lov å vere så naiv!
Kva tyder naiv? sa Ingrid.
Dum, sa Irene Guri. Enkel oppi hovudet. Banal. Blind. Grunn. Uerfaren. Ureflektert.
Men han er ikkje vond, sa Ingrid.
Nei vel – men sjå kor mykje vondskap naiviteten hans sleppte laus!
Det var ikkje hans skuld – det var byen her si skuld!
Og hans.
Men han er òg med i byen her!
No vart Irene Guri òg stum. Me sat utan ord og såg på Ingrid Dahlin Loe, dotter av Linda, truleg ei framtidig mor, ei spirande kvinne, eit offer, ein krigar, ein sanningselskar, eit medmenneske, eit oppkome av gryande visdom, ei framtid for byen her.
<blanklinje>
Eg måtte gå heile runden. Eg gjekk til Sheila Hasina. Ho vart rasande og skjelte meg ut og sa at eg var ubegripeleg sløv – ho var den fyrste som brukte ordet indifferent, kan hende av di det er i meir dagleg bruk på hennar fyrstespråk. Dei andre tre sa ikkje så mykje – dei kom ikkje til i taleflaumen til Sheila Hasina, men Liana vreid hendene underleg og såg til pianoet medan Aziza sat med tårer i auga og Noreen lydde med ei tenksam rynke i panna.
Carmen berre gret. Det var som om tapet av Olave Mario vart endå meir meiningslaust gjennom det er fortalde.
Så sette eg meg til å skrive. 


Til avsnitt 88

Boka er no i sal 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok