onsdag 23. oktober 2013

63: Pressekonferansen

Ingrid fekk vere med ein av kollegaene til Irene Guri medan pressekonferansen heldt på. Ho ville helst ha vore med, sa ho, men då Irene Guri sa at alle pressefolka då kom til å flokke seg rundt henne i staden, ombestemte ho seg. Dei hadde eit barnerom der. Der likte ho seg ikkje. Men ho ville gjerne vere med ut å køyre i politibil.
Det var smekk fullt i konferanserommet med både lokale og nasjonale medium. Stemmesurret der innanfrå var som ein dur medan Vera Vidreid hadde ei kort briefing med dei som skulle vere med inn. Dei var mange – ni stykk, både politimeisteren og visepolitimeisteren, ho sjølv, vaktsjefen frå fredag, dei to som hadde arrestert Reinhardt Skjetne, leiaren av terrortroppen – og så Mark S. Mekhar og Irene Guri Andersen Halvorsen. Dei toga inn – og dei snakka – etter rang og ordning. PM-en fyrst, han gav ordet til Vera Vigreid.
Tragiske saker, sa ho, og oppsummerte kort det alle visste.
Det hagla spørsmål om Reinhardt Skjetne, kven han var, kven han stod i samband med, om dette var terror eller galmannsverk, om han var islamist eller antiislamist.
Gjorde han det for å redde den bortførte jenta? spurde ein mann frå ei av dei største riksavisene.
Det ser ikkje slik ut, sa Vera Vidreid.
Kva meiner du med at det ikkje ser slik ut?
Så langt har ikkje etterforskinga avdekt andre samanhenger mellom desse sakene enn at fire pistolar er produserte på same fabrikk – Svendsen, kan du utdjupe?
Så heldt leiaren av terrortroppen ei relativt grundig utgreiing om våpenfabrikken i Kragujevac i Serbia, spreiing av illegale våpen under borgarkrigen på Balkan og vidare spreiing til kriminelle nettverk i Europa etterpå. Forklaringa kan vere samanfall i tid, sa han: Fire omtrent samtidige hendingar har ført fire pistolar fram i lyset – dei kan òg ha kome til byen her på same tid. Det kan vere samanhengen.
Kva har dette å gjere med den bortførte jenta? sa journalisten frå riksavisa.
Det ser ikkje ut til å vere nokon samanheng, sa Vera Vidreid.
Det var mange som ville spørje, ho sleppte til eitt spørsmål frå kvar. Dei fleste spurde om det same som andre alt hadde spurt om. Det tok tid før journalisten frå riksavisa fekk sleppe til att.
Attende til den bortførte jenta, sa han.
Det har ingen samanheng, har eg alt sagt! sa ho.
Alvorleg talt, sa han skarpt: De kan ikkje manipulere bort det viktigaste spørsmålet her! Kvifor assisterte politiet ein muslimsk kidnappingsaksjon?
Det vart bråstilt i lokalet. Med eitt hadde ingen andre spørsmål.
Det er ikkje tilfelle! sa Vidreid.
Så kva er tilfelle?
Det stemmer at den eine parten i ein privat samværskonflikt bad om assistanse frå politiet tidleg på ettermiddagen. Men saka skal avgjeras av Fylkesnemnda for sosiale saker, og politiet trekte seg ut i påvente av avgjerda der. Det vedkjem ikkje denne saka.
Stemmer det at ei gruppe muslimar braut seg inn i eit hus og tok med seg ei jente?
Inga slik sak er vorten meld til politiet.
Stemmer det at det vart losna skot der?
Dette er ikkje kjent for oss.
Stemmer det at bøndene i nærleiken væpna seg og overmanna terroristane?
Dette er spekulasjonar. Eg må be om at me held oss til saka!
Stemmer det òg at tenestemenn i uniformert bil frå dette kammeret så greip inn og beordra bøndene til å leggje ned våpna og så tok med seg både terroristane og den kidnappa jenta og forsvann?
Dette er ei sosialsak. Det er ikkje den me har pressekonferanse om! sa Vidreid.
Og så til slutt, samanhengen: Stemmer det at det var dei same terroristane som vart skotne seinare på kvelden av han som no sit arrestert?
Det gjekk eit sus gjennom salen. Vidreid og PM-en snakka saman, dei vende seg mot vaktsjefen. Alle journalistane vende seg mot kvarandre. Journalisten frå riksavisa som no hadde plumpa ut med heile den saka som han tydelegvis kunne ha vore aleine om viss han hadde hatt vit til å halde kjeft, heva røysta over surret i salen og ropte ut det siste poenget sitt:
Og kva har hendt med tenestemennene som skapte den ulukksalege situasjonen? Er dei arresterte?
Det vart ikkje mindre surr i salen av dette. Ikkje mindre aktivitet i rekkja av politifolk heller.
PM-en skar gjennom. Han sa at pressa ikkje må la seg bruke til å spreie spekulasjonar og desinformasjon. Så bad han vaktsjefen leggje fram fakta i saka. Vaktsjefen las frå journalen.
Klokka 14:11 kom ei melding frå valdsavsnittet om at ein far utan samværsrett hadde henta ei tretten år gamal jente på ein skule. Mor til jenta var svært uroleg. Eg sende ut ein bil til adressa til faren. Dei fann ingenting.
Klokka 15:30 kom det melding om at ein kollega av faren hadde gløymt telefonen sin i hans bil. Vedkomande hadde spora telefonen og kunne dermed vete kor han hadde reist. Eg sende ut ein bil til den adressa – det var om lag sju mil frå sentrum.
Klokka 16:30 vart eg beordra av jourhavande til å kalle bilen attende. Årsaka var at advokaten til  faren hadde reist krav om at status quo-prinsippet skulle gjelde fram til saka vert handsama i Fylkesnemnda for sosiale saker.
Kokka 16:33 bad ein tenestemann – eller -kvinne – seg permittert frå tenesta for å fylgje mor til jenta fram til staden der faren hadde teke henne. Dei to køyrde av garde i ein uniformert bil. Det var ikkje klarert med meg, og det vil verte handsama som ei vanleg disiplinærsak.
Klokka 17:06 vart eg orientert av tenestemannen – eller -kvinna – som var på veg til jenta, om at to andre vener av mor og barn snart ville vere framme ved den adressa som den attgløymde telefonen hadde markert.
Klokka 18:07 fekk eg ei oppringing frå faren. Han sat i eit radiostudio og var i direkte sending. Der lanserte han den teorien som me no nett høyrde frå vår ven her, nemleg at mor til jenta og dei som hjelpte henne, var ei muslimsk terrorgruppe. Eg avviste å snakke på direkte radio.
Klokka 18:30 fekk me ny melding om at alt hadde løyst seg, mor og barn var på veg attende til byen saman med dei to venene og den permitterte tenestemannen – eller -kvinna.
Klokka 19:04: fekk me melding om eit slagsmål med mange involverte ved ein idrettsbane på vegen inn mot byen. Det viste seg å vere ein samanstøyt mellom folk som støtta kvar sin av partane i samværskonflikten.
Klokka 20:00 vart mor, dei to venene hennar og ho som hadde gløymt telefonen i faren sin bil, skotne av ein mann som hevda at han hadde fått ordre frå Gud om å gjere det.
Det var heile journalen. Det vil seie – det var dei punkta i journalen som vedgår spørsmålet. I tillegg var det uvanleg mykje annan uro, ikkje minst i samband med eit torgmøte som var klokka 18:30 med mange rusa deltakarar. Takk.
Det hadde vore stille mens han snakka – berre lyden av travle kulepennar og banninga frå journalistar som gjekk tomme for blekk eller plass på opptakarane sine.
Går det an å få kopi av journalen? spurde ein.
Nei, sa vaktsjefen.
Utskrift då?
Vaktsjefen såg på PM-en. Ja sa han. Kven skal skrive ut den då? sa vaktsjefen. PM-en veifta spørsmålet vekk.
Så – sa journalisten frå Riksavisa, og drog å-en ut til han var ferdig med å tenkje gjennom spørsmålet sitt: Dermed stadfester journalen i realiteten alt eg har sagt – berre med den nyansen at tenestemannen som assisterte islamistane, hadde bede seg permittert?
Politiet er ikkje kjent med noko som indikerer at mor og venene hennar var islamistar, sa vaktsjefen.
Kan du svare på spørsmålet? sa journalisten skarpt.
Alle som har noko oppi skallen sin, høyrde at eg nettopp svarte, sa vaktsjefen like skarpt.
Takk, vaktsjef, sa Vera Vidreid som for å markere at det var ho som heldt konferansen, ikkje han. Ho såg ut over det fulltalige pressekorpset og smilte og sa at ho var glad for interessa dei synte, at det var viktig for politiet å samarbeide med pressa, og at ho reint oppsummeringsvis berre ville gjenta at dei no altså hadde hatt tre dramatiske saker, men at alle var oppklart så å seie innanfor same veka som dei vart utførte. Ho ville gjerne takke alle dei framifrå medarbeidarane sine som hadde gjort dette mogleg, og ho lova å kalle inn til ny pressekonferanse så snart fleire detaljar var klarlagde. Og så takka ho endå ein gong for frammøtet.
Det var ikkje slutt med det, for alle etermedia skulle ha eigne opptak av det ho sa. Så ho og PM-en vart ståande. Ein journalist greip tak i vaktsjefen òg – men både Irene Guri Andersen Halvorsen og Mark S. Mekhar kom seg ut.

Har du gløymt hijab’en? sa Mark S. 


Til avsnitt 64

Boka er no i sal