fredag 29. november 2013

79: Anne Henriksen fru Meyer


Eg kunne ikkje lenger utsetje å gå til Anne Henriksen. For meg var ho berre Anne Henriksen, sjølv om ho var fru Meyer for alle andre. Eg hadde kjent henne frå tidleg ungdom. Eg hadde elska henne. Sidan hadde me glidd frå kvarandre som elskarar, men halde venskapen i hevd. Sjølv om det gjekk år mellom kvar gong me hadde kontakt, så var den like nær når me møttest. Eg trur eg visste det meste om korleis hennar liv hadde utvikla seg, og ho visste det meste om mitt.
Det hadde vore stilt lenge mellom oss før dei hendingane som eg fortel om her, tok til. Eg tok ny kontakt av di Linda spurde så skarpt kvifor eg ikkje brydde meg. Korleis eg kunne definere bort ein gamal ven – endåtil ei kvinne eg hadde elska og aldri brote med.
Dei såg, dei som eg hadde rundt meg, òg, sa Linda. Venene hennar hadde ikkje trudd på dørene som ho sa at ho hadde gått på, eller trappene som ho sa at ho hadde snubla i. Men alle rundt henne hadde late som om dei trudde og hadde leita fram påskot til ikkje å snakke meir, høyre meir, sjå meir. Ho visste at dei hadde gått for seg sjølve og tenkt at dei ikkje hadde noko med det, at dei ikkje ville blande seg inn, ikkje vere påtrengjande, at det godt kunne hende at dei tok feil, og at det ville vere frykteleg pinleg om dei skulle påstå noko slikt og at det så skulle vise seg at det var feil, grunnlaust. Og så kunne dei ha treft på han og sett smilet hans og høyrt den hjartelege røysta hans og alle dei gode orda hans som hadde stroke langsmed dei, og då hadde dei kjent at nei, me er på lag, det er ikkje farleg, eg må ha teke feil, det var nok ei dør og ei trapp. Takk og lov.
Malin var ikkje mi dotter. Så vidt eg visste – så vidt Anne Henriksen fru Meyer visste – var ho dotter til Rikard Ruge. Dei hadde hatt ein heit sommar, og så hadde dei gått vidare kvar for seg. Ho hadde ikkje hatt bruk for han då ho merka at ho var gravid. Anne Henriksen var ei vakker kvinne, og ho vart vakrare med åra, ho var sanseleg og i evig rørsle. Ho møtte mange menn og tok rikeleg for seg, eg var altså i godt selskap. Men kort etter Rikard Ruge la det seg ein skugge over henne.
Me budde ikkje så langt frå kvarandre på den tida, me møttest tilfeldig og ikkje fullt så tilfeldig, eg hadde alltid litt lyst på henne – og eg likte å tru at ho hadde det på same måten. Men me berre snakka og lo og klådde litt på kvarandre før me fór vidare kvar til vårt. Det hende så pass ofte at eg såg då låtten stivna og skuggen la seg.
Eg orkar ikkje å skrive detaljane, eg trøytnar berre med tanken. Eg tykkjer eg har sett det så mange gonger: Ho var så glad, ho hadde møtt ein som var så spesiell, heilt annleis, ein ho likevel kunne tenkje seg å vere monogam med, trugen mot. Så kom skuggen, bortforklaringane. Dørene og trappene. Og dei tause bønene om å verte sett, dei ho nekta for i orda sine, men togg for med auga sine.
Og endå meir trøytnar eg med tanken på kva eg gjorde og sa. Dører no igjen? sa eg. Vil du ikkje byte til skyvedører?
Eg skammar meg. Og Linda trekte skamma fram i meg og heldt henne opp framfor meg og sa nådelaust at den som møter eit menneske i einsam naud, ikkje har lov til å vende seg bort.
Så eg gjekk til henne. Ikkje heim til henne, eg visste jo ikkje om ho budde aleine der, eller om han hadde flytta inn. Eg gjekk til henne på bussen. Ho køyrde buss. Så tok eg òg til med det. Eg reiste på måfå rundt med ulike ruter til eg fann ut kor ho køyrde. Ho kjende meg att med det same, me helste og smilte og rakk å seie at det var lenge sidan sist, men sjølv om ein er gamle kjende, kan ein ikkje snakke om noko viktig med ein som køyrer buss. Der er altfor mange tilhøyrarar, og dei har ikkje anna å gjere der dei sit, enn å lyde på praten mellom ein bussjåfør og ein gamal kjenning. Men eg kom att, og tredje gongen forstod ho at eg kom for henne – ikkje for ein distanse eg plent måtte reise. Til slutt møttest me i lunsjpausen hennar.
Eg gjekk rett på sak, fortalde om skuggen eg hadde sett, og bortforklaringane eg hadde gitt meg sjølv, samtalane eg hadde hatt med Linda, og skamma eg kjende. Eg trur ikkje du har det godt, Anne! sa eg.
Ho såg på meg som i sjokk, og så spruta tårene ut. Ho sa at ingen hadde sagt noko liknande til henne, at ingen hadde sett henne på femten år. Og så fortalde ho om eit helvete.
Ein mann som heitte Ven Vore Vise hadde fylt henne med slik attrå og slike varme kjensler at ho aldri hadde kjent maken. Han var ikkje vakker og ikkje rik, men han hadde noko sterkt og noko sårt ved seg som trefte alt i henne: Med han var ho moder og slavinne, skjøkje og madonna, underkasta og dominant – kort sagt alt. I starten var ho grenselaust lukkeleg. Så tok han til å ringje henne inn.
Han vart sår og ulukkeleg når ho såg til eller lo med andre menn. Ho sa at for fyrste gong i livet kjende ho lyst til å vere trufast. Så vart han sår og ulukkeleg når ho såg til eller lo med venninner, så kom det til slekta hennar – og til sist hadde han fått henne til å love seg at ho ikkje skulle ha noko med nokon andre enn han å gjere. Etter det hadde han begynt å slå, for ho hadde jo likevel hatt noko med andre å gjere: Ho hadde smilt til butikkekspeditøren, ho hadde opna døra for postmannen, ho hadde sete på bussen sin og flørta med alle som kom på og gjekk. Og så hadde han teke kvelartak på barnet hennar, fortalt henne systematisk kor dårleg mor ho var, kor dårleg ho passa til å ha ansvar, kor kjappe Velferda ville vere til å hente barnet berre han lyfte røyret og ringde for å melde frå.
Ho fortalde ikkje før lenge etterpå at han hadde trykt henne endå lenger ned, at han hadde slengt til henne denne mannen, denne Randulf Leirfall, som han hadde like mykje makt over, som han òg ville løne og straffe og kontrollere. Dei to skulle vere sambuarar. Dei skulle knulle når han sa dei skulle – og når han sjølv ville knulle, skulle ho hive sambuaren ut av senga, skifte sengeklede og ta imot han i staden.
Eg skammar meg slik! sa ho, då eg spurde kvifor ho ikkje hadde fortalt meg dette.
Det gjorde eg òg, for at noko slikt kunne utvikle seg medan eg hadde snudd ryggen til. Det var som eit sjokk å høyre. Eg trudde det var han sjølv som budde med deg? sa eg. Han har jo kona si, sa ho. Fasaden er viktig for han.
Eg visste jo så vidt kven denne Ven Vore Vise var, og meir har eg sidan funne ut, sjølv om han ikkje interesserer meg stort. Sett på litt avstand liknar folk med slike karaktertrekk så sterkt på einannan at det kjennest heilt banalt å beskrive dei. Det er berre folk som dei får dratt inn i gravitasjonsfeltet sitt, som trur på bløffen om at dei er noko heilt spesielt.
Kan du ikkje berre, sa eg. Eg hugsar ikkje no kva for banalitetar eg spurde om ho ikkje berre kunne, men eg fekk nokre flyktige glimt inn i den nettet av catch22-ar som fanga henne. Så var lunsjpausen slutt.
Eg diskuterte det med Linda. Det kjendest ikkje illojalt, tvert imot. Linda hadde sett korleis det var med Anne Henriksen fru Meyer berre ut frå det eg hadde fortalt. Det var ho som hadde fått meg til å ta opp att kontakten med Anne. Livssituasjonane deira likna sterkt. Eg kjende meg som ein på deira lag, ein slags hjelpar eller ærendsgut.
Ho må bryte med han, sa Linda. Ho må bryte med båe. Eg la fram motførestillingane som eg kunne tenkje meg at Anne hadde. Linda stadfesta at det kunne vere livsfarleg å bryte, men meinte at om Anne vart verande i makta til Ven Vore Vise, så ville ho gje livet frå seg friviljug – og gje livet til Malin på kjøpet. Eg vart overtydd og gjekk til Anne med bodskapen og kjende det som eg møtte ti gonger så sterke og så mange motførestillingar.
Men ho såg korleis Malin utvikla seg, ho såg angsten i henne, og barnet sitt umoglege strev for å løyse og lette mamma sine ukjende vanskar. Ingen av oss visste jo den gong kva slags livssituasjon Malin alt var dratt inn i av haremsvaktaren Randulf Leirfall. Men Anne må ha sett at noko hadde hendt. At noko ikkje kunne halde fram. At noko måtte gjerast for Malin si skuld. Men ho utsette, som ho hadde utsett det som måtte gjerast for si eiga skuld.
Så vart Malin teken frå henne.
Denne gongen gjekk eg heim til henne. Eg kjende vaktplanen hennar, eg visste kva for ruter ho brukte å køyre, eg hadde jo brukt den til å arrangere tilfeldige møter. Men no ville eg ikkje gøyme meg lenger, og eg ville ikkje gje etter for hennar bøner om å gøyme seg. Eg visste at ho hadde fri denne føremiddagen. Eg gjekk frå kafeen, kjøpte ein bukett blomar i kjøpesenteret, tok bussen ut til bydelen ho budde i, gjekk fram til adressa. Ringde på. Så stod ho der og såg på meg.
Fyrst sa ho ingenting. Ho opna munnen – så lukka ho han. To gonger.
Eg vil gjerne kondolere, sa eg, og rekte henne blomane.
Her er folk, sa ho.
Å, sa eg. Skal eg kome att seinare heller?
Det er politiet, sa ho.
Å, sa eg.
Eg veit ikkje, sa ho.
Men då såg eg Mark S. Mekhar stikke hovudet ut frå stova. God dag, sa han.
God dag, sa eg. Eg visste ikkje at du var her.
Berre kom inn, sa han. I alle fall for min del.
Anne Henriksen fru Meyer gjekk til side. Eg kjende lukta av henne då eg gjekk framom. Den har alltid fått det til å krible i meg. Innanfor vart den fortrengd av tung blomeduft. Om ikkje så mange hadde kome i gravferda, så hadde mange sendt blomar. Blomeduft og kaffi, minnestundsluft.
Så, de kjenner kvarandre? sa Mekhar.
Me har vore kjende i mange år, sa eg.
Kjende du Malin òg?
Nei, det kan eg ikkje seie. Anne og eg er kjende frå før den tid.
Randulf Leirfall då?
Nei – han kjende eg definitivt ikkje.
Du likte ikkje han?
Eg har aldri møtt han. Men etter det eg har høyrt om han, er han – eg veit ikkje kva eg skal seie.
Han verkar jo som ein stillferdig og forsiktig mann, sa Mark S. Mekhar
Ein stillferdig og forsiktig mordar?
Mark S. Mekhar sa ingenting. Han såg på Anne og deretter på meg.
Eg skulle aldri teke han inn, sa Anne lågt.
Det vart stille att. Mekhar spurde om me var fortrulege, om Anne tykte han kunne halde fram med avhøyret sjølv om eg var der. Eg tykte det var underleg at han kunne spørje slik, og at han kunne tru på svaret til ei kvinne som så tydeleg hadde late seg styre av menn ho hadde rundt seg. Men i ettertid beundrar eg han for det. Det var eit av dei tidlege teikna eg såg på kor medvite han brukte den sjette sansen sin.
Halvor er den einaste som kjenner til korleis eg har det, sa Anne.
Mekhar nikka. Han såg ikkje overraska ut.
Så det er kan hende lettare for deg då, om han òg er her?
Anne såg på meg. Eg smilte til henne, freista å gjere det roande og varmt, freista å seie henne med auga at eg ville vere på laget hennar, at eg ikkje lenger kunne vere berre ærendsgut, at det berre var henne og meg att på laget. Eg veit ikkje om ho oppfatta det slik. Eg hadde jo aldri fortalt henne om Linda – og Linda hadde nok aldri fortalt henne at ho hadde kontakt med meg.
Så – korleis har fru Meyer det? spurde Mekhar. Og no såg han på meg.
Ho lever i eit fengsel, sa eg. Både ho og Malin levde i fengsel. Og han som du no har bura inne for drapet på Malin – han er berre ein medskuldig. Ein dott og ei rotte, eit åtseldyr.
Det var då svært? sa Mekhar.
Har du fortalt noko i det heile teke? spurde eg Anne.
Ho såg på meg og rista svakt på hovudet.
Skal eg halde fram? sa eg.
Ho såg tvilande og usikker ut, men ho rista ikkje på hovudet meir. Ho nikka ikkje heller. Ho lét meg ta avgjerda. Og eg kjende adrenalinet stige inni meg. Eg snudde meg mot Mekhar og sa:
Dette er jo berre min versjon, du får ta han for det han er. Eg har kjent Anne frå me var unge, og eg er glad i henne. Det ante meg korleis det var fatt då me mista kontakten, og eg klandrar meg sjølv for ikkje å ha brydd meg. Det var Linda som fekk meg til å ta opp att kontakten. Linda såg med ein gong at Anne her sin situasjon var så å seie identisk med den ho sjølv var i før ho makta å bryte med Kent Karlsen.
Ho som var her? sa Anne. Ho som døydde? Linda Dahlin Loe?
Ja, sa eg. Eg kom aldri så langt at eg fekk fortalt deg om henne.
Å, sa Anna og såg rart på meg. Eg veit ikkje kva slags kjensler det løyste ut i henne.
Så der var ein annan mann? sa Mekhar.
Ja, sa eg. Der var ein annan mann. Ein som tok Anne frå oss som var venene hennar. Han gjorde seg så stakkarsleg sjalu at ho tykte synd i han og brøyt med venene og slekta og alle. Og når han så hadde kontrollen på henne, tok han til å mishandle henne og bryte ned sjølvbiletet hennar. Han nagla henne til angst – han brukte barnet hennar mot henne. Han øydela båe to.
Mekhar såg på Anne. Ho nikka svakt.
Men – kjærasten din då? sa Mekhar. Randulf?
Eg klarte ikkje å halde meg, endå det ikkje var meg han spurde. Den dotten var ikkje nokon kjærast, sa eg. Han var ein haremsvaktar. Han var like mykje i makta til den mannen som Anne var. Det var toppen av fornedring!
Anne sat taus. Ei tåre rann ned venstre kinn. Mekhar nikka. Han var like uttrykkslaus. Kjenner eg denne mannen? sa han.
Eg trur eg veit kven du tenkjer på, sa eg. Og eg skulle nesten ha ynskt at det var han. Men det er nok ikkje det. Det finst fleire der ute.
Anne sa framleis ingen ting.
Er denne framstillinga korrekt? sa Mekhar til Anne.
Ho såg på han og gav han eit ørlite nikk. Ho nikka bakover, som om ho ville kamuflere det.
Kan du fortelje dette sjølv i retten? sa han.
No måpte Anne. Det kom noko jaga over henne. Må eg det? sa ho.
Om ikkje du vil vitnefeste det, så kan eg vanskeleg føre det fram for retten, sa Mekhar.
Ho såg på meg, i redsle. Vil du at han skal drepe meg? sa ho. Ho hadde eit umerkeleg trykk både på «han» og på «meg».
Det er farlegare å vere redd enn å vere modig! sa eg, og i det same slo det meg at dette hadde eg frå Faadumo Awale Samakab via Linda, og at dei no var døde båe to. Så eg la til: Eg skal ikkje svikte deg meir, Anne.
Kva heiter denne mannen? sa Mekhar.
Må eg seie det? sa Anne.
Han heiter Ven Vore Vise, sa eg. Truleg ustraffa. Ein heidersmann, nett som dei brukar vere, desse.
Dette var veldig nyttig, sa Mark S. Mekhar og reiste seg. Det gjer Leirfall meir forståeleg. Han såg på meg og sa at det var bra at eg kom, og han tok Anne i handa og baud farvel. Ho fylgde han ut, gjekk på badet ei stund – og kom inn att.
Eg trur eg hatar deg! sa ho.
Og eg kjenner gamal kjærleik vakne! sa eg.
Ho gjekk bort og såg på biletet av Malin, eit stort, leande andlet, ti år gamal om lag. Ho stod lenge der og såg utan å seie noko. Eg hadde trong til å gå bort og halde rundt henne, men gjorde det ikkje. Eg kjende at det ikkje ville vere rett.
Malin fekk aldri kjenne kjærleik, sa ho. Eg var ikkje der for henne.

Etter ei stund snudde ho seg til meg og sa: Difor hadde ho ikkje styrke til hat. 


Til avsnitt 80


Boka er no i sal 





Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok