fredag 6. september 2013

43: Dag 12 kl 16:30 - Status quo-prinsippet

            (Samandrag)      
            Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var16:30
I Politihuset vart Linda ståande med open munn og telefonrøyret i handa. Ikkje på grunn av det Faadumo hadde sagt, men på grunn av det ho høyrde rett framfor seg.
Jourhavande jurist var komen inn. Det var ein relativt ung mann, pen og ulasteleg i  uniforma. Han heitte Wagoner og kom frå Bellevue, som Rudolf Steiner, dei var barndomsvener dei to. Han hadde gode papir frå universitetet, men hadde likevel gått inn i politiet heller enn å bli advokatfullmektig, for han ville bli domar. Han var svært bevisst på at han stod ein klasse – minst - over dei operative politifolka.
Eg har vore i møte med advokat Hjelmeland. Han hevdar at status quo-prinsippet må leggast til grunn i konflikten mellom Karlsen og Dahlin Loe. Eg reknar med at saka kjem opp i Fylkesnemnda for sosiale saker rett over helga og har konkludert med at vidare tiltak skal avventas til den har konkludert, sa han og la til medan han såg på vaktsjefen: Okey?
Orsak…. Sa  Irene Guri Andersen Halvorsen.
Wagoner såg på henne, såg på vaktsjefen og snudde seg for å gå.
Karlsen har jo bortført barnet! Sa ho.
Der står påstand mot påstand, sa Wagoner over skuldra. Fylkesnemnda får avgjere.
Så gjekk han.
Ingen sa noko i operasjonssentralen. Linda såg forvirra frå den eine til den andre. Ingen møtte blikket hennar.
Vaktsjefen bøygde seg over mikrofonen, trykte inn knappen og sa:
Til alle bilar. Ettersøkinga av Kent Karlsen og ti år gamle Ingrid Dahlin Loe er avblåst av politijuristen. Alle tek opp att førre oppdrag. Takk.
Linda stod framleis med røyret i handa. Ho trudde ikkje det ho trudde ho måtte tru.
Skal eg ikkje få Ingrid tilbake? Sa ho.
Kan du hjelpe henne ut? Sa vaktsjefen til Irene Guri.
Irene Guri Andersen Halvorsen bevegde seg sakte gjennom romet. Ho tok telefonrøyret ut av handa til Linda, la det på plass, tok henne under armen og snudde henne rundt. Så snudde ho seg sjølv til vaktsjefen og sa:
Eg køyrer med henne og hentar barnet.
Det høyrde eg ikkje, sa vaktsjefen.
Kom, sa Irene Guri.
I landskapet utanfor operasjonssentralen fekk Linda endeleg mælet tilbake.
Har dei avblåst ettersøkinga? 
Kom, sa Irene Guri. Me har dårleg tid.
Har dei snudd bilane som var på veg?
Me skal køyre etter dei. Du og eg. Ring han venen din og be han forklare vegen.
Det var ei hjelp i å handle. Linda fann fram nummeret til Mehmet i den korte lista over innkomne samtalar i den nye telefonen. Han svarte med ein gong.
Mehmet – alle politibilane har snudd.
Kvifor?
Han har klart endå ein gong å reise tvil. No skal dei vente på ein rettsinstans over helga.
Men om han har gjort henne noko?
Trur du det?
Kvifor er han på veg attende medan ho ikkje rører seg?
Kva meiner du?
Eg trur me har funne vegen. Det er ein smal skogsveg som tek av i ein sving på vegen som er skilta til Dalsli Berg. Nokon har køyrt her før – kan hende både inn og ut.
Dalsli Berg. Til høgre frå hovudvegen?
Det er om lag seks mil ute av byen, til høgre ja. Eg ringer att så snart me er sikre på at det er rette vegen.
Irene Guri slo blålysa på og sette opp eit farleg tempo då ho hadde fått høyre opplysningane frå Linda.
Status quo-prinsippet er den institusjonaliserte feigskap! Sa ho.
Kva tyder det?
Det er ein juridisk regel for folk som tykkjer at det er tryggast å gjere ingenting slik at ein ikkje får skulda om det skulle bli endå verre enn det er.
Linda såg på henne og vart våt i auga. At tvilen skal kome tiltalte til gode?
At tvilen er ei heilag sovepute. Og at den som legg seg på den vert rettferdiggjort uansett kva som hender medan han søv!
Ein politibil kom motsett veg. Irene Guri helste med å blinke med lysa. Dei kom inn på radioen.
Du køyrer farleg fort, sa dei.  
Det er eit føre vár-prinsipp, sa ho.
Treng du hjelp? Sa dei.
Vaktsjefen braut inn på radioen: Eg gjentek: Alle tek opp att førre oppdrag!
Positivt. Slutt. Sa politiinspektør Irene Guri Andersen Halvorsen frå Øya ytst i Havet. Ho køyrde lenge utan å seie noko, ho køyrde kan hende endå fortare, ho låg an til å klare dei seks mila på ein halvtime.
Linda sin telefon ringte. Det var Olave Mario de la Polvora.
Fru Linda – hugsar du  meg? Me møttes i gravferda til vesle Malin. Eg er med din ven Mehmet i bilen. Eg må fortelje deg kva me har funne. Me har funne fotspor i snøen. Vegen er slutt.
Spor etter Ingrid?
Ein mann og eit barn har gått innover i skogen. Ein mann har gått aleine ut.
Linda tok opp att til Irene Guri med ein gong: Dei har funne spor ved enden av vegen – Eit barn og ein mann har gått inn i skogen – ein mann har gått aleine ut.
Fy faen! Fy faen! Fy faen! Sa Irene Guri Andersen Halvorsen. Nåla kraup endå høgare på fartsmålaren.
Mehmet ville vente med å fortelje. Men eg kunne ikkje vente. Me fylgjer spora. Me ringer så snart med finn noko meir, sa Olave.
Linda såg steinane føre seg – stein og strå og stritt regn - kast i kast nedetter bratta og skriket til Sander- auga hans – du skulle verne meg – ho såg skoa til Ingrid i gangen om morgonen, ho såg andletet hennar høyrde røysta hennar – når eg blir stor – ho såg den blodraude tåka som la seg over verda då han slo og slo og slo og ho kjende ingenting ville berre bort til guten sin. Bort til jenta si. Ho hiksta.
Irene Guri snakka i radioen: Bil 51 til sentralen. Ved enden av ein skogsveg nær Dalsli Berg der er det funne fotefar. Eit barn og ein mann har gått inn i skogen. Ein mann har gått aleine ut. To vitne fylgjer spora. Eg er på veg for å undersøke.
Det tok lang tid før det kom svar. Då det kom, var det kort: Melding mottatt. Ligg lågt. Rapporter. Slutt.
Eg er redd. Sa Linda.
Eg og, sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Men kvifor er du redd?
Her er så mykje uforstand.
Uforstand….. Linda togg på ordet.
Her er så mange som lever med skylappar og ikkje veit korleis verda ser ut og korleis menneska er. Dei trur verken på vondt eller godt – dei trur dei kan leve i ei leikegrind og skru verda utanfor av og på etter som det passar dei. Men makt vil dei ha. Dei er som born.
Har du barn?
Nei.
Vil du ikkje?
Jau.
Eg og. Eg vil ikkje miste Ingrid!

Nei. Irene Guri beit seg i leppa. Ho måtte slakke litt ned, så at ho fekk tørka seg i eine augekroken. Så auka ho farten att.