fredag 15. november 2013

73: Snikande fare

Eg visste jo ikkje om alt dette då eg gjekk frå rettsmøtet. Bileta av Kent Karlsen som skamslo Faadumo Awale Samakab og så drog henne medvitslaus inn i bøttekottet, kverna rundt i hovudet mitt. Eg hadde vel ant at det var noko slikt Mekhar hadde mistankar om då han ringde etter kriminalteknikarar og ein patrulje som kunne hente inn Karlsen til avhøyr. Men at han kunne ta sjansen på å gå direkte i retten og leggje fram teorien sin utan ein gong å ha konfrontert den mistenkte skikkeleg med han, det tykte eg var uventa offensivt.
Kent såg ikkje ut til å ha kjent meg att under den korte samtalen med Mekhar. Det gjorde ikkje noko om det trekte ut, tenkte eg. Før eller seinare ville me kome til å stå framfor kvarandre, og då ville nok ikkje eg kunne skjule at hendingane dei siste dagane hadde omskapt gamle og vonde kjensler for han til hat.
Eg var svolten. Eg gjekk på kafeen på Kulturtorget, der Linda må ha vore då ho gjorde opptaket av trugsmålet frå Kent Karlsen. Det kan ha vorte byrjinga på slutten for han, tenkte eg. Han var jo vand med at slik løynd terror var effektivt. Det nagla den som vart truga til einsemd og hjelpeløyse, for folk flest ville ikkje tru på slikt. Det var ubehageleg, det var skræmande, det var enklare å tru at ho overdreiv eller var hysterisk, at ho såg skrømt. Men så hadde ho altså klart å fange det med telefonopptakaren og spreie det både til dei som trudde henne, og til dei som helst ville tvile.
Eg kjøpte to rundstykke og ein kopp kaffi og såg ho som stod bak disken, i auga. Ho var utanlandsk, men europear. Ho vart ikkje skræmd, ho smilte litt.
Er det du som har laga dei? spurde eg.
Nei – det er kokken, sa ho. Aha, sa eg.
Så han tek moroa – og du må gjere det keisame?
Ho lo og sa nei då, det er moro å snakke med folk. Så lo me båe, og eg gjekk til bordet og tenkte: Har løynde trugsmål vorte vanskelegare når det har vorte så lett å dele tankar og kjensler og hendingar med andre gjennom sosiale medium?
Eg sette meg til å sjå ut på torget, på fontena med dei vintergrøne prydbuskane, røykjekroken utanfor puben Korridoren, kyrkja der det ikkje var plass til Malin Meyer si gravferd, husveggane med alle dei matte auga mot vinden, og eg tenkte: Kvifor kjenner eg denne trongen til å skrive om alt dette? Er det den same trongen som fekk Linda til å bryte eksilet?
Var det sant dette, at det var farlegare å vere redd enn å vere modig?
Brått fann eg ut at eg ville oppsøkje denne politikaren, denne «Elvis».
I det verkelege livet heitte han Einar Klen Nattmusk. Han var deltidspolikar, og arbeidde elles som tilsett hovudverneombod på eit av dei store spedisjonsselskapa eit lite stykke frå sentrum på høgre breidd. Eg ringde fyrst, sa kva eg heitte, og at eg skreiv om hendingane i byen her, om eg kunne få gjere eit intervju med han? Eg var hjarteleg velkomen.
Både rotasjonsgrinda og den metalliske røysta stemte, men så var det slutt. Nattmusk kom og henta meg til eit lite kontor inne på området. Der var lagerbygg og mykje trafikk med svære doningar – tretti tonns truckar og lastebilar. Nattmusk var hjarteleg og hyggjeleg, han måtte bryggje kaffi fyrst medan han spurde meg ut: Kva for ei avis sa du? – Å, jaså, ei bok, så spanande! Har du skrive mange før?
Nei, sa eg, som sant var. Eg har aldri skrive noko før, og eg veit ikkje om eg får det til. Men eg er vorten så engasjert av desse hendingane – eg må liksom gjere noko, og så kjem eg ikkje på noko betre.
Du har ikkje tenkt på å kaste deg inn i politikken, heller?
Ikkje til no. Tykkjer du at du får gjort noko der?
Der trengst det brennande hjarte! sa han.
Kva brenn du for?
Den store visjonen er jo ein by – og eit land – der folk står saman og ingen vert overlatne til seg sjølve om ulukke eller urett rammar.
Mange seier jo at nett det der er særtrekka med byen her – og då er den vel alt slik?
Det er viktig å forsvare særtrekka, ja.
Kven trugar dei?
Alt som dreg andre vegar. Kriminalitet er jo det største trugsmålet. Eg meiner oppklaringsprosenten må opp!
Altså at straumen av hendingar vert stykka opp i einskildsaker, og at det så vert funnen ein skurk i kvar sak?
Han såg litt usikkert på meg medan han drog ut eit langt og uavslutta jaaaa. Det var ein uvanleg måte å seie det på, sa han så.
Ja vel? sa eg.
 Straumen av hendingar … tok han opp att, som om han måtte tyggje det om.
Heng ikkje alt i røynda saman? spurde eg.
Sjølvsagt! sa han. Politikk har med samanhengar å gjere – å setje inn tiltak der me veit at det får positive ringverknadar slik at me får til ei vekselverking av gode impulsar – ein spiral som peikar oppover.
Kjenner du Kent Karlsen? sa eg.
Ein heidersmann! Rett mann på rette staden! sa Nattmusk.
Eg har nett vore i retten, sa eg. Det var fengslingsmøtet til Reinhard Skjetne, han som har vedgått dei fire drapa på fredag kveld. Politiet sa at dei mistenkjer Kent Karlsen for å ha mishandla ein av dei som vart drepne der, ho som heitte Faadumo Awale Samakab.
Sa dei det?  
Dei sa at ho arbeidde for han, og at det var ho som hadde funne ut kor han hadde gøymt dottera til Linda Dahlin Loe. Dei mistenkjer at han vart så rasande då han forstod at Faadumo hadde varsla mora til jenta, at han slo henne medvitslaus og sparka henne slik at beinet brakk.
Dette høyrest utruleg ut.
Dei vil visst òg gjerne ha ei forklaring på korleis Faadumo – medvitslaus, innelåst og med brekt bein – klarte å bevege seg frå kjellaren av Sentrumsbygget til staden der ho vart drepen saman med dei andre.
Eg kan jo ikkje kommentere dette.
Nei vel?
Eg har jo ikkje høyrt om dette før – eg kan jo ikkje vete om det er sanning, det du fortel meg.
Nei, sa eg, framleis i eit spørjande tonefall.
Når eg kallar han ein heidersmann, har det å gjere med det eg kjenner han som: Ein framifrå leiar av Sentrumsforeininga, ein som betre enn nokon har sett ord på problema som byen her strir med. Korleis privatlivet hans artar seg, har eg ingen kunnskap om. Ikkje har eg lyst å leggje meg borti det heller .
Å nei, sa eg.
Du må jo forstå det! Eg kan jo ikkje skilje rett og galt i sfærar som eg ikkje veit noko om og ikkje har noko med?
Nei, sa eg. Så det er ikkje som i tilfellet Malin Meyer?
Det var ikkje drapet eg protesterte mot – det var skulen sin praksis! sa han endå ein gong. Det er veldig underleg at han kunne formulere seg slik gong etter gong utan at nokon kviskra han i øyret at det var ei gåve til folk som måtte ynskje å karikere han.
Og her er ingen slik tvilsam praksis?
Min gode mann, sa han, eit moderne samfunn må ha reglar og prosedyrar. Når det oppstår ei uønskt hending, må alle gode krefter setjast inn på å finne ut om det var brot på prosedyrar eller om det var ein systemfeil. I tilfelle Malin Meyer var det etter mitt syn ein systemfeil. Ho skulle aldri ha vore på Cosy Lamps. Eg trur ikkje det var slik med det som hende på fredag. Ingen prosedyrar kan hindre terror.
Terror?
Det finst snikande farar som ikkje lèt seg analysere rett og slett av di dei er løynde. Som ormar i lynget. Politi og forsvarsmakt må handsame dei og melde frå om det trengst prosedyreendringar i det sivile samfunnet. Det hadde dei ikkje gjort her.
Nei.
Det kan vere at dei har rett, dei som meiner at politiet svikta i denne saka. Men det vil ikkje eg kommentere. Ikkje enno, i alle høve!
Men om det ikkje var terror?
Ikkje terror? Kva skulle det vere då?
Nei – eg tenkjer – om det rett og slett var konfliktar mellom menneske?
Eg forstår ikkje?
Ikkje eg heller. Men då eg høyrde aktoratet i Retten i dag, slo det meg at her kan ein samlivskonflikt og ein forvirra religionskonflikt ha vikla seg inn i kvarandre, og at det berre vert endå meir forvirrande om ein også skal tenkje på det som terror.
Meiner du at terror er noko anna enn konfliktar mellom menneske?
No var det meg som ikkje forstod. Han såg det, og likte det godt. Og nytta høvet til å endre tema:
Du er ein skarp observatør!
Eg sa ikkje noko. Eg hadde heldigvis bøygd meg ned mot notatboka mi, eg skreiv nokre krusedullar.
Det vert nok ei god bok du skal lage! Eg skulle gjerne visst korleis konklusjonen din vert!
Korleis ville du ha konkludert?
Eg trur nok at eg ville brukt det vanlegaste av alle bilete på den politiske stoda – nemlig det militærstrategiske: Det finst tider for åtak, og det finst tider for forsvar. Det me opplever i byen her no, er ein situasjon med sterke åtak på oss, frå opne og løynde hald. Me må samle kreftene, og me må samle merksemda – og me må stå saman! Det trengst brennande hjarte, kvasse hjernar og motige menn for å stå imot. Og av slike kan me aldri verte mange nok!
Eg skreiv. Heldt munn og skreiv. I ytterkant av synsfeltet såg eg at han smilte.
Kan eg få lov å invitere deg med i ein komité? spurde han.
Eg såg spørjande på han.
Du vil jo gjerne gjere noko – då har eg eit tilbod: Me skal formulere eit breiast mogleg opprop for samhald i byen her. Eg treng eit skrivande menneske ved sida av meg.
Eg trur ikkje eg vil involvere meg sjølv i det som hender her, sa eg.
Eg trur du alt er involvert, sa han. Men du kan jo verte med berre for å observere i fyrste omgang?
Kva tid er det?
No. Kjem du?
Han henta jakka si og me gjekk. Han trekte meg inn på ein oppmerkt sti då me gjekk over tomta, han sa at prosedyrane var slik at ingen hadde lov til å setje føtene utanfor malingsstrekane. Når det var folk på veg mot fotgjengarfeltet over transportløypa, skulle truckar og lastebilar stanse og vente på ti meters avstand. Langs løypa skulle fotgjengarane gå etter kvarandre, over køyreløypa måtte dei gå jamsides. I trapper var det påbode å halde minst ei hand i rekkverket, og einslege personar hadde ikkje lov å ta heis.
Det har fått ulukkestala ned! sa han.
Ja, sa eg. Eg visste jo det. Slik er det på stader der livet er repetisjonar av eit fåtal handlingar, hendingar og riskar.
Tenk om heile samfunnet kunne verte like disiplinert! sa han, og vinka til eit lite andlet høgt oppe i trettitonnstrucken som stod tolmodig og venta på at me skulle krysse.
Står det i partiprogrammet ditt? spurde eg.
Er du galen! Nei. Det ville ikkje ein gong verte forstått internt. Slikt kan ikkje skrivast i program.
Eg tenkte at eit partiprogram er ei reklamebrosjyre for ei gruppe personar som ynskjer å vere i lokal- eller riksparlament eller organ som spring ut derifrå. Dei konkurrerer om å skrive mest fengande det dei trur folk flest meiner etter å ha undersøkt det på eit slags vitskapeleg vis. Det er ikkje der dei fører inn det som kan vere kontroversielt.
Korleis arbeider du for strengare prosedyrar, då? spurde eg.
Me fokuserer på resultatet, ikkje på metoden. Eksempelvis krev me betre tryggleik. Då er det klart at fagetatane må skjerpe prosedyrane. Det same gjeld kvalitet og kostnadseffektivitet.
Så tryggleik og kvalitet tyder eigentleg strengare prosedyrar og meir einsretting?
Han lo og sa at han forstod at eg var ein ordets mann, og at han helst ikkje ville inn i ordskifte på min banehalvdel. Men han rekna med at me var samde om det vesentlege, om auka tryggleik, høgare livskvalitet og reduserte skattar og avgifter.
Kor skal me? spurde eg.
På Korridoren, sa han.
Eg ante ikkje at det var noko møterom på puben der. Det var bakarst, attom ei dobbeldør, fullt utstyrt med AV-utstyr og trådlaust nett, men samstundes slik laga at det kunne fungere som lukka selskapslokale. Me var mellom dei siste som kom. I alt var der kan hende tjue menneske der. Eg kjende att ordføraren og fleire politikarar, både frå byrådet og opposisjonen, Kent Karlsen sat der, fleire kjende andlet frå forretnings- og produksjonsliv, eit par universitetsfolk. Og Ivor Iveland.
Eg skal ikkje trekkje ut tida med å gå i detaljar om dette møtet. Det var mest snakk som eg tykte var uinteressant – nærast ein diskusjon om paven sitt skjegg og hypotetiske situasjonar av ulike slag. Ordføraren snakka mykje om noko han kalla «triple helix», det gjekk visst ut på at næringsliv, forvaltning og akademia skulle arbeide saman. Kent Karlsen var den som sette det om til ord slik at alle såg nøgde ut. Han omfavna liksom ordføraren og seg sjølv og sa: Me gjer det! Så peikte han mot universitetsfolka, og sa: De forklarar det! Til sist vende han peikefingeren mot næringslivsfolka og la til: Og de betalar. Det er triple helix!
Det mest interessante innlegget var Ivor Iveland sitt. Det var ikkje det at han sa noko nytt, men han sa det på ein måte som eg vart veldig overraska over. Han snakka roleg, overtydande og utan slike bombastiske overdrivingar som eg hadde venta:
I røynda er tabuområda hovudproblemet, sa han. Alle kan sjå at innvandringsstraumen ikkje lenger er lønsam, og at dei muslimske gettoane i europeiske byar er som drivhus for ekstreme nettverk. Det som har hindra effektiv kontroll med dette, er at det har vore så vanskeleg å snakke om. Ingen har hatt mot til å risikere identifikasjon med historiske overdrivingar i rasehygienen sitt namn. Men utviklinga tvingar no fram ein friare debatt. Nokon av oss må ta belastninga med å stikke holet i ballongen. Så vil nok både temperatur og språkbruk normaliserast etter kvart.
Ingen sa han imot. Tvert om – ein av universitetsfolka, ei kvinne som presenterte seg som religionssosiolog og islamekspert, sa at det var ei plikt for universitetet å gå i bresjen for det frie ord, og at ho trudde tida no var mogen for ein sterkare akademisk realitetsorientering.
No har jo Kent Karlsen vore i hardt vêr, sa Einar Klen Nattmust då det tydelegvis gjekk mot slutten av møtet. Me må vere budde på at det kan verte tøft for den som stikk nasen fram – det vert ikkje spart på krutet korkje på den eine eller andre sida. Eg forstår det slik at røyster innanfor politiet freistar å løyse forklaringsproblemet etter dei tragiske hendingane på fredag med nye åtak på Kent Karlsen. Eg har berre lyst til å seie at slik eg kjenner deg, Kent, så gjer du ein framifrå jobb for byen her. Eg vonar sjølvsagt at det vert tilbakevist det som vert sett ut om privatlivet ditt, men i mellomtida vonar eg at ingen vil lukkast med å drive inn nokon kile i einskapen her i byen!
Ivor Iveland var veldig ivrig etter å få ein siste replikk. Han ville støtte Nattmust fullt ut. Han hadde sjølv vore på rettsmøtet og sett korleis ein muslimsk politimann hadde brukt heile rettsmøtet til å leke påstandar om Kent Karlsen til pressa. Dei vart elegant tilbakeviste av forsvararen, men forsamlinga burde vere budd på det meste når det galdt kva media kunne finne på å gjere ut av det.
Til då hadde eg berre sete og notert stikkord som kunne høve i Nattmust sitt opprop. Men no klarte eg ikkje halde meg lenger – eg tok utan vidare ordet.
Eg var der òg, sa eg. Iveland har heilt rett: Aktoratet sa at det fyrste dødsofferet må ha vore grovt mishandla på førehand, og at dei rekna med at Kent Karlsen hadde opplysningar i så måte, sidan denne kvinna sist var sett saman med han då han avslørte at ho hadde varsla mora til barnet som Karlsen hadde bortført om kor han hadde låst henne inne i ein kjellar. Dei trudde at ho var vorten slått medvitslaus, at eine beinet var brekt, og at ho dessutan hadde vorte innelåst i eit byttekott i kjellaren i Sentrumsbygget fram til ho vart frakta til drapsstaden av ein eller annan.
Då såg eg at Kent Karlsen kjende meg att. Frå no av treng eg òg pistol, tenkte eg.

Ja – og liknande spekulasjonar av same kaliber, sa Ivor Iveland. Utan så mykje som ein fert av prov. 


Til avsnitt 74


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok