mandag 9. desember 2013

83: Olave Mario si gravferd

Det finst glør under bare føter i alle trusretningar. Det er ikkje kjærleik, sanning og fromme levevis dei truande vert prøvde i. Muslimar vert skulda for terror, hinduar for kvinnedrap, reformerte kristne for hæken sedløyse og katolikkar for pederastisk fråtsing i smågutar. Kvar av dei må fronte sameiningar av konkurrerande religionar og sekulære sirklar på marker for strid der det ikkje er visdomen som sigrar men demagogi, publikumsfrieri, kjenslebylgjer og korttenkte slagord.
Dette skal Dinh Xuan ha tenkt på då han sat med Carmen, enka etter Olave Mario de la Polvora og høyrde hennar stotrande talestraum om den ho hadde mista, om alle hans feil og skavankar og sviktande gudstru, men og om den grunnleggjande godheita som låg i han og aldri gav han kvile.
Det tyder krut, sa ho. Namnet hans. Polvora er eit  aude dalstrok på vestsida av Andes, langt nord om folkeskikken i Chile. Men det tyder krut. Og Olave var full av krut. Ikkje øydeleggjande eller vondsinna sprengkraft, men slikt krut som fins i fyrverkeriet på påskeaftan og allehelgensdag.  
Ja, fru, sa Dinh Xuan, og såg føre seg den gode kjempa frå og fjellrekka som stakk heilt opp til himmelen
Han sette barn på meg og gjekk inn i sosialistpartiet. Han arbeidde natt og dag, han ville gjere slutt på fattigdom og vankunne men han brydde seg aldri med å gå til presten for å gjere barnet lovleg – me vart ikkje gifte før kuppet kom og ein utlending gjorde det, i ein framand ambassade utan ein einaste frå min familie og berre eit syskenbarn frå hans medan fascistane stod ved porten og skaut etter alt som rørte seg utanfor gjerdet…
Ja, fru, sa Dinh Xuan, og såg føre seg ansiktslause menn i khaki og kinesiske bilar som mangla meir å bygge, som berre kunne kunsten å skræme og skyte og skuve skam over Wung Tau.
Han gjekk som i bur – men såg han ein katt som leid eller eit barn som gret så gløymde han alle sine sorger for deira. Å – eg angrar så djupt alle harde ord! Han var som dei mektige fjella han var runnen av – det var berre slegge og slag som beit. Og no er han borte. For alltid. All hans kjærleik. Alle hans famntak,  all hans song. Han song vakkert. El hombre es un creador, song han.
Carmen græt. Dinh Xuan sa ja, fru, endå ein gong, og tenkte at han ikkje kunne spansk men at ordet var det same på alle latinpåverka språk og i alle høve dei to som hadde lagt sine hender på IndoKina og hatt med seg både bodskapen om Skaparen og ideen om Folket si skaparkraft. Han bestemte seg for at han ikkje ville foreslå songar av Victor Jara i gravferda.
Pablo Neruda, sa Carmen. Kan me synge  Gracias a la Vida?
Ja, fru, sa Dinh Xuan, og tenkte at alt i verda er forgjengeleg, til og med den katolske verdskyrkja sitt bolverk mot kommunistiske songar.

Der var ingen prosesjon som fylgde Olave Mario de la Polvora gjennom byen. Kroppen var frigjeven same dag som Mehmet Habini, men katolikkane hadde ikkje slik hast med å få han i jorda. Han hadde ligge til syning og det hadde stått dette minneordet om han. Familien hans hadde og lagt jordfestinga til kveldstid slik at ingen skulle vere nøydde til å be seg fri frå arbeid for å fylgje han.
Anne Henriksen fru Meyer var mellom dei som ville fylgje. Eg var hos henne heilt til me måtte gå. Me snakka mykje og me tidde mykje. Ho var redd for å vere aleine og redd for fylgjene av at eg var der så lenge men fyrst og fremst var ho redd for si eiga sorg. Ho var ingen nær ven av Olave Mario de la Polvora, knapt nok av Carmen, men dei hadde levd i kvarandre sitt nærmiljø og kvardagane deira hadde frå tid til annan huka seg fast i kvarandre, som då Malin trilla barnebarnet til Olave og Carmen. Men så – snaue to veker tidlegare - hadde Olave Mario brått trødd inn i livet hennar som ein slags ambassadør for Malin, ein slags beskyttar – ein som hadde skræmd Randulf Leirfall med den utvitydige åtvaringa om at det fanst menneske som brydde seg.
Utan hans gode kraft kunne Malin kan hende framleis ha levd
Me kom litt seint. Inngangsromet til kyrkja var full av sko, det var berre ein smal sti å gå mellom dei, me måtte gå etter kvarandre. Det stod ein gravferdsagent og gav ut songhefte, han kviskra at dei ikkje hadde vore budde på dette, at dei ikkje visst korleis dei skulle gjere det når fylgjet kom ut med kista. Det var same bilete av han på songheftet som over minneordet i avisa.
Det var så fullt i kyrkjeromet at der ikkje var sitjeplassar att, men tre unge jenter reiste seg då dei såg oss. Eg ville til å protestere, men då eg såg at Anne Henriksen fru Meyer tenkte det same, nikka eg takk til jentene og skauv henne inn.
Det må ha vore eit fleirtal av muslimar i kyrkja. Sheila Hasina hadde tydelegvis mobilisert like aktivt til denne gravferda som til Faadumo si. Kvinnene sat med tildekte hovud. Mennene var meir inkonsekvente – sume hadde kufi, andre var berrhovda. Men alle var utan sko.
Den nest største gruppa var latinamerikanarane. Dei var alle i same aldersgruppe som Olave Mario, og dei var kledde på same vis som han brukte, i grå eller brune jakker over tunn genser. Så var det Margrethe Ostarcevic og jentene som fylgde henne. Saman med dei sat Ingrid og Irene Guri Andersen Halvorsen.
Messa snigla seg fram. Dei aller fleste som tok del var usikre på korleis dei skulle te seg, dei høyrde til andre trusretningar eller dei var ikkje vande med å ta del i messa. Dei reiste seg og stod tause medan Dinh Xuan leidde eit knippe einskildrøyster i truvedkjenning og skriftlesing, dei sat og såg i heftet medan dei aktive katolikkane song. Eg studerte kista. Det stod eit bilete av den døde der. Eg hadde jo aldri snakka med han, berre sett han på avstand og høyrt om han. Men di meir eg høyrte, di meir respekt fekk eg for han. Eg klarar ikkje no å skilje mellom kva eg hadde høyrt før gravferda og kva eg har høyrt etterpå, så det er ikkje sikkert eg hugsar rett når eg kjenner på minner om at det var ein slags helgen me tok farvel med. Både denne mannen og Faadumo Awale Samakab fyller meg i dag med ei kjensle av å ha vore i nærleiken av heilage menneske, og det er underleg, for ingen av dei har ettermæle om praktiserande religiøsitet. Ingen av dei hadde heller snakka stort om det heilage medan dei levde. Men etter dei, er det mange andre som gjer det.
Dinh Xuan var vel den som sette standarden. Då han kom fram til preika si sa han at det var forbøna for Olave Mario sitt vidare liv som opptok han mest. No når han ikkje lenger var mellom oss her, ville han halde fram med å reparere det biletet av Gud han hadde i seg heilt til han ein dag ville kunne stå fram for Hans åsyn. Det er ikkje opp til nokon her å dømme om det, me kan gle oss over hans nye liv eller me kan syrgje over ventetida som ligg framom oss, før me atter kan få tal del i gledene rundt han, sa han. Og så heldt han fram slik:
Men me har og annan stor sorg saman. Han døydde ikkje aleine. Han døydde ikkje i ulukke. Dei døydde i ein kamp for det gode som ingen har rett til å snu seg bort frå, sa han.
Eg hadde jo aldri vore der før, så eg veit ikkje om han brukte tale slik. Han såg ikkje slik ut, for å seie det banalt: Han var tunn og liten og spe. Slik var røysta hans og, men han hadde hjelp av ein høgtalar og han snakka utan aksent så bodskapen nådde fram til alle som sat i kyrkja.
Eg såg Sheila Hasina. Ho hadde bøygd seg framover liksom for å kome nærare. Ho hadde ei underleg rynke i panna, eg trur det må ha vore eit teikn på konsentrasjon. Aziza sat ved sida av henne. Eg kunne sjå at ho alt var våt i auga. Det skulle snart bli endå sterkare kjensler mellom mange i salen.
Carmen Adelia Sanchez de la Polvora – Olave Mario sin næraste på jord – har bede om at eg og skal minne om alle dei andre som er borte: Om Malin Meyer, Angelique Fuglesang, Mehmet Habini, Faadumo Awale Samakab og Linda Dahlin Loe.
Olave Mario hadde engasjert seg i Malin Meyer sitt liv, han ville hjelpe henne vekk frå den plassen der ho vart drepen, han var den siste av venene hennar som såg henne – på bussen, den morgonen. Olave vart og full av uro då Angelique Fuglesang vart borte, han gjekk heim til henne for å kondolere dei som sat att etter henne og fann at det var ingen, han vart fylt av sorg av di ho hadde vore aleine i verda. Olave reiste saman med Mehmet Habini for å fri vesle Ingrid som var bortført frå mor si, Linda Dahlin Loe. Den einaste som Olave ikkje kjende var Faadumo Awale Samakab. Men han hadde gjort gode gjerningar saman med henne og, for det var hennar rettleiing dei køyrde etter – det var ho som hadde funne ut kor Ingrid var.
Det var gode gjerningar som batt han til alle desse andre. Difor er minnet om Olave Mario de la Polvora og knytt til minnet om desse andre. Dei hadde ulike tru. Men kven er vi til å døme om kva framtid Gud vil by dei?
Eg kan ikkje tru anna enn at han var på yttergrensa av det ein katolsk prest kunne seie utan å kome i konflikt med si eiga lære då han avslutta slik. Men eg er ikkje katolikk, og har berre overflatisk kunnskap om verdskyrkja si lære om kva som hender med muslimar og lutheranarar når dei døyr. Men i høve til oss som sat der i kyrkja så var talen hans umåteleg vakker. Eg snakka med Sheila Hasina om det etterpå. Ho stadfesta at ho og hadde kjent det som ei heilag stund. Det var fyrste gong nokon sette dei døde i den store samanhengen dei høyrer heime i, sa ho: Dei var offer i kampen for det Gode mot det Vonde. Det gjer religiøse eller filosofiske eller ideologiske prinsipp eller kulturelle særtrekk til noko underordna, til noko menneskeleg og kvardagsleg:
Det Gode er alle sitt mål, sa ho. Talen hans fekk oss til å kjenne oss som eitt i kampen mot det Vonde.

            Det vart eit salig kaos då me skulle fylgje til grava. Gravferdsagentane hadde sett seg nøydde til å flytte alle skoa slik at det kunne bli plass til å bære kista ut. Fylgjet måtte vente medan alle muslimane leitte fram fottøy. Gudane aleine veit kor mange som gjekk derifrå med for små eller for store sko. 


Til avsnitt 84

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 

Boka er no i sal 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok