fredag 11. oktober 2013

58 - Eg kom attende

DEL 2
(Samandrag . Del 1)
Eit mord søkk ganske fort ned i sine eigne sirklar, men der vert det verande i generasjonar, tenkte eg medan eg køyrde innover mot byen her på laurdagen etter dei fire drapa. Radioen stod jo på i bilen, eg høyrde dei sjokkerande meldingane både på riksnettet og dei lokale sendingane, men eg festa meg ikkje så veldig med dei i fyrstninga. Dei vart ikkje utbroderte, dei sa ingen namn, og eg hadde meir enn nok anna å tenkje på.
Eg skulle bære alt aleine. Heisen var litt for liten, så dei største tinga måtte eg bere opp alle trappene.
Fire personar hadde vorte skotne, to kvinner og to menn. Ingen av dei hadde overlevd. Ein person var arrestert, mistenkt for ugjerninga. Motiv var ikkje kjent. Då eg hadde fått alt i hus og sat med den fyrste kaffikoppen i det nye husværet mitt, sa dei at dei involverte var av utanlandsk opphav. Ikkje før på sundagen kom namna. Då fyrst gjekk det opp for meg at Linda Dahlin Loe var død.
Dei fyrste eg snakka med i byen her, var utleigaren, ein nabo og ekspeditøren i ein liten matvarebutikk i nærleiken. Så høyrde eg på kva andre snakka om i butikken, på bussen og på ein kafé inne i sentrum. Laurdagen var hendingane i dei fleste samtalane. Det var forferdeleg korleis det var blitt, sa folk. Om ettermiddagen sa dei at det sikkert var eit gjengoppgjer. Men alt om sundagen var dei meir opptekne av andre ting.
Ein gong til tenkte eg at byen her gjer seg fort ferdig med mord. Eg hugsa at eg hadde hatt eit ledd til i tanken sist, då eg sat og funderte midt i den fartsblinde femtegirsduren på landevegen, men det tok ei stund før det andre leddet kom opp att. Då det kom, innsåg eg at byen her sjølvsagt ikkje er det du ser på bussen eller på ein kafé. Den eine av dei du tjuvlyder til kan vere ferdig med eit fredagsmord på sundagen medan den andre kan vere merkt for livet. Men begge er jo «byen her». Fire mord – eller fem mord og eit mistenkjeleg dødsfall – ville og søkke og ned i kvar sine sirklar. Men sjølv om byen er relativt stor, så ville truleg desse sirklane ha eller kome til å få så mykje med kvarandre å gjere at byen her ville verte uferdig med hendingane på ein annan måte enn elles.
Eg visste ikkje om hendingane hadde endra byen her, eller om dei berre synleggjorde endringar som alt hadde skjedd. Det veit eg ikkje no heller. Men no har eg betre grunnlag for uvissa. Eg hadde jo god tid, eg var arbeidslaus og venelaus og kunne fylgje trongen til å leite etter eit mønster i det, til å sjå om eg kunne finne noko som var sant, sjølv om det ikkje var direkte synleg.
Det var lettare å skaffe seg oversyn over hendingane etter den blodige fredagskvelden enn det var å finne ut av alt som leidde opp til han. Det har vore klarare kven og kva som høyrer med til forteljinga, og det har vore meir naturleg å gå til dei og spørje. Til somme sa eg at eg var journalist, til andre sa eg berre at eg gjerne skulle vete. Ingen reagerte på nokon av delane. Det var jo ikkje uvanleg å vere oppteken av det, sjølv om ikkje alle var like frimodige til å spørje. Eg forstod jo at somme trudde eg var politimann, og eg har vel litt dårlig samvit for at eg lét dei leve i den trua. Men berre litt, ikkje nok til at eg gjorde noko med det.
Etter kvart klarte eg å kome så pass godt inn på Mark S. Mekhar at eg no trur eg kan seie at eg kjenner han. Han er etterforskaren som leia arbeidet med alle dei seks sakene: drapet på fjorten år gamle Malin Meyer, det mistenkjelege dødsfallet til eigaren av AS Reint & Rimeleg, Angelique Fuglesang, og dei fire drapa på parkeringsplassen hennar den blodige fredagskvelden.

Utanom Mekhar byggjer det eg skal fortelje, på samtalar og observasjonar som eg har hatt eller gjort med kollegaen hans, Irene Guri Andersen Halvorsen, bibliotekaren Eva Trotto Moe, Anne Henriksen fru Meyer – mor til Malin, den politiske aktivisten Ivor Iveland og ho som etter kvart vart hovudmotstandaren hans, den ambisiøse amerikanske kontordama Sheila Hasina. Eg var til stades under dei rettslege forklaringane til dei to tiltalte, og eg har skumma mange av dei avisartiklane, bloggpostane, nettdebattane, radio- og fjernsynssendingane som har handla om hendingane eller dei involverte personane. Eg har òg snakka med Kent Karlsen og Rudolf Steiner. Og heile tida har refleksjonane frå dei lange nattlege telefonsamtalane med Linda vore i minnet mitt.