Espen Loe


Frå avsnitt 3:

Linda og bror hennar, Espen, fekk tidleg ta vare både på seg sjølve og foreldra, for dei gamle hadde nok med sitt. Borna vart ganske ulike. Linda vart sjefen i huset. Espen vart fåmælt og forsiktig. Han heldt seg skiftevis attom systera og attom faren, av og til attom mora. Sjølv om han sikkert og fekk smake handbaken til faren, så fekk han langt frå så mykje juling som Linda. Så lærte han seg heller aldri å styre nokon av dei han hadde rundt seg. Han  let dei ture fram som dei ville eller måtte og  gjekk som på vent gjennom livet og samla kunnskap, erfaring og agg.

**

Frå avsnitt 6:


Han hadde kome springande i av di han var seint ute til avløysinga av ettermiddagsskiftet. Så var alt brått snudd opp ned. Heile nattskiftet stod utanfor porten på Kombinatet og såg på kvarandre, som om dei ikkje kunne tru at det var sant. Det stod uniformerte vakter på innsida, sikkert tjue i talet, og porten var låst. De kan gå heim, sa ein liten jypling med hovudstadsdialekt. Fabrikken har stogga, den er konkurs. De kan hente personlege eigedelar i morgon. Ikkje i kveld, det er stengt, det er teke beslag.
Og dei som var budde på å arbeide natta gjennom stod der berre med nistepakkane og termosane sine og såg på kvarandre og dei uniformerte vaktene attom den låste porten. Kor var dei komne frå? Kven hadde slept dei inn? Kva ville formannen eller driftsingeniøren seie om dei ikkje snart kom seg inn og fekk avløyst ettermiddagsskiftet?