Fra Avsnitt 1:
Bibliotekaren der, Eva Trotto Moe, gjorde eigentleg
ikkje noko særskilt det meste av tida, men akkurat på det viset var ho kan
hende den mest tidstypiske av alle.
**
Eg trur aldri ho sjølv kom på den tanken at bloggane
kunne ha noko med henne å gjere. Ho hadde det same forholdet til tekstar anten
ho las om kvinnelege diktarar i mellomalderen eller mannlege valdsmenn i
samtida: Var det godt skrive, kunne ho leve seg inn i karakterane og
handlingane. Men ho blanda aldri den virtuelle verda ho las om og den verkelege
verda ho levde i. Ho stod på eit verkeleg busstopp, veksla ord om vêr og vind
med verkelege folk, steig inn i ein verkeleg buss, sette seg på same plass kvar
dag – og opna lesebrettet til den virtuelle verda der Salman Rushdie, Leo
Tolstoj og Passasjer 81 var.
**
Utanfor biblioteket og livssirkelen til Eva Trotto Moe krydde det av ulitterære menneskje, folk som aldri kom innom biblioteket, eller som berre kom dit nokre få gonger i livet for å låne bøker med tips om konfirmasjons- eller bryllaupstalar.
**
Ho irriterte seg over ”folk flest”
og inst inne forakta ho dei. Men det var lenge sidan ho hadde forsona seg med
at folk i byen her aldri har vore av eitt slag. byen her har delt seg på langs – og han har delt seg på tvers.
Attende til sist publiserte avsnitt
Attende til sist publiserte avsnitt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar