Faduumo Awale Samakab

Frå avsnitt 9: 

Eg er litt redd, sa Faadumo. 
For Karina ? Spurde Linda.
Mest for våpen, sa Faadumo.
Har du vore i krig?
Ja. Sjølvsagt. Det er jo derfor eg er her.
Vart du skoten på?
Ja.
Vart du treft?
Ja.
Døydde nokon?
Ja.
Kven døydde?
Bror min og far min.


Frå avsnitt 5:

Ein av biblioteket sine lånekundar frå Fi-marka var  Faadumo Awale Samakab. Ho kom til  byen her på familiesameining  då ho var fjorten år.  Ho kom frå eit liv som overklasse. Far hennar hadde vore ein av samfunnstoppane i Mogadishu, og onkelen, som ho kom frå då ho kom hit, var mest like sentral i Somaliland. Her kom ho til eit hushald utan familie rundt, utan status og utan pengar. Det skar seg mest med det same ho kom. Ho kasta seg ut i den nye byen som livet hadde gitt henne. Dei – hushaldet - ville verne henne. Ho ville lære seg språket her, både det dei talte, det dei uttrykte med kroppane sine – hender, auger, nakkar og hofter – og det dei sa utan å seie det, det som låg mellom orda, tonelaga og alle bileta frå segn og soger og utgåtte arbeidsreiskapar. Dei ville at ho skulle hugse røtene sine, kulturen, religionen. Ho ville fram og opp. Ho ville bli som far sin.

**



Ho ville gjerne på skule, men hadde ikkje adresse. Ho ville gjerne ha adresse, men hadde ikkje arbeid. Ho ville gjerne ha arbeid, men hadde ikkje skule. Slik var ho fanga i umoglege sirklar. Velferda kunne heller ikkje hjelpe henne. Ho var ikkje valdeleg, ho var ikkje narkoman, ho var ikkje kriminell og ho var ikkje offer for familievald. Altså hadde ho ikkje bruk for velferdstenester.

**

            Far hennar arbeidde i Radio Mogadishu, han hadde vore med der heilt sidan starten og då ho var barn var han ein høgt respektert leiar der. Etterpå, då bygnadane var øydelagde og utstyret stole og dei sjølve var på flukt, snakka han så drøymande om det som hadde vore og det som skulle ha blitt at det  hadde planta ein avleggardraum i henne og: Ein gong ville ho starte ein radiostasjon som skulle vere med på å bygge ei ny verd. Ho våga ikkje seie det til dei andre i reiret. Ho måtte ikkje seie det til nokon, det kunne vere farleg. Så ho sa at ho gjerne ville arbeide på kontor. 


Attende til sist publiserte avsnitt