Ingrid

Frå avsnitt 10:

Dotter til Linda heitte Ingrid. Ho var eit av desse alt for tidleg vaksne borna: Ho var sjølvutslettande i si omsorg for mor si – og for andre som ho fekk omsut for. Linda såg det og forstod det – men kva kan ei mor gjere med slikt? Så dei dreiv ein slags konkurranse i å vere gode med kvarandre dei to. Det var ikkje sunt, ikkje godt for nokon av dei.