Irene Guri Andersen Halvorsen

Frå avsnitt 8

Foredraget skulle haldast av Irene Guri Andersen Halvorsen, politibetjent og litteraturvitar.
Ho var innflyttar til byen og såg strukturane der mykje klarare enn fok som hadde budd der i generasjonar kunne.

Sjølv var ho frå ei av dei ytste øyane, ein forblåsen kampestein med horisontar rundt på tre kantar og skum frå steile skrentar på den fjerde. Der ute fanst menneske av alle slag, men berre nokre få hundre i talet i alt, så der var det var lett å sjå kva slags likskapar og særdrag som fordelte seg mellom folk. Byen var ikkje stort annleis, der var berre noko fleire folk der, så det var fortare å bli forvirra og miste oversynet.  Oppveksten på Øya hadde lært henne mykje meir om  kva som kan forventast og kva som er utenkjeleg enn det ho hadde lært på Politihøgskulen. Irene hadde helde fast på referanseramma si, og det var den viktigaste styrken ho hadde.

Faren, Halvor Halvorsen, var ein arketype som Irene Guri alltid hadde brukt som referanse for folk og ferdalag på høgre sida av elva som renn gjennom byen her. Han var smed, slippeigar og småhandlande, styremedlem i Sparebanken, sekretær i Samfunnspartiet og samlar av skuteglas. Han likte best å stå med ryggen mot vinden på kaien og sjå mot bygd og bø og grunne på kva det hadde vore og kva det kunne bli.

Like arketypisk var mora. Ho var lærar og litteraturvitar, lottlaus og likesæl, lettledd og likandes og leiar i det meste som leiast skulle på øya som ikkje hadde med fisk, båtar eller bøteri å gjere. Ho stod gjerne jamsides med mannen sin på kaien, men motsett vendt. Ho likte når vinden reiv henne i håret og det var teikn på ukjend liv i horisontane. Der kjem eitkvart, sa ho. Ska tru kor det skal? Kjem dei hit vert det fest!

Det som knapt kunne skjønast av alt det underlege som rørte seg på venstre breidd, det skjøna Irene Guri Andersen Halvorsen etter kvart når ho berre kjende etter på det i seg som ho hadde frå mor si.
Ho las litteratur på universitetet til ho var godt i gang med hovudfagsoppgåva om kvinne- og familievald i litteraturen. Men ein dag reiste ho seg frå lesesalen og gjekk. Litteraturen var jamt over for overflatisk – og røynda var for alvorleg til at ho kunne slå seg til tols med å lese om det. Ho tok trikken ned og søkte seg inn på Politihøgskulen i staden.