Frå Avsnitt 4:
Rudolf Steiner var kalla opp
etter faren sitt store ideal og hadde lidd under det heile livet. Guten var
heller ikkje heime nokon stad, han var ikkje fin nok for foreldra til ungane på
toppen av åsen, og han var for fin for dei som krydde rundt blokkene i botnen. Ikkje
ein gong på skuleveg eller i skulegard fekk han prøve seg, for lenge før dei andre tok til å somle og more seg av
garde dit vart han skyssa i minibuss til
Steinerskulen. Den låg på venstre breidd, så langt frå sentrum at dei måtte
lære seg om sprøytespissar og dørlåsar lenge før dei kunne ta til med fyrste
ringdans. Gjennom heile barndomen og den tidlege ungdomstida vart han verna mot
verda utanfor dei antroposofiske sirklane. Det grunnla ein lengt i han som
gjorde han til noko heilt for seg sjølv då han vart journalist.
**
Han fannnoko stort i kvart einaste menneske han
vart sendt ut for å intervjue, sa folk –
i alle fall så fann han ei historie der. Måtte han, så la han vel til eitt og
anna for eigen del. Vanlegvis fekk det intervjuobjektet til å trivast og historia
til å vekse. Han vart diktar, like mykje som journalist, når sant skal seiast.
Men han var så snill av seg at han gjekk fri den skarpe sensuren som lesarane elles
brukar å stå for. Dei sat med varme kjensler og sa til kvarandre – dei som
visste betre – at det han her skriv kan jo ikkje vere riktig, men det er jo
godt sagt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar