Sheila Hasina, Noreen og Liana

Dei tre tre kvinnene som deler bustad med Faadumo Awale Samakab vert introduserte i avsnitt 5:

Etter kvart fekk Faadumo seg så mykje vaske og ryddejobbar at ho kunne leige seg inn i eit kollektiv og få ei lampe der ho kunne lese. Dei var fire jenter i huset. Noreen studerte biokjemi, ho var frå Pakistan. Liana var fiolinlærar – ho var frå Kazan i Russland. Sheila Hasina arbeidde som sekretær i det indiske handelskammeret. Ho var amerikanar, svartare enn Faadumo i huda og mykje dårlegare i språket her, men ein ukueleg optimist og den som var hovudskuldig for alle grillene som dei andre fekk i hovudet etter kvart.
Dei kalla seg eit reir med framande fuglar. ”Framand fugl” var eit uttrykk som dei innfødde her brukte. Alle jentene i kollektivet hadde strevd med å finne ut kva som låg i uttrykket, for dei fleste innfødde var høflege menneskje som vart stumme eller som snakka det hektisk bort når framande fuglar spurde kva uttrykket betydde. Men dei hadde då funne ut av det – og då Sheila Hasina ein dag kunne fortelje at der fanst ein annan metafor og – ”frie fuglar” – då var biletet blitt komplett.
Noreen, Liana, Sheila Hasina og Faadumo var frie, framande fuglar. Dei var på veg. Dei skulle skaffe seg luft under vengjene. Noreen skulle skaffe seg sitt eige apotek. Liana skulle bygge ein musikkskule. Sheila Hasina skulle bli  direktør for eitt eller anna – leadership is the profession! Sa ho. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar