onsdag 5. juni 2013

3: Tysdag, 2.dag: Rovdyrnaturen

             (Samandrag) 

Passasjer 81 – morgonpost: Rovdyrnaturen


Lady Raud snakkar i telefonen. I dag får me vete kor T-skjortene vert tørka. Ho fekk ikkje tid til å leggje dei saman i går, eller ho gløymde det. Det står eit stativ i fyrrommet i kjellaren. Det må vere ein slags sentralfyr i huset der ho bur. Alvarez ser på. Han står i dag òg, endå der er ledige sete.
Men i dag er alle mest opptekne av dette nye mennesket som er komen på. Eg har alt kalla henne for Lolita på grunn av det jaga uttrykket. Ho ser ut som at ho har lyst å rømme kvar gong ho høyrer ein lyd eller krefter tek tak i henne, som når ho vert pressa mot veggen i ein sving, eller mot sidemannen, eller framover i ei oppbremsing. Men ho trur ikkje ho kan klare det, så ho gir seg, og det er desse sterke signala om at ho gir seg, som fangar alle her. Eg kallar det eit jaga uttrykk. Andre vil kalle det noko anna. Før me kjem fram, vil nokre ha teke til å irritere seg over det, tenkje på det som det motsette av kva det er, kalle det manipulering eller kald berekning eller frekt. Men no er alle fengsla av det, og dei sit og stirer og tenkjer: Kan hende du vil gje deg for meg, og?
I dag har alle blikkretning.
Stakkars Lolita, dette vesle barnet, ho skal på arbeidstrening, tenkjer eg. Ho har heilt sikkert ein lærar eller ein skulerådgjevar som har funne ut at det beste for henne nok er å få prøve seg i ein fabrikk. Fabrikkjente kan alle verte. Kva anna skulle denne vesle kroppen kunne livberge seg med? Naturfag, språk og matematikk er i alle høve ikkje noko for henne. Så han har ringt rundt. Han har fått høyre at alle dei fabrikkane han trudde brukte slike jenter som Lolita, set krav om fagbrev eller vidaregåande skule i det minste, at dei baserer rekruttering på intervju, og at motivasjon og framtidsplanar og engasjement i frivillige organisasjonar tel mykje. Men oppfatta det, har han ikkje. Han trur framleis at det finst fabrikkar som tek seg av jenter med jaga uttrykk som ikkje trur dei kan rømme nokon plass, og som gir seg motstandslaust, og at det beste han kan gjere for henne, er å førebu henne på ein slik fabrikk, og difor har han fått henne på arbeidstrening i ei verna verksemd for psykisk utviklingshemma. Og ho har gitt seg, utan motstand.
Lolita skal montere lampeskjermar medan dei andre skal lære å stille spørsmål, samtale og filosofere rundt mennesket sin plass i naturen, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklydar, ord og meiningsberande element og samanlikne og rekne om heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og tal på standardform, og å uttrykkje slike tal på varierte måtar.
I dag kan du sjå eit glimt av denne sida ved menneskenaturen som me har sams med rovdyra. Synet av eit kje som er ulikt dei andre, som kan skiljast ut, som kan jagast eller lurast frå flokken, som ikkje vil stange eller sparke eller mekre etter hjelp – det vekkjer rovinstinkta. Der sit Elvis og er ikkje var at gapet hans dett ope. Han kjem ikkje til å merke der før han må tørke rovdyrsiklet av haka. Og der sit Mama Harjet og dreg i munnvikane og kjenner Rettferda sine Flammar inne i seg: Ho skulle hogd til med korte ord: Vask! Rydd! Vekk! På plass! Og verda skulle vore full av smale ungjenteryggar og nedslåtte auge og tunne røyster: Ja, Mama Harjet. Sjølvsagt Mama Harjet. Ja vel, Mama Harjet. Det hadde ikkje vore anna enn rett og rimeleg. Ho skulle ha ordna opp.
Lady Raud ser henne òg. Både Lolita og gapet til Elvis er i det biletet som teiknar seg hos Lady Raud, og sjølv om ho ikkje har sett på Elvis ein einaste gong for sin eigen del, så kjenner ho blaff av irritasjon inni seg. Taus, tenkjer ho. Tysje. Tøyte. Flogse. Skjøkje.
Lolita reiser seg. Eg oppfatta ikkje om nokon sa noko til henne. Det var vel helst det. Ho hadde vel ikkje reist seg etter eigen tanke, det er vel einkvan som har sagt noko uvenleg: Kvifor sit du når gamle folk må stå? Så ho reiser seg, og Mama Harjet prikkar Alvarez på skuldra, smiler, og peiker bydande på det ledige setet. Han står i si eiga verd, han ser Compañero Salvador føre seg i vindauget i presidentpalasset. Så kjem denne obersten så brått – Mama Harjet – og prikkar han på skuldra og seier «set deg, eller du vert torturert», og han gjer heilt automatisk som ho seier. Men han angrar med ein einaste gong. Det er ikkje hans plass. På dette viset sigrar Lady Raud, før ho har vorte var kampen som held på. Og han har gjort det endå ein gong, han har late seg styre av det som hender, av strenge blikk og prikking på skuldrer. Utan ære sit han som annanrangs borgar på setet til Lolita. Han må vere den einaste som ikkje har sett henne, han er i si eiga fortid, han lir. Og Mama Harjet smiler triumferande. Det er ikkje meir enn rett og rimeleg. Lolita står og ser ned.
Om du hadde teke eit fotografi her, og vist det til folk og spurt om det var nokon der dei merka seg særskilt, så ville ingen ha peika på jentungen som står og held seg til stonga og ser i golvet. Men her fyller ho tankane og auga til alle. Elvis ser henne med ei strippestong. Mama Harjet ser henne med langkosten, ho står og ventar på neste kommando. Lady Raud ser henne midt i vegen for seg sjølv, nett der ho skal gå om litt, og ho aktar ikkje å be denne fjasa om å flytte seg, ho får flytte seg av seg sjølv.
Og du? Korleis ser du henne?
Er det lukt? Er det vibrasjonar? Er det provet på at det finst kollektive medvit der menneskeflokkar er samla?


Linda Dahlin Loe

Utpå føremiddagen på tysdagen tok det til å snø. Det la seg eit teppe over alt som høyrde byen til, det stilna. Det er ikkje godt å seie om det vart færre folk i gatene, eller om dei berre gjorde mindre av seg. Stemninga endra seg i alle høve, folk vart mindre stressa, og dei lo lågt og fortalde kvarandre om ting dei hadde opplevd som born, utandørs: Dei kom på snøstøtter dei hadde laga, snødøypingar, mjuke fall, naglesprett.
Biblioteket var ikkje som andre offentlege rom i byen her. Der var ikkje muzak der, og rommet var ikkje konstruert for å styre dei som kom inn i bestemte ruter der impulsar skulle få dei til å velje seg eitt no og noko anna til seinare ein gong. Folk vart ikkje strokne medhårs der heller, og dei vart ikkje sparte for ting dei ikkje likte. Tilhengjarar av alle religionar måtte finne seg i at tora, bibel, koran og vedaskrifter stod side om side. Det same måtte dei gjere,  dei som ville skaffe seg meir kunnskap mot eller fleire argument for eit eller anna nasjonalt eller filosofisk eller historisk-moralsk spørsmål.
Somme vart utrygge av det. Dei kom for å finne sanninga, sa dei, dei var ikkje interesserte i alt det der andre som stod rundt.
Andre var meir målretta, dei skulle ha biografien til ein krigshelt eller forklåringa på relativitetsteorien eller oppfylgjaren til «Tatt av vinden». Dei siste åra hadde ei ny og svært ueinsarta gruppe kravd aukande merksemd. Det var folk som gjerne ville ha arabiske forteljingar, kurdisk historie, somaliske legender, dikt på farsi eller essay på urdu. Dei var stort sett lågmælte, dei leverte på tida, og dei var takksame for å verte spurde ut om innhaldet i bøkene dei hadde lese. Dei fyrste teikna hadde òg synt seg på at innfødde i byen sjølve ville vete meir om Sentral-Asia og Midtausten. Kvar morgon kom til dømes ein ung, stillfaren mann og bad om hjelp til å finne gamle bøker om babylonsk, assyrisk, turkmensk og slavisk historie, og norrøne skrifter som gjenspegla gamle kulturelle impulsar og folkevandringar frå aust.
Dei som arbeidde på biblioteket, var òg av to slag. Somme likte best å snakke med folk, andre ville helst hatt dørene stengde slik at dei kunne konsentrere seg om bøkene. Eva Trotto Moe var nok helst i den siste kategorien. Men fornemminga av snø gjorde henne godt. Ho smilte endåtil åt denne dama som mest kvar dag kom frå toalettet og gjekk ut mot kjøpesenteret eller kontorbygget ved sida av.
Det snør visst, sa Eva Trotto Moe.
Reine julestemninga, sa den andre.
Den andre var Linda Dahlin Loe. Dei to kjende heller ikkje kvarandre, dei visste ingenting om kvarandre – og ingen av dei var spesielt interesserte i å endre på det. Dei hadde kort og godt ikkje nokon ting å hente hos einannan. For Eva Trotto Moe var Linda berre ei dame som ofte kom ut frå toalettet om morgonen. Ho kunne visst aldri hugse at ho hadde sett henne gå inn der, men det undra ho seg ikkje over. Folk må jo få gjere som dei vil, eller som dei treng, i slike spørsmål. Biblioteket var jo elles noko plaga med folk som oppheldt seg der for lenge på kalde dagar, folk som sette sprøyter der, eller på andre måtar var til plage for folk som skulle låne bøker. Hende slikt, kunne dei kalle på sikringsvakta. Det var ingen grunn til å mistenkje denne dama for noko i den lei. Ho var berre ei uinteressant kvinne med faste vanar.
Og for Linda Dahlin Loe var Eva berre ein bibliotekar. Sjølv lånte ho aldri bøker, og ho ville aldri tenkje på å leggje fram noko av det ho grunna på for ein slik boknerd. Så dei veksla aldri anna ord enn dette om snøen, før heilt mot slutten av det som hende då Eva skulle verte den siste som snakka med Linda.
Biblioteket låg i andre høgda i eit stort senterbygg som elles inneheldt fragment av alt som høyrde venstre breidd til. Mest plass tok kjøpesenteret. Det lukta parfyme og frityr og var sveipt inn   i eit slør av mjuk musikk som på underleg vis fekk eggande potens når ein gjekk forbi utsal av klede for ungdom. Både bygget og kjøpesenteret gjekk i ein boge rundt Kulturtorget. Det var steinlagt og fritt for trafikk etter klokka ni om morgonen. Vareleveransar som ikkje var på plass innan då, måtte køyrast inn frå portar i bakveggen, ut mot elva. Midt på torget stod ei vakker fontene med ein skulptur av adelsmannen som grunnla byen, omkransa av vintergrøne buskar. Ved opninga ut mot hovudgata låg kyrkja. Der var òg eit historisk rådhus der med lokaladministrasjon, møtesalar og kontor både for byråd og opposisjon, og ein pub som heitte «Korridoren».
Om Eva Trotto Moe hadde interessert seg litt meir for det som hende rundt henne, kunne ho lært mykje om samtida si ved å fylgje etter Linda Dahlin Loe. Eg kunne ikkje, for dametoalettet var ei lukka verd for meg, eg kunne ikkje godt ha slentra etter og lest som ingenting. Men eg vart nysgjerrig på dette underlege trekket. Eg skulle på reise og var to gonger oppom det kommunale vaksinasjonskontoret for å få ein sprøyteserie. Der var irriterande lang ventetid, og eg hadde ikkje anna å gjere enn å sitje og studere folk som gjekk forbi. Begge gongene såg eg Linda Dahlin Loe gå inn på toalettet utan å kome ut att.
Det var ikkje nok til at eg vart interessert i henne, men nok til at eg kjende henne att då eg såg henne i ein underleg situasjon ein kveld utanfor puben «Korridoren». To karar hadde kome opp i krangel, dørvakta stod makteslaus. Den største drog til den minste så han datt i bakken, og etterpå ville den største til å sparke han som låg nede. Dørvakta ropte at han skulle stanse, det var som å hive bensin på flammen.
Då var ho der brått. Ho gjekk heilt innpå sværingen, så tett på at han ikkje kunne få drag på armane. Ho snakka lågt til han, ingen rundt kunne høyre kva ho sa. Han vart som eit lam, armane sokk, han snakka like lågt attende. Ho snudde han rundt. Så gjekk ho. Han stod berre og glante. Etter ei lita stund ropte han etter henne:
Det var han som begynte! Eg gjorde ikkje anna enn å forsvare meg! Høyrer du! Drittkjerring!
Men slåstkampen var slutt. Han som låg nede, stabba seg på beina, tørka naseblod og mumla, tok imot ein serviett frå dørvakta. Dei vart ikkje nett forsona, og begge vart henta av politiet som kom til etter kvart. Men slåstinga var slutt.
Kven var det? spurde eg.
Det var dottera til Lyder Loe, sa dørvakta. – Ho er tøffare enn far sin.
Gjer ho ofte slik? spurde eg.
Det hender visst, men eg har aldri sett det før. Berre høyrt om det, sa han.
Korleis då? spurde eg.
Far hennar gjekk alltid her, han kjem enno, rett som det er, sjølv om han snart må vere nitti. Ho har alltid henta han, heilt sidan ho var berre jentungen. Han er ikkje enkel. Ikkje dei han brukar ha rundt seg heller.
Tøff dame – treig mage. Det rimar ikkje, tenkte eg.
Slik kunne Eva Trotto Moe òg ha teke til å utforske Linda Dahlin Loe om ho hadde vore annleis laga.
Far til Linda, gamle Lyder Loe, hadde høg stjerne mellom krigsveteranar i London, men ikkje her. Det skal visst endåtil ein gong ha vore utstilling om han i Imperial War Museum. Han hadde i oppgåve å få nazistane til å tru at han var ein heil armé som låg og førebudde angrep på byen her. Det skulle få dei til å sende styrkar denne vegen i staden for til dei frontavsnitta der britane verkeleg planla eit slag. Han var hyperaktiv, sette opp ei rad sendarar og tikka ut meiningslause kodemeldingar, sprengde bruer her og master der utan nokon forståeleg plan. Det verka – tyske og tyskallierte troppar strøymde til byen, Gestapo arresterte og torturerte i hytt og vêr for å finne ut kva som var på gang. Alle hadde eit helvete – både nazistar og motstandsrørsle. Ingen av dei forstod lureriet heller – ingen innrømde det i alle høve, for då det verkelege angrepet sette inn, heitte det seg berre at det var det som var avleiingsmanøveren: Hovudangrepet hadde britane tenkt å setje inn her, men kaoset som villmannen Lyder Loe hadde stelt i stand, hadde fått dei til å endre planar.
Så han fekk ingen medaljar og vart ikkje med i det gode selskap av sigerherrar som styrte byen her dei fyrste tiåra etter den siste krigen. Han vart tekstilarbeidar og etter kvart driftsmekanikar i Tekstilkombinatet. Han heldt fram med å vere ein uroleg karakter som vikla seg inn i mykje trøbbel. Men i skjenkestovene gjorde han det godt. Han kunne kunsten å fortelje, både om galmannslivet under krigen og alt han rota seg opp i etterpå. Det han mangla i heider og ære, fekk han att i påspanderte drammar og ølseidlar. Heilt til dottera kom og henta han utpå kvelden.
Han skulle visst ha mange born rundt i byen, men det var fyrst seint i livet at han hadde roa seg i ein nokolunde vanleg familierelasjon. Han slo seg saman med den 25 år yngre Della Dahlin då han var sist i femtiåra. Ho var tekstilarbeidar, vakker og sanseleg. Dei hadde visst levd relativt bra utanom drikkekulene hans, og då Lyder var seksti, fekk dei dottera Linda. To år seinare fekk dei ein son og, dei kalla han Espen.
Det hadde ikkje alltid vore så vakkert å sjå på når jentungen kom for å hente heim den gamle far sin. Han slo henne ikkje medan folk såg på. Men folk gjorde seg tankar om kor blåveisane hennar stamma frå. Det var som ein svart og ein kvit djevel slåst om munnhola hans der han vakla seg heimetter ved sida hennar. Lat meg i fred! kunne han brøle. Eg er ein fri mann! Nei, du har rett. Engelen min. Du har alltid rett du, Linda. Kva faen – det er ikkje her vi skal! Eg har ikkje tid! Ja ja – mor ventar. Det er middag. Har du laga middag til meg att. Kva skulle eg gjort utan deg. Slepp meg, seier eg! Gestapofitte!
Både Lyder og Linda fekk dobbeltord på seg. Hennar vart det beste: Ho gjekk for å vere tøff og uredd som krigaren, men dumsnill og ute av stand til å slå seg fri. Han gjekk for å vere tøff og uregjerleg, men drikkfeldig og omsynslaus. Underhaldande for dei som ikkje måtte ha noko med han å gjere på alvor – ein satan for dei som levde med han.
Linda Dahlin Loe streid nok gjennom heile oppveksten med å kvitte seg med begge sider av dobbeltordet sitt. Ho ville ikkje vere tøff, ho dreiv ikkje idrettar og eksperimenterte ikkje med rus. Ho ville nok heller ikkje vere dumsnill og ufri, men støtt og stadig vikla ho seg inn i relasjonar til mannfolk som hadde far hennar sine trekk, både på godt og på vondt. Dei saug ut av henne alt ho hadde å gje dei, og etterpå rakka dei ned på henne for alle som ville høyre. Venninner fekk ho aldri. Dei var redde for mennene rundt henne, og for alt som vart sagt om henne, dei var vel redde for at noko av desse orda skulle farge over på deira eigne omdøme om dei fekk henne for tett på livet. Ho sakna dei ikkje heller. Kvinner var drepande keisame.
Linda og bror hennar, Espen, fekk tidleg ta vare på både seg sjølve og foreldra, for dei gamle hadde nok med sitt. Borna vart ganske ulike. Linda vart sjefen i huset. Espen vart fåmælt og forsiktig. Han heldt seg skiftevis attom systera og attom faren, av og til attom mora. Sjølv om han sikkert òg fekk smake hendene til faren, så fekk han langt frå så mykje juling som Linda. Så lærte han seg heller aldri å styre nokon av dei han hadde rundt seg. Han lét dei ture fram som dei ville eller måtte, og gjekk som på vent gjennom livet og samla kunnskap, erfaring og agg.
Men høyr her – dette er ikkje eit offentleg toalett, sa Eva Trotto Moe, og avslutta smilet som fornemminga av nysnø hadde fått fram i henne. Det var vel verken snø nok eller fornemming nok til å døyve irritasjonen over denne uinteressante kvinna som ikkje skulle låne bøker eller spørje om noko litterært, men som stadig vekk brukte toalettet på biblioteket.
Linda Dahlin Loe såg vaktsamt på henne. Kva er det då? sa ho.
Det er biblioteket sitt, sa Eva.
Det er Helsesenteret sitt òg, sa Linda.
Eva vende seg til pc-en sin att og sa ikkje meir. Ho hadde aldri vore der inne. Dei hadde sitt eige personaltoalett på biblioteket, og ho hadde aldri hatt nokon grunn til å gå inn der publikum gjekk. Det var reingjeringsassistentane og sikringsvaktene sin jobb, ikkje hennar. Men ho hadde høyrt at dei hadde sams toalett med Helsesenteret på den andre sida av veggen, ho hadde berre gløymt det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar