fredag 23. august 2013

37: Dag 12 kl 14:10 - Alarm

(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 14:10
Kontordøra på AS Reint & Rimeleg var stengd og Mehmet var ute. Linda skulle akkurat til å ringe han, då det peip i uvand den nye telefonen.
Det var frå Ingrid. 
Nei: Det var frå Ingrid sin telefon, men ikkje frå henne. Det sokk i Linda, for i meldingsvindauget stod det:  
Ingrid er med meg. Kent.
Ho måtte sette seg ned. Ho kjende musklane midt i kroppen lammast, det var som det svartna for augo, ho opna munnen til eit lydlaust skrik om hjelp. Det var ingen der.
Det rasa gjennom hovudet hennar: Mor. Espen. Faadumo. Mehmet. Irene Guri. Berre det siste nummeret hugsa ho – alle dei andre låg jo lagra i telefonen ho hadde mista. Ho sprang til bilen medan ho ringte sentralbordet til politiet og sa at det var livsviktig – ho måtte snakke med Andersen Halvorsen straks og for ein gongs skuld slapp ho gjennom.
Kom, sa Irene Guri. Eg er på veg, sa Linda. Det tok berre nokre minutt å køyre til Politihuset, litt lenger å vente på å bli henta i vakta. Ho gjekk på toalettet medan ho venta, slapp ut det som mest men ikkje heilt hadde pressa seg veg.
Då ho kom ut, støytte ho på bibliotekaren.
Så! Sa Eva Trotto Moe, kaldt. Det må eg seie!
Kriminaletterforskaren stod i døra. Eg skal til Halvorsen, sa Linda. Eg har avtale. Kan du sleppe meg inn?
Kom med meg, sa han. Kva står på?
Dotter mi – HAN har teke henne…..
Kent Karlsen?
Ja! Eg fekk melding frå hennar telefon for fem minutt sidan!
Kan eg gå med? Sa han.
Ho svarte ikkje, småsprang berre trappene oppover mot valdsavdelinga. Han fylgde etter med to trinn i steget medan han spurde og grov:
Kor var ho?
Eg veit ikkje – ho var på skulen. Men eg mista telefonen i eit akvarium og det tok eit par timar å få ny – så ringte eg, men ho svarte ikkje, så eg sendte ein SMS før eg gjekk i gravferda og minnestunda etter Malin Meyer klokka eitt og då eg ringte etterpå svarte ho heller ikkje så eg sendte ein ny SMS – og så kom denne meldinga frå HAN.
Kan det vere skjemt?
Nei – bestemt ikkje! Ho ville aldri tøyse med slikt! Han er livsfarleg – han er besett av hat!
Dei møtte Irene Guri i korridoren.
Max Mekker synte seg veldig effektiv. Han gjekk rett til intercomen og bad sentralen sende ein bil etter Kent Karlsen. Han bad Irene Guri ringe skulen og sette seg sjølv til å ringe etter Karlsen.
Han svarar ikkje. Har han fleire telefonar? Sa han. Samstundes ringte han eit anna nummer: Eg treng å spore ein telefon, sa han, og strekte handa ut etter Linda sin telefon for å lese nummeret til Ingrid.
Irene Guri kom ganske fort fram til rektor.
Har du sendt henne med Kent Karlsen? Er du ikkje orientert om hennar status? Kva seier du – står han som pårørande? Ja vel – det får me komme attende til: Kva tid var dette? Veit du kor han drog? 
Han var i gravferda…. Sa Linda.
Kven kan tenkjast å vite kor han drog etterpå?
Karina Burane.
Irene Guri tok den telefonen og. Ho presenterte seg, og spurte etter Kent Karlsen.
Noko privat? Og veit du kva det er? Elskarinne seier du?
Linda trudde ikkje det ho høyrte. Ho er berre elleve år! Kviskra ho.
Max Mekker hadde og høyrt det. Der er ein bil på veg, sa han.
Så, sa Irene Guri: Nå har me sett i gang det me kan sette i gang før me får fleire detaljar. Så fort bilen kjem fram til huset hans får me høyre om dei er der – og så fort Teleselskapet har funne ut av signalloggane sine får me vete kor meldinga vart sendt frå. Fortel oss no meir detaljert kva som har hendt!
Linda trekte pusten djupt. For ein dag! Sa ho. Og så rann det ut av henne ei lang forteljing om biletet ho tok på bussen, reaksjonen til Arnt Helge, øydelegginga av telefonen, gravferda, minnestunda – og den aukande uroa over at Ingrid ikkje svarte.
Max Mekker vart svært interessert i telefonen og biletet som Arnt Helge hadde reagert slik på. Helt ville han dra av garde med ein gong for å hente ut at telefonen slik at ein av ekspertane  som politiet brukte kunne sjå på han. Men Linda ville ikkje gå med. Ingrid var viktigare – ho måtte vite korleis det stod til med henne.
Politifolka som hadde køyrt til Kent Karlsen si adresse ringte. Ingen  svar innafrå, ingen bil på utsida. Irene Guri freista ringe Karlsen igjen, både på hans eige nummer og på Ingrid sin telefon. Ho fekk ikkje svar på nokon av dei. Ho sende SMSar på båe, der ho skreiv at politiet gjerne ville tale med Kent Karlsen. Ho etterlyste også bilen, Kent Karlsen – og Ingrid.
Kva gjer me no? Sa Linda.
No har eg ingen andre forslag enn å vente, sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Kan me gå og hente ut den telefonen medan me ventar? Sa Max Mekker.

Ja. Det er vel betre enn å sitje og kjenne på redsla, sa Linda. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar