fredag 20. september 2013

49: Dag 12 kl 17:45 - KISS

(Samandrag)   
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 18:00
Denne dagen hadde radioreporter Rudolf Steiner kjent seg lett deprimert heilt sidan morgonen. Han likte ikkje slike dagar då hendingane styrte, han likte dagar som kunne skapast. Dagar då byen her var seg sjølv, på eit vis, der folk stelte med sine daglege små ting med alle dei andre og deira syslar rundt seg. Det var dagar då han kunne gå rundt med sendaren sin og fylgje intuisjonen og fange opp tankar og observasjonar og sende dei ut att til alle saman. Han gjekk liksom på måfå, alle visste kven han var og kvifor han kom, alle dører stod opne – det var som heile byen tok del i småpraten hans.
Det var ikkje det at han unngjekk dei store eller dei dramatiske sakene. Han gjekk gjerne der dei heitaste nyhenda utspela seg – han  hadde jo endåtil sendt direkte frå åstaden for eit drap. Men då hadde han og vore i ein slags skaparrolle. Det var han som hadde innvigd byen i det fryktelege som hadde hendt, det var han som sette dei fyrste orda på det – som gret dei fyrste tårene, så å seie.
Men denne dagen var det andre som hadde regien. Det var gravferda til Malin Meyer og det store fagforeiningsmøtet på Tekstilen, det var politiet si etterforsking – og det var denne debatten som Sentrumsforeininga hadde drege i gang og som berre i prinsippet handla om  byen her. Det var fyrst og fremst ein debatt om dei såkalla andre kreftene, dei som virka på utsida av byen her – fiendane, så å seie. Dette var dagen for journalistar som likte å springe etter hendingane.
Han fekk redaksjonssjefen med på denne ideen om ein studiosamtale heller enn ein runde på byen denne morgonen. Slik fekk han spørsmålet om å sende frå gravferda til Malin Meyer ut av verda før det kom opp. Det vart mykje arbeid med å få tak i eit meiningsfullt panel til radiosamtalen, for alle var motvillige: Politiet hadde så mykje å gjere, imamen kunne ikkje forstå kva han hadde der å gjere, dei to journalistane var avisfolk som hadde eit nedlatande syn på direkte radio. Berre generalen var glad for å kome – men skuffa over at det berre skulle vare ein halvtime og at han måtte dele sendetida med dei andre.
Han var innom Eva Trotto Moe som snarast utan at det sette han i betre humør. Ho snakka om denne bloggaren ho hadde fylgd ei tid. Ho sa noko om han som fekk Rudolf Steiner til å kjenne eit stikk. Han tolkar byen, sa ho. Det betra ikkje humøret til stjernereporteren. Det var ikkje så uvanleg at amatørar breidde seg inn på hans arena. Men han likte ikkje at ein sjefsbibliotekar let seg sjarmere av det. Ho burde halde seg til kvalitet.
Det vart litt betre då han fekk Kent Karlsen i studio. Det var ein knakande kjekk mann – ei god historie, rett og slett. Han kjende godt til korleis oppveksten hans hadde vore, mobbinga, bakvaskinga og korleis alt som vart sagt om far hans hadde vore brukt mot guten. Likevel hadde han vakse opp og blitt ein framifrå forretningsmann og såkalla synsar. Han var lett å be, lett å gje regi – og lett å redigere. Han snakka i korte spissformuleringar. Ikkje noko politikarspråk eller lange omstendelege tankerekker som enda ut i ingenting der i garden.  Han snakka rett til Fru Olsen  i forstadsblokka.
Rudolf Steiner hadde eit nært forhold til KISS og Fru Olsen i forstadsblokka. Ho eksisterte ikkje som person, berre som symbol på gjennomsnittslyaren. Og stikkordet som hang saman med henne hadde ingen erotisk ladning. Snarare tvert om. Det var avkortinga av mediehuset sin viktigaste læresetning: Keep it simple – and stupid!
Det var ikkje alltid så lett. Sjølv var han oppdratt til å strekkje seg etter det vanskelege og utfordrande, til å leve med spørsmål som ikkje hadde endelege og klare svar, til å avfinne seg med at det kan vere naudsynt å vente. Han likte ikkje dette kravet han kjende på seg til at kvar sending skulle lagas som sjølve sluttpunktet på all historie og innehalde den  fullstendige avsløringa og den endelege avklaringa. Endå dårlegare likte han utstyrsboksen som tradisjonen i faget hadde utvikla for å få til slike sluttpunkt på historia dag etter dag: Er dette det verste? Krev du erstatning? Tek du ansvar? Kven må gå?
Men med Kent Karlsen i studio var dette ikkje noko problem. Hos han var det aldri meir enn to moglege svar, uansett kva spørsmålet var. Det eine var ja, det andre var nei. Det eine var rett, det andre var galt. Det eine var klokt, det andre var dumt. Det eine var godt. Det andre var ein utspekulert konspirasjon med gøymde agendaer frå ukjende framande som ville bryte ned og øydelegge alt som var rett og klokt og godt. Ja!
Slik var det å intervjue Kent Karlsen. Han meistra det emosjonelle – slik han hadde gjort om føremiddagen, då han var på veg for å gå i gravferda til Malin Meyer som så hjartelaust hadde blitt utnytta av krefter som ville sverte byen her sitt gode namn og rykte. Og han meistra det komplekse, det uforståelege: Det er politiet sin sak å oppklare mord, hadde han sagt. Me andre – du og eg og alle dei lyttarane som kvar dag fylgjer deg – me må leve med det som har hendt og syte for at ikkje andre utnyttar det i sitt kyniske spel. Og det aller viktigaste er at ingen – ingen – skal få øydeleggje særtrekka i byen her, samhaldet,  kulturen, homogeniteten,  den religiøse arven. 
Rudolf Steiner hadde sett fram til ein fredeleg fredagskveld med klassisk musikk og ei godt temperert flaske Brunello di Montalcino, han hadde endåtil tenkt på om han skulle invitere Eva Trotto Moe. Men så hadde dagen blitt verre og verre – den eine hendinga hadde fylgt den andre, det hadde vore eit stormande fagforeiningsmøte på Tekstilen, så kom dette våpenfunnet og hendingane ved moskeen, og utover ettermiddagen var det som om det skulle brenne lunter over alt. Redaktøren var opprømt og ivrig:
Det kokar i sosiale media – og ta berre ein tur innom puben og kjenn på stemninga! I kveld kan alt hende – me  må halde fram med direkte sending, sa han og snudde seg  til Rudolf Steiner. Er du ikkje samd? Jau, sa Rudolf Steiner tungt, nyhendefolka kan ikkje gå heim no. Ikkje du heller, sa redaktøren. Eg er ikkje heilt god, sa stjernereporteren.  Du er jo sjølve sjela vår, sa redaktøren, det er du som set ord på kva byen her tenkjer. Eg har ein avtale, laug Rudolf.  byen her ventar på di røyst, sa redaktøren, du kan ikkje svikte no! Berre studio då, sa Rudolf Steiner, eg vil ikkje gå ut på kveldstid. Kven vil du ha inn? Spurde redaktøren. Kent Karlsen, sa stjernereporteren. Det er i alle høve ei enkel løysing, tenkte han. Det er eit val som ingen kan ha noko imot.
Dei hadde gått på sending frå klokka seks. Redaktøren sjølv og to researcherar sat i kontrollrommet og ringte og planla, ein kombinert produsent og teknikar kommuniserte med Rudolf Steiner inne i studio. Dei køyrde fyrst en samtale mellom han og nyhenderedaktøren som summerte opp den dramatiske utviklinga av dagen så langt.
Midt oppe i det heile såg det ei stund ut til at politiet var meir opptekne av ei bortføringssak som synte seg å vere falsk alarm, sa han. Det er gode grunnar til å setje spørsmålsteikn ved korleis politiet har handsama desse sakene.
Kvart over seks kom Kent Karlsen. Han helste hjarteleg på redaktøren og rakk å seie at utviklinga var dramatisk før han vart skubba inn i direktesendt samtale med Rudolf Steiner.
Det er verre enn nokon kunne ha tenkt seg! Sa han.
Forstår eg det slik at saka har skjerpa seg endå meir til? Sa Rudolf Steiner.
Dei går rett på dei såraste punkta til folk som tek på seg å gå i spissen.
Og du er ein av dei?
Det ser ut til at dei tenkjer slik, i alle høve.
Så langt har dei vel rett: Det er jo du som står fram som den mest profilerte leiaren i denne krisa.
Nei – for all del! Eg er berre ein underordna funksjonær – det er ordføraren som er leiaren. Eg har ikkje rekt å snakke med han – men høyrer du no, ordførar, så ver særskilt på vakt. Me har å gjere med omsynslause kriminelle!
Kva har dei gjort?
Dei har teke dotter mi!
Har dei teke dotter di?
For mindre enn ein halv time sidan snakka eg med mor mi. Dotter mi var hos henne for kvelden – ho er så glad i å vere hos bestemor på landet. To utlendingar hadde kome, brote seg inn – dei skaut etter mor mi, ei verjelaus kvinne på over åtti år!
Og dottera?
Etter at mor mi måtte gje opp motstanden, tok dei dotter mi og førte henne bort.
Kva slags nasjonalitet hadde desse utlendingane?
Dei snakka eit slags norsk – truleg er dei innvandrarar. Dei såg ut som muslimar, sa mor mi.
Så dette styrker teorien om at det er muslimar som står bak?
Det er politiet som skal finne ut av det. Men ikkje skjønar eg meg på politiet.
Har dei ikkje teke denne saka alvorleg? Eg høyrde noko om at dei meinte det var falsk alarm?
Har dei sagt det? Då kan eg forsikre om at den var ikkje mykje falsk, den alarmen! To skarpe skot fyra dei av – inne i eit hus med ei åtti år gamal kvinne og eit elleve år gamalt barn!
Me kan høyre frå dei sjølve kva som hender – utom glasveggen der sit det folk som kan hjelpe oss med å kalle opp politiet, har me ikkje det? Jau – dei nikkar. Så då skal me snart ha dei med oss. Men i mellomtida – kva hende? Vart dei berre borte, desse som hadde take dotter di?
Kent Karlsen såg på reporteren med eit merkeleg uttrykk, ei blanding av byrgskap og aggressiv glede. Han var eit funn for radio – for han makta å lage lydar som signaliserte den same, uvanlege blandinga. Det var eit slag ”hm”- eller ”hrm”-lydar, tre gonger etter kvarandre.
Dei som trur dei kan spele med folk i byen her tek feil! Sa han. Og la til: Og dei som trur dei kan spele med Kent Karlsen tek ein farleg risiko!
Du er ein handlingsmann?
Eg ringde til naboen hennar. Det er på landet dette – det er eit kvartes veg å gå, tjue minutt i mørkret – til bilveg. Det tok naboen under eitt minutt å slå fast at bilen til kidnapparane stod ved enden av skogsvegen.
Så då tok han bilnummeret?
Han gjorde meir enn det. Han tappa lufta av alle hjula, slik at det ville vere uråd for kidnapparane å kome seg vekk.
Har dei kome ned?
Ja – og heldigvis var dotter mi uskadd då dei kom. No står dei der som nokre idiotar utan å vete kva dei skal gjere.
Du ha utmanøvrert dei?
Naboen har utmanøvrert dei. No er han i gang med å samle fleire folk. Terroristar som skyt etter åtti år gamle kvinner kan ikkje forventas å gje frå seg offeret sitt godvillig.
Er politiet på veg?
Eg veit sant å seie ikkje kor eg har politiet i denne saka.
Då kan med høyre med dei sjølve – for no skal me ha operasjonssentralen på lina – hallo? Har me kontakt?
Hallo – politiet. Vaktsjef, svara ei røyst i hovudtelefonane.
Det er Rudolf Steiner her – eg sit her med Kent Karlsen.
Ja vel.
Dotter hans har blitt kidnappa av utanlandske terroristar – er politiet kjende med det?
Er det Kent Karlsen eg talar med?
Nei – men han sit her og.
Goddag – Kent Karlsen her, sa Kent Karlsen.
Goddag. Me drøftar ikkje saker med tredjeperson, sa vaktsjefen.
Nei vel – men no er eg her i fyrste person. Kva gjer de med at dotter mi er bortført?
Me ventar på avklaring.
Kva slag avklaring? Spurde Rudolf Steiner.
Me drøftar ikkje saker med tredjeperson, sa vaktsjefen.
Det er Kent Karlsen som spør: Kva slag avklaring? Sa Kent Karlsen.
Fylkesnemnda.
Fylkesnemnda?
Ja.
Det står to eller tre desperate terroristar som har skote etter ei verjelaus kvinne på åtti år med dotter mi – og politiet sit og ventar på ei fylkesnemnd?
Kvifor ringer du? Spurde vaktsjefen.
Det er ikkje eg som ringer – det er programleiaren!
Det vart stille. Dei kunne høyre låge røyster frå politiet sin vaktsentral.
Hallo? Sa Rudolf Steiner.
Vaktsjefen kom attende. Er dette eit radioprogram? Sa han.
Før Rudolf Steiner rakk å seie noka, hogg Kent Karlsen til med å seie: Ja, sjef: Heile byen her har fått høyre kor tafatt du er!  Alle undrar seg på kva slag tilhøve det er mellom politiet og terroristane!
Eg beklagar om det ikkje har vore klart! Sa Rudolf Steiner. Det plar vere produsenten som opplyser om det før intervjuobjektet vert sett inn til studio.
Så dette éi eit radioprogram?
Ja – det er…..
Ja då har me ikkje meir å snakke om. Redaktøren din høyrer frå oss! Det sa ikkje klikk etterpå, det vart berre stille.
Hallo? Sa Rudolf Steiner. Ingen svarte.
Dette er slikt som kan hende under direkte sending, sa han. Sjølvsagt skal alle som vert intervjua vite at det dei seier går ut på lufta. Som den som ringer inn no, til dømes. Hallo ? Kven talar eg med?
Dette er Ivor Iveland, sa ei røyst. Kor langt skal det gå før nokon set ein stoppar for det?
Litt meir konkret, er du grei?
Den mannen du har i studio der – Kent Karlsen. Det er fyrste gong byen her har fått ein leiar som vågar å stod opp mot uretten! Og kva hender? Dei går rett til angrep på han! Og så skulle me ikkje stille opp? Så skulle me ikkje berge dottera hans?
Du meiner politiet skulle rykke ut?
Eg såg politiet ved moskeen i dag! Dei gjorde ingenting! Dei klappa litt på lommene til islamistane og kitla  dei litt i skrittet – og så let dei alle gå! Sjølv om alle veit at dei førebur valdshandlingar!
Takk skal du ha – me har ein annan innringar her – goddag?
Goddag – Du, Karlsen – om du har bilnummeret så veit du vel kven kidnapparane er?
Det kan me nok finne ut, men det har eg ikkje rekt enno. Men du kan kanskje hjelpe meg – det er BDA 74 382 ZN. Og er det andre som har informasjonar om den bilen eller folk i han så kan dei jo berre ringe inn! Sa Karlsen.
Eg må få minne om at det er eg som er programleiar! Sa Rudolf Steiner. Karlsen nikka og forsikra at sjølvsagt, han ville berre – så var reporteren i gang med endå ein ny innringar. Denne gong var det ei lågfrekvent mannsrøyst, ho var lagt ned godt under normalt lege
Det er naboen! Me er samla eit tital karar her no.
Står de ved bilen til kidnapparane? Spurde Rudolf Steiner.
Me står ikkje akkurat og kliner med dei. Men me har lyssett dei, og me har ein del våpen her, så me trudde med hadde dei under kontroll.
Og jenta?
Me kravde å få jenta utlevert, ja. Men dei har nekta til no.
Har dei våpen?
Eg kan ikkje sjå noko – men eg kan jo ikkje sjå under kleda deira heller.
Så – kva hender no?
Dei freista stikke nedover vegen. Då skaut med varselskot.
Så det har vore losna skot?
Berre til åtvaring. Dei kom inn att i lyset.
Lys?
Me har dei lyssett, frå tre traktorar med lyskastarar. Sjølve ligg med spreidde i mørkret. Dei har ikkje ein sjanse om dei freistar skyte seg ut.
Det er flott, Aslak! Dette syner verkeleg kva som bur i folk i byen her! Sa Kent Karlsen.
Vel – no er jo ikkje dette akkurat nokon by! Me likar ikkje byfolk her.
Byen her – og omlandet! De likar jo meg, gjer det ikkje?
Det får me tale om ein annan gong om du absolutt vil, Karlsen. Men om nokon freistar å bortføre dotrene til folk, då stiller me opp. Og det gjeld anten me likar foreldra eller ikkje.
Det høyres flott ut, sa Rudolf Steiner. Men no lyt de vere varsame! Korleis tek jenta det?
Ho vart redd då me skaut varselskot. Men ho har roa seg no.
Og kva hender no?
Eg veit ikkje. Om ikkje det kjem politi får me vel gå inn og hente henne.
Dei ventar på ei Fylkesnemd, sa Karlsen.
Kva seier du?
De kan ikkje rekne med politiet. Dei er altfor byråkratiske. Her må folk ordne opp sjølve.
Meiner du at me berre skal knerte utlendingane og hente jenta?
Nei – no må eg gripe inn! Sa Rudolf Steiner. Me kan ikkje oppmode til sjølvtekt. Me får heller kontakte politiet ein gong til og høyre korleis dei vurderer denne situasjonen.
Okey. Me held kontroll her, så lenge, sa røysta.
Dette er eit drama på liv og død! Sa Rudolf Steiner. Eg vonar de – kjære lyttarar – forstår at me treng ein time-out her for å få instruksjonar frå redaktøren om korleis med skal gå vidare i denne sendinga. Det er eit stort ansvar når journalistikken kjem i ein slik situasjon som me er no.
Men du taklar det framifrå! Sa Kent Karlsen. Du lever til fulle opp til ryktet ditt! Du er eit døme på særtrekka til folk i byen her – de gjer dei klokt i å merke seg, dei som vil byen her noko vondt!

Somewhere – over the Rainbow sa ei eller anna amerikansk syngedame. 




Boka kan no tingast i papirversjon


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar