onsdag 6. november 2013

69: Mehmet si gravferd

Eg vedgår gjerne at det fanst spenningar i kontakten mellom Linda Dahlin Loe og meg som hadde å gjere med at ho var kvinne og eg var mann. Men det var ikkje det viktigaste, det hadde ikkje utvikla seg noko særleg – og i alle fall for min del trudde eg ikkje på at det ville kome til å utvikle seg heller. Eg meinte rett og slett at aldersforskjellen ville vere for stor.
Eg har røtene i byen her. Det var vel difor ho likte å snakke med meg i fyrstninga. Ho lengta heim. Me var rømlingar båe to, på eit vis, sjølv om mi flukt ikkje hadde snev av den dramatikken flukta hennar hadde. Sjølv om me budde i same region, møttest me aldri anna enn gjennom nett. Me skreiv – og me snakka på Skype. Me snakka om å vere innflyttarar der nord, og me mimra om byen her. Det var morosamt. Me lo godt av særtrekka der oppe, ho var treffsikker i replikkane, og det fekk meg òg til å formulere meg meir lausleg.
Etter kvart sleppte ho meg inn i løyndomen sin. Den gjorde eit veldig inntrykk på meg. Ho fortalde fyrst om at naboborna der dei budde, ikkje fekk lov til å leike med Ingrid, dottera. Foreldra deira visste ikkje kva som var gale med Ingrid og mora, men noko måtte det vere sidan dei ikkje ville fortelje kor dei kom frå, og sidan dei ikkje hadde slekt. Så fortalde ho om den hemmelege identiteten.
Det er det same som Stalin kalla indre eksil eller Sibir. Berre med den forskjellen at me ikkje har vorte dømde til eksilet – me måtte søkje om det, sa ho. Det fins køar av folk som skal hjelpe dømde valdsmenn attende til samfunnet og til nærmiljøet. Men for oss som dei har lova å drepe, fins der inga anna hjelp enn indre eksil.
Og ein dag hadde ho fått brev frå Kent Karlsen. Han hadde spora henne opp, både den nye adressa og dei nye namna til henne og Ingrid. Då fortalde ho meg heile historia om det som hadde hendt, korleis Sander døydde og korleis ho sjølv så vidt hadde overlevd.
Eg flytter heim att til eit verkeleg liv. Skal eg likviderast, så vil eg heller at det skal hende heime! sa ho.
Det var då eg bestemte meg for å flytte attende til byen her, eg òg. Eg tenkte ikkje på meg sjølv som nokon beskyttar, og det var ikkje urealistiske voner som fekk meg på flyttetankar. Eg vart berre brått klar over at det ville verte tomt etter henne der nord. Sjølv om me kunne fortsetje den digitale kontakten på om lag same vis som før, så ville me misse referansane. Ho ville kome til å snakke om snø på dagar då det ville regne der nord, om drama i veker som ville vere stilleståande der eg var. Og sjansen til brått å møtast – på eit Samvirkelag eller ein bensinstasjon eller ei tilstelling på kommunehuset – ville jo ikkje vere der lenger.
Eg innsåg at ho hadde opna noko i meg. Ho var så naturleg levande. Når ho tala om det farlege, demonstrerte ho ei inderleg glede over det ufarlege, det stilleflytande livet. Det var ein djup visdom i det – og det vart tomt etter henne.
Så fyrst fann eg påskot til reise om byen her, til å ta vaksiner her, til å drive rundt i sentrum her og peile ut arbeidsplassen hennar og heimeadressa hennar. Eg gjorde meg ikkje til kjenne, det var for dumt, eg ville ikkje at ho skulle tru eg dilta etter henne. Så eg sat med nasa i ei utanlandsk avis då ho gjekk framom meg så nær at eg kunne teke på henne medan eg sat og venta på tur på vaksinasjonskontoret her. Ho gjekk inn på toalettet i sentrumsbygget – og kom aldri ut att. Eg bukka to andre forbi meg i køen, eg kunne ikkje forstå at ho ikkje kom ut att. Men så kom eg på dette med at det kunne vere fleire inngangar til toalettet, og då fatta eg at det var fluktruta ho kontrollerte, det var ikkje kvardagsbehova.
Eg gjorde meg ikkje til kjenne då eg såg henne stoppe slagsmålet utanfor puben Korridoren heller. Då eg vart kjend med Eva Trotto Moe og ho fortalde korleis Linda døydde, forstod eg at det var den same metoden ho hadde freista å nytte mot Reinhardt Skjetne – å gå tett inn i intimsona hans og passivisere han ved å snakke lågt. Men der kan ikkje ha vore slike spenningar i Skjetne som ho var van med.
Kvelden før eg kom køyrande inn i byen her for godt, vart ho teken frå oss.
Då namna vart offentleggjorde på sundagsettermiddagen, vart eg fyrst lamslegen. Eg kunne ikkje tru det var sant og gjekk til nettavisene for å sjå om dei hadde same melding. Det hadde dei.
Eg hadde jo vore oppteken med flyttinga heile fredagen og laurdagen og hadde ikkje fått med meg noko av det som hadde hendt i sosiale medium og lokalradioen i byen her. Då eg skulle gå og sjå kva som stod på Linda si Facebookside, så var den vekk. Eg visste ikkje kvifor – eg tok det som ei stadfesting av at ho var borte. Men då eg søkte etter Ingrid, fann eg gruppa «Finn Ingrid!». Eg vart godkjend som medlem, og der fann eg dei fyrste brokkane av alt det som hadde hendt. Der høyrde eg òg trugsmålet frå Kent Karlsen og vart overtydd om at det var han som hadde stått bak drapet på henne.
Det neste eg fann, var gruppa «Me som held saman». Der var endelause rekkjer av kommentarar om kor sterke kjensler folk hadde, og kor viktig det var å halde saman i slike situasjonar – og kor godt det var å kjenne seg som del av ein by der folk heldt saman. Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg såg at det skulle vere folkemøte om sundagskvelden, og at Kent Karlsen skulle vere ein av talarane der.
Eg gjekk dit. Der var svart av folk. Biskopen talte, og ein forfattar og ordføraren – og så kom Kent Karlsen.
Så mange trudde at slikt ikkje kunne hende i byen her! sa han. Så mange trudde at toleransen og fredsæla som særmerkjer oss skulle påverke dei som trugar oss òg. Men brått måtte me møte røynda! I desse tider er ingenting lenger trygt! Då er det viktigare enn nokon gong å halde om kvarandre – å stille opp for kvarandre – å forsikre seg om at ingen vert ståande aleine når ulukke eller urett råkar!
Han trefte. Folk rundt meg fortalde kvarandre at han sjølv hadde fått dotter si kidnappa av muslimane før helga, men at han likevel ikkje snakka for seg sjølv, han snakka for heile byen.
Eg tenkte at denne mannen var farleg. Han var så kynisk at det var vanskeleg å tru det eg sjølv stod der og såg og høyrde.
Eg orka ikkje gå på Korridoren, gjekk berre heim, såg litt på straumen av samhaldsproklamasjonar på «Me som held saman». Det var der eg fann lenka til Teuton og «Rein By» og bloggposten «Rydd opp!» Eg tykte det vart verre og verre, eg låg lenge og tenkte den kvelden at det var eit slag fascisme som la seg over byen. Ville eg verkeleg bu her?
Men måndagsmorgonen hadde det vorte liv att i gruppa «Finn Ingrid!». Den var døypt om. Det nye namnet var «Til minne om Linda, Faadumo, Olave og Mehmet». Det var framleis Margareta Ostarcevic som redigerte den, men Sheila Hasina var mest like aktiv der. Dei hadde fått tak i gode bilete av alle fire, og det var der eg fekk greie på tid og stad for Mehmet Habini si gravferd. Det skulle vere vasking og likvake på sjukehuset fram til klokka seks, så skulle det vere bilkolonne fram til huset der han budde i Fi-marka, og så skulle de vere prosesjon derfrå til gravlunden om lag klokka sju. Etterpå skulle det vere mottaking i bydelssenteret.
Eg var oppteken med dei formelle delane av flyttesjauen det meste av måndagen, det var Folkeregisteret og Posten og slikt, eg hadde òg bestemt meg for å bytte bank og ta abonnement på lokalavisa her, Media Osen. Men i god tid før klokka var seks, drog eg ut til Fi-marka for å finne adressa der prosesjonen skulle starte.
Det var ikkje så mange folk der då eg kom. Difor såg eg tydeleg når Ingrid og dei to vaksne kvinnene kom. Eg kjende jenta att frå Skype – ho hadde vore med ei kort stund i ei av samtalene eg hadde med Linda. Eg gjekk bort til henne og helste, eg sa at det ikkje var rart om ho ikkje kjende meg att, for ho hadde berre sett meg ein gong på Skype. Eg kondolerte, ho sa takk og at ho hugsa meg. Dei vaksne kvinnene helste eg òg på.
Då likbilen kom, viste det seg av mange bilar hadde fylgt den heilt frå sjukehuset. Det vart fort veldig mange folk i gata der, og eg kom bort frå Ingrid og dei to vaksne.
Organiseringa av prosesjonen gjekk problemfritt. Fyrst stilte politiet med to motorsyklar. Bak dei kom likbilen, seks bærarar, den russiske imamen, Sheila Hasina og dei tre andre som organiserte gravferda. Så gjekk Ingrid, Irene Guri, Eva og Mark S. Mekhar. Og attom dei kom alle me andre i toget av fylgjarar. Dei aller fleste var muslimar og innvandrarar.
I lyset der toget kryssa Stabsplassen, stod det fleire fotografar. Alt var stille.
Då prosesjonen kom opp mot muren rundt gravlunden stod der eit tital med ungdomar der. Dei tok til å rope då prosesjonen nærma seg, det såg ut til at dei ville blokkere inngangen til gravlunden. Dei to motorsyklane køyrde fram, vinka dei vekk og pressa dei til kvar si side og vart ståande der medan prosesjonen gjekk forbi. Det kom berre nokre få rop frå einskilde røyster medan kista vart teken ut av bilen og løfta opp på skuldrene til dei seks berarane. Men dei var ikkje til å misforstå: Terroristar! ropte den eine røysta. Alle akkar! ropte den andre, fylgd av rå lått.
Prosesjonen heldt fram i stille. Den gjekk fram til grava som var gjort klar. Sheila Hasina og dei tre andre fylgde heilt fram, det same gjorde Ingrid og dei to vaksne kvinnene. Lenger bak var det kvinner som stogga på respektfull avstand, men dei vart dregne med, og snart hadde heile prosesjonen med både kvinner og menn samla seg rundt grava. Imamen tok til å lese med syngjande røyst.
Ungdomane som hadde stått ved porten, kom etter. Gravplassen låg heilt inn til muren mot aust. Ungdomane stilte seg oppå muren og tok til å herme etter imamen. Det vart uro i rekkjene av syrgjande, det var tydeleg at mange vart opprørte. Men dei to politifolka hadde ikkje gått, dei kom og vinka ungdomane vekk att. Uromakarane trekte seg unna, men samla seg ikkje så lenge etter på ei anna side.
Det var stilt på gravplassen. Berre den syngjande stemma til imamen og mumlinga frå alle dei andre muslimane som tok del, var å høyre. Difor var ropinga frå ungdomane svært forstyrrande. Dei kunne høyre den eine politimannen bad om fleire folk.
Det kom ein bil til etter ei stund. Tre betjentar gjekk rundt og snakka ungdomane til rette. Det vart ikkje meir uro.
Eg gjekk på mottakinga i Bydelshuset. Eg stilte meg langt bak i køen, eg måtte sjå korleis ein oppførte seg på slik mottaking. Eg vart litt overraska då eg såg dei fire damene som sat og tok imot helsingar, saman med imamen. Eg trykte hendene deira etter tur, eg sa til Sheila Hasina at eg kjende henne att frå facebookgruppa, og at eg gjerne ville snakke med henne seinare ein dag, eg var ein ven av Linda Dahlin Loe. Ho nikka berre.
Då eg kom heim, hadde Teuton laga ein ny bloggpost. «Terrortoget» heitte den. Det var eit bilete av gravferda til Mehmet Habini på veg over Stabsplassen, og eit av ein politimann omgitt av kvinner med sjal og menn med kufi.

"Måndag kveld arrangerte islamistane demonstrasjonstog i Fi-marka", skreiv Teuton. "Med skrik og skrål fløymde dei gjennom gatene i bydelen der dei no har teke full kontroll og innført sharia. Bakgrunnen for demonstrasjonen var at sjefsterroristen Mehmet Habini skulle gravleggjast. Habini vart avslørt som terrorist under politiaksjonen mot moskeen på fredag, men sleppt av politiet. Så stod han i spissen for ein aksjon der islamistane kidnappa og bortførte sårbare kvite jenter for å tvinge dei til å gå med sjal, omskjere dei og sende dei til Midtausten. Men planen vart stogga av borgarar som forstod at dei sjølve måtte ordne opp når ordensmakta så totalt svikta oppgåva si. Måndag kveld såg me igjen kva for side politiet står på: Ingenting vart gjort for å stoppe islamistane – i staden gjekk politiet laus på fredelege motdemonstrantar. Islamistane har tillyst ein ny demonstrasjon i morgon – denne gongen i samband med gravlegginga av sjølve hjernen bak alle dei planlagde islamistaksjonane i byen her, Faadumo Awale Samakab. Skal dette få halde fram? Vil borgarane i byen her verkeleg tolerere at islamistane tek over bydel etter bydel?"




Til avsnitt 70

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar