onsdag 4. desember 2013

81: Inn i ringen

           Mark S. Mekhar gjekk rett frå Anne Henriksen fru Meyer og meg til fengselet der han bad om eit nytt avhøyr av Randulf Leirfall. Denne gongen ringde han forsvararen på vegen, og han kom og var med. Mekhar pressa så hardt på om tilhøvet mellom Leirfall og fru Meyer at forsvararen protesterte – det gjekk over alle grenser for graving i private detaljar, meinte han då Mekhar ville vete om der var andre enn Leirfall som brukte å liggje med fru Meyer.
Men til sist kom det at han hadde ein ven, og då Mekhar spurde om det var Ven Vore Vise, nikka han og stadfesta.
Var det han som gav deg henne?
Ja, det var vel det.
Kva tyder det?
Eg veit ikkje …
Korleis møtte du henne?
Der … Hos henne.
Kom du berre forbi?
Eg kom med han.
Ven Vore Vise?
Ja.
Og så?
Han sa eg skulle bu der.
Kvifor?
Eg hadde ingen.
Du hadde ingen kvinner – så skulle du få fru Meyer?
Ja – det var vel det …
Han sjølv då?
Han òg.
Han òg kva då?
Me skulle dele …
De skulle dele henne? Var ho nøgd med den ordninga då?
Ho var vel det …
Spurde du?
Nei – eg trur ikkje det.
Kvifor ikkje?
Eg fekk vel ikkje tid …
Ville ho liggje med deg?
Ikkje alltid
Kva tid ville ho liggje med deg då?
Berre når han …
Når han såg på?
Ja – helst.
Er du flau over dette?
Ja – helst.
Er dette verre enn at du låg med Malin?
Eg veit ikkje …
Var det Ven Vore Vise som gav deg pistolen?
Eg veit ikkje. Den låg i søppeldunken.
Er du sikker på at den var til deg?
Korleis meiner du?
Det kan jo hende at pistolen var til Malin – at ho skulle bruke han til å skyte deg?
Trur du det?
Eg veit ikkje – det er jo litt rart at den låg der utan at du hadde høyrt noko om han, er det ikkje?
Jo …
Kor ofte var Ven Vore Vise der?
Det var forskjellig ...
Kvar dag?
Nei.
Kvar veke?
Ja. Kvar fredag og nokre gonger i helga og ein eller to gonger til.
Medan du var på jobb?
Av og til …
Av og til medan du var på jobb – og av og til medan du var heime? Låg han med deg òg?
Nei, nei – eg er ikkje slik!
Er han slik?
Eg veit ikkje – eg trur ikkje det …
Var han lei av deg? Ville han at Malin eller mora skulle skyte deg?
Leirfall såg engsteleg på Mekhar og sa ingenting, men tenkte tydelegvis hardt.
Mekhar tok føre seg advokaten i mellomtida og påla han å halde det han hadde høyrt, for seg sjølv. Han ville avhøyre Ven Vore Vise, men fyrst ville han gjere nokre undersøkingar, og om det så viste seg at Vise hadde fått tips om at han var på veg, ville han vete kor tipset hadde kome frå. Advokaten hadde ikkje likt dette, og parert noko om at han ikkje tok slike pålegg frå påtalemakta, men han sa òg at han ikkje hadde behov for å grave i dette sjølv. Det var Leirfall han skulle forsvare, og om Mekhar kunne framskaffe eit sjølvforsvarsmotiv, så var han berre takksam for det.
Eg visste at det var slik! sa Leirfall.
Korleis slik?
At Malin var farleg!
Etter avhøyret av Leirfall gjekk Mekhar for ein gongs skuld til sitt eige kontor. Der sat han og snakka med våpenregisteret då han fekk melding om at Kent Karlsen var komen og ville snakke med han. Han var komen friviljug. Dagen før måtte Kent hentast inn av uniformert politi. Det hadde ikkje kome noko konkret ut av avhøyret. Kent Karlsen hadde nekta for å ha slått Faadumo, nekta for å ha låst henne inne, nekta for å ha frakta henne nokon stad og nekta for å vete noko som helst som kunne peike andre retningar om kva som hadde hendt med henne. Ho hadde gått, han hadde freista overtale henne til å verte verande – men ho hadde gått, og han hadde gått attende til kontoret der Karina Burane og kommunikasjonsrådgjevaren var. Karlsen hadde òg nekta kjennskap til den nitide reingjeringa av bøttekottet i Sentrumsbygget. Ingen annan informasjon hadde han heller gitt. Men no var han altså komen friviljug.
Mekhar gjorde seg ferdig med Våpenregisteret i ro og mak. Ven Vore Vise hadde ikkje og hadde heller ikkje hatt registrerte våpen. Det hadde heller ikkje Randulf Leirfall. Mekhar reiste seg, henta den uttrykkslause assistenten sin, og så gjekk dei ut til Karlsen og tok han med inn i eit avhøyrsrom.
Eg ber om orsaking for den manglande samarbeidsviljen i går! sa Kent. Du kom litt for brått på. Eg vart provosert.
Ja vel.
Eg vart veldig provosert av det du hadde sagt i det opne fengslingsmøtet òg. Det er jo heilt uhøyrt å kome med slike skuldingar mot meg med fullt namn medan pressa er til stades!
Det er det som er grunnen til at det er referatforbod i slike rettsmøte.
Jommen sa eg referatforbod! Det var jo å plante ei forteljing i media som går på mi ære laus!
Ja vel.
Var det ikkje det som var meininga?
Mi oppgåve er å gje retten dei opplysningane dei treng for å kunne ta avgjerder. Retten måtte få vete kva etterforskinga så langt har avdekt før dei bestemte om Skjetne skulle lauslatast. At Faadumo Awale Samakab hadde vorte mishandla før ho vart skoten, var ei hovudsak i så måte.
Du veit kva du gjer?
Ja vel.
Det skulle jo ikkje vere så vanskeleg å forstå at eg reagerte på å få slikt i fleisen. På den andre sida så forstår eg jo at du må undersøkje dette. Du er jo ein uvanleg dyktig politimann som gjer eit samvitsfullt arbeid, og som lovlydig borgar må eg finne meg i at du gjer undersøkingar om meg òg når det er relevant.
Ja vel.
Så eg legg ned all motstand. Eg skal svare så ærleg eg kan på alt du spør om. Og eg trur at eg har eit tips til deg.
Ja vel. Det vart stille. Mekhar sat berre og såg avventande på Kent Karlsen heilt til denne gav seg og sa:
Skal du ikkje spørje?
Eg spurde deg ut i går.
Men då nekta eg jo å svare på alt?
Har du noko å tilstå no då?
Nei – men eg seier at eg ikkje skal nekte å svare meir!
Mekhar trekte på skuldrene. Du høyrer frå meg om eg har fleire spørsmål, sa han.
Tipset då? Vil du ikkje høyre om det heller?
Tips som kjem av seg sjølve frå folk som elles ikkje vil fortelje nokon ting, brukar ikkje vere verde tida det tek å høyre dei ein gong, sa Mekhar og reiste seg.
Linda fekk tilsendt ein pistol! sa Karlsen.
Ja vel. Mekhar vart ståande.
Den kom til Sentrumsforeininga.
Mekhar stod og venta på meir.
Det var slik eg fekk greie på at ho hadde arbeidd der. Men ho hadde òg fantegått. Den var adressert til henne.
Så du opna posten hennar?
Den var jo til Sentrumsforeininga! Eg hadde teke over som leiar der – og ho hadde gått, utan å snakke med meg i det heile teke, og utan å fortelje nokon andre kva ho heldt på med. Me kunne jo ikkje vete kva ho hadde tinga. Så me måtte opne.
Og det var ein pistol?
Ja, det var det.
Kva slag?
Eg veit ikkje. Eg har ikkje greie på pistolar. Han likna på dei som det seinare var bilete av i avisa, men eg merka meg ikkje namn eller nummer eller noko slikt.
Kor kom han frå?
Det stod ikkje nokon avsendar. Men den var send frå byen her, og adressa var handskriven. Eg fann adresselappen i søpla.
Han drog ein plastpose ut av innerlomma si og gav han til Mekhar. Det låg ein klistrelapp inni. Det var tydeleg å sjå namnet til Linda Dahlin Loe skrive med blokkbokstavar.
Kva gjorde du med pistolen?
Eg heiv han på sjøen.
Kvifor?
Eg ville for guds skuld ikkje at ho skulle ha nokon pistol. Eg kunne ikkje vete om det var meg ho hadde tenkt å bruke han på. Men eg ville heller ikkje lage trøbbel for henne. Rykta ho hadde sett ut om meg, fekk jo alle slags folk til å tru at det var meg det var noko gale med, kvar gong eg fortalde noko om korleis ho verkeleg var.
Kor heiv du han?
Eg er ikkje heilt sikker – eg var så opprørt.
Så – det veit du heller ikkje?
Jo – eg trur nok eg skal kome på det. Eg var veldig ute av meg. Eg måtte ut og gå og klare tankane – eg gjekk langs bryggene, og ein eller annan stad der fekk eg ein impuls og tok han og slengde han så langt eg kunne klare. Eg snudde meg før han tok vatnet og gjekk vidare. Eg ville berre at han skulle vere borte – ute av livet mitt og ute av livet hennar.
Me får gå den same runda og rekonstruere.
Vil du leite etter han?
Me får sjå.
Det vert nok ikkje lett i så fall.
Nei vel.
Eg har eit tips til.
Mekhar hadde stått heile tida, og stod enno.
Det er ein kar som går rundt og snokar. Han var på rettsmøtet der du sette ut rykta om meg. Like etterpå dukka han opp på eit møte der Sentrumsforeinga diskuterte korleis me skal verne byen sitt gode namn og rykte i høve til alt det som hender. Etterpå kom han bort og truga meg. Han sa at han kjende Linda. Og han sa ein ting til som eg tenkte at du kanskje var interessert i: Han sa at han kjende Malin Meyer òg – ho fyrste som vart skoten.
Ja vel.
Etter det eg veit, er der inga anna forbinding mellom dei to drapa enn han.
Nei vel.
Han – og pistolane. Og kan hende ein ting til …
Kent Karlsen drog ein plastpose opp av den andre innerlomma si. Det var stikkorda til oppropstekst som eg hadde gitt til Nattmust etter møtet i Sentrumsforeininga.
Eg er jo berre ein amatør – men eg tykkjer handskrifta liknar! sa Kent Karlsen. No reiste han seg òg. Eg tenkte dette kunne vere interessant for deg, sa han og rekte fram neven. Farvel, sa han.
Mekhar tok ikkje neven. I staden snudde han seg til den endå meir uttrykkslause assistenten sin og sa:
Ta med deg Karlsen og be han vise deg kor han gjekk, og kor han kasta pistolen. Så skal eg få tak i dykkarar og metallsøkarar.
Så tok han neven til Kent Karlsen og sa: Du får hugse så godt du kan. Me finn han nok – om han ligg der.
Kent Karlsen trekte på skuldrene.



Til avsnitt 82

Nye avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar