Det er gått eitt år etter alt dette, Retten handsama
det som fire saker, og hadde ingenting alvorleg å utsetje på etterforskinga.
Randulf Leirfall, stefaren, vart dømd for å ha
misbrukt Malin Meyer gjennom lang tid, og for så å ha teke livet av henne då
Olave Mario de la Polvora hadde «sett henne opp mot han». Retten fann ikkje
noko i Olave sine handlemåtar som kunne verke formildande for stefaren.
Reinhardt Skjetne var lenge til judisiell
observasjon. Det var sterk usemje mellom fagfolk om han var strafferettsleg
tilrekneleg eller ikkje. Retten valde å bygge dommen på synet til dei som
meinte at han var tilrekneleg, og at han kunne og skulle ta konsekvensane av
det han hadde gjort. Han vart dømd for forsettleg drap på Faadumo, Mehmet,
Linda og Olave Mario.
Bloggpostane som Reinhardt Skjetne hadde gjort
klare den fryktelege kvelden, heldt fram med å kome ut heilt til etter rettssak
og dom. Då han begynte soninga, fekk han tilgang til datamaskin og internettbruk
og kunne arbeide vidare med å skrive om store løgner som dekkjer over den
sataniske planen om å utslette Guds Utvalde Folk, etterkomarane av dei ti tapte
israelske stammane, dei kvite, protestantiske europearane. Etter kvart skreiv
fleire universitetsfolk innsiktsfullt om problemstillinga – det var både
historikarar, teologar og ein medisinar (han kritiserte Forskingsrådet for
ikkje å ha løyvd pengar til eit gentestingsprosjekt som kunne ha verifisert påstandane).
Alle presiserte at dei tok avstand frå Skjetne sine handlingar, men at dei som
kritiske intellektuelle ikkje kunne avvise diskursen.
Ivor Iveland konkurrerte med Skjetne om å halde
initiativet i debatten. Båe to la hovudvekta på at Europa alt var inne i ein
krig på liv og daude om kulturell og rasemessig identitet, og at dei sjølve var
fortroppar i denne krigen.
Kent Karlsen vart etterforska for grov
mishandling og medverknad til drap på Faadumo, men saka vart lagt bort utan
tiltale på grunn av manglande bevis eller vedgåing. Han var òg under
etterforsking for drap på Angelique Fuglesang. Dette vart lagt bort utan
tiltale av same grunn. Til sist vart han sikta og pådømd ei bot for aktlaus
handsaming av våpen ved å leggje skytevåpen og ammunisjon i same emballasje i
ei usikra postkasse. Sjølve dødsfallet til Angelique Fuglesang vart dermed
arkivert som ei ulukke.
Eg vart sikta og pådømd ei litt høgare bot på
same grunnlag, for å ha kjøpt fire uregistrerte pistolar med ammunisjon, lagt
ein pistol med magasin i søppeldunken til Meyer, sendt ein pistol med magasin i
posten til Sentrumsforeininga, lagt ein under ein benk ved moskeen og ein i
buskane ved fontena på Kulturtorget. Eg hadde ein forsvarar som – mot min vilje
– tok med i prosedyren at det var snakk om eit kunstprosjekt, og dommen uttalte
bestemt at dette i så fall ikkje var å rekne som formildande. Dette fekk eit
etterspel på kultursidene til Medie Osen der ein litteraturprofessor skreiv at bruk av rettsapparatet mot
kunsten var uttrykk for ei tiltakande forflating og vulgarisering av dei kulturelle
særtrekka ved byen her. I nokre dagar var det stor interesse for dette, Ronny
Briseid ville lage laurdagsportrett til Medie Osen, og Rudolf Steiner ville
lage samtaleprogram, men då eg sa nei til begge med den forklaring til at eg
sjølv var i ferd med å skrive bok om saka, døydde interessa bort.
Malin si grav har vorte halden vakkert ved like
fram til no. Eg skjønar det slik at Anne Henriksen fru Meyer, Souhaila og
Carmen byter om å pynte den.
Angelique Fuglesang fekk aldri noka grav. Ho
vart kremert i tråd med kommunen sine retningsliner. Urna er klar for
nedsetting på ein gravplass, men så langt har ingen henta henne. Byrået hennar
vart seld til konkurrenten og lagt ned. Det vart ikkje så mykje att til
arvingane når bustyret sine kostnader var gjorde opp.
Linda ligg i same grav som sonen Sander. Ingrid
går framom der mest kvar einaste dag, på veg til og frå skulen. I helgene er ho
der ofte saman med Irene Guri Andersen Halvorsen. Dei bur saman, dei to. Det er
framleis ein fosterheim, men Irene Guri har søkt om å få adoptere Ingrid.
Faadumo og Mehmet ligg nær kvarandre på den
muslimske delen av gravplassen i Fi-marka. Der er så godt som alltid friske
blomar der. Noreen har teke eit særleg ansvar, elles er både Sheila Hasina og
Liana der ofte. Ingrid og Irene Guri har vore der fleire gonger, og to gonger
var Ingrid der saman med Eva Trotto Moe. Begge gongene gjekk dei fyrst til
Mehmet og så vidare til Faadumo der Ingrid fortalde om kor klok og modig ho
var, mest som Linda sjølv.
Olave Mario de la Polvora har fått ei stor
støtte på den katolske kyrkjegarden. Den vart reist av den chilenske
foreininga. Carmen, borna og barneborna hennar held grava vakker, og den 11.
september i år vart det lagt ned krans der i samband med heidring av ofra for
fascismen.
Karina Burane har begynt å gå med solbriller. Ho
snakkar ikkje så mykje som før, bortsett frå når ho forsvarar sambuaren sin.
Det er Kent Karlsen. Han har visst vore utsett for ei samansverjing og mista
jobben. Sterke krefter har alltid forfylgd han.. Dei bur i eit hus med svært
vanskelege dører.
Margareta Ostarcevic og Ingrid Dahlin Loe er
begge vortne fjorten år. Dei har starta ein blogg saman. Den heiter Heltar. Så
langt har dei skrive interessant og vakkert både om Faadumo, Linda, Olave Mario
de la Polvora og Mehmet. Det er ei stor glede å
tale med dei og fylgje med utviklinga deira, det gir meg tru på
framtida,
Etter rettssaka sa Mark S. Mekhar til meg: No
kan vi ta ein middag saman. Vi gjekk til «Marias Maharaja» att. Der spurde han
om eg hadde forstått meir etter å ha dikta opp alt dette .
Eg sa som sant var at eg ikkje visste. Eg trudde
ei stund at byen var på full fart mot eit slags fascistisk fleirtalsdiktatur, bygd
på frykt for minoritetar og løynde konspirasjonar. Men så trakk den bylgja seg
attende, og det såg ut til at byen la seg til som før., som han har brukt å
ligge i all si tid. Men kan det være så enkelt? Spurde eg.
Nei sa han. Det trur eg
ikkje.Slutt
Bloggversjonen vert liggande ute inntil vidare
Boka er i sal fram til opplaget er ute.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar