fredag 13. desember 2013

85: Torsdag 18 dag: Forteljingar

Det gjorde sterkt inntrykk å lese Eva Trotto Moe sitt minneord om Faadumo Awale Samakab – fyrst og fremst på grunn av det ho hadde skrive, dinest av plassen det hadde fått i avisa.
Heile fyrstesida var brukt til portrettet av Faadumo og titelen: «Den svarte enkja og lagnaden». Inni avisa var ei dobbeltside brukt til artikkelen som Rudolf Steiner hadde skrive. Han fortalde levande om dei fire muslimske kvinnene som hadde kome til sjefsbibliotekaren for å få hjelp til minneordet om Faadumo. Han fortalde om kor opprørte dei var over påstandane som hadde stått om Faadumo i «media». Dei meinte at Faadumo sjølv var eit offer for terror og lovløyse, og at skuldingane om at ho var terrorist, var meiningslause og urettferdige. Ho var heller inga «svart enkje» – ho hadde aldri vore gift. Men ho hadde mista heile den næraste slekta si i eit landevegsrøveri under flukt frå islamistane i Mogadishu. Dei fire såg på henne som ein helt. Ho hadde overlista mannen som hadde bortført dottera til venen Linda Loe – og dei såg ikkje bort frå at det var det som var grunnen til at ho sjølv var vorten drepen av ein kristen terrorist.
Steiner skreiv at Faadumo var ei kvinne med draumar. Han refererte til Eva Trotto Moe sin nekrolog lenger bak i avisa, der det stod at Faadumo drøymde om ein gong å kunne byggje opp ein radiostasjon som skulle føre vidare visjonen frå far hennar. Sjølve artikkelen var rett vakker, og den verka nok til å rette opp noko av det inntrykket som var skapt dagen før. Men berre noko av det, for artikkelen var utstyrt med denne overskrifta som eg alt har nemnt, eit samandrag, ein bilettekst og ein kommentar som effektivt tok brodden av alt som kunne minne om korrigering i høve til det Medie Osen tidlegare hadde skrive.
Samandraget sa:
«Ikkje enkje: hadde mista heile slekta i krigen mot terror.»
«Ikkje kidnapping: ville ‹frigjere› jenta»
«Heltestatus: overlista faren til jenta.»
«Draum: ville starte shariaradio.»
Biletteksten sa: «Ytringsfridom: Fire utsendingar frå islamistane får hjelp av bibliotekar Eva Trotto Moe til å formulere minneord over Samakab. I byen her gjeld ytringsfridomen for alle.»
Og kommentaren – som var skriven av redaktøren sjølv – sa at i byen her vert ingen overlatne til seg sjølve når urett eller ulukke råkar. Historia i dag om den vakre Samakab si rolle i det blodige kidnappingsdramaet frå førre veke minner oss om at det kan liggje tunge lagnader attom dramatiske overskrifter. Det er ei forteljing om korleis arven frå generasjonar med urett og liding i tilbakeliggjande land har vorte eit trugsmål mot harmonien og homogeniteten i vår eigen del av verda – til og med i byen her. Svaret vårt på dette må ikkje vere å skjere alle over ein kam – og det må framfor alt ikkje vere å avgrense ytringsfridomen for nokon. Til og med dei som vil innføre sharialover og fjerne folkestyre og talerett, skal få kome til orde i Medie Osen, og me vil forsvare deira rett til ytring mot alle som måtte meine noko anna!
Dei gjer seg sjølve uangripelege, tenkte eg. Dei har ikkje korrigert noko av det dei skreiv i går – tvert om: Med enkle vridar på overskrift og sidedesign har dei fått Sheila Hasina, Noreen, Liana, Aziza og Eva Trotto Moe til å stadfeste det dei sjølve skreiv i går. Ingen kan no kritisere Medie Osen for ikkje å ha gitt tilsvarsrett. Men for alle som ikkje les heile Rudolf Steiner sin tekst, er biletet av Faadumo like grelt, medan avisa sitt sjølvbilete er endå meir plettfritt enn før. Det same er sjølvbiletet til dei som meiner dei kan snakke for alle i byen her. Og alle straumar kan flyte like fritt. Eg tykte eg kunne høyre folk sjå opp frå dei tydelege undertekstane og seie til kvarandre at ein stad måtte det vel gå ei grense for minoritetar sin rett til å dominere media?
Eva sitt minneord var gøymt bort mellom andre nekrologar langt bak i avisa. Eg undra meg over korleis dei kunne ha tenkt, dei som hadde gjort det slik. For Faadumo sin død var noko særskilt, noko som vedgjekk byen her på ein annan måte enn andre som vart minna på same sida. Hennar bortgang var rett og slett ein del av nyhendebiletet. Dessutan var minneordet skrive av augevitnet til dei grufulle handlingane. Og det var godt skrive. Likevel var det altså som om det var gøymt bort, som om avisdesignarane ville forsikre seg om at færrast mogleg ville lese det.
Heile Eva sin tekst var slik:

«Eg måtte fylgje Faadumo til det siste. Ho var skamslått og mishandla og lagt til for drap, og medan eg kom springande til, vart ho skoten av ein mann utan lidenskap. Livet hennar rann ut medan eg heldt henne. Det siste ho sa var «Baba».
Det var namnet ho brukte om far sin. Ho bar ein draum om å føre hans visjon vidare. Han var radiojournalist og redaktør, han trudde på folkeopplysning og modernisering, på vitskap og framsteg, på likskap og fridom frå svelt og vankunne. Men livsverket hans vart gruslagt og livet hans teke av valdsmenn som truleg liknar like mykje på Faadumo sin drapsmann som ho sjølv liknar på far sin.
Kva er det for sirklar av vondskap som har vorte slått rundt det gode?
Ho var enno eit barn då ho tok til å bruke biblioteket. Ho fortalde meg tidleg om Baba, og om sin eigen draum om å halde fram der han måtte gje opp, men eg måtte love å ikkje fortelje nokon om draumen. I dag bryt eg den lovnaden. Faadumo sin bortgang er eit bod om å vakne frå sjølvbedraget om at hennar draumar ikkje vedgår meg eller byen min.
Ettermælet etter dette vakre og gode medmennesket vedgår oss alle. Ho sette eit ideal som eg ikkje kan leve vidare utan å gjere til mitt. Når nokon kjem i din veg og treng deg, har du ikkje lov til å vende deg bort. Fire av hennar like kom til meg i dag. Dei var fulle av sorg over tapet av Faadumo og over dei hjartelause løgnene om henne som dundra mot dei frå aviser, fjernsynskanalar og radiostasjonar. Utan dei fire hadde eg ikkje forstått at dette uansett var mi plikt.
Livet fór hardt med Faadumo. Frå tidlegaste barndom var krigen ein del av det, den verste av alle sortar krig: borgarkrigen og den totale lovløysa. Ho slapp frå krigen på eit nett av løgner. Det er berre kunnskapen om korleis liv vert fanga og tynte i slike nett, som kan forklare kor høgt ho sette sanninga. Ho var flyktning i ulike provinsar i heimlandet, i fleire naboland og her. Undervegs mista ho alt utan draumen og viljen og trua på det gode.
Ho gav sitt liv for fridomen til eit barn. Ho er ein fridomshelgen for den tida me lever i. Om det finst noko paradis har ho truleg alt teke sete der. For meg og for alle eg kan få fortelje til, vil ho ha evig liv som ideal og førebilete.
Eva Trotto Moe, etter drøfting med Sheila Hasina, Noreen, Liana og Aziza»

Før eg hadde rokke å tenkje ut tanken sjølv, ringde Irene Guri Andersen Halvorsen
Forstår du kvifor eg ringjer? Sa ho.
Er det minneordet?
Ja. Du sa du kunne seie noko i gravferda. No lurar me på om du kan skrive det ut.
Den store minneordserien, sa eg.
Det har vore vakkert, det som har stått – både om Olave Mario og om Faadumo. Det hadde vore fint om det hadde stått noko om Linda òg.
Men er eg den rette?
Eg veit ikkje. Men Ingrid meiner det.
Det er litt rørande …
 Ja. Du kan vere stolt.
Men har ho rett?
Kva er rett, i grunnen? I slike spørsmål, meiner eg?
Eg skal freiste, sa eg.  
Sjølvsagt angra eg med det same eg sa det. Det hadde vore ille nok å gå og grunne på minneord til gravferda. Det hadde jo etter kvart vorte ganske sikkert at den kom til å verte stor, kan hende like stor som Olave Mario si. Men no hadde eg sagt ja til å skrive for heile byen.

Eg må få minne om det særskilte i dette prosjektet, dette at alt – både byen her og alle personane og hendingane i han – er ei konstruert simulering, ein modell av det verkelege for at eg lettare skal kunne sjå korleis alt heng saman. Men om lag på dette stadiet – rundt onsdag syttande / torsdag attande – mista eg kontrollen over framdrifta. Det gjekk opp for meg at karakterane hadde fått sine eigne liv og hadde teke over forteljinga. I ettertid kom eg til å tolke det som at eg hadde kome fram til yttergrensa av det eg forstod eller kunne ane av meg sjølv, og at eg no tok til å trengje inn i lag som eg ikkje var budd på å møte.
            Om simulering og modellering er ei form for lygn, så var eg no fanga i mine eigne lygner og stort sett utan kontroll på det som vidare hende. Eg har jo kunna pynte på det i ettertid – eg ser ikkje bort frå at eg har gjort det òg, under dekkje av språkvask eller innstrammingar for å drive opp tempoet der fyrste versjon av tekstane har vorte for dvelande. Men det har sant å seie ikkje vore meininga. For etter kvart som eg såg alle mine kort verte bretta ut framfor meg, kom eg – om att og om att – til at eg ville la det hende. Eg hadde ting å skjule – men eg ville ikkje. Eg ville la det sleppe fram. Eg ville sjå mi eiga skuld i auga.
Før eg kunne skrive om Linda, måtte eg rydde opp i spørsmålet om kven eg sjølv var, og kvifor ho var vorten så viktig for meg. Eg sette meg ned med ei kladdebok som eg fann i ein av dei flyttekassane eg enno ikkje hadde pakka ut. Heilt sidan eg var unggut, har eg brukt teikningar når eg har strevd med å fatte komplekse samanhengar. Det har vore ein måte å hindre tenkinga i å gå i ring. Mi erfaring er at tenking er tredimensjonal (minst) – sluttingar og assosiasjonar tek av i alle retningar og kan umogleg skrivast inn i skjema som berre har breidde og høgde. Dei må òg ha rom, djup, tid. For det eg teiknar i dag, vert ikkje det same i morgon. Ingenting minner meg sterkare om at tenking er firedimensjonal enn serien av teikningar som ligg etter dagar med grubling på minneorda om Linda.
Eg tok til med å teikne ein tredimensjonal kross – altså ikkje ein kristenkross, men ein slik som Forsvaret i mange år nytta som tanksperre: Tre bjelkar i kross. Svevande i fritt rom. Det gav seks endepunkt til å starte med. «Linda» skreiv eg over, og så tok eg til på endepunkta.
«Kvinne» skreiv eg ved den øvste enden. Eg tenkte på om eg skulle markere at det var mine eigne tankar, og at eg er ein mann, ein svært heterofil mann, og at ordet «kvinne» difor er lada med så mykje energi at det knapt finst noko som kan målast mot det. Men det ville vore ei avsporing, så eg nøydde meg med å føye til eit adjektiv på ei av dei to synlege bjelkesidene. «Vakker» skreiv eg.
I botnen, motsett heidersordet, skreiv eg «Offer». Ho var eit offer for Kent Karlsen si omsynslause utnytting av den sanselege dragninga han makta å frambringe i henne. Var det kjærleik ho var offer for? Eller var det eit blindt hat mot noko i hans liv som ikkje hadde med henne å gjere, noko som låg langt føre henne i tida – men som ho måtte betale for? Eg visste ikkje – men eg la til «kjærleik» på den eine bjelkesida og «hat» på den andre ved offerpolen.
Eg skreiv «Mor» ved den polen som var meg nærast – den som hadde stukke fram frå arket om teikninga verkeleg hadde vore tredimensjonal. For eg hadde lært å kjenne hos henne at ho fyrst og fremst definerte seg sjølv i høve til Ingrid og Sander. Men i same stunda slo det meg at det måtte ha noko med far hennar å gjere. Dritsekken og krigshelten Lyder Loe som kjærteikna og slo dotter si om ein annan etter korleis impulsane i hans eige, sjølvsentrerte ego skaut ut eller inn, opp eller ned, i hytt eller vêr. Og mora – ingen kunne vel vete betre enn Linda kva ei dotter kan sakne hos ei mor. Det var vel difor ho sjølv var så fokusert på borna sine: Ho skulle gjere opp for noko som hennar eiga mor hadde skuld i. Så eg skreiv «Dotter» ved den same polen.
Motsett mor/dotter, lengst inn i teikninga, skreiv eg «Krigar» – for det var det ho var. Ho braut ut frå fangeskapen, endå ho visste at det kunne koste henne liv og helse. Seinast under den dramatiske bilflukta frå Kent Karlsen måtte ho forstå at det kunne koste sonen liv eller helse òg. Likevel rømde ho. Seinare, då han fann gøymestaden og den nye identiteten hennar, snudde ho og reiste heim att til byen her for å krevje sin eigen og Ingrid sin rett til å snakke sant. Ho publiserte drapstrugsmålet frå han då han trudde han hadde nagla henne til einsemda og lygnarstempelet. Jau, ho var krigar som far sin. På mange vis var ho ein større krigar enn han, for ho hadde ikkje det egosentriske vesenet hans. Ho var krigar – men samstundes var ho mor og dotter, offer for kjærleik og hat, og kvinne. Vakker kvinne.
Ved den femte polen skreiv eg «Sanning». Ho visste så godt kva lygn var, at ho elska sanning. For henne var fridom det same som rett til sanning. Men så stod eg fast. Kva var det sjette ordet som teikna Linda?
Eg lét att auga for å la aninga ta over. Eg såg henne og Faadumo på veg til Cosy Lamps, eg såg dei ved ungdomane i garden der, medan dei song og fekk alle med seg i songleiken. Eg såg henne halde rundt mor til Malin, eg såg henne sykle på veg til Malin sin lærar og til venninna Souhaila. Eg såg henne framfor akvariet med den utviklingshemma Arnt Helge. Det var ved denne polen eg såg henne med meg òg, for om eg hadde tankar og kjensler for henne som kvinne, så hadde eg ingen grunn til å tru at ho hadde liknande tankar om meg som mann. Likevel brukte ho tid på meg, mange timar på Skype og telefon, ho delte tankar og røynsler. Men kva var ordet?
Eg skreiv «Viktig» – men eg sette ein parentes rundt, for det var ikkje ordet. Det dekte ikkje.
Eg tok til å knote så platt at eg er mest flau for å fortelje det no:
«Det var med stor sorg me fekk bodet om at Linda Dahlin Loe så brått vart riven bort …»
Det var ikkje berre platt. Det var fyrst og fremst usant. Eg fekk ikkje bodet med sorg. Eg vart rasande, fortvilt, desperat. Eg hadde personleg mista noko som ikkje kunne erstattast. Sjølvsagt hadde dei som stod henne nærast, mista mest, men eg hadde òg, og eg var ein del av eit Alt rundt henne. Eg fann ikkje anna ord. «Altet». Eg visste ikkje eingong om det var eit ord.
Eg strauk ut «Viktig» og skreiv «Alt» ved den sjette polen. Såg på det, kjende at det datt saman til ingenting og strauk det ut at. Men så skreiv eg «Altet» – i bestemt form. Det kjendest betre. Det kunne stå til eg fann det rette ordet. Eller biletet. 


Til avsnitt 86

Boka er no i sal 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar