Eg kledde på meg. Ein av dei komande dagane ville dei
fyrste vårteikna kome, men det var ikkje i dag. Det var kaldt. Snøen hadde vore
slaps, men var no vorten holke. Eg gjekk til bussen, drog inn til busstasjonen,
gjekk til Kulturtorget, gjekk til Eva Trotto Moe.
Det var gode ord du skreiv, sa eg.
Takk, sa ho. Eg kunne ikkje late vere.
Eg har vorte beden om å skrive om Linda Dahlin
Loe, sa eg.
Å, sa ho og vart fjern.
Ho er eit liknande ideal for meg, sa eg.
Å, sa ho.
Men eg finn ikkje ordet. Eg anar – men eg får
ikkje tak i kva det er, sa eg.
Ho såg på meg ei stund. Så sa ho: Aning er liv,
og sanning er daud undring.
No var det eg som såg på henne.
Det var du som skreiv det, sa ho etter ei
stund.
Eg sa ingenting. Det sat så langt inne, som me
brukte å seie heime. Som ei rot med forgreiningar til botnar i kropp og sjel,
som noko som ikkje kunne røskast ut utan å ta med seg sjølve livsnerven.
Det er ikkje sant, sa ho. For det står ikkje stille
slik. Det veks. I røynda veks alt. Det går i sirklar, spiralar. Aning – undring
– sanning – og så ny aning. Det stoppar aldri.
Har du snakka med Mekhar? spurde eg.
Ja.
Men kvifor? Kvifor skulle det vere meg?
Ho trekte på akslene. Han leitar jo opp alle
som har noko med dei involverte personane å gjere. Han ser vel ingen andre
kandidatar. Ikkje så langt, i alle høve.
Men du då?
Eg brydde meg ikkje i førstninga. Men det hende
noko med meg på fredag. Og no er eg ikkje lenger berre ein tilskodar til
røynda. Eg ser at eg er ein del av den. Ein konsekvens av det er at eg vil vete
kva som hende, korleis det heng saman. Kvifor Mehmet Habini måtte døy – og dei
andre. Og no er eg sikker på at du har noko med det, for du står stille og
stampar på det same som opptok Passasjer 81. Du trur du kan ane deg fram til
eitt ord som fangar sanninga om Linda Dahlin Loe.
Nei det gjer eg ikkje! sa eg.
Kor mange då? sa ho.
Det glapp ut av meg: Seks.
Ho lo. Seks ord? sa
ho. Og fem av dei har du alt
funne?
Eg kjende det brann i øyreflippane. Ho fekk det
til å høyrast så banalt ut at eg kjende skam.
Kvifor vil du ikkje hjelpe Max? sa ho.
Eg gjer så godt eg kan, sa eg.
Det gjer du ikkje. Du veit noko som ikkje han
veit, og du vil ikkje fortelje det.
Eg veit ikkje noko han kan ha nytte av.
Kva rett har du til å døme om det?
Eg veit ingenting anna om det som hende, enn
det eg har fått vete gjennom hans etterforsking og det som har stått i avisene.
Du veit at du er Passasjer 81 – det veit ikkje
han. Du veit at du betrakta, samla
informasjonar om og testa både Malin Meyer og Angelique Fuglesang før dei vart
drepne, og at du visste om Skjetne sin pistol før den vart brukt. Er ikkje det
informasjonar han har bruk for?
Kjensla av svik og skuld rørte seg inni meg. Den
var veldig.
Trudde du at du kunne stå skuldfri og teste røynda
berre ved å kalle det kunst det du dreiv med?
Eg skal gå til Mekhar, sa eg.
Men eg då? Har ikkje eg rett til vete? sa ho.
Eg såg berre undrande på henne.
Mehmet var ein god ven, sa ho. Faadumo kunne vorte
ein god ven. Hadde eg vore litt mindre som deg og litt meir som den eg sjølv er
no, kunne eg vunne Linda Dahlin Loe òg som ven. Eg har mista mykje. Eg har rett
til å vete kva som er di skuld, om eg skal hate deg eller om eg skal sjå på deg
som ein dum ven.
Eg kjøpte fire pistolar, sa eg. Eg ville berre
kjøpe ein, men ho som hadde dei, ville verte kvitt fire eller ingen. Eg ville
gje den eine til Linda. Så fann eg på at eg ville gje den andre til Anne
Henriksen fru Meyer. Så gjekk det så uhyggjeleg gale med dei, at eg måtte
kvitte meg med dei to siste. Men i staden for å kaste dei, la eg dei berre frå
meg rundt i byen.
Ved moskeen og ved fontena?
Ja.
Idiot.
Ja.
Og dette skulle ikkje vere nyttig for Max?
Du har rett.
Korleis kan noko menneske stole på deg?
Skamma farga stien min raud.
Mark Mekhar var ikkje overraska i det heile teke,
han hadde venta på meg, og då eg spurde, sa han at det ikkje hadde hindra framdrifta
å vente.
Feige folk treng litt tid på å sleppe frå seg
sanning, sa han, uttrykkslaust.
Han gjekk rett på spørsmålet om kor eg hadde kjøpt
pistolane med ein gong eg vedgjekk at eg var Passasjer 81 – og han plystra
langt då eg vedgjekk at eg hadde kjøpt dei hos Angelique Fuglesang.
Ho var og ein kjenning frå gamalt av. Ikkje ein ven
– eg kunne ikkje ha gått inn i noko venskap med henne. Ingen kunne vel
eigentleg det. Ho hadde ei djup mistru til alt og alle rundt seg – og dei
kvitterte med mistru til henne. Eg trur ikkje ho hadde noko godt liv. Men ho
var skarp og ho dreiv all mogleg slag tuskhandel frå ho var berre jentungen. Ho
starta pyramidespel med sjokoladar då ho var åtte, og tok til med spritgauking
før ho var femten. Somme påstod at ho både hadde vore horemamma og storsmuglar.
Men heile tida hadde ho skalkeskjul av ulike slag lovlege kommersielle
småverksemder: ein bladkiosk, eit drosjeløyve, eit vaktselskap – og no sist
verksemda AS Reint & Rimeleg. Hadde ho vore litt meir sympatisk av seg,
kunne ho sikkert gjort det godt i forretningar. Men ho mislikte alle, og fekk
alle til å mislike seg. Alt ho hadde av suksess, kom av at ho kunne skaffe ting
billegare eller gråare eller svartare enn andre.
Møtet med henne var akkurat slik som eg skreiv det
i bloggen. Ho kjende meg ikkje, men då eg spurde om ho kunne skaffe meg ein
pistol, sleppte ho meg etter kvart inn på det vesle kontoret sitt. Ho hadde han
ikkje der – eg måtte kome att, og ho ville ha ein stiv pris. Men då eg kom for
å hente han, hadde ho endra vilkår. Eg måtte ta heile kassa med fire. Ho ville
ikkje ha den lenger. Ho visste ikkje kva planar eg hadde med den eg ville kjøpe,
men ho ville ikkje sitje att med resten av dei og risikere å kome i saksa av di
dei var av same slag. Ho sa ingenting om at dei hadde serienummer etter
kvarandre – truleg visste ho det, men eg oppdaga det ikkje før det stod i
avisa. Til gjengjeld skulle eg få kvar pistol rimelegare.
Motivet mitt var Linda sin rett til sjølvforsvar.
Eg var så opprørt over situasjonen hennar at eg sjølv var freista til å gjere
noko. Eg kjende rett og slett trong til å avrette Kent Karlsen før han fekk
gjort henne meir vondt. Det er ein liten by, dette, eg hadde visst om han
alltid, eg hadde sett korleis han dominerte folk og utnytta dei, eg hadde aldri
likt han. Innsynet som Linda etter kvart gav meg i helvetet sitt, tende ein
trong til å handle i meg.
Men samstundes heldt alt anna meg frå å gjere noko
slikt. Det skammelege og ulovlege i det, det farlege og det usikre. I tillegg
var det ei underleg kjensle av at tanken var uverkeleg. Eg levde i ein by der
mord og drap var eit hovudelement i all underhaldning, ein skulle tru at det
senka terskelen for å gå inn i slike grufulle ting sjølv. Men for meg verka det
heller motsett: Både det Linda fortalde, og tanken på sjølv å gjere noko med
det, var som impulsar frå ei anna verd, ein dimensjon som eg visste om og
reagerte på og hadde meiningar om – men ikkje var ein del av, der eg berre var ein
tilskodar.
Men så vaks tanken om å å hjelpe henne til å gjere
noko med det sjølv, langsamt fram som eit alternativ. Eg visste jo at ho var
pistolskyttar frå gamalt av. Lyder Loe hadde gitt henne ei god oppseding slik.
Ho hadde lagt pistolen bort – det var vel ein del av lausrivinga frå faren –
men kunnskapane hadde ho jo, og om ho var ute av skarpskyttartrening, så ville
ho nok vere meir enn godt nok i stand til å verne seg sjølv om Kent skulle
gjere alvor av trugsmåla sine.
Det var difor eg gjekk til Angelique Fuglesang med
spørsmålet mitt på ein av turane til byen her. Det var ikkje lenge etter at eg
hadde teke opp att kontakten med Anne Henriksen fru Meyer. Då eg uventa sat med
fire pistolar i staden for den eine, kom tanken om at eg kunne gje ein av dei
til Anne òg.
Ho hadde aldri vore pistolskyttar. Men eg kunne
heller ikkje førestelle meg at situasjonen hennar kunne vere like dramatisk som
Linda sin. Anne levde i djupare fornedring – men ho hadde òg langt mindre
motstand i seg. Ven Vore Vise hadde ikkje bruk for den same råskapen som Kent
Karlsen, og dotten Randulf Leirfall var vel for ingenting å rekne, tenkte eg.
For Anne måtte det vere nok å truge, å vise dei to snyltarane at ho ikkje
lenger var noko leiketøy, at ho kunne reise seg, at ho kunne vere farleg for
dei båe to.
Eg var i byen her torsdagen etter konkursen på
Tekstilkombinatet for å hente pistolane. Anne køyrde ettermiddagsruter den
veka, eg møtte henne kort på ein kafé før ho skulle begynne. Eg sa til henne at
eg kunne skaffe henne ein pistol, at ho kunne bruke den til å skræme dei bort.
Eg såg eit blaff av kampvilje i auga hennar, eit slags håp – i alle fall tolka
eg det slik, men så rakk me ikkje snakke meir om det, ho måtte gå.
Eg skal tenkje. Me må snakke meir, sa ho.
Eg henta pistolane og dei fulle magasina og drog ut
i ein folketom park der eg pakka pistolen til Linda og eitt magasin i ei
pappøskje med treull. Eg adresserte den til henne – ikkje heim til henne, men
på arbeidet i Sentrumsforeininga. På ein slags impuls tulla eg ein pistol med
magasin inn i ein plastikkpose og stakk han i jakkelomma medan eg la dei to
siste i sekken. Så gjekk eg på posten. Som avsendar skreiv eg eit fingert namn
og ei fingert adresse i hovudstaden. Etterpå sette eg meg på ein kafé og skreiv
bloggposten om byen her, der eg fortalde om møtet med «Mama Harjet» og sirklane
i byen som lever side om side utan å vete om kvarandre. Det gav meg ei merkeleg
kjensle å publisere noko som låg så tett opp til slikt som det truleg ville verte
spørsmål rundt. Det var på eit vis farleg, men det gav meg ei kjensle av å
leve.
Eg køyrde inn og ut av byen med ulike bussruter, eg
studerte ulike menneske som eg brukte i bloggen til Passasjer 81 – heilt fram
til det nærma seg tida for nattoget nordover att. Då var det som eg kjende
trong til eit nytt adrenalinkick. Eg drog til Anne si adresse. Ho budde i eit
lite rekkjehus. Utanfor stod to søppeldunkar, ein for papir og ein for
restavfall. Eg opna restavfallsdunken og la pistolen eg hadde i jakkelomma, på
toppen. Neste morgon ville eg kjøpe meg eit uregistrert SIM-kort og sende henne
melding om å sjekke dunken.
Mark S. Mekhar sat uttrykkslaust og fylgde med.
Opptakaren gjekk. Han hadde ikkje stilt eit einaste spørsmål, berre lydd etter.
No sa han:
Og så gjekk alt galt?
Så gjekk alt så forferdeleg galt! sa eg. Fyrst
forstod eg ikkje at det som hende med Malin, hadde nokon samanheng med pistolen
eg hadde lagt i dunken til Anne. Eg var sikker på at Anne hadde funne pistolen
og gøymt han heime hos seg. Det var ikkje før avisene tok til å skrive om at
det måtte vere ein samanheng mellom drapet på Malin og drapet på Angelique
Fuglesang, at eg sjekka serienumra på dei to pistolane eg hadde att. Det var
frykteleg!
Men melde frå gjorde du ikkje?
Nei.
Kvifor?
Eg visste ikkje kva eg skulle seie.
Kva tid skreiv du bloggposten «Nett denne dagen»?
På nattoget på vegen nordover.
Du skreiv at Malin var dødsdømd, og at bakken
skulle opne seg og sluke henne rett framfor auga våre, og at det ville vise seg
at der ikkje var plass for henne i verda. Og morgonen etter vart ho skoten. Var
det berre ein spådom?
Eg tenkte ikkje i mine villaste fantasiar på at
noko slikt kunne hende! Eg tenkte på dilemmaet – kva som ville hende med henne
om mor hennar stod opp mot den verda som hadde gjort Malin slik ho var. Eg
visste ikkje om at stefaren misbrukte henne. Eg trudde ho hadde lagt seg til
den usynleggjeringa som prega utsjånaden hennar for å hjelpe mora, at ho hadde
aning om mora si smerte og ville utslette seg sjølv for at ikkje mora skulle få
endå ei bør. Ho kunne ikkje vete at slik usynleggjering i heimen verkar stikk
motsett utanfor. Der var ho synlegare enn nokon. Det er autentisk det eg skreiv
om at alle snudde seg etter henne då ho kom inn på bussen, eg såg sjølv at ho
egga menn og vekte avund hos kvinner. Om mor stod opp mot dei som tynte henne, ville
heile grunnlaget for Malin si usynleggjering verte borte. Lolitakarakteren
ville verte borte, som om bakken opna seg og slukte henne. Ein heilt vanleg
jentunge ville verte att. På bussen ville ho truleg ikkje det ein gong – for om
Anne hadde fått makt over eige liv, ville ho òg ha sett korleis Malin hadde det,
og kravd at ho skulle attende til skulen.
Mark S. Mekhar såg tankefullt på meg. Opptakaren
gjekk. Alvarez – var det Olave Mario de la Polvora? sa han.
Ja, sa eg.
Så han kjende du òg?
Eg såg han. Det er som eg skreiv i bloggen – eg såg
han på bussen fyrst. Det er uverkeleg at alle eg såg, vart vikla så tett saman
i desse hendingane som utvikla seg. Men slik var det. Det er ein liten by.
Det er gjerne slik etter hendingar – då ser ein kva
som leidde opp til dei, korleis forhistoriene til dei involverte vart spunne
saman. Men her har forteljinga utvikla seg parallelt med forhistoriene …
Men vert det lettare å sjå samanhengane av den
grunn?
Mekhar kasta av seg filosoferinga og vende attende
til sporet: Det forklarar likevel ikkje kvifor du ikkje melde frå?
Den pågåande spørjinga hans gjorde vondt i meg. Han
ville ikkje gje meg fred til å halde dei aller minste klutar framfor skamma mi
ein gong. Eg hadde vel håpa at når dette kom, ville det litterære i det verke
formildande, eller om ikkje anna at treffsikkerheita i utvalet av forhistorier
ville vekkje ein slags respekt. Men han dreiv meg vidare inn mot kjernen i
sanninga.
I staden for å melde frå at du visste kor dei to
fyrste pistolane kom frå, la du ut to til, sa han.
Eg kunne hugse kicket det gav, kjensla av å ha ei
slags makt, av å styre utviklinga, av å vere kunstnaren attom eit prosjekt som
skulle «teste folk utan at dei merka det, dyrke folk og få dei til å bløme
slik at eg kunne sjå på dei».
Eg tenkte vel at eg ikkje var ein del av det, sa eg
spakt.
Ein del av kva?
Ein del av … eg veit ikkje ordet … av
Altet. Det var det same ordet eg hadde lett etter då eg skulle freiste å teikne
tankane mine om Linda. Det var eit ord eg mangla i språket.
Altet? Kva er det?
Eg finn ikkje ordet. Det er dette som Linda hadde –
og Faadumo – alle dei som døydde hadde det: Dei gjekk utan vidare inn i røynda
der dei møtte henne, utan spørsmål eller tvil. Dei gjorde det dei trudde var
rett utan å bruke tid på å diskutere det. Og dei gjorde det ikkje for seg
sjølve – dei gjorde det for andre, for Altet.
Normalt, sa Mekhar.
Kva?
Det ordet du leitar etter, heiter «normalt».
Eg såg berre stumt på han.
Det dei gjorde, er slik som det er normalt for
menneska å gjere. Det du gjorde var abnormt.
Eg hadde framleis ikkje ord.
Du trudde at du var Gud, sa han, ikkje ein indisk
gud, men ein semittisk, ein allmektig. Du styrte utviklinga, du gav menneska
val – og du hadde teke deg retten til å sjå på dei og døme kven som handla rett,
og kven som handla gale.
Alle handla gale glapp det ut av meg
No kom det liv i andletet til Mark S Mekhar. Han lo
lågt, men sa ingenting. I staden gjekk han inn i uttrykksløysa att og sa:
Då kan me slutte at Kent Karlsen fortalde sanninga
då han sa at det kom ein pistol i posten til Linda. Men visste ho om det?
Eg trudde pistolen skulle kome fram på fredagen
eller laurdagen – aller seinast på måndagsmorgon. Eg visste jo ikkje at ho kom
til å gå frå arbeidet på måndagen. Ho visste at eg hadde sendt han – men då
ingen av oss høyrde noko, tenkte eg at den var komen bort i posten eller var
stoppa av ein eller annan form for kontroll. Eg var glad eg hadde oppgitt falsk
avsendar.
Men så vart han funnen i fanget til Angelique
Fuglesang.
Ja. Og då vart eg redd.
Det trur eg ikkje du vart.
Jo …
Du vart vel heller gira, kåt på kva som ville hende
vidare om du la dei to siste ut i byen.
Nei …
Å nei?
Jau. Kan hende …
Det var eit fullendt kunstverk. Frå no av trudde du
at du sjølv kunne bestemme om du ville verte borte i ein ukjend soldat si grav
– eller om heile verda skulle syngje dine songar.
Eg sa ingenting.
Og så kosta kunstverket ditt fire menneskeliv til.
Eg sa ingenting.
Mange stader i verda ville du vorte hengd for
dette.
Eg sa ingenting.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar